Sanden (Bykle gnr 16/14)
Sanden | |
---|---|
Utsyn mot Bykil 1929. Bjones er det næraste bruket, medan Sanden ligg lenger unna og til høgre på biletet. Frå Setesdalsmuseet. | |
Rydda: | 1921 |
Utskilt: | 1921 |
Stad: | Stavenes |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 16 |
Bnr: | 14 |
Type: | Gardsbruk |
Sanden ligg beint nedanfor det gamle Sanden eller Eidsvollsbakken, bnr 9, på flaten innmed Bykil i Bykle kommune. Det var Olav Eivindsson Sanden (e.), som i 1921 fekk kaupe denne parsellen av Bjones, og sette i gang med bureising. Men etter ei tid her kom han på andre tankar, så i 1935 drog han til USA, og overlet bruket sitt til broren, Hallvard.
- Hallvard Eivindsson Sanden, f 1902, d 1976
- g 1932 m Birgit Svensdtr. Røysland, f 1907, d 1981. Born:
- Torbjørg, f 1932, g m Olav Eivindsson Berdalen, sjå Berdalen Der uppe, gnr 3, bnr 14
- Helga, f 1936, g m Einar Dale, Bandaksli, sjå Solvang, gnr 15, bnr 46, jfr. nedanfor
- Eivind, f 1943, d 1962, drukningsulukke,
- Svein, f 1950, d 1950
Birgit Sanden var frå Svensstog, bnr 21, i Røysland. Foreldra hennes var Sven Gunnarsson Røysland og kona, Hæge Olavsdotter, fødd Trydal (jfr. Valle VI, 536).
I 1937 sette Hallvard og Birgit opp nytt uthus, og i 1945 bygde dei innåt stoga etter Olav frå 1920. Etter ombyggjinga sto ho fram som ei tradisjonell setesdalsstoge i 1 1/2 høgd med ei grunnflate på 5 x 12 meter.
I 1953 sat dei med hest, kyr og 6 sauer, står det i Norges Bebyggelse. Hallvard dreiv elles og tok på seg skogsarbeid og anna som høvde for mann og hest. Etter at han hadde vorte pensjonist kaupte han og Birgit seg i 1971 eit hus i Kyrkjebygdi i Bykle (Bergly, gnr 15, bnr 97), og flutte dit. Etter dette har det ikkje budd nokon i Sanden.
Då Hallvard døydde i 1976 vart eigedomen her overteken av den nest eldste dottera, Helga Dale. Ho og mannen hennes budde ikkje her, men i eit hus på byggjefeltet i Bykle (Solvang, gnr 15, bnr 46), og dei vert nærare omrødde der. Dei dreiv campingplass her på bruket om sumrane til og med 1981. I 1986 skreiv Helga Sanden over på sonen Øyvind. Han hadde tidlegare overteke huset og tomta i Kyrkjebygdi etter bestefaren, og vert nærare presentert i bolken om den verestaden.
Sanden (Bykle gnr 16/14) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Systog Glidbjørg • Neste bolk: Glidbjørgsmoen |