Bykilsmoen (Bykle gnr 13/8)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bykilsmoen
Mosdøl 32.jpg
Bykilsmoen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Sollidmoen
Moen
Rydda: omkr. 1870
Utskilt: 1917
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 13
Bnr: 8
Type: Småbruk

Bykilsmoen ligg på furumoen på austsida av Fiskleimhylen i nordenden av Bykil i Bykle kommune. Vel 200 m mot nordvest frå tunet her kjem ein til Sollid, som er ein litt eldre plass. Det siste er vel grunnen til at ein stundom finn Bykilsmoen omtala som Sollidmoen. Andre gonger vert bruket berre kalla Moen, og det namnet vart familienamn for dei som ættar herifrå. Truleg kan her etter gamalt ha vore ein heimestøyl for Evre Mosdøl (bnr 3), men ein gong i åra mellom 1865 og 1875 vart staden teken i bruk som husmannsplass. Som me kjem attende til nedanfor, er det eit visst grunnlag for å gjeta på at dette må ha vore i 1869 eller 1870. Dei som slo seg ned her då var Vetle Knutsson Nesland og familien hans.

Vetle var fødd i Systog Nesland som son åt Knut Gunnarsson på det bruket og kona, Birgit Åvoldsdotter, fødd Trydal.

  • Vetle Knutsson Nesland, f 1816, d 1875
g 1846 m Åsne Torleivsdtr. Trydal, f 1820, d 1898. Born:
  • Knut, f 1847, d 1847
  • Knut, f 1850, g 1875 m Birgit Gunnarsdtr. Nesland, sjå nedanfor
  • Torleiv, f 1854, n 1875 seinare lagnad ukj.
  • Bjørgulv, f 1857, d 1875

Åsne Torleivsdotter var frå Nordstog Trydal, og dotter åt Torleiv Åsmundsson Stavenes på det bruket og kona, Tore Åvoldsdotter, fødd Trydal.

Fyrste året etter dei gifte seg budde Vetle og Åsne som busetar hjå foreldra hennes i Trydal, dinest var dei eit bil hjå folket hans på Nesland, og etter dette var dei bruksfolk i Der uppe eller Haugen i Hisdal frå ca 1851 og til litt innpå 1860-talet. Nokre år kring 1865 var dei busetar i Torsbu og deretter hamna dei her. Det kan vera rimeleg å gjeta på at dette har vore i 1869 eller 1870, for i 1869 hadde Torsbu eigarskifte, og i 1870 gifte den nye eigaren seg.

Etter at Vetle var død våren 1875 vart Åsne og sønene hennes verande på plassen. Om hausten same året vart det oppskrive at dei hadde 1 kyr, 5 sauer og 5 geiter, og at dei sådde 1/2 tunne bygg og 2 tunner jordeple.

Den eldste av vetlessønene var nygift då faren døydde:

Knut Vetlesson Mosdøl, f 1850, utfl. med kone og born fyre 1891

g 1875 m Birgit Gunnarsdtr. Nesland, f 1838. Born:
  • Gunnar, f 1874
  • Åsne, f 1876
  • Ingebjørg, f 1881

Birgit Gunnarsdotter var frå Systog Nesland og dotter åt Gunnar Knutsson på det bruket. Gunnar var bror åt Vetle, så Knut og Birgit var altså syskenborn. Fyre ho gifte seg hadde Birgit fått dottera Gunhild. Faren var Tarjei Gunsteinsson Byklum, fødd 1829, som sidan hamna på Kveste og Sandnes i Valle (jfr Valle III, 93, 249). Gunhild Tarjeisdotter vart fødd 1.1.1860, og døydde 23.5. same året.

Då Gunnar Knutsson vart fødd, var mora tenestejente einkvarstad i Holen, men etter at foreldra gifte seg i januar 1875 tykkjest dei ha hatt tilhald her på plassen. Det ser likevel ikkje ut til at Knut overtok husmannskontrakta av foreldra, for i 1876 vert han notert som busete og i 1881 som gardsarbeidar.

Etter at yngste dottera kom til verda 4.12.1881, ser me ikkje meir til desse folka i Bykle. Kor lenge dei vart verande i bygda er då mest på vona, men me kan iallfall slå fast at dei ikkje var her i 1891, så dei må ha flutt ut fyre det året. Kvar dei drog av veit me heller ikkje sikkert, men korkje foreldra eller borna, eller Torleiv Vetlesson, bror åt Knut, tykkjest vera til stades i Noreg i 1900. At dei alle skulle vera døde då, tykkjest ikkje truleg, og Amerika er ei meir nærliggjande gjeting. Ein enkemann «Knute Wetleson» på 70 år budde i 1920 på ein farm i Equality Township, Red Lake County, Minnesota, og dette kan vera vår Knut Vetlesson Mosdøl. Men identifikasjonen er usikker, slik er det alltid med folk som bur åleine når dei vert fanga opp i ei folketeljing.

