Myri (Bykle gnr 15/105)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Myri
Gjerden 35.jpg
Myri 1965.
Foto: Fjellanger- Widerøe
Rydda: omkr. 1858
Utskilt: 1987
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 15
Bnr: 105
Type: Småbruk

Myri ligg i terrenget mellom Gjerdentunet og Kanada, beint sørom Lii-plassen, på motsett side av Jarevegen i høve til denne. Bruket vart ikkje matrikulert for seg sjølv fyrr i 1987, derav det høge bruksnummeret, men etter det me skjønar var det likevel sjølveigarbruk frå 1915, eller kanskje endå eitt år eller to lenger attende. Tidlegare var det plass under Attistog, og her budde folk frå 1858 eller 1859.

I den gamle gards- og ættesoga (130) les me at Olav Sveinsson Maurlii «truleg kom til Myri [...] og budde her», men me har ikkje sett noko i samtidskjeldene som kan stadfeste dette. Me veit at Olav Sveinsson budde i Maurlii i 1828 og sidan var busete einkvarstad i Byklum, der han heldt til iallfall i åra 1833, 1847, 1851 og 1853. Likevel er det kanskje mogeleg at han sat i Myri eit tak i andre helvta av 1850-åra, men me trur ikkje det.

Derimot er me heilt sikre på at son åt Olav Sveinsson budde her, og at han var her lenge, og me meiner også at det var han som rudde plassen, og sette opp dei fyrste husa her. Me skulle kanskje ha kalla han Maurlii, ettersom hovudomtalen av foreldra hans er plassert under den verestaden, men då me aldri har sett han nemnd med anna etternamn enn Gjerden, er det nok likevel rettast å omtale han med dette namnet:

  • Auver Olavsson Gjerden, f 1832, d 1911
g 1854 m Tone Pålsdtr. Byklum, f 1829, d 1903. Born:
  • Åshild, f 1854, g 1871 m Sigbjørn Helleikssson Glidbjørg, jfr. Ingebjørg nedanfor, sjå Glidbjørg.
  • Olav, f 1857, g 1882 m Torbjørg Åsmundsdtr. Stavenes, sjå Bakken, gnr 13, bnr 9
  • Jorunn, f 1859, seinare lagnad ukj.
  • Pål, f 1861, d 1865
  • Ingebjørg, f 1863, g 1883 m em Sigbjørn Helleiksson Glidbjørg, jfr Åshild ovanfor, sjå Glidbjørg.
  • Pål, f 1866, g 1900 m e Ingebjørg Drengsdotter Bjones, sjå Bjones.
  • Gunhild 1869, til Dalen i Telemark 1888, sidan visstnok gift til Skien, born, iallfall:
  • Signe, f 1892, d 1973, sjå gnr 14, bnr 51, Steinane.
  • Anne, f 1872, d 1955, ug, sjå gnr 14, bnr 51, Steinane.

Tone Pålsdotter var frå Kroné, dotter åt Pål Knutsson Berdalen og kona, Jorunn Olavsdtr.

Då Auver og Tone døypte den fyrstefødde dottera i 1854, vart han omtala som «inderst», dvs busete. Same tittelen fekk han i 1857, men to år seinare, då dei hadde dottera Jorunn til dåpen, har han skift status til husmann, og det var han framleis då Tone døydde i 1902. Etter det som vart opplyst i samband med ei rettssak i 1882, som me kjem attende til nedanfor, hadde han sjølv rudt plassen. Den mest rimelege tolkinga er vel då at huslyden budde som busetar i Attistog medan Auver dreiv på med rydjing og husing i Myri, men flutte hit då plassen var klar til å verta teken i bruk.

I 1865 sat Auver og huslyden hans med 9 geiter, fortel folketeljinga frå det året. Dei sådde då berre 1/3 tunne bygg og 3 tunner jordeple. Ti år seinare hadde dei 1 kyr og 1 kalv, 5 sauer og 4 geiter. Dei hadde auka kornsåden til 1/2 tunne, men sette berre 1 tunne jordeple.

Dette var berrsynt for lite å liva av, og Auver prøva difor å skaffe seg innkomer utanfor plassen. I 1882 vart han dregen for retten i Bygland avdi han hadde gått kringom i Austad sokn og bede folk etter mat. I rettsprotokollen heiter det:

4de tiltalte Auver Olsen Gjerden 54 Aar gml. ikke før tiltalt eller straffet for Betleri, er Husmand under Gjerden i Bykle, hvor han har fæstet og opryddet en liden Husmandsplads.

