Aanund Olsnes (1949–2024)
Aanund Olsnes (fødd 2. august 1949, død 28. mars 2024) var historikar og bygdebokforfattar. Han var óg lokalpolitikar for Arbeidarpartiet i heimkommunen Vinje i Telemark.
Olsnes var cand.philol. i historie. I 1978 leverte han hovudoppgåva Venstre i Bratsberg i 1880-åra ved Universitetet i Bergen. Han har seinare mellom anna arbeidd som førstekonservator og amanuensis i historie ved Høgskolen i Telemark.
Han var forfattar av tredje band av Kviteseid bygdesoge, Kultursoga frå dei eldste tider til kring 1820 som vart utgjeve i 1987. I 1998 vart han tilsett som bygdebokforfattar i Bykle kommune, og i 2006 kom Heimar og folk i Bykle ut i fem band. Han bidro også med ein innleiande artikkel til Telemarks historie.
Olsnes døydde i mars 2024, og vart gravlagt frå Vinje kyrkje den 12. april 2024.
Bibliografi
- Olsnes, Aanund: Venstre i Bratsberg i 1880-åra. Bergen. 1978. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Olsnes, Aanund: Kviteseid bygdesoge. III : Kultursoga frå dei eldste tider til kring 1820. Utg. [Kviteseid kommune]. Kviteseid. 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Olsnes, Aanund. Heimar og folk i Bykle. B. 1 : Breive, Bjåen, Hovden. Utg. Bykle kommune. Bykle. 2006. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Olsnes, Aanund. Heimar og folk i Bykle. B. 2 : Berdalen, Hoslemo, Vatnedalen. Utg. Bykle kommune. Bykle. 2006. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Olsnes, Aanund. Heimar og folk i Bykle. B. 3 : Brotteli, Dysje, Bratteland, Nesland, Tveiti, Holen. Utg. Bykle kommune. Bykle. 2006. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Olsnes, Aanund. Heimar og folk i Bykle. B. 4 : Mosdøl, Byklum, Gjerden. Utg. Bykle kommune. Bykle. 2006. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Olsnes, Aanund. Heimar og folk i Bykle. B. 5 : Stavenes, Trydal, Hisdal, Bjørnarå. Utg. Bykle kommune. Bykle. 2006. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder
- Heimar og folk i Bykle/Føreord.
- «So lenge eg er i opposisjon ser eg det som rett og fornuftig å øydelegge for posisjonen :-)» i Vest-Telemark Blad, publ. 2012-05-26, lest 2014-10-10.
- «Må regne med feil i bygdebok» fra NRK Sørlandet, publ. 2006-12-20, lest 2014-10-10.
- Telemarks historie: Forfattarar bind 1 på Høgskolen i Telemark sine nettsider.
- Dødsannonse, Våre minnesider, Vest-Telemark begravelsesbyrå.