I 1891 budde det ingen på plassen, men året etter kom det ein ny familie hit. Også desse var husmannsfolk her til å byrje med, men ein gong i åra mellom 1894 og 1897 må dei ha kaupt eigedomen av Torleiv Ånundsson Mosdøl. Denne handelen vart ikkje tinglyst, så me kjenner ikkje tidspunktet eller prisen. Den nye familien var dei fylgjande:

Åse O. Moen, g Valhall. ca 1920. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
  • Olav Kjetilsson Berdalen, f 1862, d 1902
g 1889 m Tone Olavsdtr. Gjerden, f 1867, d 1939. Born:
  • Kjetil, f 1889, g 1. 1917 m Anlaug Eivindsdtr Sanden, g 2. 1919 m Birgit Pålsdtr. Røysland, sjå nedanfor
  • Åse, f 1893, g m Olav Nottosen Valhall, busett Hornnes, born:
  • Olav, f 1894, d 1983, teglverksarb., busett Sandnes, g m Maren Vådeland, Klepp, f 1893, d 1970, born:
  • Tone, f 1926, d 1996, g m Johannes Folkvord, busett Sandnes
  • Per Jan, f 1933, d 1988, busett Sandnes, ug
  • Odd f 1935, g m Kari Samuelsen, Sola, busett Sandnes
  • Helleik, f 1897, 1939 busett Jersey City, N.Y., USA, g m ukj, born, iallfall:
  • June, g Schultz
  • Salmund, f 1899, d 1900
  • Anne, f 1902, d 1913

Olav Kjetilsson kom frå Berdalen Der nede, og var son åt Kjetil Helleiksson Glidbjørg og kona, Anne Asbjørnsdotter, fødd Berdalen. Fyre han gifte seg hadde han arbeidd ei tid i Mykland sokn, står det i kyrkjeboka. Vidare står der at han og kona gifte seg i Valle kyrkje, og at Olav ved giftemålet var busett einkvarstad på Berg i Valle.

Tone Olavsdotter kom frå Åsdokk i Trydal. Foreldra hennes var Olav Salmundsson Tveiten og kona, Åse Folkesdotter, fødd Trydal. Tilliks med mannen sin hadde Tone arbeidd ei tid utanfor bygda, for våren 1888 hadde ho skaffa seg utflytjingsattest til Arendal, og det skulle ikkje vera overlag dristig å gjeta på at ho og Olav møttest i den byen.

Bykilsmobruket var for lite til å liva av, så Olav laut taka på seg alt det han kunne få av arbeid for andre, onnearbeid og åkerbryting om sumaren, tresking om hausten, hogst og køyring vinterstid. Dertil dreiv han ikkje så lite med rjupefangst, står det i folketeljinga frå 1900. Men så fekk han tæring og døydde hausten 1902, berre 40 år gamal.

Det må ha halde hardt for Tone å greie seg på bruket etter dette, men einkorleis stridde ho seg igjennom. Eit par av borna laut ho setje bort, og Olav vart plassert på Vaisenhuset i Kristiansand, der han vart konfirmert i 1909. Men eldstesonen, Kjetil, og yngstedottera, Anne, budde jamt hjå mora. Anne var lam, og kunne ikkje gå, og familietradisjonen fortel at Kjetil bar henne og drog henne på kjelke for å få henne avstad til skulen. Ho døydde i 1913, 11 år gamal.

Kjetil tok på seg lasskøyring for Bykle hotell frå han var 13 år gamal, og køyrde til Valle, stundom heilt til Byglandsfjord. I 1913 sette Tone og Kjetil opp ein ny uthusbygning. Nokre år seinare, det var i 1917, gifte Kjetil seg og overtok bruket.

