Holen (Bykle gnr 15/45)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Holen
Gjerden 49c.jpg
Holen, huset til Bjørgulv Nesland pr 30.4.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1975
Utskilt: 1976
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 45
Type: Bustadeigedom

Holen i Bykle vart utskilt ifrå bnr 11 samstundes med grannetomtene Holen (aust), bnr 44 og Solvang, bnr 46. Seljaren var Bykle kommune, og kauparen her var Olav G. Holen jr. Han var frå Myri Holen, son åt Gunnar Olavsson Byklum på det bruket, og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdotter, fødd Nesland. Ingebjørg O. Holen i bnr 44 var dotter åt Store Olav Gunnarsson, så Olav G. jr. var altså farbror hennes.

Olav G. Holen jr. ca. 1936.
  • Olav G. Holen jr., f 1917, d 2003

Olav var anleggsarbeidar i heile sitt yrkesaktive liv. I fritida lika han seg i fjellet, og var ein ivrig jeger. Men den fremste interessa hans, iallfall i eldre år, var skriving, og han gav ut i alt 6 bøker. Den siste av dei, som kom ut i 1993, har tittelen Frå toppen av Vråstøylsfjell. Denne kan eit godt stykke på veg karakteriserast som ei oppsummering av dei tidlegare bøkene. I fyreordet står eit oversyn over desse, og me tek det inn slik det står:

I 1968 skreiv eg ei bok om Ferdavegane i Bykleområdet, og dei viktigaste vegane til og frå Øvre Setesdal. Då desse bøkene var utselt, skreiv eg ei ny bok bok om: Ferdavegane i Bykleområdet, og dei viktigaste vegane til og frå Øvre Setesdal, i pensjonistalderen.

Vidare skreiv eg ei bok: Jakt, fiske og fangst, og litt av næringa og folkelivet i Bykle. Seinare skreiv eg ei bok til: Jakt, fiske og fangst, og litt av næringa og folkelivet i Bykleområdet og øvre Setesdal.

Så skreiv eg ei bok om: Av egne dikt. Diktsamling.

Utgjevingsåra for dei ovanfor opprekna bøkene vert ikkje opplyst nokon stad, så me veit ikkje nett kva tid dei kom, bortsett ifrå at dei fordeler seg utetter 1970- og 80-talet. Innhaldet er ymist. Ein del er tradisjonsstoff, og noko er avisklypp, men dei personlege minna åt forfattaren både fyller og veg meir. Desse handlar mest om einskildpersonar og familiar i bygda, folk forfattaren har kjent og lika. Dei lengste og beste bolkane i bøkene er likevel dei der han har skrive ned forteljingar om jakt, fiske og fangst, heile vegen etter lydbandopptak med forteljarene, og så vidt me kan oppfatte i ordrett attgjeving.

Skriftene åt Olav G. Holen jr. er amatørarbeid, og kom ut på eige forlag. Men dei er triveleg lesnad, som mange har hatt glede av. Me har plukka ikkje så få stubbar or dei til bygdeboka.

I 2004 vart huset overteke av eit ungt par frå Bykle.

  • Bjørgulv Folkesson Nesland, f 1977
Gro Merete Tveiten, f 1981

Bjørgulv er son til Folke og Odddny Nesland, sjå Lyngli, bnr 75, medan Gro er dotter til Lars Sveinung og Birgit Tveiten, sjå Malmvegen 26, gnr 2, bnr 353.

Bjørgulv er elektrikar og arbeider for tida (2006) på oljeinstallasjonar utanfor Finnarkskysten, medan Gro er diplomøkonom og tilsett i Bykle kommune.

Olav G. Holen jr. 1986. Bilete frå kommunearkivet.
Bjørgulv F. Nesland plukkar tyttebær hausten 1982.


0941 Bykle komm.png Holen (Bykle gnr 15/45) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Holen (Aust) • Neste bolk: Solvang