Kultran (Bykle gnr 14/8)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Kultro (Bykle gnr 14/8))
Hopp til navigering Hopp til søk
Kultran
Byklum 63.jpg
Kultran sumaren 2004.
Foto: Tor Hallvard Mosdøl
Rydda: 1844
Utskilt: 1844
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 14
Bnr: 8
Type: Gardsbruk

Kultran er eit gardsbruk som ligg rett nedanfor Bykle gamle kyrkje. På vestsida er Torsbu og Bykle nye kyrkje næraste grannane, på austsida kjem ein til Juvet, og mot nord ligg Innistog. På sørsida renn Otra.

Namnet Kultran kjem truleg av kult, m, som tyder rund hump eller haug. Kultro er dativforma av Kultran. Difor heiter det «Han bur på Kultro».

Bruket kom fyrst til ved ei deling av Austistog i 1844. Det var Tarjei Oddsson Byklum som då selde denne halvparten til Pål, den yngre bror sin. Tarjei hadde overteke Austistog etter faren, Odd Tarjeisson Røysland, då denne døydde i 1839, men sjølv heldt han på denne tid til i Attistog Gjerden, som han hadde teke på odel frå Åvold Jonsson i 1815. Den halvparten av Austistog som Tarjei sat att med etter 1844, overdrog han i 1847 til Olav T. Bjørnarå, som samstundes overtok Attistog hjå han. Tarjei fekk Bratteland i byte, og flutte dit.

Pål Oddsson sat då eit tak her på bruket, men truleg berre nokre få år frå 1844 og frametter. For etter at Olav T. Bjørnarå overtok Attistog Gjerden og flutte dit, tykkjest Pål å ha bruka heile Austistog. Han må då ha leigd den halvparten han ikkje åtte. I desember 1863 kaupte Pål att parten av Olav, som då budde i Stavenes. Om Pål budde i Austistog eller på Kultro i åra frå 1847 til 1863, er ikkje dokumentert, men etter tradisjonen var han i Austistog det meste av tida, og me har difor plassert den nærare omtalen av han der.

Same dagen som han hadde fått skøyte på Austistog hjå Olav T. Bjørnarå, overdrog Pål Kultro til sonen Ånund. Odd, den eldre bror hans, overtok Austistog, og dermed var delinga gjort permanent.

  • Ånund Pålsson Byklum, f 1831, d 1896
g 1855 m Jorunn Taraldsdotter Mosdøl, f 1834, d 1864. Born:
  • Kristi, f 1856, g 1898 m Knut Taraldsson Harstad, sjå Gjerden Der inne, gnr 15, bnr 3
  • Pål, f 1858, til Amerika 1883, seinare lagnad ukj.
  • Ingebjørg, f 1862, d 1883

Jorunn Taraldsdotter kom frå Mosdøl, bnr 3. Foreldra hennes var Tarald Olavsson Mosdøl og kona, Ingebjørg Ånundsdotter, fødd Trydal.

Buskapen på bruket i 1865 var 3 hestar, 12 storfe, 15 sauer og 12 geiter. Sånaden dette året var 3 1/8 tunner bygg og 15 tunner jordeple. Forklaringa på den store buskapen og den omfattande jordepledyrkinga er nok at Ånund på denne tid leigde bort halve bruket til broren Åsmund.

Gamlestoga på Kultro, oppført 1875, restaurert 1986.
Foto: Dag Rikard Olsnes (2005).

Åsmund og kona, Jorunn Drengsdotter, budde her inntil dei våren 1868 fekk overtaka Ryningen etter Snære Salmundsson, og flutte dit. Ånund vart enkemann i 1864. Til hjelp med å sjå etter borna sine tok han då inn ei tenestejente som heitte Ingebjørg Torleivsdotter. Ho var systerdotter hans, ettersom ho var dotter åt Birgit Pålsdotter og Torleiv Auversson, mannen hennes, som budde i Nordstog Gjerden. I 1875 tente Ingebjørg framleis hjå Ånund Pålsson, ser me i folketeljinga frå det året. Same folketeljinga, som vart oppteke 31.12., viser også at ho hadde ein son, som heitte Knut. Denne var nyfødd då, ettersom han hadde kome til verda den 25.12. Far hans var Knut Torleivsson Byklum på Haugen.

