Teigen (Bykle gnr 16/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Teigen
Stavenes 2.jpg
Teigen 5.8. 2005. Stoga vart renovert på 1990-talet, då den eldste delen vart riven og erstatta av eit nytt inngangsparti i ei høgde innåt det tohøgders bygget frå 1931.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: omkr. 1710
Utskilt: omkr. 1710
Stad: Stavenes
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 16
Bnr: 1
Type: Gardsbruk

Teigen er eitt av bruka på Stavenes i Bykle kommune. Det er vanleg å tenkje seg at det av bruka i ein gard som har det lågaste bruksnummeret lyt vera det eldste. Dette kan vera tilfellet, men treng ikkje vera det, ettersom bruksnummera er tilstelte av lokale matrikkelkommisjonar, som stundom la heilt andre omsyn enn dei historiske til grunn. Teigen i Stavenes er då eit instruktivt døme. Bruket har bnr 1, men likevel er det klårt sekundært i høve til Nordstog, og ettersom Nordstog etter alt å døme er sekundært i høve til Utistog, lyt Teigen også vera yngre enn det bruket.

Vidare vil me meine at Teigen også er yngre enn Systog, men der møter me ein vanske, ettersom dei to bruka dukkar opp omlag samstundes i dei skriftlege kjeldene, noko etter år 1700. Oppfatninga vår av den relative alderen til dei to bruka, har då ikkje anna å stø seg til enn ei aldersrangering av bruksnamna. Men denne er til gjengjeld klår nok: Namnet Teigen lyt vera det yngste av bruksnamna i Stavenes, ettersom namn i Setesdal som ender på -stog mest sannsynleg skriv seg frå høgmellomalderen (tida 1050-1350), medan namn som Teigen, Haugen, Flaten og Øyne vanlegvis ikkje er eldre enn frå 1600- eller 1700-talet, og jamvel kan vera frå 1900-talet.

Sjølvsagt kan ein finne unntak frå reglar som denne, ma. hender det at gardsbruk har fått nye namn i samband med tunflytjing, men me har ingen haldepunkt for å plassere Teigen i Stavenes som eit slikt unntak. Me vil difor meine at alderen på bruksnamnet tilsvarar alderen på bruket, og plasserer båe litt etter 1700.

Når det gjeld tydinga av namnet, er ho beint fram nok. Ein teig er eit avgrensa jordstykke.

I bolken om Nordstog, bnr 2, vert det fortalt at Torleiv Olavsson (y.) var oppsitjar på det bruket til kring 1710, og at han då flutte åt Bjørnarå. Då Torleiv reiste tykkjest bruket å ha vorte dela, slik at Såve Torleivsson fekk Teigen, medan Olav Niklosson overtok den halvparten som var att av Nordstog.

Mot dette kunne ein godt innvende at det var rart at Såve ikkje skulle få faren sitt bruk, men laut taka til takke med ein frådela halvpart av det. Men då lyt ein koma i hug at Nordstog, og dermed også Teigen, var kyrkjegods, og oppsitjarane leiglendingar under presten i Valle. Presten gjorde rimelegvis nye brukaravtaler med kven han ville, og i dette tilfellet kunne det då sjå ut til at Olav Niklosson har stått seg betre med han enn Såve Torleivsson gjorde. Dette siste treng likevel ikkje vera tilfellet, for me kan ikkje vera sikre på at Såve bygde det nye bruket frå berr bakke frå 1710 og frametter.

Bruket kan godt ha vore utskilt og opphusa noko tidlegare, det gjekk gjerne ei tid frå ei bruksdeling faktisk skjedde, og til ho vert synleg i skattelistene eller andre skriftlege kjelder. Dermed kan det godt hende at Teigen etter delinga var eit minst like godt bruk som Nordstog. I matriklane var dei jamstelte, med 6 kalveskinn landskyld på kvart bruk, og Teigen hadde visseleg nyare hus.

Så langt kome kan me vende merksemda mot den fyrste kjende oppsitjaren på bruket her:

  • Såve Torleivsson Stavenes, f ca 1669-1672, d 1749
 ? g 1. m ukj.
g 2.(?) m. Gyro Niklosdtr. Brokka, n 1718, 1724.
Born, iallfall:
  • Ånund, f ca 1696, n 1712, sjå nedanfor
  • Olav, f ca 1701, g 1725 m Jorunn Knutsdtr. Gjerden, sjå Bjørnarå Der aust, gnr 18, bnr 1
  • Hallvard (e.) f ca 1705, d 1731, trulova 1731 m Birgit Tarjeisdtr. Nesland, d 1731
  • Niklos, f ca 1709, g 1735 m Anne Tarjeisdtr. Trydal, sjå Nordstog Stavenes
  • Eli, f ca 1710, g 1730 m Eivind Såvesson Trydal, sjå Storstein Trydal
  • Ingebjørg, f ca 1712, g 1737 m Tarjei Gunsteinsson Breive, sjå nedanfor
  • Torleiv, f 1716, d 1716
  • Torleiv, f 1717, d 1717
  • Pål, f 1718, g 1744 m Ingebjørg Ånundsdtr. Vatnedalen, sjå nedanfor
  • Hallvard (y.), f 1720, g 1763 m Åse Knutsdtr. Vatnedalen, sjå nedanfor
  • Gunvor, f 1721, d 1721
  • Gunstein, f 1724, 1.g 1754 m Gunvor Gjermundsdtr. Byklum, 2.g 1788 m Hæge Gunsteinsdtr. Berdalen, sjå Stigamoen under Trydal

