Sanden (Bykle gnr 16/9)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sanden
Stavenes 46-sanden500.jpg
Sanden 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Eidsvollsbakken
Rydda: omkr. 1875
Utskilt: 1878
Stad: Stavenes
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 16
Bnr: 9
Type: Gardsbruk

Sanden, også kalla Eidsvollsbakken, låg innunder Sandefjellet, i bakkane ned mot den austre stranda av Bykil i Bykle kommune. Næraste grannen i sør var plassen Stigamidjom under Trydal, men Sanden gjekk ut frå Bjones, og fekk difor bruksnummer under Stavenes.

Staden vart busett kring 1875, og matrikulert som eige bruk i 1878. Landskylda vart i 1878 sett til 2 øre. Så vidt me kan sjå var Tarjei og Arne Tarjeissøner Bjones og huslydane deira dei fyrste som budde i Sanden. Me har plassert den nærare omtalen av Tarjei i bolken om Bjones, men Arne set me opp her:

  • Arne Tarjeisson Bjones, f 1841, til Amerika med heile huslyden
g 1871 m Eli Olavsdtr. Nesland, f 1833. Born:
  • Tarjei, f 1872
  • Margit, f 1874

Eli var frå Systog Nesland, gnr 10, bnr 4, dotter åt Olav Olavsson Nesland på det bruket og kona, Ingebjørg Olavsdotter, fødd Holen.

Både Tarjei og Margit var fødde i Bjones, så Arne og Eli lyt ha vore busetar der til sumaren 1875. Men då folketeljinga for 1875 vart oppteke, vart dei oppskrivne som husmannsfolk her. Det vart også Tarjei, eldstebror åt Arne og kona hans, endå Tarjei faktisk hadde eigedomsheimel, ettersom han og Olav, ein tredje bror, framleis sto som eigarar av Bjones, og Sanden framleis høyrde til det bruket. Då Sanden vart utskilt som eige bruk i 1878 vart Tarjei registrert som eigar og oppsitjar. Då han drog til Amerika med huslyden sin våren 1880, overdrog han og Olav bruket til Tarjei Eivindsson frå Stigamidjom. Arne og folket hans vart endå buande eit par år til, men også dei tok ut til Amerika. Det var våren 1882, les me i emigrantprotokollen frå Kristiansand. I den amerikanske 1900-folketeljinga finn ein dei busette på ein farm i Eagle Lake Township, Otter Tail County, Minnesota, i same grannelaget som Tarjei og Mikkel, brørne åt Arne.

Jamvel om Arne og Eli vart buande på Sanden eit par år etter salet, flutte Tarjei Eivindsson og folket hans hit med det same dei hadde kaupt bruket. Foreldra av Tarjei var Eivind Ånundsson Stavenes og kona, Åse Tarjeisdotter Bjones, så Tarjei var altså systerson åt bjoneskarane. Etter at han flutte hit vart han jamt omtala som Tarjei Sanden, og me set han opp med det etternamnet:

Framme på kjerra sit Tarjei E. (Sanden) Stavenes og kona, Anlaug O., fødd Tveiten. Køyrekaren er sonen Eivind Tarjeisson. Foto: Ferdinand Køhn 1910. Frå Setesdalsmuseet.
  • Tarjei Eivindsson Sanden, f 1835, d 1926
g 1864 m Anlaug Olsdtr. Tveiten, f 1832, d 1917. Born:
  • Eivind, f 1864, g 1891 m Torbjørg Olavsdtr. Bratteland, sjå nedanfor
  • Åse, f 1866, d 1867
  • Margit, f 1866, d 1868
  • Olav, f 1869, g 1913 m Ingebjørg Olsdtr. Lien, sjå Strandehagen Trydal, gnr 17, bnr 9
  • Åse, f 1871, g 1892 m em Tarjei Tarjeisson Bakken, sjå Valle VI, 452 f

Anlaug var dotter åt Olav Knutsson Tveiten i Valle, og andre kona, Margit Olsdotter, fødd Harstad. Olav Knutsson hadde vore utsending til riksforsamlinga på Eidsvoll, og alle born av eidsvollsmenn fekk ein liten pensjon på livstid, såkalla æresløn, av Stortinget. Etter at Tarjei og Anlaug overtok bruket her, vart det difor gjerne omtala som Eidsvollsbakken.

