Der aust (Bykle gnr 18/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Der aust
Bjørnarå 3.jpg
Bjørnarå Der Aust 24.7.1918. A.B. Wilse tok biletet, Norsk Folkemuseum skaffa kopien. Stoga, som er så gamal at ho godt kan vera bygd av den fyrste kjende bjørnaråbonden, vart kring 1950 seld til Norsk Folkemuseum på Bygdøy, og står der idag. Loptet, som er minst like gamalt, vart noko over 10 år seinare selt til Morten Henriksen, og står idag i Lislestogtunet i Bykle.
Rydda: fyre 1350
Utskilt: 1662
Stad: Bjørnarå
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 18
Bnr: 1
Type: Gardsbruk

Der aust er eitt av bruka på Bjørnarå i Bykle kommune. Som nemnt framanfor har dette bruket vore det gamle hovudbølet, som det andre har gått ut i frå. Den gamle tunstaden låg austom der tunet i Der heime ligg i dag, på same sida av Bjørnaråni.

Denne tunstaden vart bytt ut då det i 1950 vart bygt nytt tun på Neset ut mot Bjørnaråhylen på sørsida av elva.

Den fyrste oppsitjaren her etter delinga i 1662 var som nemnt Olav Tarjeisson (e.), Store-Olav. Om ein kan feste lit til aldersoppgåvene i manntala frå 1664 og 1665, var han då 50 år, og altså fødd ca 1614. I 1645 var han gift, går det fram av koppskattmanntalet frå det året, men namnet åt kona hans finn me ikkje nemnt.

Sakefallslista frå 1646/47 syner at Olav då hadde måtta bøte 3 riksdalar for å ha vore i slagsmål med Gunnar Torgrimsson Flateland, som må ha vore syskenbarnet hans. Elles er det ikkje stort me har funne ut om han, då bortsett frå at han hadde ein son.

  • Store Olav Tarjeisson Bjørnarå, f ca 1614, d ca 1680
g m ukj. Born iallfall:
  • Torleiv, f ca 1648

Olav sat med garden til han døydde. Etter skattelistene å døme må dette ha vore kring 1680, for frå 1683 finn me sonen Torleiv som oppsitjar på garden. Etter manntalslistene frå 1664/1665 var han fødd ca 1648.

  • Torleiv Olavsson Bjørnarå, f ca 1648, d fyre 1711
g m ukj. Born, iallfall:
  • Jorunn, f ca 1669, d 1741, ug

Som det går fram ovanfor, vantar det mykje opplysningar også om Torleiv og folket hans. Ikkje veit me kven han var gift med, kor lenge han livde, eller kor lenge han sat med garden. Det einaste som virkar tolleg sikkert er at han hadde ei dotter, Jorunn, som døydde ugift i 1741, og då skal ha vore 72 år gamal. Det neste me får vita er at etterfylgjaren hans på garden også heitte Torleiv Olavsson, og at den Torleiv-en kom frå Nordstog i Stavenes.

Nå kunne ein fort koma til å tenkje at Torleiv Olavsson Bjørnarå og Torleiv Olavsson Stavenes var same mannen, men såleis var det ikkje. Me veit heilt sikkert at den sistnemnde var oppsitjar i Nordstog Stavenes iallfall til 1712, og av ei rettssak frå 1725 går det fram at den mannen då sat i Bjørnarå. Det var sonen, Såve Torleivsson Teigen Stavenes, som førde denne prosessen for retten for far sin. Innhaldet i saka er eit godt døme på kva folk i denne tida kunne tykkje mon i å halde rettstrette om.