Så langt tidsrom som barnefødslane i denne familien er spreidde over, lyt me rekne det for truleg at Såve Torleivsson har vore gift to vender, døypenamna på borna tykkjest også å tyde på det. Om denne tanken er rett, vil me då helst tru at fyrste kona må ha døydd fyre 1714, og at Såve også har gift seg med Gyro fyre det året. Men dette veit me ikkje sikkert, kyrkjeboka vantar for denne tida, og me kjenner ikkje namnet på ei eventuell fyrste kone. Ein skal vel heller ikkje sjå heilt bort ifrå at Gyro Niklosdtr. kan ha fått born over ein 30-års periode, men i så fall har ho og Såve stilt seg uvanleg fritt i høve til tradisjonell namneskikk.

Gyro var syster åt Olav Niklosson i Nordstog, og i bolken om Nordstog har me kome til at foreldra deira mest truleg var Niklos Pålsson Brokka og kona, Margit Olsdotter, fødd Åmli.

Då Olav Niklosson i Nordstog flutte åt Vatnedalen i 1728, overtok Såve Torleivsson bruket hans, og leigde då nokre år både Teigen og Nordstog hjå presten. Såleis vart bruksdelinga frå ca 1710 for ei tid gjort om inkje, men i 1735 gifte Niklos Såvesson seg, og faren avsto då festet på halve bruket til han. Han sat i Nordstog og vert omtala der, medan Pål Såvesson frå 1744 hadde bruket her. Han kjem me attende til nedanfor, men fyrst skal me taka med oss nokre opplysningar om dei andre syskena.

Ånund Såvesson har me berre funne nemnd ein stad, i eit militært manntal over «ungt mannskap» frå 1712, der det vert oppgjeve at han det året var 16 år gamal. Me har ikkje funne han registrert som korkje gift eller død, og lyt då gå ut ifrå at anten lyt han vera død fyre 1.1.1714 (då kyrkjeboka byrjar), eller så lyt han ha døytt utanfor bygda.

Når det gjeld Hallvard (e.), veit me berre det som står i kyrkjeboka, at han vart gravlagd same dagen som festarmøya si, og at han berre vart 26 år gamal.

Når Olav Såvesson, slik det går fram ovanfor, kom til å hamne i Bjørnarå Der aust, kjem det av at han fekk overtaka det bruket hjå farfaren, Torleiv Olavsson (e.), som hadde kaupt og flutt til det bruket ca 1710.

Ingebjørg Såvesdotter gifte seg i 1737 med Tarjei Gunsteinsson Breive, ein son åt Gunstein Salmundsson og kona, Hæge Bjørgulvsdotter. Ingebjørg og Tarjei budde i Stavenes, og fekk ei rekkje med born som alle vart fødde her. Utover dette har me ikkje større å melde om dei, men dei var ikkje gardeigarar, veit me, så då er det mest truleg at dei har vore busetar eller bruksfolk hjå far hennes.

  • Ingebjørg Såvesdotter Stavenes, f ca 1712, d 1783
g 1737 m Tarjei Gunsteinsson Breive, d 1752. Born:
  • Gunstein, f 1737, lagnad ukj.
  • Hallvard, f 1738, d 1743
  • Jon, f 1744, d 1744
  • Hallvard, f 1744, d 1817, ug, legdslem
  • Tone, f 1746, lagnad ukj.
  • Jon, f 1747, g 1784 m Tone Augundsdtr. Uppstad, sjå Hisdal, gnr 20, bnr 3, jfr. Valle I, 232 f
  • Ånund, f 1749, d 1804, ug.
  • Knut, f 1751, d Bjørnarå 1785, ug

Av borna åt Ingebjørg og Tarjei er det berre Jon (y.) me veit meir om enn det som står ovanfor. Han kan ein lesa om under bnr 3 i Hisdal.

Hallvard, bror åt Ingebjørg, tykkjest liksom henne å ha budd hjå faren mykje av livet. Han fekk sumaren 1760 ein son, som vart kalla Kjetil, med Åse Knutsdotter Vatnedalen. Sidan kom dei til å gifte seg, men dei drygde i bortimot 3 år etter den fyrste barnefødselen, utan at me kan vita noko om grunnen til det. Det var broren Pål som overtok som oppsitjar på Teigen etter faren, men då Hallvard og familien hans også budde her, er det vel truleg at dei har hatt ei sambrukar- eller lutbrukaravtale.

  • Hallvard Såvesson Stavenes, f ca 1720, d 1796
g 1763 m Åse Knutsdtr. Vatnedalen, f 1739, d 1776. Born:
  • Kjetil, f 1760, g 1794 m e Ragnhild Taraldsdtr. Byklum, sjå Austistog Byklum, bnr 7
  • Såve, f 1764, til Bygland ca 1806, lagnad elles ukj.
  • Gyro, f 1766, d 1766
  • Olav, f 1767, g m Tone Olavsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Gyro, f 1770, d 1770
  • Knut, f 1772, g 1806 m Jorunn Kristensdtr. Hisdal, sjå Hisdal, bnr 2
  • Knut Såvesson og kona, Anne Torgrimsdotter, fødd Flateland, som budde i Der hite i Vatnedalen, var foreldra av Åse Knutsdotter. Knut var bror av Ånund Der sø i Vatnedalen, så Åse var altså syskenbarn åt Ingebjørg, som var gift med bror åt mannen hennes.

