Torsbu (Bykle gnr 13/4)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Torsbu
Mosdøl 29.jpg
Stogebygningen vart oppført i tømmer for Tarjei Pålsson i 1950. Vel så 10 år seinare fekk den utvendes paneling.
Foto: Aanund Olsnes (2003).
Alt. namn: Torsbu Byklum;
Nistog
Rydda: omkr. 1710
Utskilt: omkr. 1710
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 13
Bnr: 4
Type: Gardsbruk

Torsbu i Bykle kommune er eit av bruka på Mosdøl, men var opphavleg ein del av Byklum.

Det er rimeleg å tenkje seg at namnet Torsbu må koma av at det har budd ein som heitte Tor her eingong i tida. I den gamle gards- og ættesoga (117) står det likevel at «det eldste namnet er Nistog», og me har ingen grunn til å draga i tvil at Nistog-namnet har vore nytta. Kva for namn som er det eldste er likevel eit anna spursmål, men me har ingenstad funne nemnd nokon Tor som budde her, og vil då helst tru at det må ha vore ein som heldt til her så langt attende at det ikkje finst skriftlege opplysningar om han.

Eit anna spursmål me gjerne skulle ha hatt svaret på, er kvifor dette bruket er matrikkelført under Mosdøl, endå det ligg inne i Byklum-gardsvaldet. Fyrste venda me har sett at bruket vart skrive under Mosdøl er i 1838-matrikkelen, og at oppsitjaren her då var frå Mosdøl, er på det reine. Men at eit slikt eigartilhøve skulle føre til at bruket vart overført frå den eine matrikkelgarden til den andre, er ikkje lett å skjøne. Frå gamalt av, og iallfall fram til og med 1820, vart Torsbu rekna som ein del av Byklum.

Når dette er fastlagt, vert det neste spursmålet kva tid bruket vart utskilt, og kven som var den fyrste kjende oppsitjaren her. I den gamle gards- og ættesoga (118 ) står det at Olav Ånundsson var her i 1723, og vidare at «med han ser det ut som at Nistog er skilt ut frå Uppistog». At Olav Ånundsson var fyrste oppsitjaren her er rett, men han var frå Innistog, og då han overtok her, hadde eigedomen lenge høyrt til Innistog-folket. I bolken om Innistog har me også fortalt at Olav Ånundsson overtok 6 skinn i Byklum på skiftet etter Jon Olavsson, farbror sin, i 1711. Olav var son åt Ånund Jonsson Byklum.

  • Olav Ånundsson Byklum, f ca 1663, d 1737
g m Margit Torleivsdtr., f ca 1664 (?), d 1744. Born:
  • Tore, f 1715, d 1716

Av eit skøyte 1731 går det fram at kona åt Olav heitte Margit Torleivsdotter. Kvar ho kom frå veit me ikkje visst, men me trur helst at ho var dotter åt Torleiv Olavsson i Innistog. Om dette er rett, var faren syskenbarnet åt mannen hennes. Me har sett eit spørjeteikn ved alderen hennes. Ho skal etter kyrkjeboka ha vore 80 år då ho døydde i 1744, men me trur nok helst at ho var noko yngre.

I 1729 gav Olav Ånundsson og kona hans seg i foddog til Olav Tallaksson Byklum, og overdrog bruket og alt det dei elles åtte til han. Dette lyt takast som ei stadfesting av at seljarane var utan livservingar.

Olav Tallaksson var truleg son åt Tallak Olavsson Byklum i Innistog, og kona, Gro Olavsdotter. Om dette er rett, var Olav Ånundsson syskenbarnet åt far hans. Ettersom Tallak og Gro gifte seg i 1702, vil me gjeta på at son deira var fødd det året eller året etter.

  • Olav Tallaksson Byklum, f ca 1702, d ca 1730 (?), ikkje kjende born.

Me har ikkje funne noko om at Olav var gift eller hadde born, og merkeleg nok kverv han også sjølv or kjeldene like etter at han overtok bruket her.