Utpå 1890-talet fekk Tarjei kaupe Systog Nesland, gnr 10, bnr 4, og flutte dit. Dette kaupet vart ikkje tinglyst, men etter det som vert opplyst i eit manuskript av Tellef B. Nesland i Amerika skal det ha vore i 1894, og det stemmer bra med det me elles veit. I 1902 overdrog han bruket på Nesland til yngstesonen Olav, som nokre år seinare, det var i 1908, handla det bort mot Strandehagen i Trydal, gnr 17, bnr 9.

Eldstesonen åt Tarjei og Anlaug vart neste oppsitjar på bruket her:

Eivind Tarjeisson Sanden med kona Torbjørg Olavsdotter og borna Helga, Tarjei, Anlaug, Hallvard, Helleik og Margit. Bilete frå ca 1913, hit frå Ingebjørg Vegestog.
  • Eivind Tarjeisson Sanden, f 1864, d 1938
g 1891 m Torbjørg Olavsdtr. Bratteland, f 1866, d 1924. Born:
  • Tarjei, f 1892, g 1919 m Anne Bjugsdtr. Homme, sjå Strandehagen Trydal, gnr 17, bnr 9
  • Anlaug, f 1893, d 1896
  • Olav (e.), f 1895, sjå Sanden, gnr 16, bnr 14
  • Anlaug, f 1897, g 1917 m Kjetil Olavsson Moen, sjå Bykilsmoen, gnr 13, bnr 8
  • Olav (y.), f 1899, g 1924 m Gunhild Torleivsdtr. Mosdøl, sjå Nylund, gnr 3, bnr 13
  • Hallvard, f 1901, d 1901
  • Hallvard, f 1902, g 1932 m Birgit Sveinsdtr. Røysland, sjå Sanden, gnr 16, bnr 14
  • Helga, f 1904, d 1925, ug
  • Margit, f 1906, d 1924, ug
  • Helleik, f 1910, d 1930 ug

Torbjørg Olavsdtr. vart skrive med etternamn Bratteland då ho gifte seg, ettersom ho ved det leitet budde på den garden. Foreldra hennes var Olav Helleiksson Glidbjørg og kona, Hæge Eivindsdotter, fødd Stavenes. Hæge var syster åt Tarjei Eivindsson Stavenes i Stigamidjom, så Torbjørg og Eivind var syskenborn. Då dei gifte seg i 1891, vart Eivind oppskriven som tenestedreng, i 1892 som innerst og gardsarbeidar, i 1893 var han bruksmann i Bjørnarå, i 1895 og 1897 gardsarbeidar på Nesland. I 1899 vart han kalla bruksmann i Sanden, men frå 1901 vart han notert som sjølveigar. Desse statusmarkeringane i kyrkjeboka er nok i og for seg rette, men i røynda fekk han aldri skøyte på bruket her hjå faren. Det gjorde derimot den 6 år gamle sonen, Tarjei, i 1898, så i praksis fungerte sjølvsagt Eivind som sjølveigar frå dette leitet, og truleg også dei siste åra faren sat med heimelen.

Tarjei Eivindsson gifte seg i 1919, og i byrjinga av ekteskapet budde han i Sanden. Men i 1926 ervde han Strandehagen i Trydal av bestefarbroren Olav Eivindsson, og flutte dit. Der vart han verande, og han og familien hans vert difor nærare omtala under det bruket.

Tarjei kom likevel til å behalde Sanden, som vart ståande tomt etter at foreldra hans døydde. I 1977 skreiv han det over på borna Torbjørg Sordal, Åraksbø (f 1919, d 1998) og Eivind Sanden, Sandnes (f 1922, d 2011).

Etter 1977 har det meste av eigedomen vorte lagt ut til hyttetomter.


0941 Bykle komm.png Sanden (Bykle gnr 16/9) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bjones • Neste bolk: Nybu