I 1776 tykkjest Hallvard og folket hans å ha halde til einkvarstad i Byklum, iallfall ser ein at Åse vart gravlagt derifrå det året. Men alle borna vart døypte og konfirmerte frå Stavenes, då unnateke at Knut, yngste sonen, vart konfirmert frå Byklum i 1793, men han var då så mykje som 21 år gamal, og budde snautt saman med foreldra på den tid.

Av borna til Hallvard og Åse er det berre ein me kjenner etterkomarar etter. Det er yngstesonen Knut, som det er fortalt om under Hisdal. Elles var både Kjetil og Olav gifte, ser me, men fekk ingen born etter seg. Me gjet også på at Såve var gift i Bygland, men meir har me ikkje funne om lagnaden hans. Kjetil budde i Austistog Byklum og er nærare omtala der. Olav budde som gift einkvarstad i Gjerden, men ettersom me ikkje er sikre på kvar, set me han likevel opp på denne staden:

  • Olav Hallvardsson Stavenes, f 1767, d 1798
g 20.3.1796 m Tone Olavsdtr. Byklum, f Tveiten 1772, d Gjerden (24.6.)1798. Barn:
  • Åse, f Gjerden (20.3.)1796, d (24.6.) 1798

Olav Jonsson, fødd Tveiten, og kona, Gro Torleivsdotter, fødd Byklum, var foreldra av Tone Olavsdotter. Desse budde fleire stader, men i denne boka er hovudomtalen av dei plassert i bolken om Nordtveiti, gnr 11, bnr 2. Dei er også nemnde på plassen Myri under Gjerden, der dei budde og bruka i 1801.

Olav og Tone vart vigde same dagen som dei bar den fyrstefødde til dåpen. Vidare er det slåande at Tone vart gravlagd same dagen som dottera, og at Olav berre livde nokre få månader etter at kona og dottera var borte. Dei budde einkvarstad i Gjerden, ser me i kyrkjeboka, og me trur helst at dei var busetar hjå foreldra hennes på Myri-plassen.

Dermed er me ferdige med Hallvard Såvesson og etterkomarane hans, og kan då gå over til broren Pål, som vart oppsitjar på Teigen etter faren. Pål Såvesson gifte seg i 1744, og overtok då farens brukarkontrakt med prestebordet. Me tek med oss ei fullstendig avskrift av det dokumentet som då vart skrive:

Niels Mollerup, Sognepræst til det mig allernaadigst anfortroede , alle Præstegield i Settersdal, giør herved vitterligt at Povel Salvesen Stavenæs haver af mig bøxlet og fæstet en halv Hud Gods udi Gaarden Stavenæs, som er den halve Deel af det ods, som i samme Gaard til Valle Præsteboel er beneficeret, nemlig 1 Hud, og af Faderen Salve Tellefsen Stavenæs hidindtil ved bøxelsrætt er bleven brugt og besiddet, efter at han tilforn havde godvilligen afstaaet den andren halve Huuds Skyld til sin anden Søn Niclos Salvesen Stavenæs Ligesom han nu ogsaa godvilligen afstaar denne ½ Huds brug til ovenmeldte sin Søn Povel Salvesen. Og haver han derfore til mig erlagt lovlig betaling. Hvorimod hannem tilstaaes Rættighed til samme halve Huud Gods og alt det tilhørende, saalænge han efter den Pligt, som Kongl. Mayestets Lov Leylendinger paabygder sig tilbørlig forholder.

Valle Præstegaard d 16de Decembr. 1744

Formelt sett var det ikkje ervefeste på kyrkjegods, men når presten likevel let den gamle brukaren dele eigedomen mellom sønene, må ein vel seia at det i praksis nærast fungerte som ei ervefesteordning.

Alle borna åt Pål Såvesson vart døypte frå Stavenes, og dei som livde opp vart også konfirmerte herifrå.

  • Pål Såvesson Stavenes, f 1718, d (3.6.)1787
g 1744 m Ingebjørg Ånundsdtr. Vatnedalen, f 1720, d 1793. Born:
  • Tordis, f 1744, seinare lagnad ukj.
  • Tone, f 1747, seinare lagnad ukj.
  • Ingebjørg, f 1750, d 1750
  • Ingebjørg, f 1751, g 1776 m Knut Asbjørnsson Stavenes, sjå Berdalen Der nede, bnr 1
  • Såve, f 1754, g 1789 m Jorunn Tarjeisdtr. Mosdøl, sjå nedanfor
  • Ånund, f 1757, g 1. m Ingebjørg Asbjørnsdtr. Stavenes, g 2. m Birgit Såvesdtr. Trydal, sjå Storstein, gnr 17, bnr 3
  • Torleiv, f 1761, d (3.6).1787, ug
  • Knut, f 1764, d (3.6.)1787, ug

Foreldra at Ingebjørg Ånundsdotter var Ånund Såvesson og Tordis Knutsdotter, som budde i Der sø i Vatnedalen. Tordis døydde forresten hjå dottera i Stavenes i 1760.

