Systog (Bykle gnr 16/6)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Systog
Stavenes 31.jpg
Systog 5.9.2005.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: omkr. 1710
Utskilt: omkr. 1710
Stad: Stavenes
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 16
Bnr: 6
Type: Gardsbruk

Systog er eitt av bruka på Stavenes i Bykle kommune. Utistog er truleg eldste bruket i Stavenes, og Systog er utkløyvd frå Utistog i nyare tid. Det er vanskeleg å tidfeste nøyaktig når dette hende, men det meste tyder likevel på at denne garddelinga ikkje gjekk fyre seg fyrr noko etter år 1700. Fleire eigarar på garden hadde det vore både i 1670 og i 1700, men i den mon alle desse eigarane også var brukarar, var det tale om sambruksløysingar. Men skattematrikkelen frå 1712 syner at her då var 4 oppsitjarar på kvar sitt bruk, og det lyt då vera Utistog og Systog, Nordstog og Teigen. Medan Utistog hadde ei landskyld på 9 kalveskinn, sto Systog i 3, og var altså rekna å ha eit bruksverde tilsvarande 1/4 av den opphavlege eininga.

Oppsitjaren på Systog i 1712 heitte Torleiv Olavsson. Dette kan ikkje vera same mannen som under Utistog og Nordstog er omtala som Torleiv Olavsson (y.) på 1660-talet, for den mannen var etter 1664-manntalet fødd ca 1640, og han kom til å bu i Nordstog. Torleiv i Systog var langt yngre og fødd ca 1689. Dette er iallfall det me finn opplyst i eit militærmanntal over «ungt Mandskab» frå 1712. Dette året var han ugift, men bruka sin eigen odelsgard, står det. Det lyt vel då vera faren, Olav Torleivsson (y.), som har fått dela Systog ifrå for han. Men Torleiv Olavsson kverv frå Stavenes i skattelistene alt frå 1717, og utan at det står noko i kyrkjeboka om at han var død, så ein kan tenkje at han har måtta gjeva opp bruket sitt. Grunnen til dette, meiner me, var nok at det kom ein annan med betre odel. Mannen med betre odel heitte Eivind Olavsson, og vart ettermannen åt Torleiv på bruket her.

Då Torleiv laut gjeva opp Systog, ser det ut til at han flutte åt Bjones. Iallfall finn me litt seinare ein Torleiv Olavsson der, og det er rimeleg at det var ein som ætta frå Utistog Stavenes, som kunne skaffe seg hand om den plassen.

Som det er gjort greie for under omtalen av Utistog, var den nemnde Eivind Olavsson son åt Olav Torleivsson (e.), og altså syskenbarn åt sistnemnde Torleiv. Det ser ut til at Eivind bruka Systog inntil han fekk overtaka Utistog frå farbroren på 1730-talet. Då flutte han dit, og me har plassert den nærare utgreiinga om han i bolken om det bruket. Då Eivind flutte, vart det rom for andre i Systog. Frå 1737 vart dette romet fylt av Tone, den eldste av jentene frå Utistog, og mannen hennes, som heitte Asbjørn Sørensson.

  • Tone Olavsdtr. Stavenes, f ca 1710, d 1742
g 1737 m Asbjørn Sørensson, f ca 1712, d 1787, sjå nedanfor. Born:
  • Åsne, f 1736, g1770 m Åsmund Torleivsson Byklum, sjå nedanfor
  • Sigbjørn, f 1738, seinare lagnad ukj.
  • Gunhild, f 1741, g 1769 m Gunnar Knutsson Nesland, sjå Vodden Nesland, gnr 10, bnr 1
  • Knut, f 1742, d 1742

Søren er ikkje noko vanleg setesdalsnamn, og at Asbjørn Sørensson var innflytjar finn me stadfest i ei militærrulle frå 1733, der det vert opplyst at han var «fød wester i Lunde Sogn» og fødd ca 1712. Kva som er meint med «Lunde Sogn» kan kanskje vera litt uvisst, men det ligg nærast å tenkje på Lund sokn i Lund prestegjeld. Prestegjeldet femnde over soknene Lund, Tonstad, Bakke, Gyland, Nes sokn og Flekkefjord. Dei fem sistnemnde ligg nå i Flekkefjord kommune i Vest-Agder, men Lund sokn (Moi og derikring) vart herad saman med Heskestad i 1837, og høyrer til Rogaland.