Ved folketeljinga i 1900 var Knut Knutsson tenestekar på Groven i Haukeli, Vinje. I 1906 meldte han endeleg utflytjing til Vinje, avdi han då skulle gifte seg i den bygda. Det er fortalt noko meir om han i bolken om Haugen (bnr 22). Mor hans gifte seg sidan med Knut Pålsson Byklum på Juvet, og er nærare omtala i bolken om det bruket.

Pål Oddson, far åt Ånund, som ti år tidlegare hadde budd hjå eldstesonen Odd i Austistog, hadde i 1875 vorte foddogsmann på Kultro. Han hadde med seg 1 kyr og 3 geiter, fortel folketeljinga.

Ånund hadde hest, 4 kyr, 2 kalvar, 17 sauer og lam og 1 geit. Sånaden på bruket var 2 1/2 tunner bygg og 5 1/2 tunner jordeple. Såleis er det tydeleg at det hadde minka med både kreturhaldet og åkerproduksjonen etter at Åsmund Pålsson flutte til Ryningen i 1868.

I 1875 sette Ånund Pålsson opp nytt våningshus på bruket. Etter tradisjonen skulle grunnen til nybygget vera at den gamle stoga hadde brunne opp for han, og dette vart stadfest i i 1956 då Hallvard O. Mosdøl og sonen Tor under utgraving av kjellaren under eldste delen av huset fann brannrester i tufta. Me reknar med at det også var Ånund som bygde eldhus og badstoge.

I 1883 slo Pål Ånundsson seg i lag med Tarjei Knutsson Byklum frå Juvet og kona hans, og fylgde desse til Amerika. Dei sistnemnde finn me att i Minnesota i 1900, men Pål var ikkje der det året, og me kan også slå fast at han ikkje døydde i den staten. Det vert fortalt at han hamna einkvarstad i Canada, og hadde kone og born der, men me har ikkje lukkast i å finne han att i det landet.

Ånund, far hans, sat på bruket her til i 1884, då han bytte det bort til Tarald Drengsson Mosdøl mot Gjerden Der inne, bnr 3. Attåt kastebytet gav Ånund eit mellomlag på 1800 kr. Ånund døydde i Gjerden i 1896. Tarald budde her på Kultro til 1888, då han kaupte Utistog, bnr 2, av Torleiv Drengsson Byklum, og flutte dit. Han er nærare omrødd i bolken om det bruket. Der står det også å lesa at Torleiv Drengsson og familien hans var bruksfolk på Kultro nokre år frå 1888 og frametter til 1891, og at dei sidan budde ei stund i Bjones, inntil dei etterkvart hamna i Amerika.

Tarald Drengsson selde i 1889 Kultran til den ugifte broren Ånund for 800 kr. Etter 1891-folketeljinga var her på den tid «ubeboet», og Ånund budde då i Mosdøl. Kyrkjeboka fortel at Olav Jonsson Hoslemo var bruksmann her våren 1896, men han flutte kort etter dette til Holen, og i 1900 budde han i Heggjesletta, så han kan ikkje ha vore her lenger enn frå 1892 tom. 1896.

Utanom Olav Jonsson har me ikkje funne skriftleg oppgåve om nokon som budde her mellom 1891 og 1907. Jorda låg sikkert ikkje nokon gong brakk, og folketeljinga frå 1900 opplyser då også at Ånund Drengsson leigde henne ut, men kven brukaren var ved det leitet veit me ikkje.

Det vert fortalt at Ånund heldt til på plassen Kosi ei tid, og det er sikkert rett, men det var nok berre nokre få år i andre halvparten av 1890-talet, for i 1899 selde han Kosi til Jon Knutsson Nesland for 190 kr, og han veit me budde der frå det året. Ånund åtte framleis Kultran då han tok ut til Amerika i 1904, men hadde då ei tid halde til som busete hjå broren Hallvard i Lunden. Det me elles har å fortelje om han står i bolken om Lunden, der det mellom anna vert gjort greie for korleis han miste livet under utreisa, då det skipet han reiste med forliste. På skiftet etter Ånund, som vart slutta i 1906, gjekk bruket her til systera Gunvor. Verdet då vart sett til 2800 kr.