Dei to eldste døtrene åt Pål og Ingebjørg finn me ikkje meir om i kyrkjeboka enn at dei var fødde. Dette kunne tyde på at dei døydde fyre konfirmasjonsalderen, men det er likevel uvisst, kanskje har dei reist tidleg ut for å tene?

Når me ser at både Pål og dei to yngste sønene, Torleiv og Knut, vart gravlagde same dagen i 1787, ligg det nær å tenkje at det må ha vore anten ei ulukke eller ein smittsam sjukdom som var dødsårsaka. Men kyrkjeboka har ingen merknad om dette.

I alle høve kom eldstesonen til å taka over festekontrakta på bruket då faren døydde.

  • Såve Pålsson Stavenes, f 1754, d 1829
g 1789 m Jorunn Tarjeisdtr Mosdøl, f 1765, d 1791. Born:
  • Torbjørn, f 1790, d 1807
  • Ingebjørg, f 1791, d 1791
I skiftet etter Jorunn Tarjeisdotter var det m.a. ei rynje og 8 kodder. Rynja (til venstre) var det kjeraldet ein nytta til å mjølke åt, medan koddene, som var vidare og lågare, vart nytta til å setje til sides den søte mjølka i. Det var vanleg å ha ei hylle i stoga eller kammerset, der ein sette mjølkekoddene. Framom hylla var gjerne eit forheng av lerret, for å halde rusk og fluger unna mjølka. Når mjølka hadde stått høveleg lenge hadde fløyten flote opp, og kunne ausast over i eit anna kjerald (gjerne ei glassert leirkrukke), der han fekk stå til ein hadde ei høveleg mengde til å kinne. runnen til at mjølkekoddene helst var låge og vide, er at ein fekk ut etter måten meir fløyte på ei større overflate.
Hanna Winsnes skreiv i 1845 at det var best om ein berre hadde berre 1 1/2 til 2 tommar mjølk i kvar kodde, og difor var det om å gjera at ein hadde nokså mange av dei. Etter kvar gongs bruk vart trekjeralda reingjorde og koka («baka») i briskelog. Koppane me har bilete av her ligg i Henriksen-samlinga med reg.nr MOR 0055 og MOR 0048. Setesdalsmuseet skaffa bileta.
Ovanfor har me bilete av eit par trekjerald til mjølkehandsaminga. Her har me eit par som vart nytta til å føre dei ferdige produkta frå støylen. Til venstre er bilete av ein holk til mjølk eller rjome, til høgre kan ein sjå ein smørbutt. Laggekoppar som ikkje er i bruk vil gjerne turke og kropne, og då er det utsett for at gjordene fell av, og koppen løyser seg opp i ein haug med lause stavar. På holken ser ein at det har blitt sett på nye (og strammare) tregjorder, medan butten har fått ei millombils oppstramming ved hjelp av eit plastikkband.
Så lenge koppane var i bruk, var dei ikkje like utsette for å falle frå kvarandre, ettersom dei då alltid vart haldne fuktige. Om ein hadde ein laggekopp som hadde turka og blitt utett, var utvegen å steinlesse han og setje han ned i ein kulp i bekk eller elv, då ville han trutne opp og tette seg. Koppane på bileta her finst i Henriksen-samlinga med reg.nr MOR0085 og MOR 0381, og bileta kjem frå Setesdalsmuseet.

Tarjei Mikkelsson Mosdøl og kona, Torbjørg Bjørgulvsdotter, fødd Breive, som budde i Lunden, var foreldra åt Jorunn Stavenes. Som ein ser døydde ho etter berre 2 års ekteskap med Såve. Me kjem straks attende til skiftet etter henne.

Eitt års tid etter at han hadde vorte enkemann fekk Såve ein son som heitte Olav, døypt 7.10.1792, mora var Sigrid Olavsdotter Bjones, som på den tid var tenestejente i Hisdal. Kvifor det ikkje vart noko giftemål med henne veit me ingenting om. Men i 1801 ser me at ho budde som busete hjå Olav Olavsson i Nordstog Gjerden. Ho var då 40 år, framleis ugift, og livnærde seg som dagleigar, står det. Sonen, den nå 9 år gamle Olav Såvesson, budde ilag med henne. Men så døydde odelsguten Torbjørn i 1807, og då tok Såve den uekte sonen heim til seg, og gjorde han til erving. Difor ser me at Olav budde i Stavenes då han vart konfirmert i 1808. Mor hans har me mist av syne etter 1801, så me kjenner ikkje den vidare lagnaden hennes. Korleis det gjekk med Olav kjem me attende til.

Men fyrst må me sjå noko på skiftet etter Jorunn Tarjeisdotter frå 1791, for dette er uvanleg detaljrikt og vel fråseggjort, og fortel difor ikkje så lite om korleis dei hadde det økonomisk på Teigen. Fast eigedom var det ikkje i buet, for Såve var leiglending under prestebordet. Men det var ikkje gjeld heller, tvertom var det litt pengar til gode, og med lausøyren kom det samla verdet opp i 165 riksdalar.