Men i 1731 ser me at Olav Ånundsson skøytar bort bruket til ein ny mann, og også denne venda gjev seg i foddog til kauparen. Dette kan ikkje oppfattast annleis enn at avtala med Olav Tallaksson frå 1729 har vorte gjort om inkje, kanskje helst avdi han var død.

Den nye eigaren var Torleiv Drengsson Nomeland, som var gift med Ingebjørg Olavsdotter frå Innistog.

  • Torleiv Drengsson Nomeland, f ca 1700, d 1773
g ca 1730 m Ingebjørg Olavsdtr. Byklum, f ca 1708, d 1774. Born:
  • Dreng, f 1731, d 1731
  • udøypt dotter f 1732, d 1732
  • Anne, f 1733. g 1761 m Åsmund Auversson Nomeland, sjå Valle III, 666
  • Dreng, f 1737, d 1737
  • Åsne, f 1737, d 1738
  • Åsne, f 1739, g 1770 m Tarjei Tovsson Mosdøl, sjå Berget Mosdøl, bnr 2
  • Margit, f 1743, d 1750
  • Dreng, f 1746, g 1771 m Birgit Torleivsdtr. Bjørnarå, sjå Innistog Byklum, bnr 1, jfr nedanfor
  • Gro, f 1749, g 1770 m Olav Jonsson Tveiten, sjå Nordtveiti, bnr 2, jfr Holen Der uppe, bnr 2
  • Margit, f 1753, d 1773, ug

Torleiv Drengsson var frå Garden Nomeland, Valle, bnr 7. Foreldra hans heitte Dreng Torleivsson Nomeland og Gro Arnesdotter.

Kvar Gro Arnesdotter kom frå er uvisst, les me i Vallesoga (III, 663), men det er likt til at ho hadde ei syster som heitte Ingebjørg i Nordigard Tveiten i Valle (Valle III, 268), og endå ei syster Margit i Nørdre Bø (Valle III, 193).

I gardsarkivet i Innistog ligg eit interessant brev til Torleiv frå Pernille Blom i Lårdal, som me tek inn ei avskrift av:

Velagte Danne Mand

Tallev Drengsson

Effter eders gode løfte til Tallev Maaler Sender ieg nu eder en Matte god toback, huilcket ieg icke tviler Paa i io giør eders beste dermed og Selger den som den var eders egen, og om icke Reede Penger er for alt for Haanden, da skal ieg tage Smaa Cretur med naar di er for skickelig Priis, og di bliver, om Gud lader os leve til Høsten Sendte hid med ærlige folck der icke forbytter dem, vær saa god og hils Bjørguv Joro fra mig, at han vil giøre mig den tieniste og skaffe mig hvad der er at faa efter Targey Gunstensen som ieg talte med ham om i vinter da hand var her. Fick og høre væl efter om hvor hand hafde borget bort og kunde have til gode.

Flittig hilsen fra min Mand
er ieg eders villige veninde

Pernille Crestofer Bloms
Biaaland d 4 April 1752

Ieg Slaar min lid til i giør eders beste for mig
Kand ieg tiene eder igien skal det gierne ske

Kristoffer Blom på Bjåland var lensmann i Lårdal frå 1736 til 1757. Som me skjønar av brevet ovanfor har han og kona hans også rusla med noko handel, og gjeve Torleiv Drengsson eit parti tobakk i kommisjon. «Matte» var ei nemning for ein bastsekk som inneheldt 60 tobakksrullar á 416 g, dvs. vel 25 kg. Prisen for matta kunne på denne tid vera 4 riksdalar. Vonleg har både seljar og kaupar kunna hente seg ei hyggeleg forteneste av handelen.

Dei andre byklarane som vert nemnde i brevet, og som tydelegvis har hatt samband med Blom-ane på Bjåland, er Bjørgulv Sveinsson Gjerden i Attistog og Tarjei Gunsteinsson Breive på Teigen, Stavenes. Tarjei var nyleg død då brevet vart skrive, og Pernille hadde nok hatt pengar til gode av han.