Nå har me ikkje funne nokon Søren som er lageleg til å vera far åt Asbjørn i bygdeboka frå Lund (Ingjald Mehus: Lunds historie I, 1961, jfr. Jørg-Erik Waula: Personregister, Lunds historie, I-II, 1998), men ettersom det ikkje finst kyrkjebok frå den bygda fyrr ein kjem utpå 1720-talet, torer me likevel halde det for rimeleg å tenkje at Asbjørn kom derifrå.

Asbjørn vart enkemann då Tone døydde på barselseng i 1742. Eit par år seinare gifte han seg omatt med ei Ingebjørg Knutsdotter. Kvar ho kom frå har me ikkje lukkast i å finne ut. Då ho døydde hjå sonen Knut i Berdalen i 1802, vart det skrive at ho var 94 år. Om dette er rett, skulle ho vera fødd ca 1708, men det er mykje mogeleg at den oppgjevne alderen hennes er i høgaste laget.

  • Asbjørn Sørensson, f ca 1712, d 1787
g 2.1745 m Ingebjørg Knutsdtr., f ca 1708 (?), d 1802. Born:
  • Knut, f 1746, g 1776 m Ingebjørg Pålsdtr. Stavenes (Teigen), sjå Berdalen Der nede, gnr 3, bnr 1, jfr. nedanfor
  • Tarald, f 1749, g 1794 m e Sigrid Tarjeisdotter Bjørnarå, f Røysland, sjå nedanfor

Då Asbjørn døydde i 1787, tok eldstesonen Knut på seg all gjeld (155 rd) og foddog for mora mot å få bruke garden i 8 år. Når dei 8 åra var til endes, skulle han vike åsætet for halvsystera Åsne mot ei godtgjersle på 60 dalar. Bakgrunnen for denne avtala var at Åsne var eldste dotter av odelsjenta Tone, og dermed hadde betre odel enn borna åt Asbjørn.

Knut og huslyden hans kom då også til å flytje ifrå i 1795, slik at Åsne fekk overtaka bruken av Systog i samsvar med avtala. Likevel skreiv han aldri noko skøyte til henne, så formelt vart han ståande som eigar av bruket så lenge ho livde. Derimot skaffa Knut skøyte til seg sjølv, på Der nede i Berdalen, og der vart han og folket hans verande i 3 generasjonar. Difor har me valt å taka den nærare omtalen av dei i bolken om det bruket.

Tarald Asbjørnsson tykkjest derimot ikkje ha budd særleg mange år nokon stad, men ein av dei stadene han stundom var bruksmann var heime i Systog. Difor tek me inn det me kan vita om korleis det gjekk for han på denne staden.

Det fyrste er då at han fekk ein son, Asbjørn, som vart døypt hausten 1787. Mora heitte Torbjørg Torleivsdotter, og var dotter åt Torleiv Arnesson og Tore Åvoldsdotter i Nordstog Trydal. Etterdi ho kalla opp farfaren, og ikkje sin eigen far, vil me tenkje at dei har hatt planar om giftemål, men det vart i så fall av uti inkje. Asbjørn Taraldsson døydde i 1788, vel eitt år gamal. Torbjørg ser ein sidan ikkje meir til i kyrkjeboka. Kanskje har ho fare or bygda? I 1793 fekk Tarald eit nytt barn utanfor ekteskap, men denne venda kom han til å gifte seg med mora, jamvel om også det barnet døydde i spebarnsalderen.

  • Tarald Asbjørnsson Stavenes, f 1749, d 1823
g 1794 m e Sigrid Tarjeisdotter Bjørnarå, f 1756, d 1825. Born:
  • Gyro, f 1793, d 1793
  • Ingebjørg, f 1796, g 1.1829 m Gunleik Torleivsson Holen, g 2. 1833 m Tarjei Mikkelsson Byklum, sjå Austistog Byklum, gnr 14, bnr 7

Sigrid som gifte seg med Tarald i 1794, var enke etter Torleiv Olavsson Bjørnarå. Ho var fødd i Heimigard Røysland som dotter åt Tarjei Tarjeisson og kona, Gyro Åsmundsdotter, fødd Løyland (jfr. Valle VI, 522).

