Nybu (Bykle gnr 16/10)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nybu
Stavenes 49.jpg
Nybu ca 1980. Bilete frå Torleiv T. Stavenes.
Rydda: 1908
Utskilt: 1908
Stad: Stavenes
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 16
Type: Gardsbruk

Nybu ligg på linje med dei eldre Stavenesgardane, like vestanfor Teigen. Det kom til i 1908, då Tarjei Torleivsson frå Utistog Stavenes kaupte ein part av Teigen hjå verbroren Tarjei Torleivsson. Det nye bruket hadde eit jordbruksareal på 25 mål, og ved skylddelingsforretninga vart det sett i ei skyld på 32 øre.

Av dette skjønar me at det også fylgde ein god del utmark med i handelen. Atttåt dette kom at Tarjei i 1910 hadde fått ein skogteig av Trydal (gnr 17, bnr 4) i morsarv, og denne nytta han då ved sidan av Nybu.

Tarjei Torleivsson var son av Torleiv Olavsson Stavenes og kona, Eli Tarjeisdotter, fødd Trydal.

Tarjei Torleivsson Stavenes, og kona, Birgit Olavsdotter, fødd Åsen. Brurebilete frå 1916, hit frå Torleiv T. Stavenes.
  • Tarjei Torleivsson Stavenes, f 1876, d 1963
g 1916 m Birgit Olavsdtr. Åsen, f 1892, d 1979. Born:
  • Eli, f 1918, d 1986, gbr., g 1957 m Torgeir Bjørgulvsson Homme, f 1924, sjå Valle V, 520, ikkje born
  • Torbjørg, f 1919, husmor, g m Per Hansen, busett Vågsbygd, ikkje born
  • Tone, f 1921, kokke, busett Vågsbygd, ug
  • Torleiv, f 1924, ug, sjå nedanfor
  • Olav, f 1926, g 1956 m Mari Lauvdal, dreiv bensinstasjon i Byglandsfjord, busett der, born:
  • Bjørg, f 1957
  • Ellinor, f 1959
  • Berit, f 1964
  • Astrid, f 1967
  • Tarald, f 1934, d 1970, ug, anl.arb., drukna i Bykil.

Birgit, kona av Tarjei, var frå Åsen og dotter åt Olav Auversson Åsen og kona, Torbjørg Åsmundsdotter frå Systog Stavenes.

Tarjei byrja arbeidet sitt i Nybu med å byggje fjos og løe, som sto ferdige i 1913. Sidan var det bustadhus som sto for tur. Det var klart til innflytjing ved giftemålet i 1916. Men dette huset vart etter kvart for lite, så i 1924 bygde dei ei ny stoge til. Den gamle vart då nedgradert til eldhus.

Eldstesonen Torleiv overtok bruket hjå faren i 1946.

  • Torleiv Tarjeisson Stavenes, f 1924, ug

Torleiv dreiv jordbruk i Nybu til utpå 1980-talet. For det meste hadde han hest, 4 kyr og 15-20 sauer. Ein gong kring 1970 sette han seg opp nytt bustadhus.

Galleri


0941 Bykle komm.png Nybu (Bykle gnr 16/10) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Sanden • Neste bolk: Glidbjørg