Merkeleg nok var det ikkje hest på garden, men det kan snautt vera avdi dei ikkje hadde råd til å halde ein, men heller avdi Såve hadde funne det lønsamt å byte på hestehaldet med ein av grannane. Av storfe var her stut, 8 kyr og 2 kalvar, av småfe var det 9 sauer med 5 lam og dertil 1 bukk, 4 geitar og 3 kje.

Bunadssylv var det også bra med: 1 stor og 1 lita bolesylje, 3 lauvsyljer, 1 spennepar og 1 fingerring. Av klede vart oppskrive 3 svarte, felte stakkar, 9 sengefellar og 8 tjell. Til å gøyme kleda i var her 2 store kister med lås og 3 utan lås.

Av reiskap og husgeråd elles vart for det fyrste notert to gryter, helvta i ei takke, ei rifle, tre øksar, ei bile, eit spett, ein hestesele og tre gode skinnreip. Vidare vert opprekna åtte ljåar, tre sigdar, ein stabendingsnavar, ein vidjegangsnavar, ein rivenavar og eit sargjern. Endeleg var her to 3-tunners kornbyrer og fire 1 1/2-tunners, ei kvern med reidskap, to store kjer, tre øltunner, åtte mjølketrog, fire mjølkekoller, fire holkar, tre smørambrar, ei ostekolle, ein 3-nottungsholk, tre ølbollar, ei kinne og ei rynje.

Med sine 8 kyr må Jorunn og Såve ha greidd seg godt på bruket sitt. At kona hadde heile 3 par stakkar er eit klårt velstandsmerke, og bunadssylvet hennes peikar i same lei. Det som vart registrert av reiskap og utstyr elles var likevel ikkje meir enn som trongst, og knapt nok det, men her lyt ein taka omsyn til at det som vart oppskrive var slikt som lensmannen meinte hadde ein salsverdi som var noko å rekne, så me kan trygt gå ut ifrå at her har vore ein god del av ymse saker og ting som ikkje kom med i skiftet.

Som det kom fram ovanfor, var det Olav Såvesson som kom til å taka over det som var å erve etter Såve Pålsson. Men Olav var vaksen og myndig då faren døydde i 1829, så det vart ikkje halde noko offentleg skifte. Kva tid Olav overtok farens leiglendingsavtale med vallepresten, veit me ikkje, men det ligg vel nærast å gjeta på at det skjedde i samband med giftemålet hans i 1827.

  • Olav Såvesson Stavenes, f 1792, d 1857
g 1827 m Tone Asbjørnsdtr. Berdalen, f 1811, d 1890, g 2. 1860 m Olav Tarjeisson Bjones sjå nedanfor. Born:
  • Såve, f 1827, d 1827.

Tone, som Olav fekk ein son med våren 1827, og gifte seg med seinhaustes same året, var dotter åt Asbjørn Knutsson og kona, Gunvor Torleivsdotter, fødd Holen. Desse budde i Der nede i Berdalen. I 1860, nokre år etter at Olav Såvesson var borte, gifte Tone seg omatt med Olav Tarjeisson Bjones. Me kjem litt attende til desse folka nedanfor, og elles kan ein lesa meir om dei i bolkane om Bjones, gnr 16, bnr 8, og Bjones under Berdalen Der nede.

Då Olav og Tone gifte seg i 1827, var det dobbeltbrudlaup i Stavenes, for same dagen vigde Kjetil Vatnedalen og Targjerd Sigbjørnsdotter Stavenes. Johannes Skar har ei skildring av dette gjestebodet (Gamalt or Sætesdal I; 152 f):

Båe sat etter å hava fælare spelemenn. Kjetil skreiv etter Myllaren, men Olav etter Tarkjell Aslaksson [Austad]: «Eg

ska skipe ti spilemann'e so di sko høyre de!» , sa han.

Tarkjell låg på Steinsland i Valle då han tok nordigjenom, - han hadde sjau mil å gange. Olav Steinsland tykte han var djarv, som torde våga seg mot Myllaren. «Han heve kjytt 'an vi gjere me so mykji leidt so tott' eg gama prøve», sa Tarkjell.

Då han rakk fram mot Stavenes la han til med ein ovende ven slått og kom felande heim i tunet.

Det var to gonger dei var innåt einannan i brudlaupet. Fyrste gongen var med kyrkja. Dei vigde etter messa allstødt i dei tidene. So var dei inn hiti kyrkjebygdi einkvarstad og sette på ladet. Med dei so venta på tidi, og langfarande folk åt nysta si, so dansa dei, - folk var so glade i gamal tid, mykje gladare enn dei er no. Brudlidet hans Kjetil var inn på Byklum, i Attistog [les: Utistog]; brudlidet hans Olav: i Lunden, på Bergje, - det var det jamne sonær, at brudlidi var inne på Bergje, avdi der var so slett eit tun. So la dei til å dansa, og Tarkjell sat upp-i loftsvali og fela. Då kom Myllaren og sette seg på durhella midt imot han, og kappfela med han.

Men han fekk ikkje mål i fela: «Han musa, med Tarkjell våla», sa Olav Gråmann - han var med i brudlaupet, Olav.

«Tarkjell sat uppi loptssvali i Berget og fela.» Teikning av Tove Krogh 2005.
«No vi me fele ettnanni» , sa Myllaren. Og Tarkjell fela fyre fyrst. Og Myllaren fygde han, slått etter slått og vendsl etter vendsl. So fela Myllaren fyre, og Tarkjell fylgde, og han fylgde so greidt. Men då kasta han bogen so snodigt, Myllaren, og då kom Tarkjell av vendi. Då dette var so avstade, helsast dei. Myllaren smilte.