Her står Gunvor Drengsdotter med handa på herda til mannen sin. Guten til venstre er Dreng T. Mosdøl. Biletet, som må vera teke ca 1907, kjem frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
  • Gunvor Drengsdtr. Mosdøl, f 1861, d 1953
g 1907 m Olav Torleivsson Gjerden, f 1885, d 1972, ikkje born.

Olav Torleivsson var frå Nordstog Gjerden. Foreldra hans var Torleiv Pålsson Gjerden på det bruket og kona Ingjerd Torleivsdotter, fødd Holen.

Etter familietradisjonen hadde Gunvor vore med og hjelpt til då Olav kom til verda. Ho skal då ha sagt til dei andre kvinnene som var til stades, at «Han skal verta min!». Som me ser, vart det såleis.

I 1908 vart tomta Solhaug selt til Thina Lund, som skulle byrje med landhandel der, men sidan sette igang med hotell i staden. Tomta vart matrikulert med bnr 11 og skøyte skrive og tinglyst i 1910. Neste utskiljing var tomta Solbakken, bnr 25, som vart kaupt av Stavenes, Breive & Co., som sette opp forretning der i 1921. I 1928 fylgde endeleg den formelle utskiljinga og matrikuleringa av småbruket Kosi, som hadde vorte selt til Jon K. Nesland i 1899. Kosi vart bnr 28.

På sumarstøylen Iverone på Byklestøylane sette Olav opp nytt fjos i 1915. Frå fyrr var der setebu og høybu. Olav dreiv også med byggjearbeid heime, og sette opp ny løe i 1918.

Her har Hallvard Kultro skote ein elg. Biletet, som tykkjest vera teke i 1970-åra, kjem frå samlinga til Tore K. Mosdøl.

Hallvard Olavsson Mosdøl, eldste son åt Gunhild Hallvardsdotter Mosdøl og Olav Knutsson Stavenes i Mosdøl, bnr 1, kom til å vekse opp hjå Gunvor og Olav på Kultro. Gunvor var farsyster åt Gunhild, og det fortelst at Gunhild, då ho var lita, hadde sagt til henne at «Fyrst eg får ungar, så skal du få ein». Såleis vart det altså. Hallvard overtok bruket av fosterforeldra i 1934.

  • Hallvard Olavsson Mosdøl f 1911, d 1999
g 1936 m Ingebjørg Torsdotter Trydal, f.1912, d 2002. Born:
  • Olav, f 1937, lærar, forfattar, busett Kviteseid, g m Gunda Elise Grimnes, Lillesand, f 1935 born:
  • Liv Andrea, f 1964, busett Gvarv, g m Inge Vogt Engeland
  • Ingebjørg, f 1966, p t (2005) busett Belgia, g m David Norheim
  • Hallvard, f 1972, p t (2005) busett London, g m Annhild Kvalbein
  • Gunvor, f 1939, sjukepl., busett Mandal, g m Thorbjørn Gjerdahl, f 1936, born:
  • Sverre, f 1972, busett Svelvik, g m Trude
  • Harald, f 1983, p t (2005) under utdanning
  • Tor, f 1943, lærar, gbr., g m Brita Gran-Nielsen, Notodden, sjå nedanfor
  • Gunvald, f 1949, veterinær, g m Angerd Jonsdtr. Trydal, f 1947, born, sjå Moen Trydal, gnr 17, bnr 8
  • Torbjørg, f 1953, jordmor, busett Stavanger, g 1. m Ivar Haukom, Moisund, g 2. m Eivind Herredsvela, f 1945, busett Stavanger, born: (1. ekteskap):
  • Anne, f 1984

Ingebjørg kom frå Moen i Trydal. Foreldra hennes var Tor Knutsson Trydal og kona, Ingebjørg Jonsdotter, fødd Bjones.

I 1994 vart Hallvard intervjua av Kurt Ole Linn i samband med hovudfagsoppgåva hans i historie (Ei lita bygd i strid for livet. Om levekår og kraftutbygging i Bykle i 1950- og 60-årene, UiO 1995, 170 ff). Me har klyppt ei rekkje passasjar frå dette intervjuet, for det fyrste avdi dei fortel mykje konkret gardshistorie om Kultro, og for det andre avdi dei tvillaust også er representative for bygdelivet i Bykle i det heile i den tida dei fortel om.