Motparten var Torkjell Torkjellsson Rygnestad, og etter kva Torleiv Stavenes påsto hadde denne «for tre år siden», dvs. 1722, gjort skade på åkeren og enga hans i Bjørnarå med kretura sine. Vitnet Gunnar Ånundsson Bjørgum stadfeste at kretura av Torkjell hadde ete noko på Bjørnarå, men tykte det var så liten skade skjedd at det ikkje var noko bråke om. Dei to andre innstemnde vitna - Knut Knutsson Lien og Jon Mikkelsson Røysland - sa at dei ikkje visste noko om saka, og dermed laut Torkjell frikjennast, for ein måtte ha tre samrøystes vitneprov for å vinne fram. Men i og med frikjenninga fann Torkjell grunnlag for å saksøkje Torleiv Stavenes for ærekrenkjing. Då vitna Knut Lien, som ikkje hadde vilja vita kven sine krøter som hadde beitt i åkeren på Bjørnarå, at Torleiv hadde tjuvskjelt Torkjell for å ha henta høy i slåttene hans, og Jon Røysland sa at Torleiv hadde kalla Torkjell ein tjuv, ein horeson og ein landlaupar. Gunnar Bjørgum stadfeste dette. Til dette hadde ikkje Såve Stavenes anna å koma med enn at far hans var ein gamal mann, som snautt visste kva han sa, og at det difor var lite å akte på kva han gøyste or seg. Domen vart at skuldingane skulle vera daude og makteslause, og at Torleiv skulle bøte 4 rd til Kristiansands Hospital.

Som me var inne på ovanfor, veit me ikkje nett kva tid den fyrste Torleiv O. Bjørnarå døydde. Men skattelistene syner at ein Såve Torleivsson bruka 9 kalveskinn som far hans åtte i Bjørnarå alt i 1711. Om me nå ikkje skal verta nøydde til å rekne med at også den fyrste Torleiv-en i Bjørnarå hadde ein son som heitte Såve, som ein elles aldri høyrer gjete, lyt me tru at den sistnemnde Såve Torleivsson må vera Såve Torleivsson Stavenes. Då lyt den fyrste Torleiv Olavsson i Bjørnarå ha vore død, og Torleiv O. Stavenes ha overteke garden, noko fyre 1711.

Men då må også «Tellef Bjørneraaes Quinde», som i fylgje kyrkjeboka døydde i 1716, ha vore kona åt Torleiv frå Stavenes, og det lyt då også vera den same Torleiv-en som gifte seg tredje venda året etter, og som døydde i 1731.

  • Torleiv Olavsson Stavenes, f ca 1632-34, d 1731
g 1. m. ukj. Born, iallfall:
g 2. m ukj., f ca 1669, d 1716, ikkje kjende born.
g 3. 1717 m Margit Åsmundsdtr., ikkje kjende born.

Etter at Torleiv Olavsson var død i 1731, gjekk garden til sonesonen, Olav Såvesson frå Teigen Stavenes. Då denne overtok, hadde han alt i fleire år drive bruket for bestefaren, for då han gifte seg i 1726 vart han oppskriven som busett i Bjørnarå.

  • Olav Såvesson Stavenes, f ca 1701, d 1770
g 1726 m Jorunn Knutsdtr. Gjerden, f ca 1703, d 1787. Born:
  • Anne, f 1727, d 1777, ug
  • Tone, f 1729, d 1766, ug
  • Torleiv, f 1731, g 1. 1756 m Ingebjørg Bjørgulvsdtr. Gjerden, d 1777, g 2.1777 m Sigrid Tarjeisdtr. Røysland
  • Gunhild, f 1734, g 1758 m Gunnulv Gunnarsson Flateland (jfr. Valle VI, 174)
  • Knut, f 1736, d eller utflytt fyre 1766
  • Jorunn, f ca 1737, g 1768 m em Auver Tarjeisson Holen, sjå Der heime, bnr 2
  • Torbjørg, f 1738, d 1749
  • Gunnar, f 1742, d fyre 1744
  • Gunnar, f 1744, d fyre 1745
  • Gunnar, f 1745, d 1749

Foreldra åt Jorunn heitte Knut Åvoldsson og Torbjørg Olavsdotter, og budde i Nordstog Gjerden.