Det tottest vera sers vent som Myllaren fela. Han hadde so mange dåmtonar, og so ljose og kvasse att iblandt.

Men so møttest dei i brudlaupsgarden. Husi i Stavenes stod då i ein torp. Sigbjørn Stavenes hadde ikkje ko ei stoge, men i våningen hans Såve var tvo. So dansa dei hjå Såve båe brudlaupi, eitt brudlaup i kvar stoge. Men Tarkjell fela so hågt, at dei dansa etter hans slåttar i båe stogone målet kom plent burt i fela til Myllaren, - «de va 'kji ailei ell eg ha strokje på a ve'eskjie» , sa han. Etter dette vilde Myllaren aldri koma innåt han: «Eg såg 'an 'pi bakka å ropa på 'an» , fortalde Tarkjell, «men 'an vill' inkji kom' inn ti me» , sa han. So sala han hesten og tok på heidi. Brudgomen reid etter, og vilde få han til å venda, men det var ikkje retting med han. So vilde han gjeva han ei gåve, avdi han var skriven etter so lange vegjer. Men Myllaren baud av. Og med det skildest dei.

Tarkjell fekk 30 dalar atti fela i Stavenes, - «de ha eg alli rukkji fyrr'e» fortalde han so mang ein gong.

Det var mange år der etterpå, då kom Myllaren i røde me Håvard jibø um Tarkjell, - han var so ordgjeten ein spelemann, Håvard. «Eg hev alli funne noken som kunna klara seg fyr meg, ko barre eingong eg va i Sætisdal å kappfela med Tarkjell Aslaksson Austa» sa Myllaren «då tapa eg», sa han «men kossi tru de ha gjengje no», la han til.

Så Myllarguten kom altså godt i hug brudlaupet i Stavenes i 1827, og det gjorde nok også alle andre som hadde vore der. Såve, som vel var grunnen til at foreldra hans kom til å gifte seg, døydde vel så ein månad etter brudlaupet, og fleire born vart det ikkje.

Olav kom i åra som fylgde til å taka inn ei rekkje med lutbrukarar og/eller busetar. Desse kjem me attende til nokre av (med atterhald om at det truleg var fleire), men fyrst lyt me fortelje litt om korleis eigedomstilhøva endra seg i Olavs oppsitjarperiode.

I 1830 fekk han seg kongeleg skøyte på eigedomen for 200 dalar. Framleis skulle det, liksom av Nordstog, ytast 1 3/8 tunne korn i året i laus landskyld til vallepresten, men etter som det ser ut kom dette heftet etter kvart til å falle bort av seg sjølv, men utan at det vart formelt avskaffa fyrr i 1942. Men i praksis var altså bruket sjølveigareigedom frå 1830.

I 1846 kaupte Olav halve Utistog, og i 1848 fekk han tak i den andre halvparten. Såleis sat han då ei stund med både Teigen og Utistog, men Utistog selde han att i 1850.

Me nemnde at det var ein del lutbrukarar og busetar innom på garden i Olav Såvessons tid. Den fyrste me veit om var Pål Knutsson Berdalen og kona, Jorunn Olavsdotter, fødd Mosdøl. Desse budde her i åra 1829-31. Det er fortalt meir om dei i bolken om Kroné under Byklum, der dei sidan heldt til. Seinare fylgde Torleiv Torleivsson Holen og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hisdal, som var på Teigen eit par år i 1832-33, men elles flakka så mange stader. Her i boka er dei nærare omtala i bolken om Uppistogshaugo, der dei også budde. Etter Torleiv Holen var Åsmund Sørensson Dysje innom ei stund, det var vel ikkje eingong eitt år i alt, ser det ut til. Han og kona, Birgit Tarjeisdotter Nesland, er det fortalt meir om under Dysje. Vidare utetter på 1830-talet har me sett mindre av brukarfamiliar på Teigen. Kanskje satsa Olav i denne tida meir på å leige inn tenestefolk? Men i 1842 var Alv Knutsson Breive og Margit Knutsdotter, kona hans, innom som lutbrukarar eller sambrukarar eit tak. Desse er nærare omrødde i bolken om Der inne i Breive. Olav Salmundsson Ryningen og kona, Åse Folkesdotter, fødd Trydal, var også innom her, det var på slutten av 1840-talet. Sidan budde dei mange stader, m.a. i Nordstog Stavenes. Hovudomtalen av dei er plassert i bolken om Åsdokk, gnr 17, bnr 21, der dei budde på slutten av livet.

Kjetil Helleiksson frå Glidbjørg kom også inn på bruket som busete og sidan bruksmann hjå Olav Såvesson, dette var fyrst på 1850-talet, men etter eitt år eller to på garden kom han til med jorddrotten, som var gift med syster åt kona hans, om at han skulle overtaka eigedomen. I juni 1854 kaupte han då Teigen hjå Olav for 200 dalar. Han vart buande nokre år, og fekk 4 av borna sine her, men i 1861 selde han bruket vidare til verbroren Torleiv Asbjørnsson. Denne venda var overdragingssummen 500 dalar, så Kjetil tykkjest ha gjort det nokså godt. Frå Teigen flutte han til Der nede i Berdalen, der han sidan vart verande, så me har plassert hovudomtalen av han og folket hans i bolken om det bruket.