Torleiv sat med bruket her til han døydde i 1774. Skiftet etter han er detaljrikt, og listar opp ei mengd med husgeråd og reiskap, slikt som ofte ikkje kom med under skiftehandsaming. Me skal difor taka innhaldet i det noko nøye:

  • 1 stor koparkjele (6 1/2 rd)
  • 1 mindre do.( 1 rd 2 ort 12 skill)
  • 1 stor gryte og ei mindre (5 rd 3 ort)
  • ein ljosestake (1 ort 12 skill.)
  • ei takke (2 rd)
  • ei sauesaks (20 skill.)
  • eit spett (3 ort 12 skill.)
  • 2 kløyveøksar (3 ort)
  • 1 bile (1 ort)
  • 1 husnavar (1 ort 12 skill.)
  • 1 stabendingsnavar
  • 1 vidjungsnavar (12 skill)
  • 1 ploglekkje (12 skill.)
  • 1 gamal plog (12 skill)
  • 3 jernhakar (16 skill.)
  • 1 smietong (16 skill.)
  • 1 rifle (4 rd. 2 ort)
  • 1 hestesile (2 ort)
  • 4 lærreip ( 1 rd 2 ort)
  • 1 utekvern m reidskap (8 rd)
  • 16 ljåar (1 ort 18 skill)
  • 1 langorvsljå (12 skill)
  • hovtong og hamar (1 ort)
  • 3 kister (4 rd 1 ort)
  • 6 mjølkekjer (2 rd 5 ort 12 skill.)
  • 5 svarte kjer (1 rd 5 ort)
  • 8 mjølketrog (2 ort)
  • 4 ambarar (1 ort 20 skill)
  • 3 mjølkekoller (18 skill.)
  • 1 anker (20 skil.)
  • 2 rokkar (1 rd 2 ort)
  • 1 stavkinne (16 skill.)
  • 3 skåler (1 ort 18 skill.)
  • 1 Müllers huspostill (1 rd 3 ort)
  • 1 salmebok (20 skill.)

Dei fleste av sakene i lista ovanfor skulle vera sjølvforklarande, men me tek med ein merknad om to av navarane. Stabendingsnavaren var til å bora hol for sledenaglar, dvs. naglane som bind sledebotnen til meiane, opplyser Ivar Aasen (Norsk Ordbog, 746), medan vidjungsnavaren vart bruka ved stavkledning og taktekkjing (s.st. 930).

Av attverande kretur, etter at dei tre gifte døtrene hadde fått heimanfylgje, var der berre 1 kyr, 1 kvige, 3 sauer og 1 geit. Vidare var her endå noko noko husgeråd, som vart verdsett til i alt 9 rd 1 ort. Heimanfylgjene hadde i alt vore på 3 kyr, 3 kviger, 9 sauer, 3 geiter og noko småheimil til eit samla verde av 27 rd 3 ort. Det samla verdet av lausøyren i buet vart rekna i hop til 56 rd 4 ort 5 skill. Av fast eigedom var der 5 1/3 kalveskinn i Byklum og 2 2/3 skinn i Nomeland, og nå vart odelsløysingsprisen sett til 10 rd pr skinn. Dermed vart brutto formue på 179 rd 1 ort 2 skill. Til frådrag kom ei rekkje mindre gjeldspostar, deriblant 15 dalar til Ånund Stråpa i Suldal for ein hest. Det som vart att til deling var verdiar for 60 rd. Av dette fekk enka behalde halvparten, kvar av døtrene ervde 6 rd, medan sonen fekk 12. Men ettersom systerpartane i skiftet vart mindre enn verdet av heimanfylgjene, vart dei 3 gifte døtrene attskuldige 3 dalar kvar til mora og Dreng, broren.

Dreng Torleivsson overtok bruket her etter faren. Han hadde nok ikkje tankar om å verta verande, for etter at Ånund Ånundsson Byklum døydde i 1769, hadde Dreng beste odelen til Innistog. Svenke Alvsson Breive hadde vore bruksmann der, men Svenke døydde samstundes som Torleiv Drengsson. Me har ikkje funne dokument om heimelsovergangane, men så langt ein kan lite på futens kassabøker, har Dreng seinast greidd å skaffe seg hand om Innistog i 1777 eller 1778. Iallfall var det ved dette leitet han flutte åt Innistog med familien sin.