Etter det Hallvard fortalde i 1994, tok Ingebjørg seg av mykje av gardsarbeidet, medan han sjølv mest skaffa inntekter med anna arbeid:

Ingebjørg hadde meir enn nok arbeid med gard, hus og born, men ho dreiv med strikkemaskina óg. Ja, du veit, det vart mest ho som stelte med gardsarbeidet heimi, ko ikkje i slåtten. Då var eg heimi og hjelpte til. Helles dreiv eg som bygningsarbeidar, og tok det eg fekk. Eg var med å bygde opp hotellet, og helles andre stader her i Bykle. Mellom anna den gamle skulen var eg med å sette opp, men du veit me va fleire mann. Eg dreiv elles mykje [og arbeidde] saman med [Knut] bror min.

Hallvard var også kyrkjetenar i 37 år. I det nemnde intervjuet fortalde han mellom anna det fylgjande om dette arbeidet sitt, og om tilhøvet sitt til kyrkja:

Kyrkja er me voldsomt glade i, eg var kyrkjetenar i over 30 år, så eg var nøydt ti å vere der. Ingebjørg var og mest allstødt med. Me møtte opp alle gardane rundt her når det var noko. Me som budde så nære var flinke til å møte. [...] Det verste var når me var på støylen. Var det messe då, så måtte eg ned, sjølv om det beste eg visste var sundagane på støylen. [...]

Sundagen va fri, då måtte ein ikkje arbeide. Det har vore fast regel i Bykle, og slik er det endå. Det verste var når ein hadde turt høy, då var det som om folk klødde i hendane, men dei lea det ikkje. Heller ikkje handarbeid, som spiting, kunne ein gjere. Folk er flinke, så det er ikkje mange som slår plenen på sundagane. Det er helst i byggjefeltet.

Då han slutta som kyrkjetenar, fekk han ein sylvslegen kniv frå soknerådet.Han var engasjert i indremisjonen og kyrkja, var også med i heradsstyret i fleire periodar, og sameleis i styret for idrottslaget.

I yngre år var han ein sprek idrottsmann, og god i langrenn. Som så mange andre byklarar dreiv han også mykje med jakt og rjupefangst. Om dette tek me med endå ein passasje frå intervjuet med Kurt Linn:

Eg låg mange vintrar på snarefangst, fire i Vatnedalen og ein i Breive. Du veit, vinterdagane var her lite trearbeid å få, så då var det snarefangst og jakt [...]. Eg begynda med slikt då eg var konfirmera. Eg sette her og i bygdeheiin, og eit år i Trydalsheii, men det var så langt attende som 1944. Etter krigen tok det meir og meir slutt. Men reinsdyrjakta betydde framleis mykje, og så veit du me dreiv med revejakt og selde skinna [...].
Loptet på Kultro 20.7.2005.
Foto: Dag Rikard Olsnes

Hallvard hadde mange hus å stelle med, og mykje arbeid med dei. I samband med utskiftinga i 1939 laut høybua på slåtta Flotti flytjast. Ho vart teke ned og sett oppatt på Skarsmo. I 1943 fekk Hallvard tak i eit gamalt lopt, som han sette oppatt på Kultro. Dette loptet, som vert datert til å vera frå ca 1700, hadde kring 1920 vorte kaupt frå Utistog Stavenes av Knut T. Hovden, som hadde frakta det til Byklestøylane, men berre hatt det liggjande lagra der.

Stallen frå Kultran på Setesdalstunet på Norsk Folkemuseum.
Foto: Chris Nyborg (2008).

Stallen, som er så gamal at også denne må vera flutt hit (på 1800-talet), vart ein gong i åra 1946-48 seld til Norsk FolkemuseumBygdøy. Folkemuseet har restaurert han, og har han ståande på Setesdalstunet sitt.