Tarald og Sigrid budde her på bruket i 1793. I 1796 var dei einkvarstad i Trydal, men i 1801 var dei bruksfolk i Bjørnarå, og i 1811 var dei her på bruket att. Då Tarald døydde i Gjerden i 1823 var han «legdslem», står det, og då Sigrid vart gravlagd frå Byklum 2 år seinare, vart ho oppskrive som «almisselem» . Meir har me ikkje funne om dei, men dei snaue opplysningane tyder på at dei har hatt det vanskeleg.

Som me var inne på ovanfor, var det Åsne, halvsyster åt Knut og Tarald, som hadde beste odelen til Systog då Asbjørn, far deira, døydde i 1787. Ho sat då enke, og eldste son hennes var berre 17 år, så då var det rimeleg at halvbroren inntil vidare fekk garden. Men Åsne og borna hennes budde i Systog medan Knut hadde eigedomen, og visseleg hadde ho og mannen hennes budd her heilt sidan dei gifte seg.

  • Åsne Asbjørnsdtr. Stavenes, f 1736, d 1804
g 1770 m Åsmund Torleivsson Byklum f 1745, d 1775. Born:
  • Sigbjørn, f 1770, g 1.1798 m Targjerd Olavsdtr. Nesland, g 2.1805 m Borghild Knutsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Torleiv, f ca 1772, g 1802 m Tore Åvoldsdtr. Trydal, sjå Nordstog Trydal

Åsmund Torleivsson var son åt Torleiv Asbjørnsson Røysland og kona, Margit Tallaksdotter (jfr. Valle VI, 511). Då Åsne og Åsmund gifte seg i 1770 var foreldra hans døde, men då dei døydde budde dei i Austistog Byklum, som dei både bruka og åtte, jamvel om det var pantsett til langt over mønet. Det er såleis gale når den gamle gards- og ættesoga (132) seier at dei «budde på Byklum, men åtte ikkje gard der».

Me var ovanfor inne på at Åsne aldri fekk skøyte på eigedomen hjå broren, jamvel om ho og sønene bruka han som sin eigen frå 1795. Noko formelt overdragingsdokument vart ikkje skrive fyrr etter at Åsne var død i 1806. Knut skøytte då bruket over på Sigbjørn Åsmundsson.

Etter opplysningar som kom fram i ei rettssak om Glidbjørgskogen i 1844, ser det ut til at Sigbjørn hadde vore i gang med å setje seg ned som husmann i Glidbjørg under Utistog Stavenes i tida nærast fyre han overtok Systog. Men då han fekk skøyte på heimebruket hjå morbroren, kunne han gjeva opp glidbjørgplanen (jfr. Glidbjørg).

  • Sigbjørn Åsmundsson Stavenes, f 1770, d 1846
g 1. 1798 m Targjerd Olavsdtr. Gjerden, f 1768, d 1800, ikkje born
g 2.1804 m Borghild Knutsdtr. Breive, f 1782., d 1856. Born:
  • Targjerd, f 1805, g 1827 m Kjetil Knutsson Vatnedalen (e.), sjå Vatnedalsplassen, gnr 6, bnr 6
  • Åsmund, f 1807, g 1829 m Birgit Olavsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Åsne, f 1808, d 1808
  • Åsne, f 1811, d 1888, ug
  • Ingjerd, f 1813, g 1851 m Olav Olsson Brottveit, sjå Valle III, 349
  • Tone, f 1815, 1840 «til Reiersdal i Øyestad pr. gj. for at tjene», seinare lagnad ukj.
  • Torbjørg, f 1818, g 1844 m Bjørn Olsson Sandnes, sjå Valle III, 148
  • Astrid, f 1821, g 1843 m Kjetil Knutsson Vatnedalen (y.), sjå Valle III, 581 og V, 535
  • Margit, f 1827, til stades 1846, ug då, seinare lagnad ukj.

Targjerd, fyrste kona av Sigbjørn, var dotter av Olav Olavsson på Vodden Nesland og kona, Gunhild Tarjeisdotter. På den tid dottera gifte seg budde dei i Gjerden, og difor vart ho notert med den adressa i kyrkjeboka. Borghild Knutsdotter, kone nummer 2, var fødd i Vatnedalen, men ved det leitet ho gifte seg budde foreldra i Der inne i Breive. Dei heitte Knut Bjørgulvsson og Ingjerd Sigbjørnsdotter.