Olav og Jorunn var sjølvefolk på bruket til 1766, då dei gav opp buet sitt til friviljug skifte. Då kom det fram at jorda, dei 3 geiteskinna i Bjørnarå, var pantsett til kaupmann Mørck i Kristiansand for 309 dalar, så det vart ingen jordeigedom å skifte.

Elles hadde Olav til gode 65 dalar av brørne sine, Pål og Niklos i Stavenes, men den samla gjelda var langt meir enn eiga, så buet var formelt sett godt og vel fallitt. Likevel torde odelsguten, Torleiv, taka over eigedomen med lovnad om å greie gjelda, og yte foddog til foreldra.

  • Torleiv Olavsson Bjørnarå, f 1731, d 1788
g 1. 1756 m Ingebjørg Bjørgulvsdtr. Gjerden, d 1777. Born:
  • Olav, f 1758, d 1758
  • Torbjørg, f 1759, d 1759
  • Torbjørg, f 1760, g 1782 med Ditleiv Olavsson Bratteland, sjå nedanfor
  • Olav, f 1762, d 1773
  • Ingjerd, f 1766, g 1791 m Andres Jonsson Brotteli, sjå Brotteli
  • Olav, f 1770, d 1771
g 2.1777 m Sigrid Tarjeisdtr. Røysland, f 1756, g 2. m Tarald Asbjørnsson Stavenes. Born:
  • Olav, f 1778, d 1780
  • Tarjei, f 1779, d 1780
  • Olav, f 1781, d 1800

Ingebjørg, fyrste kona åt Torleiv, kom frå Attistog i Gjerden.

Bjørgulv Sveinsson Gjerden og kona, Gunhild Torleivsdotter, fødd Byklum, var foreldra hennes. Sigrid, kone nr 2, kom frå Heimigard Røysland, bnr 7, og var dotter åt Tarjei Tarjeisson på det bruket og kona, Gyro Åsmundsdotter, fødd Løyland (sjå Valle VI, 522). Etter at Torleiv var død, gifte Sigrid seg i 1794 oppatt med Tarald Asbjørnsson Stavenes (Sjå Systog Stavenes, gnr 16, bnr 6).

Som me var inne på ovanfor hadde Torleiv teke på seg gjelda etter far sin. Den byrda vart for tung for han, ser me, for då han døydde i 1788, var der framleis ei skuld til kjøpmann Mørk på 309 dalar, og endå skulda Torleiv 145 dalar til versonen, Ditleiv Bratteland, og nokre småklattar til ymse andre. Dette kunne berre ende på ein måte: I oktober 1789 small auksjonsklubba over eigedomen, og kaupmann Mørk i Kristiansand fekk tilslaget for det beløpet han hadde til gode. Dermed laut skiftet sluttast utan at gjelda var dekt.

Mørk hadde rimelegvis inga interesse av å verta sitjande med eigedomsretten til bruket, og det me normalt skulle venta er at han ville ha overdrege det til Ditleiv Bratteland, som var gift med eldste dottera, kort etter auksjonen. Men slik kunne det ikkje gå, for nokre månader tidlegare hadde Ditleiv døytt. Difor vart han aldri gardeigar på Bjørnarå, slik den gamle gards- og ættesoga (13) melder. Det vart derimot enka, Torbjørg Torleivsdotter, som same hausten fekk skøyte hjå Mørk - truleg mot underskriving av ein ny panteobligasjon.

  • Torbjørg Torleivsdotter Bjørnarå, f 1760, d 1833
g 1782 m Ditleiv Olavsson Bratteland, f ca 1753, d 1789. Born:
  • Olav, f 1783, d 1800
  • Torleiv, f 1787, g 1809 m Angjerd Torleivsdtr. Nomeland, sjå nedanfor

Ditleiv var son åt Olav Larsson Bratteland og kona, Ingebjørg Mikkelsdotter, fødd Mosdøl. Olav Larsson skulle vera komen åt Bykle frå Numedal, fortelst det, men kvar i Numedal han kom frå, har me ikkje greidd å finne ut, namnet er nok for vanleg. Ditleiv og Torbjørg budde fyrst hjå foreldra hans på Bratteland, men flutte sidan som brukarar til Nordtveiti. Der var dei framleis då Ditleiv døydde, berre 36 år gamal.