Kaupet av Innistog kunne vel delfinansierast med å selje eigedomen i Torsbu, men størsteparten laut likevel lånast. Långjevaren var verfaren, Torleiv Tarjeisson Bjørnarå. Det me vidare har å fortelje om Dreng og huslyden hans står i bolken om Innistog.

Som det går fram ovanfor, meiner me at Dreng Torleivsson avhenda Torsbu då han kaupte att Innistog. Kauparen må ha vore Torbjørn Gjermundson i Uppistog. Me har ikkje funne noko dokument om kaupet hans, men iallfall ser ein at han åtte bruket då han døydde i 1768, og nokre år seinare ser ein også at Gjermund Torbjørnsson og Tone Halvorsdotter, mor hans, selde det vidare.

Han som kaupte hjå Gjermund Torbjørnsson og mor hans heitte Olav Ånundsson. Me meiner at han var son åt Ånund Alvsson i Evre Mosdøl. Tidlegare hadde han budd i Hisdal, og vorte enkemann der. Bruket her fekk han gjennom den andre kona si, som var dotter åt ovannnemnde Torbjørn Gjermundsson.

Olav gifte seg med Anne Torbjørnsdotter i 1777. Helst flutte dei hit med det same etter giftarmålet, og leigde då bruket hjå verbroren og vermora nokre år, men i 1782 fekk han kaupe det av dei. Kaupet vert omtala i skiftet etter Olav som vart avslutta utpå hausten same året.

Fyrr me går vidare må det her skjotast inn at det Olav Ånundsson kaupte ikkje var plent det same som det Dreng Torleivsson hadde selt. Dreng hadde ått 5 1/2 skinn, medan Olav kaupte berre 3. Men kjerna, tunet og dei næraste ekrene, var nok det same. At det utan vidare gjekk an å dele på ein annan måte, var ei fylgje av det rådande teigblandingssytemet, som alltid var ope for at luter og lunnende kunne skipast om. Dei 2 1/2 kalveskinna som Olav ikkje kaupte, gjekk attende til Uppistog, skjønar me, utan at me kan seia nett kva tid det var eller korleis det gjekk til. Det me kan seia sikkert er at Sigrid Taraldsdotter Mosdøl, som budde i Uppistog frå kring 1795, sidan åtte denne parten.

Av dei 3 kalveskinna Olav fekk hand om høyrde elles ein ideell part på 1/2 skinn til sokneprestembetet (prestebordet) i Valle, så denne parten kaupte han berre bruksretten til, og laut svara årleg leige til presten for han. Den ideelle eigedomsparten åt kyrkja fylgde med bruket vidare som laus landskyld heilt til han vart sletta frå bøkene i 1948.

Olav Ånundsson drukna i Bossvatn 23. mai 1784. Kor lenge Anne, enka hans, greidde å halde fast på eigedomen etter at Olav var borte, er uvisst. I 1794 gifte ho seg omatt med tinndølen Torstein Nilsson Gvåle i Ørnefjødd, og livde med han til han døydde i som husmann i Ljosådalen under Løyland i 1805, men fyre dei hamna i Ljosådalen hadde dei også vore innom einkvarstad i Berdalen eit tak, ser det ut til. Då Anne døydde i 1835 budde ho hjå sonen Olav, som liksom faren var husmann i Ljosådalen (jfr. Valle VI, 130). Ein kan lesa noko lite meir om Olav Ånundsson og Anne Torbjørnsdotter i bolken om Hisdal Der uppe, bnr 3. Foreldra åt Anne er omtala under Uppistog Byklum. Me er som nemnt ikkje sikre på kva tid Anne Torbjørnsdotter selde bruket. Me kan heller ikkje vita sikkert kven ho selde til, ettersom tinglysing av salet ikkje let seg finne. Den neste eigaren me veit om er Mikkel Tarjeisson Mosdøl i Lunden, men han overtok ikkje eigedomsretten her fyrr i 1799 eller 1800, så det er sannsynleg at ein annan eigar kan ha kome i mellom Anne og Mikkel.