Han som kaupte garden av Kjetil i 1861, var som nemnt Torleiv Asbjørnsson. Han var frå Berdalen Der nede, og yngste son åt Asbjørn Knutsson Stavenes og kona, Gunvor Torleivsdotter. Med Torleiv kom den ætta inn på bruket som har det den dag i dag.

[[Bilde:Dimmisjonsattest frå det militære for Torleiv Asbjørnsson: «Tellef Asbjørnsen Bærdalen, født i Valle Præstegjeld den 26. Marts 1829, der har tjent ved 1ste Division af Vesterlens Landværnsbataillon som landværnsreserve fra 1. Januar 1854 til 2. December 1861 er nu formedelst opfyldt Værnepligt afskediget fra den militaire Tjeneste. O. Wergeland, corpschef». Dette tyder ikkje, som ein kanskje kunne tru, at Torleiv var på moen i samfulle seks år. Tenesta i landvernet var avgrensa til 8 dagars øvingar annakvart år, opplyser Roald Berg (Norsk Forsvarshistorie 2, 2001, s 116). Det må vel då vera rett å seia at dei som vart plasserte i dette militære forbandet kom etter måten rimeleg ifrå verneplikta. Dokument frå Torgeir K. Byklum.|thumb|right|350x350px|{{{2}}} ]]

  • Torleiv Asbjørnsson Berdalen, f 1829, d 1912
g 1864 m Birgit Tarjeisdtr. Byklum, f 1836, d 1887. Born:
  • Ånund, f 1863, d 1900, ug
  • Asbjørn, f 1866, d 1902, ug
  • Gunvor, f 1869 d 1892 ug
  • Tarjei, f 1871, g 1907 m Ingebjørg Torleivsdtr. Stavenes, sjå nedanfor
  • Knut, f 1874, d 1876
  • Knut, f 1877, d 1878
  • Knut, f 1879, d 1904, ug

Tarjei Åvoldsson Byklum og Torbjørg Knutsdotter, f Byklum, som budde i Utistog, var foreldra av Birgit Tarjeisdotter, som Torleiv Såvisson gifte seg med i 1864, etter at dei hadde fått fått sonen Ånund nokre månader tidlegare.

Torleiv hadde også sonen Åsmund, fødd 1854. Mora var enka Gunhild Olavsdotter Trydal. Ho var dotter åt Olav Gunnarsson Nesland, seinare Dysje, og kona, Tone Tarjeisdotter. I 1833 hadde Gunhild gift seg med Åsmund Torleivsson Trydal, og fått 4 born med han, men så døydde Åsmund i 1844. Elles kan ein lesa meir om henne og borna hennes i bolkane om Stigamoen og Tykkholt i Trydal. Åsmund Torleivsson(y.) gifte seg i 1888 med Gyro Oddsdotter Byklum.

Av folketeljinga frå 1865 går det fram at utanom Torleiv og familien hans, var det også andre folk på Teigen. Det var for det fyrste den 19 år gamle buseten Kjetil Eivindsson frå Storstein, for det andre var det Knut Asbjørnsson Berdalen, bror av Torleiv, og for det tredje var det systera Tone Asbjørnsdotter og Olav Tarjeisson, mannen hennes. Knut vart oppskriven som foddogsmann i folketeljinga, endå han berre var 50 år. Tone og mannen hennes var busetar her, men Olav åtte halve Bjones, og vart difor notert som «inderst, selveier».

Panteregisteret fortel at Torleiv Asbjørnsson hadde kaupt Der nede i Berdalen av Olav Såvesson, fyrste mannen av Tone, i 1854. I denne handelen må det ha vore eit vilkår at kauparen skulle yte kår til både seljaren, kona hans og bror hennes - dei to siste var syskena åt kauparen, og Knut hadde betre odel på heimebruket i Berdalen enn Torleiv. Så døydde Olav Såvesson i 1857, og Tone gifte seg i 1860 omatt med den 25 år yngre ungkaren Olav T. Bjones. Når så Torleiv i 1864 bytte bort berdalsbruket mot Teigen, fylgde altså både broren, systera og den nye mannen hennes med på lasset til den nye heimen. Det gjorde også Gunvor Torleivsdotter, mor åt Torleiv, Knut og Tone. Ho vart gravlagd frå Teigen i 1869.

Kor lenge Olav og Tone var busetar på Teigen, veit me ikkje for visst, men i 1875 ser me at dei budde i Bjones, der Olav var ferjemann på Bykil, gardbrukar og sjølveigar. Det me elles kan vita om han og Tone er fortalt i bolkane om Bjones, gnr 16, bnr 8, og Bjones-plassen under Berdalen. Knut Asbjørnsson var framleis foddogsmann på Teigen då han døydde i 1884.

Torleiv Asbjørnsson og kona hans vart også verande på Teigen livet ut, og alle borna deira vart døypte herifrå.