Torbjørg Sigbjørnsdotter vart døypt frå Vatnedalen i 1818, og me lyt då tenkje at foreldra har budd der eit tak ved dei tider. Men Astrid vart døypt frå Stavenes i 1821, så innan då hadde dei flutt attende hit.

Åsne Sigbjørnsdotter fekk dottera Torbjørg med Gunnar Eilivsson Moseid frå Evje i 1847, men noko giftemål vart det ikkje dei imellom. I 1865 budde mor og dotter hjå Jon Åsmundsson, brorson hennes, som var bruksmann i Nigard Kveste i Valle. I 1875 budde Åsne framleis i Kveste, men Torbjørg var då ikkje der, og me veit ikkje kvar det vart av henne. Åsne døydde i 1888, ho budde då på Kjelleberg og var framleis ugift.

Åsmund Sigbjørnsson fekk bruket på skiftet etter faren i 1846. Han var då forlengst gift og hadde alt rukke å få 6 born. Alle desse borna var fødde i Stavenes, så tydelegvis har Åsmund og kona budd på heimebruket hans frå dei gifte seg.

  • Åsmund Sigbjørnsson Stavenes, f 1807, d 1863
g 1829 m Birgit Olavsdtr. Byklum, f 1810, d 1881. Born:
  • Sigbjørn, f 1830, lærar og kyrkjesongar, g 1870 m Jorunn Gjermundsdtr. Byklum, sjå Uppigard Hoslemo, gnr 4, bnr 2
  • Olav, f 1832, g1862 m Gyro Folkesdtr. Trydal, sjå Attistog Gjerden, gnr 15, bnr 1
  • Borghild, f 1835, g 1866 m Åvold Knutsson Byklum, sjå Neire Juvet under Byklum, gnr 15, bnr 4
  • Jorunn, f 1838, g 1870 m Olav Hallvardsson Jore, Valle, sjå Valle IV, 425
  • Torbjørg (e.), f 1841, d 1927, ug, sjå nedanfor
  • Jon, f 1844, g 1873 m Tone Taraldsdtr. Åmli, Valle, sjå Valle IV, 50
  • Knut, f 1847, g 1895 m Gunne Torjusdtr. Åmli, Valle, sjå Valle III, 437
  • Torbjørg (y.), f 1850, g 1885 m Olav Auversson Åsen, sjå Åsen, gnr 13, bnr 9, jfr. nedanfor
  • Gunnar, f 1853, d 1925, ug, sjå Valle VI, 425f

Olav Drengsson i Innistog Byklum og kona, Jorunn Tallaksdotter, fødd Hoslemo, var foreldra av Birgit Olavsdtotter. Åsmund og Birgit budde i Systog Stavenes til 1851. Då hadde Åsmund fått så store vanskar med gjeld at garden laut gå på auksjon. Etter dette vart dei ei tid busetar hjå bror hennes i Innistog Byklum, men noko seinare flutte dei attende til Systog, og heldt til her, framleis som busetar, då Åsmund fraus i hel under ei fjellferd i 1863. Etter dette budde Birgit i Innistog att, og derifrå vart ho gravlagd i 1881.

Torbjørg Åsmundsdotter (e.) fekk ein son, som fekk namnet Knut, i 1867. Me tek med det som er fortalt om dei i Vallesoga (III, 95f): Far åt Knut var Knut Salmundsson frå Ufsi under Sandnes, ein uekte son åt Ingjerd Ulvsdotter Berg og Salmund Larsson Haugebirke. Etter tradisjonen skulle Torbjørg og Knut gifte seg, men så stuppa Knut død fyre dei kom så langt, og fyre Torbjørg hadde gjort barsel. Knut skal ha døytt i ein tadde på Harstad. Torbjørg budde etter dette mange år ilag med mor av Knut på Ufseplassen i Sandnes, iallfall til 1891, går det fram av folketeljinga frå det året. Sidan kom ho til Flateland, der ho døydde hjå Tarjei Tarjeisson i Bakken (bnr 31) i 1927.