For noget over 12 Aar siden faldt under en Ildebrand en Stok paa hans Hoved, saa at han svævede mellem Liv og Død og i lang Tid laa tilsengs. Endnu er han, som følge af den Skade, han da fik, lidet arbeidsfør. Han har en sygelig Kone og 6 Børn, af hvilke de 3 have været hjemme under hans Forsørgelse, indtil de 2 for et Par Maaneder siden fik Tjeneste. Den ene [Anne], som han endnu har hjemme, er et 10 Aars Pigebarn, som er lam og gaar med 2 Krykker. Under sin Sygdom efterat være rammet af Stokken, fik han nogle Aar Understøttelse af Fattigvæsenet, som forminskedes lidt efterhvert, og i fleere Aar fik han ingen anden Fattighjælp end 6 Bismerpund Korn for hvert af sine skolepligtige Børn.

Han har jævnlig søgt Fattigvæsenet om mere Hjælp, men intet faaet, naar undtages, at han i vaar fik 3 Bismerpund Saakorn, hvilket hans Kone fik under hans Fraværelse efterat en Fattigforstander med egne Øine havde forvisset sig om at der godtsom ikke fantes Mad i huset.

Paa grund af hans Sygelighed og ringe Evne til at arbeide har Nøden tvunget ham til at drage ud af Bygden for at søge medlidende Menneskers Hjælp, og han vil derfor ikke nægte for, at han i flere Aar har søgt ud til andre Bygder - dog i Regelen ikke udenfor Sætersdalens Fogderi - og betlet, dog tildels ogsaa arbeidet, naar han har været istand dertil, og Arbeide har været at faa.

Han erkjender, at han sidst afvigte Vinter betlede hos 3die og 4de Vidner [Tarald O. Birkeland og Grunde G. Austad], som af disse forklaret, og i samme Hensigt var han ogsaa hos forskjellige andre i Austad Sogn og fik Madvarer.

Oplæst og vedtaget.

Auver slapp med 3 dagar på vatn og brød i lensmannsarresten. Sidan fekk han sume år nokre kg korn i fatighjelp, andre år ingenting.

Bror åt Auver budde au nokre år i Myri med kona si. Dei fekk 5 born, men ingen av dei kom til å vekse opp. Me set dei opp her, mest avdi me ikkje veit om nokon anna stad i bygda der det høver betre å plassere dei:

  • Alv Olavsson Gjerden, f 1833, n 1865, seinare lagnad ukj.
g 1855 m Anne Helleiksdtr. Glidbjørg. f 1821, d 1863. Born:
  • Åshild, f 1856, d 1856,
  • Olav, f 1857, d 1858
  • Olav. f 1857, d 1859
  • Olav, f 1860, d 1861
  • Olav, f 1862, d 1864

Anne Helleiksdotter var dotter åt Helleik Kjetilsson Glidbjørg og kona, Torbjørg Auversdotter, fødd Vatnedalen. Det ser ut til at Alv og Anne budde som busetar hjå Auver og Tone i Myri iallfall i åra 1859 til 1861. Men då Anne døydde i 1863 vart ho notert som husmannskone i Byklum, så då må dei nok ha vore innom på ein av plassane der, utan at me veit kva for ein. Etter at Anne var borte reiste Alv truleg til Trydal Der inne, og vart busete hjå Knut Hallvardsson [Hisdal], der me finn han oppførd i folketeljinga frå 1865. Sidan vil me tru at han har reist or bygda. Iallfall finn me han ikkje mellom dei avlidne i kyrkjeboka, og han er heller ikkje med i folketeljinga frå 1875 for Bykle eller Valle. Me veit då ikkje korleis det sidan gjekk han, eller kor lenge han livde. Ein skal vel ikkje sjå bort ifrå at han kan ha hamna i Amerika, men me har ikkje funne noka kjelde som kan stadfeste denne tanken.

Etter at Alv, og sameleis borna åt Auver, flutte i frå, vart Auver og Tone buande i Myri til dei døydde, ho i 1902, han i 1911. Dei neste som kom hit var den nest eldste av sønene åt Olav Drengsson i Attistog og familien hans.