Då Torbjørg overtok bruket hausten 1789, nyslege enke med to smågutungar, kunne ho ikkje rå med å drive garden åleine. Ho laut difor taka inn brukarar. Den (eller dei) fyrste av desse veit me ikkje kven var, men seinast frå 1797 hadde ho iallfall med seg Tarald Asbjørnsson Stavenes, som sidan 1794 hadde vore gift med Sigrid Tarjeisdotter, enka etter far åt Torbjørg. Tarald og Sigrid tykkjest ha budd i Bjørnarå inntil Torleiv Ditleivsson var vaksen nok til å overtaka ansvaret for gardsdrifta. Nett kva tid dette var kan me ikkje vita sikkert, men Torleiv gifte seg i 1809, og året etter budde Tarald og folket hans i Systog Stavenes. Dei er nærare omtala under det bruket.

  • Torleiv Ditleivsson Bjørnarå, f 1787, d 1829
g 1809 m Angjerd Torleivsdtr. Nomeland, f 1780, d 1857. Born:
  • Olav, f 1810, d 1812
  • Ditleiv, f 1814, g 1. 1836 m Hæge Olavsdtr. Byklum, g 2. 1864 m e Hæge Kjetilsdtr. Tveiten, Valle, sjå nedanfor
  • Torbjørg, f 1816, g 1836 m Dreng Olavsson Byklum, sjå Innistog Byklum, gnr 14, bnr 1
  • Olav, f 1821, g 1846 m Ingebjørg Olavsdtr. Trydal, sjå Utistog Stavenes, gnr 16, bnr 4-5

Torleiv Torjusson Uppstad og kona, Gyro Olsdotter, fødd Straume, var foreldra av Angjerd. Desse budde på bnr 3 i Nomeland (Valle III, 653 f).

Korleis det nå hadde seg, kom aldri Torleiv til å få skøyte på bruket hjå mora, så han dreiv det med hennes heimel. Men i 1822 fekk han kaupt att nokre beite- og slåtteteigar i Bjørnarådalen, som tidlegare var selde ifrå garden. Seljarane var Kjetil og Olav Olssøner Nordigard Rygnestad og Øyulv Øyulvsson Brokka. Desse teigane vart sidan bnr 3 under Bjørnarå, som i matrikkelen atter vart ihopslege med bnr 1 så seint som i 1955.

Som me har vore inne på ovanfor, hadde Torbjørg Torleivsdotter i 1789 overteke bruket med nokså stor gjeld. Men i eigartida hennes tykkjest stoda å ha vorte monaleg betre, for då ho i 1831 skøytte eigedomen over på sonesonen, Ditleiv Torleivsson, slapp han med ei pantegjeld på 175 speciedalar til bestemora og syskena.

  • Ditleiv Torleivsson Bjørnarå, f 1814, d 1892
g 1. 1836 m Hæge Olavsdtr. Byklum, f 1819, d 1858. Born:
  • Angjerd, f 1838, g m Knut Olsson Tveiten, sjå nedanfor, jfr. Valle III, 276
  • Jorunn, f 1840, g 1860 m Olav Nilsson Løyland, f 1840, til Amerika med han 1873, sjå Valle VI, 119
g 2. 1864 m e Hæge Kjetilsdtr. Tveiten (V), f 1822, d 1903. Born:
  • Dødfødd jente, 1866
  • Dødfødd gut, 1867

Hæge Olavsdotter, fyrste kona åt Ditleiv, kom frå Innistog Byklum, foreldra hennes var Olav Drengsson på det bruket og kona, Jorunn Tallaksdotter, f Hoslemo. Kone nr 2, som også heitte Hæge, kom frå Tveiten i Valle, og var dotter åt Kjetil Knutsson Tveiten og kona, Tore Olsdotter, fødd Røysland.