Knut Knutsson, son hennes, var hjå bestemora og mora i Ufsi i 1875, men for åt Amerika fyre 1891. Der vart han gift med Sigrid Olsdotter Holum, ei dotter åt Olav Hallvardsson Holum og kona, Turid Guttormsdotter, fødd Bø. Knut døydde i Polk County, Minnesota i 1912.

Torbjørg (y.) fekk i 1879 sonen Olav, faren var Olav K. Nesland (y.). I 1885 gifte ho seg med Olav Auversson Åsen, og budde sidan i Åsen, gnr 13, bnr 9. Olav Olavsson vaks opp hjå mora og stykfaren. Han er nærare omtala i bolken om Systog Dalen, gnr 6, bnr 18.

Han som fekk tilslaget på Systog Stavenes på auksjonen i 1851 var lensmann Sundsdal i Valle. Denne hadde sjølvsagt ingen planar om å busetje seg i Bykle, men sette inn Auver Olavsson Hoslemo til bruksmann. Auver var son åt Olav Tallaksson og kona, Birgit Auversdotter, fødd Vatnedalen, som åtte og bruka Nigard Hoslemo. Auver var ved dette leitet nygift med Gunhild Olavsdotter Byklum, ei yngre syster av Birgit, kona av Åsmund Sigbjørnsson. Alle dei 5 borna av Auver og Gunhild vart fødde i Stavenes.

  • Auver Olavsson Hoslemo, f 1827, d 1865
g 1852 m Gunhild Olavsdtr. Byklum, f 1829, d 1869. Born:
  • Birgit, f 1852, d 1926, ug, jfr. Valle III, 276; VI 426
  • Jorunn, f 1854, d 1874, ug, tæring
  • Olav (e.), f 1857, d 1890, g 1882 m Ingjerd Knutsdtr. Nesland, d 1890, sjå nedanfor
  • Olav (y.), f 1859, g 1888 m Hæge Gjermundsdtr. Byklum, sjå Tveitvodd, gnr 14, bnr 9
  • Gunnar, f 1862, d 1896, ug, sjå nedanfor

Det gjekk ikkje så godt for Auver Olavsson i Systog. Då han døydde i 1865, berre 37 år gamal, vart han oppskriven i kyrkjeboka som «fattiglem» . Gunhild, kona hans, vart ikkje mykje eldre, hadde endå ikkje nådd dei 40 då ho døydde i 1869. Ho var då «legdslem», står det. At det kunne gå på dette dette viset, virkar litt påfallande, når me ser at far av Auver, Olav Tallaksson Hoslemo, kaupte garden av lensmann Sundsdal i 1861, slik at det var han som var jorddrott då sonen vart fatiglem. Men såleis står det i kjeldene, og me har ikkje sett nokon grunn til å draga dei i tvil.

Om Olav Tallaksson Hoslemo flutte til Stavenes med det same han hadde kaupt bruket i 1861, veit me ikkje, men av folketeljinga går det iallfall fram at han budde her i 1865, då han og Birgit Auversdotter, kona hans, var husbondsfolk i Systog, medan den unge enka etter son deires og borna hennes hadde status som busetar med tilskot frå fatigkassa.

Om buskapen på bruket opplyser 1865-folketeljinga at dei det året hadde hest, 6 kyr, 15 sauer og 7 geiter. Dei sådde 2 1/2 tunner bygg, og sette ut 3 1/2 tunner jordeple.

I 1874 døydde Olav Hoslemo. Då flutte Jon, bror hans, og kona, Torbjørg Auversdotter, inn og vart bruksfolk for Olav Auversson, som hadde overteke garden etter bestefaren, men som 19-åring truleg endå ikkje rekna seg vaksen nok til å taka over ansvaret sjølv. Kor lenge Jon og Torbjørg var i Systog er uvisst, men i 1879 ser ein iallfall at dei budde i Nigard Hoslemo. Der hadde dei også vore tidlegare, og i framstillinga her vert dei nærare omtala under det bruket.

Kreturhaldet i Systog i 1875 var hest, 3 kyr, 7 ungdyr, 21 sauer og 9 geitar. Sånaden hadde minka noko sidan 1865, dei sådde 2 tunner bygg og 2 tunner jordeple, står det.