I 1945 vart stoga frå 1875 oppstelt og utvida. Etter dette hadde ho ei grunnflate på 100 kvadrat i to fulle høgder. Med det same etter krigen sette Hallvard opp ei ny høybu på Iverone, og i 1950 endå ei. Samstundes moderniserte han hovudbygningen heime. I 1951 bygde han seg nytt fjos og tadde innåt løa frå 1918. Fjostømmeret var frå ein eldre driftsbygning, som venteleg skreiv seg frå Ånund Pålsson si tid. I fjoset vart det i 1953 registrert hest, 6 kyr, 4 ungdyr og 31 sauer. Om gardsdrifta fortel Hallvard til Kurt Linn:

Så lenge eg hadde garden var det berre hestereidskap. Traktoren kom fyrst då Tor hadde overteke, det var vel i 1980. Me hadde fjordhopper, så me para rett som det var, og så vart det følungar som me selde. Og eg veit me fornya okko sjøle med heste, me hadde dei til dei vart ein 20 år.

I tillegg til hesten hadde me 4-5 kyr, 2-3 ungnaut og ca. 30 sau. Gris nesten kvart år, ein slaktegris på 100 kg eller vel det. [...] Geit hadde me ikkje. Det hev der ikkje vore i Kyrkjebygdi, sidan eg var gutunge. Me hadde både haustog vårbære kyr, det var så me hadde mjølk året rundt.

Mjølki vart kinna, den tid eg var vaksen. Det me hadde til overs selde me. Me levera vel 8-10 kg smør i veka. Me kaupte mjølkemaskin i 1969, då me gjekk over frå Telemarkskyr til NRF. [...]

Men me hadde elektriske motor til kinna, den var frå 1949, då me fekk straumen. Då opna det seg mangt. Også på støylen var det å kinne, for det var smørproduksjon me dreiv. Og det var stampekinne. Med motorkinna nede på garden kunne kininnga berre take eit kvarters tid.

Me reiste på støylen til me slutta å slå i skogen. Me flutte opp ca 14. juli, og då måtte me, for me hadde felles hegner. Og så kom me heimte i slutten av august, eller iallfall etter den 15.

Medan me dreiv og slo i skogen leigde me ei sumarsjente, og så leigde me ein slåttekar, elles så greidde me oss sjølve.

[...] Me kunne slå opp mot 40 lass i heii, og det betydde mykje. Ja, du veit inni detta har eg rekna det me har på Byklestøylen, me har ein 14 mål dørka der. Men me hadde 25-30 lass i skogje, med verkeleg skogslått. Heime har me rundt omlag 40 mål fulldyrka jord.

Me slutta med heieslått i midten av 50-åra. Det vart so i grunnen det ville ikkje løne seg, og det rare var at me fødde omtrent like mykje dyr. Men så hadde me jordeple, då, som me la i silo. Koka han i kassor, og trampa han til. Eg hadde opp til 10 kubikk med dette.

Hallvard og Ingebjørg sat med gardsbruket til i 1979, då dei overdog det til den nest eldste av sønene:

Den nye Bykle kyrkje under byggjing sumaren 2004. Kultran i bakgrunnen.
Foto: Leonhard B. Jansen
  • Tor Hallvardsson Mosdøl, f 1943
g 1979 m Brita Gran-Nielsen, f 1940. Born:
  • Marie, f 1980, lærar, busett Oslo
  • Tor Hallvard, f 1982, journalist, p t (2005) under vidareutdaning, busett Kristiansand.

Brita er fødd på Notodden, men oppvakse i Larvik, Stavanger og Oslo. Foreldra er Ellen og Theodor Gran-Nielsen.

Tor og Brita har båe vore lærarar på Bykle skule, men dei er også aktive gardbrukarar, og har gjort mykje med husa her. I 1980 bygde dei nytt bustadhus, i 1983 bygde dei ny silo, i 1985 vart tadden ombygd og oppstelt til moderne sauefjos. I 1986 restaurerte dei den gamle hovudbygningen på garden, i 1989 vart det gamle kvernhuset flutt til Byklestøylane og restaurert, i 1991 kom nytt reiskapshus, og i 1997 bygde dei på løa, slik at der vart rom for høyturke og lagring av høyballar. I 1993 og 2003 vart sauefjoset utvida.

I 2004 overtok dei Juvet, bnr 4, til tilleggsjord. Det dyrka arealet på Kultro er kring 85 mål, av dette 45 nydyrka av den nåverande eigaren. Totalarealet etter tilkaupet av Juvet er ca 2500 mål.


0941 Bykle komm.png Kultran (Bykle gnr 14/8) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Haugebakk • Neste bolk: Tveitvodd