«Då 'an Ditleiv Bjønnarå sto fyre preste med aire Hægunn', glåpt 'an seg so trått attive heri, då sto den fyste Hæge so bleik me dynni.» Teiknining av Tove Krogh 2005.

Å gifte seg oppatt var svært vanleg, men vart tydelegvis ikkje oppfatta som problemfritt, om ein kan døme etter folketrua. Skar har fleire døme på dette, og eitt av dei er henta i denne familien (Gamalt or Sætesdal I, 483):

Itt 'an vigjer aire gongji e fyrri kåna alli langt ifrå. [...] Då 'an Ditleiv Bjønnarå sto fyre preste med aire Hægunn', glåpt 'an seg so trått attive heri, då sto den fyste Hæge so bleik me dynni - der e dei jamt å sjå, dei fyrri kånunn', itt 'an glåper etti.

Då «aire Hægunn'» gifte seg med Ditleiv, var ho enke andre venda. Fyrst hadde ho i 1847 gift seg med Hallvard Olsson i Nistog i Kyrvestad, og fått ei dotter, Torbjørg, med han året etter.

Torbjørg Hallvardsdotter livde opp, vart gift, og fekk mange born. Men far hennes døydde alt i 1850, og i 1854 gifte Hæge seg omatt med enkemannen Olav Jonsson på Mannspann Kyrvestad. Også i dette ekteskapet fekk ho ei dotter, Svålaug, fødd 1854, som, tilliks med halvsystera, livde opp, vart gift og fekk folk etter seg. Far til denne jenta døydde i 1863, og året etter hamna Hæge, som det går fram ovanfor, som kone i Bjørnarå. Også her vart ho med tida enke, for ho livde framleis då Ditleiv døydde i 1892, men kva tid ho døydde, har me ikkje funne noko om i kyrkjeboka (jfr. Valle III, 289, 401; IV 328, 356).

I 1838-39 låg Ditleiv i rettssak med grannane i Brokka om eit nokså stort utmarksområde. Dette strekte seg frå Det brende berget til Hagafoss, vidare til Slumsåsen og Haugan og til utfallsosen i Slumstjønn. Herifrå gjekk grensa for teigen etter den austre bekken som renn inn i Slumstjønn til ein høg nut på Rudsfjødd, og så etter rista utanfor Rudsfjøddsslåtta til Det brende berget. Saka vart forlikt slik at beite og slåtter innom dei nemnde grensene skulle høyre til Bjørnarå, medan skogen skulle vera Brokka sin.

I 1844 kaupte Ditleiv 2 utmarksstykke i Flateland av Niklos Åsmundsson Rygnestad (Flateland bnr 21, skyld 19 øre).

Av folketeljinga frå 1865 kan det sjå ut til at Ditleiv i praksis hadde gjeve opp gardsdrifta ved det leitet. Rett nok budde han på bruket, og åtte det, men han hadde ingen kretur. Det som fanst av dyr på garden høyrde til brukaren hans, Jon Olsson Hoslemo. Han sat då med hest, 7 kyr, 18 sauer og 11 geiter, står det. På åkeren sådde han 4 1/2 tunner bygg og sette 4 tunner jordeple. Nå lyt me kanskje taka eit lite atterhald om at det på dette punktet kanskje kan ha kome inn ein feil i folketeljingsoppgåvene, slik at Ditleiv og Jon i røynda åtte nokre kretur kvar, men slik det står i kjelda høyrde både dyra og åkeravlinga Jon til.

Men korleis det nå var eller ikkje var med dette: Ditleiv sat med eigedomane sine til 1873, då han overdrog dei til Knut Olsson Tveiten, som var gift med Angjerd, eldste dottera, for 350 speciedalar. Ditleiv og Hæge fekk då foddog, men dei heldt også att bruksrett i Bjørnarå «saa længe de finder for godt», for Knut og Angjerd budde i Nordigard Tveiten i Valle, og tenkte seg ikkje til Bjørnarå. Ikkje flutte dei hit heller. Derimot ser ein at Ditleiv og Hæge i 1875 hadde flutt åt Nordigard Tveiten.