Etterkomarane åt Mikkel Tarjeisson kom til å sitje med bruket vidare frametter. Men det skulle likevel taka ein del år fyrr desse tok eigedomen i bruk. Bruket vart bortleigd så lenge Mikkel livde, men me finn ikkje omtala nokon bruksmann som budde her. Truleg er forklaringa at bruket har vore bortleigd til oppsitjarane på eitt eller fleire av grannebruka i Byklum, inntil yngste son åt Mikkel var klar til å nytte eigedomen sin sjølv.

  • Tarjei Mikkelsson Mosdøl, f 1799, d 1869
g 1833 m e Ingebjørg Taraldsdtr. Holen, f 1796, d 1870. Born:
  • Mikkel, f 1833, g 1870 m Gudbjørg Pålsdtr. Homme, sjå nedanfor
  • Tarald, f 1835, d 1836
  • Tarald, f 1840, d 1840

Ingebjørg Taraldsdotter var fødd i Trydal som yngste dotter åt Tarald Asbjørnsson frå Systog Stavenes. Då ho gifte seg med Tarjei var ho enke etter Gunleik Torleivsson Holen (sjå Haugo under Holen Der uppe).

Ingebjørg hadde mist dei to sønene ho hadde fått i det fyrste ekteskapet sitt. Ho miste også to frå det andre, ser me. Men eldstesonen livde opp, og vart neste oppsitjar. Folketeljinga frå 1865 viser at han ved det leitet i praksis hadde overteke, jamvel om det ennå ikkje var fyreteke noko formell overdraging. Han «styrer gaardsbruget for sin fader», står det.

Her var også ein familie til i 1865. Det var Vetle Knutsson Nesland og Åsne Torleivsdotter, kona hans, og tre søner. Desse folka var på denne tid busetar her, etter at dei tidlegare hadde halde til mange stader. Me har valt å omtale dei nærare under Bykilsmoen, bnr 8, ettersom dei sidan fekk fast tilhald der.

Buskapen på bruket i 1865 var hest, 5 kyr, 7 sauer og 4 geiter. Sånaden var 1 1/2 tunne bygg og 5 tunner jordeple. I 1875 var her ein sånad på 1 1/2 tunne bygg og 4 1/2 tunner jordeple, men då var her korkje kretur eller folk. «Ubeboet», seier folketeljinga frå det sistnemnde året om bruket her. Dette er til å forundre seg over, men det me kan slå fast er berre at Mikkel Tarjeisson hadde teke over kring 1870, og at han og huslyden hans i fylgje folketeljinga ikkje var i Bykle i 1875, endå me veit heilt sikkert at dei budde her då sønene kom til verda i 1873 og 1874. Etter 1875 var dei også her, veit me. Kvar dei heldt til då folketeljinga fór, og kor lenge dei var borte frå bruket, lyt me setje att som opne spursmål.

  • Mikkel Tarjeisson Byklum, f 1833, d 1913
g 1870 m Gudbjørg Pålsdtr. Homme, f 1831, d 1886. Born:
  • Tarjei, f 1873, d 1928, ug
  • Pål, f 1874, g 1914 m Gunhild Hallvardsdtr. Byklum, sjå nedanfor

Gudbjørg Pålsdotter var frå Bjøddebakke under Svalestoga Homme, gnr 31, bnr 8. Foreldra hennes var Pål Olsson Holum og kona, Vilborg Knutsdotter, fødd Ruslehaugen (jfr. Valle V, 363).

I 1900 bygde Mikkel og sønene nytt fjos innåt løa, som tykkjest vera ein god del eldre. Den gamle gards- og ættesoga (117) melder at «Pål fekk garden etter broren Tarjei. Tarjei fekk garden av far sin, Mikkel Tarjeisson». Dette er gale gjete. Det som faktisk skjedde var at faren i mars 1913 skøytte bruket over på Pål, mot foddog til seg sjølv og Tarjei. Omtrent eit år seinare gifte Pål seg.