Som nemnt overtok Olav Auversson garden då bestefaren døydde i 1874. Men skøyte vart ikkje skrive fyrr eit par år seinare, og då vart overdraginga ordna som eit formelt sal frå bestemora, Birgit Auversdotter. Prisen vart sett til 150 speciedalar, noko som var svært lite, når ein tenkjer på at Olav Tallaksson i 1861 hadde gjeve lensmannen 380 dalar, medan lensmannen på si side hadde gjeve 275 dalar på auksjonen i 1851. Men så skulle då tilhøva liggje godt til rette for at Olav kunne greie seg betre på bruket enn faren hadde gjort, kunne ein tenkje. Stundom går det likevel ikkje som venta. Men fyrr me fylgjer Olav Auverson vidare, lyt me taka med eit par opplysningar om dei i syskenflokken som ikkje fekk garden.

Dei to systrene døydde som ugifte tenestejenter. Yngstebroren, Gunnar, fekk ein nokså låk lagnad. I 1884 laut han sitje 4 månader i botsfengslet i Kristiania for eit tjuveri han hadde gjort seg skuldig i borti Mo, der han arbeidde som dreng einkvarstad. Då han slapp ut att utpå hausten same året, drog han heimatt til Bykle, men kort etter var han nok attende i Mo. Iallfall budde han på Vistad då han døydde i august 1896, ugift og berre 34 år gamal.

Den yngre av dei to Olav-ane vart landhandlar i Byklum, fekk ein stor barneflokk, og ser ut til å ha greidd seg godt. Me fortel meir om han i bolken om Tveitvodd. Men nå over til den av syskena som vart oppsitjar her på bruket:

Dette skal vera Ingjerd K. Stavenes, fødd Nesland (1856-1944) og borna hennes i Amerika. Ingjerd reiste til USA i 1902 med sønene Lisle-Knut (f 1888) og Store-Knut (f 1886) og dottera Gunhild (f 1891). Etter utreisa hadde ho brevbyte med Gunhild O. Gjerden, som døydde i 1994. Ingebjørg Vegestog lånte dette biletet hjå Gunhild.
  • Olav Auversson Stavenes (e.), f 1857, d 1890
g 1882 m Ingjerd Knutsdtr. Nesland, f 1856, til Amerika 1902, d 1944 (?). Born:
  • Auver, f 1883, 1900 hotelltenar Skien, seinare lagnad ukj.
  • Knut, f 1886, til Amerika 1902, seinare busett Kanada (?), lagnad elles ukj.
  • Knut, f 1888, til Amerika 1902, seinare busett Kanada (?), lagnad elles ukj.
  • Gunhild, f 1891, til Amerika 1902, seinare lagnad ukj.

Knut Hallvardsson og kona, Hæge Olavsdotter, fødd Hoslemo, som budde i Sygard Nesland, var foreldra av Ingjerd Knutsdotter.

Ingjerd og Olav tykkjest å ha budd ilag med foreldra hennes eit tak. Iallfall står det i tingboka at Olav var busett på Nesland då han i 1884 fekk ei bot for ulovleg brennevinshandel, men elles var dei i Stavenes då dei hadde born til dåpen i 1883, 1886 og 1888. Kva som ein gong mellom hausten 1888 og hausten 1890 fekk dei til å flytje til Mo, og slå seg ned som husmannsfolk på ein filleplass under Underdal, Bjønnemyr heitte han, veit me ikkje. Det me veit er berre at dei var der då Olav døydde av tæring i oktober 1890 (jfr. Mo bygdebok I, 592).

Då Olav var borte, skaffa Ingjerd seg løyve til å sitje i uskift bu. Dette dokumentet er utferda i 1891 og tinglyst i 1896. Nokre år seinare, i 1902, skøytte ho garden over på Knut Knutsson Breive i Nordstog Stavenes for 1600 kr. Sjølv drog ho same året til Amerika, ser me i kyrkjeboka. Om ho hadde born med seg dit, står der ikkje noko om. Men i folketeljinga frå 1891 ser ein at ho det året budde som enke på den nemnde plassen under Underdal i Mo med borna sine. I 1900-teljinga finn me henne att som tenestejente på Haugehåtveit i Mo. Der var også dottera Gunhild, eldstesonen Auver arbeidde på eit hotell i Skien, medan ein ikkje ser noko til dei to Knut-ane nokon stad i folketeljinga.