Knut tykkjest på denne tid ha drive bjørnaråbruket sitt med leigde folk, for dei einaste som budde der då folketeljinga det sistnemnde året vart oppteke, var ei tenestejente frå Valle, som heitte Aslaug Tarjeisdotter (fødd 1852), og drengen Knut Ånundsson (fødd 1855). Knut Ånundsson var son åt Ingebjørg Eivindsdotter i Stigamidjom og Ånund Asbjørnsson Berdalen (sjå Stigamidjom under Trydal). Han kom sidan til å bu på Skarberg under Bratteland, i Brotteli og i Bjørnarå Der Heime, men hamna til slutt på bnr 12-13, Kroné eller Skarberg i Trydal (sjå omtale under desse bruka).

Krøtera Knut Olsson hadde i Bjørnarå i 1875 var hest, 6 kyr, 5 ungdyr og kalvar, 6 sauer og lam og 14 geiter og kje. Sånaden vert oppgjeven til 4 tunner jordeple og 3 1/2 tunner bygg Endå Knut kring 1875 tykkjest ha stått seg nokså godt, er det likt til at han etter kvart må ha lånt meir pengar enn det eigedomane hans kunne tola i lengda, for i 1888 gjekk både Nordigard Tveiten og Bjørnarå Der aust på tvangsauksjon. Knut tok sidan ut til Amerika med to søner, fortel Vallesoga, men kva tid dette var, og om Angjerd vart med dit, går ikkje klårt fram. Men iallfall ser det ut til at ho døydde i Valle i 1903.

Barneflokken åt Angjerd og Knut er opplista i Vallesoga (III, 277). Ettersom korkje foreldra eller nokon av borna budde i Bjørnarå, spring me over dei her, og går over til kauparen i 1888. Heller ikkje han kom til å bu i Bjørnarå, men ætta hans sit framleis med eigedomen.

Det var Tjodgeir Olsson Kvestad som fekk tilslaget på auksjonen. Prisen var kr 3400, men i denne summen inngjekk rimelegvis kr 1600 som far åt Tjodgeir, Olav Folkesson, hadde til gode av ovanomtala Knut O. Tveiten. Tjodgeir Olsson døydde i 1914, og den yngre bror hans, Knut, overtok eigedomane hans. Ettersom han etter brorens død kom til å bu i Nordigard Tveiten i Valle, var det altså ein ny Knut Olsson Tveiten som vart eigar i Bjørnarå. I Vallesoga er han likevel kalla Knut Olsson Kvestad (III, 277f), ettersom foreldra hans er oppførde under den garden. Dette er då også det mest praktiske, ettersom det elles kunne vera utsett for å mistaka han for å vera same mannen som den fyrre eigaren, slik det er gjort i den gamle gards- og ættesoga for Bykle (13).

I den gamle gards- og ættesoga (13) vert det også opplyst at ein Olav Gunnarsson var bruksmann på garden i mange år. Dette er i og for seg rett, men etter det me kan skjøne var her to brukarar med det same namnet. Fyrst var Olav Gunnarsson Harstad her i ei årrekkje, det kan ha vore frå 1888 og frametter, iallfall var han her i 1891 (jfr. Valle III, 279). Sidan veit me at Olav Gunnarsson Trydal var brukar her frå 1905 og til han døydde i 1929.

Det meste av den tida då Olav G. Trydal og folket hans bruka garden, budde dei i ei stoge som sto noko attanfor tunet Der aust. Denne vart kalla Åstog, men ein bør vera merksam på at dette Åstog ingenting har å gjera med Åsdokk, bnr 21 i Trydal, slik den gamle gards- og ættesoga gjev inntrykk av (15, jfr. 19).

Etter at Olav Gunnarsson var borte, kaupte Margit, enka, bnr 4, Myro Der nede, då det bruket gjekk på tvangsauksjon. Ho og borna flutte då dit, og me har sett den nærare omtalen av denne familien i bolken om det bruket.