Margit, Pål og Birgit Byklum framfor stoga i Torsbu i 1950-åra.
  • Pål Mikkelsson Byklum, f 1874, d 1961
g 1914 m Gunhild Hallvardsdtr. Byklum, f 1882, d 1935. Born:
  • Mikkel, f 1914, d 1943, omkom i sykkelulykke, ug
  • Birgit, f 1916, ug, sjå nedanfor
  • Tarjei, f 1918, d 1990, ug, sjå nedanfor
  • Gudbjørg, f 1919, d 1976, ug, sjå nedanfor
  • Margit, f 1922, g 1959 m Erling Jensen, busett Kristiansand, ikkje born, sjå nedanfor
  • Olav, f 1925, d 1926

Gunhild Hallvardsdotter var frå Haugebakk under Uppistog Byklum. Foreldra hennes var Hallvard Torleivsson Byklum og kona, Birgit Knutsdotter, fødd Kroné under Byklum.

I 1903 hadde Gunhild fått sonen Hallvard med enkemannen Torleiv Drengsson i Berget Mosdøl. Hallvard Torleivsson (y.) vaks opp hjå mora og stykfaren. Som vaksen budde han ei tid i Ose, men kom sidan heimatt til Bykle. Han arbeidde som skreddar, og budde hjå den ugifte morbroren Torleiv H. Byklum, som hadde sett seg opp eit hus han kalla Heggestog i kanten av kulturbeitet av Torsbu i 1931. Hallvard døydde i 1948. Heggestogtomta var ikkje utskild, og gjekk attende til Torsbu etter at Torleiv døydde på bygdeheimen i Valle, det var kring 1970. Margit Pålsdotter Jensen i Kristiansand overtok huset hans.

I 1917 selde Pål ein parsell med namnet Bakken til Olav Auversson frå Myri under Gjerden, som sette gang med bureising. Bruket vart skyldsett til 1 øre, og fekk bnr 9 under Mosdøl med matrikkelnamnet Bakken, men vart sidan heller kalla Åsen enn Bakken. Grunnen til dette er at kauparen tidlegare hadde sete ei tid i Åsen Hoslemo, og difor skreiv seg med etternamnet Åsen. Me kjem attende til han og heimen hans.

Nokre år seinare, det var i 1921, selde Pål endå ein parsell til bureisingsbruk. Kauparen denne venda var Knut Hallvardsson Byklum frå Haugebakk, bror åt Gunhild, og bruket hans vart kalla Nystog. Det vart tildela ei matrikkelskyld på 1 øre og bnr 10 under Mosdøl. Også denne verestaden kjem me attende til.

Tarjei og Gudbjørg i slåtten attom stoga i Torsbu ein gong i 1960-åra.

Frå Pål vart enkemann i 1935 skiftest borna om å vera heime og hjelpe til med gardsbruket. Buskapen i 1953 vert oppgjeven til 3 kyr og ei handfull sauer. I 1950 bygde dei på det gamle våningshuset, som etter dette hadde ei grunnflate på 66 m² i halvanna høgde. I 1959 gifte Margit seg, og busette seg i Kristiansand. Dei andre vart sidan i stor mon verande her, jamvel om dei i periodar hadde arbeid utanfor heimen. Bortsett frå desse periodane dreiv dei bruket saman så lenge dei livde. Nå (hausten 2002) er det berre Birgit som bur her.

Ho og systera Margit i Kristiansand har det som er att av eigedomen ilag. Dei har testamentert han til misjonen. Bruket, som i 1953 berre hadde omlag 23 mål innmark, vart redusert då det i 1984, 1988 og 1994 laut avgjeva areal til byggjegrunn for Bykle kommune (bnr 28 Byklum, bnr 30 Kyrkjelii, bnr 36 tilleggsareal Kyrkjelii og bnr 37 tilleggsareal til bnr 33). Korleis desse tomteareala vart nytta kjem me attende til (så Bruk og bustadtomter under Mosdøl, gnr 13.


0941 Bykle komm.png Torsbu (Bykle gnr 13/4) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Berget • Neste bolk: Skadden