Kjetil Olavsson Moen (1899-1970), bilete ca 1917, hit frå Ingebjørg Vegestog.
  • Kjetil Olavsson Moen, f 1889, d 1970
g 1. 1917 m Anlaug Eivindsdtr. Sanden, f 1897, d 1918, born:
  • Hallvard f 1951, g m Astrid Henny Slåtta, , busett Lunde
  • Arne, f 1955, g m Helga Haugan, Heddal, busett Notodden
g 2.1919 m Birgit Pålsdtr. Røysland, f 1900, d 1970. Born:
  • Tone, f 1920, husmor, d 1991 g 1945 m Dreng Folkesson Homme, f 1914, d 1983, busett Kyrkjeled, Hommelunden, gnr 28, bnr 14, born:
  • Birgit, f 1946, g h v m Arne Lund, Fyresdal, busett Fyresdal; Folke, f 1947, ug, busett Kyrkjeled
  • Kjetil, f 1957, g 1. 1977 m Wenche Zachariassen, Tveit, g 2 m Marianne Brenna, Oslo, busett Kyrkjeled, jfr Valle V, 544
  • Torbjørg, f 1921, d 1997, husmor, smbr., busett Ulefoss, g m Sten Sandnesmoen, Ulefoss, f 1900, d 1974, born:
  • Kristine Marie, f 1947, g m Tore Johnsen, busett Trondheim
  • Sveinung Kjetil, f 1949, g m Anne Karin Moen, Sauherad, busett Ulefoss
  • Pål, f 1923, d 1993, anleggsarb., g 1964 m Sina Helene Bauge, Skånevik, sjå nedanfor
  • Salmund, f 1926, d 1993, anl.arb., g 1957 m Tone Drengsdtr. Homme, f 1925, busett Dalen i Telemark, born:
  • Brith Inger, f 1957, g m Georg Straume, f 1956, busett Dalen
  • Kjell Dagfinn, f 1959, d 2001, g m Gunhild
  • Bjarne, f 1961, busett Dalen, jfr. Valle V, 536
  • Anlaug, f 1929, husmor, husflidsarb., busett i Telemark, g m Ingvald Soterud, Bø, f 1932, ikkje born
  • Olav, f 1932, ind.arb., busett Kristiansand, g m Magnhild Heimdal, f 1922, born:
  • Kjell, f 1963, tvill., d 1967
  • Roar, f 1963, tvill., busett Kristiansand
  • Helga, f 1935, husmor, busett Kristiansand, g m Søren Kongevold, Gyland f 1926, d 2000, born:
  • Anne, f 1938, hotellarb., busett Oslo, g m Ola Omang f 1928, d 2000, born:
  • Brit Karen, f 1959, ug., busett Porsgrunn
  • Tove, f 1971, ug., busett Oslo
  • Heidi, f 1966 g m Øyvind Sørensen f 1966, [Lørenskog], busett Oslo
  • Kristine, f 1969, ug. busett Oslo
  • Vigdis, f 1973, ug. busett Oslo
  • Gunvor, f 1940, d 1940
  • Gunvor, f 1941, d 1944

Anlaug Eivindsdotter, fyrste kona av Kjetil, var frå Sanden, gnr 16, bnr 9. Ho var dotter åt Eivind Tarjeisson Sanden og kona, Torbjørg Olavsdotter, fødd Bratteland. Anlaug døydde ein månad etter at ho hadde fått sin fyrstefødde. Året etter gifte Kjetil seg omatt med Birgit Pålsdotter frå Odden Røysland, gnr 21, bnr 22-23, dotter åt Pål Gunnarsson Røysland og kona, Torbjørg Augundsdotter, f Øyne (jfr Valle VI, 541).

Kjetil sette opp nytt fjos i 1936 og stoge året etter. I 1953 bygde sonen, Pål, som på den tid budde heime, på den lisle, gamle stoga. Etter påbyggjinga har dette huset, som er i 1 1/2 høgd, ei grunnflate på 84 m².

Ved sidan av småbruket var Kjetil veg- og anleggsarbeidar. I andre halvdelen av 1940-åra kaupte han ein teig med utmark frå Mosdøl (bnr 3) innåt bruket sitt. Denne teigen vart matrikkelførd under namnet Moen, og fekk bnr 12. I 1967 overtok den nest eldste sonen eigedomen.

  • Pål Kjetilsson Moen, f 1923, d 1993, anleggsarb., busett i Telemark
g m Sina Helene Bauge, Skånevik. Born:
  • Lillian, f 1961, heimehjelp, g hv m Bent Nielsen, busett i Telemark, 2 born

Pål selde damrettar til I/S Øvre Otra i samband med den påtenkte Bykilutbyggjinga. Då denne ikkje vart gjennomført etter planen, fekk han behalde bruket. Etter at Kjetil og Birgit døydde i 1970 har det ikkje budd nokon her, og bruket har fungert som fritidseigedom. Stoga står, men fjos og løe er borte. Då Pål døydde, gjekk heimelen over på dottera Lillian.


0941 Bykle komm.png Bykilsmoen (Bykle gnr 13/8) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Vedbakk • Neste bolk: Bakken (Åsen)