  • Olav Olavsson Gjerden, f 1885, d 1958
g 1913 m Birgit Mikkjålsdotter Homme f 1899, d 1938. Born:
  • Birgit (e.), f 1915, g m Tarald Sveinsson Rygnestad, sjå Utistog, gnr 14, bnr 2
  • Birgit (y.), f 1918, d 1992, ug
  • Olav, f 1920, d 1992 g 1979 m Svanhild Aslaksen, syster åt Lillian g m Mikkjål, sjå nedanfor
  • Kristi, f 1922, g m Torleiv Åsmundsson Byklum, sjå Livodd gnr 15, bnr 15
  • Mikkjål, f 1925, linjemontør, g m Lillian Aslaksen, f 1923, syster åt Svanhild ovanfor, busett Evje, born:
  • Violet, f 1943, g m Jens Eilevstad, busett Kristiansand
  • Svein Jarl, f 1944, g m Solveig, busett Oslo
  • Dreng, f 1927, d 1999, handikappa, ug.
  • Torbjørg, f 1931, gardkone, g 1954 m gbr Mikkjål Neset, Byglandsfjord, born:
  • Olav, f 1955, sb m Solveig Landelius, busett Byglandsfjord
  • Tora, f 1956, g m Karl Martin Ellingsen, busett Sylling
  • Oddbjørg, f 1960, sb m Terje, busett Oslo
  • Kjell, f 1966, sb m Pernille Wormedahl, busett Oslo.

Birgit Mikkjålsdotter var fødd på Brònen under Homme. Foreldra hennes var Mikkjål Ånundsson Byklum og kona, Birgit Taraldsdotter, fødd Homme. Mikkjål att var son åt Ånund Eivindsson Stavenes og kona, Birgit Oddsdotter, fødd Byklum (sjå Lii gnr 14, bnr 3). Etterdi foreldra døydde av tæring då dottera var lita, kom Birgit til tremenningen sin, Kristi Ånundsdotter i Der inne, og vaks opp hjå henne (jfr. Valle V, 500). Kristi og Birgit hadde Odd Pålsson Byklum i Austistog til sams oldefar.

Etter at Dreng, eldste bror hans, hadde reist til Amerika i 1906, hadde Olav Olavsson beste odelen til Attistog. Han skulle då vore nærast til å overtaka heimebruket, men såleis vart det ikkje. Attistog gjekk i 1920 til Åsmund, den yngre broren. Grunnen til dette skal ha vore at Olav og Birgit var misnøgde med at kona åt Olav var ei foreldrelaus husmannsdotter, som slett ikkje hadde nokon arv i vente. Dertil kom at ho berre var 14 år gamal då dei gifte seg, og ikkje var ho gravid heller, så frå synsstaden åt den eldre generasjonen måtte vel heile giftemålet fortone seg som eit heller uvitsleg påfunn. Dei fekk likevel lov til å slå seg ned i Myri, einkvarstad laut dei nødvendigvis vera.

Då Olav Drengsson let garden ifrå seg i 1920, var Olav Olavsson og Birgit forlengst etablerte på plassen, og her vart dei verande. Me trur at Olav må ha fått skøyte på Myri hjå faren, iallfall vart han støtt kalla småbrukar og sjølveigar i kyrkjeboka, aldri bruksmann eller husmann, men ikkje hadde han tinglyst heimel, og ikkje var bruket formelt utskilt eller matrikulert.

Etter Norges bebyggelse overtok eldste sonen eigedomen i 1950. Heller ikkje denne heimelsovergangen vart tinglyst.

  • Olav O. Gjerden(y.), f 1920, d 1992
g 1979 m Svanhild Aslaksen, f 1926, ikkje born.

Svanhild kjem frå Eydehavn ved Arendal. Foreldra hennes heitte Olga og Anders Emanuel Aslaksen. Ho kom til Bykle som assistent på bygdeheimen, og arbeidde der i 10 år. Tidlegare var ho gift med Johnny Haugen, og budde med han i Arendal. I det fyrste ekteskapet har ho 4 born: Karin, f 1945, g m Paul Ovesen, busett Nesodden; Gunn Marit, f 1950, g m John Olav Vangen, busett Arendal; Liv Torill, f 1951, g m Odd Jacobsen, busett Arendal; Roy Vidar, f 1953, busett Arendal.

Olav var vegarbeidar, men så lenge foreldra livde dreiv han også litt jordbruk med ei kyr og nokre sauer. I 1938 og 1945 vart det sett opp nye uthus, og i 1949 kom nytt våningshus på plass. Stoga frå 1949 var i bruk til ho brann opp i 1997. Svanhild sette då opp nytt hus på same tomta, og bur her i dag (haust 2003).

Me nemnde ovanfor at Olav Olavsson (e.) ikkje hadde skaffa seg tinglyst heimel på bruket. Papirarbeidet vart fyrst ordna i 1987, då sonen fekk grunnbokheimel, og registreringsbrev for tidligere umatrikulert grunn» vart tinglyst. Av ein eller annan grunn står det i matrikkelen at Myri gjekk ut ifrå Nordstog, men det er gale. Alle veit at morbruket var Attistog. I samband med matrikuleringa vart eigedomen oppmælt til 16,2 mål.


0941 Bykle komm.png Myri (Bykle gnr 15/105) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kanada i Jåro • Neste bolk: Lii i Jåro