Solvang (Bykle gnr 15/46)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solvang
Gjerden 52b.jpg
Solvang.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1975
Utskilt: 1976
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 15
Bnr: 46
Type: Bustadeigedom

Solvang i Nedre Sarv i Bykle vart utskilt frå bnr 11 då Einar og Helga Dale kaupte henne hjå Bykle kommune i 1975. Dei sette seg opp hus og flutte inn året etter.

Einar kom frå Dale i Bandaksli, Skafså (gnr 67, bnr 8). Foreldra hans var Gunnar Pedersson Dale og kona Åse, fødd Barsgård.

  • Einar Dale, f 1930, d 1999
g 1964 m Helga Hallvardsdotter Sanden, f 1936, d 2006. Born:
  • Øyvind, f 1965, sb m Mette Egeland, sjå gnr 15, bnr 97, Bergly.

Helga Dale er byklar og vaks opp i Sanden, gnr 16, bnr 14. Foreldra hennes var Hallvard Eivindsson Sanden og kona, Birgit Svensdotter, fødd Røysland.

Einar arbeidde på anlegg, så dei budde fleire stader, ma. i Fyresdal, inntil dei i 1972 flutte åt Bykle. Her leigde dei seg ymse bustader, inntil dei flutte inn i Solvang i 1976. Same året overtok Helga småbruket i Sanden etter far sin, og dreiv campingplass der om sumrane til i 1986.

Einar døydde i 1999. Helga budde i Solvang til ho døydde i 2006.


0941 Bykle komm.png Solvang (Bykle gnr 15/46) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Holen • Neste bolk: Holen (Der uppe)