Medan Olav og Margit bruka garden, var det Tor Drengsson Lunden i Valle og kona, Gunhild Olavsdotter, som åtte han. Gunnhild var eldste dotter åt ovanomtala Knut Olsson Kvestad og kona, Else Olsdotter, fødd Lien. Nett kva tid Tor og Gunhild vart eigarar i Bjørnarå, veit me ikkje, då denne heimelsovergangen ikkje vart tinglyst, men det er vel rimelegast å gjeta på at han fall kring den tida då dei gifte seg i 1903 (Valle VI, 445). Tor var son åt Dreng Torsson og kona, Anne Torjusdotter, fødd Berg, som budde i Lunden i Valle, bnr 6. Tor overtok liksåvel farsgarden, og budde der. Men sonen, Knut, ville drive garden i Bjørnarå, og overtok som brukar i 1934. Kven som var her i dei 5 åra frå 1929 til 1934, har me ikkje funne oppgåve om, men det er vel snautt om her sto tomt.

Av ein eller annan grunn fekk Knut Torsson i 1934 ikkje skøyte hjå foreldra, men gjorde i staden avtale om å leige garden hjå dei for 250 kr året. Leigetilhøvet varde til 1952, då Knut endeleg vart formell eigar. Då hadde han eit par år tidlegare rive den gamle stoga, og sett seg opp ei ny på Neset på sørsida av elva. Det nye bustadhuset var ei stoge i halvanna høgde, og med ei grunnflate på 7 x 12.5 m. Det sto ferdig i 1950. Like etter sette Knut opp uthus, som endå står. Stogehuset hans vart rive på 1990-talet.

Elles lyt nemnast at det sto eit gamalt lopt på det gamle tunet. Det skal vera bygt kring år 1600. I 1966 vart det selt, og flutt til Lislestog (Henriksen-tunet) i Kyrkjebygdi, der det står i dag.

Huset som vart oppsett i Bjørnarå Der aust ca 1950. Ukjend fotograf, tilsendt frå Setesdalsmuseet.
Bjørnaråloptet i Lislestogtunet 1.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
  • Knut Torsson Lunden, f 1907, d 1992
g 1935 m Anne Sveinsdtr. Røysland, f 1907, d 1949. Born:
  • Gunhild, f 1937, g 1967 m Hallvard Åsmundsson Rygnestad, busett Utistog Røysland, bnr 20, sjå Valle VI, 533
  • Margit, f 1940, busett Larvik, g m Magnar Reppesgård, Larvik, f 1935, born:
  • Anne Gro f 1961
  • Nina f 1963
  • Thor, f 1946, sjå nedanfor

Anne kom frå Sygard Røysland, bnr 1. Foreldra var Svein Tarjeisson Røysland og kona, Ingebjørg Knutsdotter, fødd Dale. Ho omkom ved drukning.

I 1974 overtok sonen bruket.

  • Thor Knutsson Lunden, f 1946
g 1971 m Torhild Bjarnesdtr. Lund, f 1953. Born:
  • Kåre, f 1971
  • Jorunn, f 1973 sb m Frode Knutsen, Arendal, born:
  • Bjarne, f 1979
  • Jan, f 1982

Bjarne Olsson Lund og kona, Sigrid Ånundsdotter, fødd Viki (Prestegarden, bnr 29) er foreldra åt Torhild. Ho arbeider som reingjeringsassistent, medan Tor er linjemontørformann.

Huslyden er busett på byggjefeltet Leitet i Valle (gnr 42, bnr 44), men emnar på å flytje oppatt til Bjørnarå, og byggjer nytt hus her, på same tufta som der huset åt foreldra hans sto.

Knut T. Lunden og Anne S. Røysland då dei gifte seg i 1935. Bilete lånt hjå Torjus Lunden.
Det nye huset i der Aust 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Der aust (Bykle gnr 18/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bjørnarå • Neste bolk: Der heime