I 1865 var buskapen på Teigen hest, 12 kyr, 20 sauer og 6 geiter. To av kyrne var det Olav Tarjeisson Bjones som åtte, resten høyrde Torleiv til. Sånaden på bruket var 3 tunner bygg og 4 tunner jordeple. Ti år seinare var talet på storfe redusert til 9 og sauetalet til 11, medan geitene hadde auka til 11. Byggsånaden var den same som i 1865, men av jordeple sette dei i 1875 ut ei tunne mindre.

Som ein ser ovanfor, var det mange av borna av Torleiv og Birgit som døydde i ung alder. Dottera og dei tre eldste sønene vart rett nok godt og vel vaksne, men etter at Ånund døydde, 37 år gamal, i 1900, og Asbjørn 36 år gamal i 1902, var det berre Tarjei att til å overtaka, ettersom Birgit hadde døytt 23 år gamal i 1892.

Tarjei gifte seg i 1907, og fekk skøyte på bruket hjå faren året etter, gardverdet vart då sett til kr 2200.

Tarjei (1871-1930) og Ingebjørg (1878–1959) Stavenes med borna Birgit (1908-1972) og Torleiv (1911-1994). Foto frå Torgeir K. Byklum.
  • Tarjei Torleivsson Stavenes, f 1871, d 1930
g 1907 m Ingebjørg Torleivsdtr. Stavenes, f 1878, d 1959. Born:
  • Birgit, f 1908, g 1937 m Knut Jonsson Byklum, sjå Kosi Byklum, gnr 14, bnr 28
  • Torleiv, f 1911, ug, d 1994, sjå nedanfor

Ingebjørg Torleivsdotter var frå Utistog, dotter til Torleiv Olavsson og kona, Eli Tarjeisdotter, på det bruket.

I 1908 bygde Tarjei på den gamle løa på bruket. I 1913 selde han ifrå ein parsell til verbroren Tarjei Torleivsson frå Utistog. Dette vart bureisingsbruket Nybu. Me kjem attende til dette.

I 1931 vart det, i fylgje Norges Bebyggelse, sett opp nytt bustadhus her. I røynda var dette eit påbygg. Nystoga, som var i to fulle høgder, vart samanbygd med gamlestoga, som var i 1 1/2, så det er lett å sjå skøyten. Me reknar med at det var Torleiv Tarjeisson som sto for nybygget, jamvel om mor hans framleis sat i uskift bu, og sameleis for det nye fjoset, som vart oppsett i 1936.

Ingebjørg skreiv bruket over på Torleiv i 1937.

Stoga i Teigen slik ho såg ut kring 1950. Foto frå Torgeir K. Byklum.
Torleiv T. Stavenes flyttar heim av støylen Takrinden. Hesten Blakken dreg sleden. Biletet er teke i 1941. Kven som var fotograf er ukjent, men biletet er iallfall henta frå samlinga til Torleiv T. Stavenes.
  • Torleiv Tarjeisson Stavenes, f 1911, ug, d 1994

Torleiv dreiv gardsbruket til han vart pensjonist i 1978. Fyrst på 1950-talet sat han med hest, 4 kyr, ein kalv og 16 sauer.

I 1991 overtok systersonen, Torgeir Byklum, eigedomen. Han har vore navigatør i utanriksfart og plattformsjef i Nordsjøen. Han og familien hans var inntil nyleg busette i Arendal, men då han vart pensjonist i 2003, flutte han og kona hit. Torgeir er son åt ovannemnde Birgit Tarjeisdotter og Knut Jonsson Byklum, mannen hennes.

  • Torgeir K. Byklum, f 1942
g m Gerd Margareta Bratteland, f 1944. Born:
  • Knut Asle, f 1968, sikkerhetssjef, sb m Anne Lene Erdal, busett Bærum, born:
  • Ane, f 2000
  • Jakob, f 2003
  • Birgit, f 1972, politibetj., g m Bernt Bjerke, busett Bærum

Gerd er hjelpepleiar av yrke. Ho vaks opp i Arendal som dotter åt Aslak Knutsson Bratteland. Aslak er son åt Knut Tarjeisson Bratteland, og Knut att var son åt Tarjei Olavsson Dysje eller Skolås og Birgit Eivindsdotter Stavenes. Knut Tarjeisson er i denne boka omtala i bolken om Skolås under Bratteland, der det er fortalt at han hamna i Mykland, og var gift der med Gunvor Tjøstolvsdotter Ramse frå Tovdal.

Torgeir og Gerd flutte inn i nytt hus på Teigen hausten 2003. Det er eit laftehus i to høgder, bygt av grovt, magetelgt tømmer, som ved fyrste augnekast kunne tykkjast vera tømra etter setesdalstradisjon. Men interessant nok er heile huset importert frå Estland, så lafta er hogne i det landet.

Nystoga i Teigen 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Den nye stogebygningen ligg på nedsida av gardsvegen, og eit stykke nedanfor det gamle tunet, der det forutan stogebygningen også står ein driftsbygning med byggjesteg av ymis alder. Fjøsdelen er frå 1936, og eine enden av løa frå 1908. Men den store tømra som utgjer størstedelen av løa lyt i det minste vera frå fyrste halvparten av 1800-åra, og kan vera endå eldre.

Det dyrka arealet på bruket er ein stad mellom 40 og 50 mål. Vidare er her kring 5000 mål skog og vel så mykje hei.


0941 Bykle komm.png Teigen (Bykle gnr 16/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Stavenes • Neste bolk: Nordstog