Ut ifrå dette er skulle ein vel tru at Gunhild fylgde mora til Amerika i 1902, medan dei to yngste av brørne hennes då helst må ha vore døde. Men såleis var det likevel ikkje, skjønar me, for ei tid etter utreisa kom det brev attende til Bykle med bilete av både Ingjerd og tre livs livande born, Gunhild, Knut (e.) og Knut (y.). Tellef B. Nesland fortel i manuskriptet sitt om Neslandsætta at Ingjerd livde til 1944, og at dei to sønene då budde ein stad i Sakatchewan, Kanada. Desse oplysningane er ikkje stadfeste gjennom andre kjelder, men Tellef Nesland er som regel til å stole på, har me funne ut.

Kvifor vart så Ingjerd verande i Mo fleire år etter at mannen hennes var borte, når ho åtte gard i Bykle? Forklaringa må vera at ho i røynda hadde selt garden tidlegare, og kanskje helst alt i 1896, me gjet på at det var difor uskiftebrevet hennes vart tinglyst då. Frå andre kjelder veit me at samen Ole Johan Andersen Stannfjell var innom og budde i Systog i andre helvta av av 1890-åra og nokre år inn på 1900-talet. Jamvel om det vantar tinglysing av kaupet, trur me det må vera rett at han kaupte bruket av Ingjerd Knutsdotter, slik det står i den gamle gards- og ættesoga (156).

Men det som står i Kultursoga (1993, 49) om at Ole Johan laut selje bruket att då kona hans døydde i 1899, er gale. For det fyrste døydde ikkje kona hans i 1899, men i 1897, og for det andre står det i panteregisteret at Ole Johan i 1897 og 1900 lånte pengar hjå Knut K. Breive i Nordstog mot pant i Systog. Långjevaren skulle sjølvsagt aldri ha godteke dette pantet, om han ikkje visste at lånaren åtte bruket. Men ettersom eigarskapen hans ikkje var tinglyst, vart det Ingjerd Knutsdotter som laut skrive skøyte til Knut K. Breive, då han i 1902 kravde pantet overdrege.

Kor lenge Ole Johan vart buande i Systog veit me ikkje. Han var her framleis på slutten av året 1900, ser me i folketeljnga frå det året, men han kan kanskje også ha vore her nokre år etter 1902, då i tilfelle som brukar for Knut Breive. Knut budde som nemnt i Nordstog, og hadde nok planlagt å ha Systog for ein av sønene, når den tid kom at denne trong sin eigen heim. Men dette vart ikkje aktuelt fyrr i 1909, då Bjørgulv Knutsson fekk skøyte hjå faren. Det me elles har å melde om Ole Johan Andersen står i bolken om Berdalen Der uppe, der han hadde halde til fyre han kom hit.

Men lat oss nå vende oss mot den nye eigaren frå 1909 og familien hans:

Jorunn H. Stavanes, f. Mosdøl (1890–1930). Biletet er teke kring 1920, og er skaffa av Ingebjørg K. Byklum.
Bjørgulv K. Stavanes (1881–1949), teke kring 1910. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
  • Bjørgulv Knutsson Stavenes, f 1881, d 1949
g 1910 m Jorunn Hallvardsdtr. Mosdøl, f 1890, d 1930. Born:
  • Knut, f 1910, d 1910, tvill.
  • Margit, f 1910, d 1910, tvill.
  • Knut, f 1912, g 1951 m Eli Folkesdtr. Nesland, sjå nedanfor
  • Hallvard, f 1913, d 1999, interiørarkitekt, lærar, gbr., g m Anne Sigurdsdtr. Jonsås, Akkerhaugen, busett Akkerhaugen, born:
  • Sigurd, f 1946
  • Jorunn Bjørg, f 1949
  • Aslaug Torill, f 1953, d 1996
  • Hans Bjørgulf, f 1956
  • Margit, f 1915, d 1937, ug
  • Olav, f 1918, d 1925
  • Torbjørg, f 1920, d 1920
  • Torbjørg, f 1922, g 1951 m Åsmund Gjermundsson Hoslemo, sjå Austistog Byklum
  • Olav, f 1925, tvill., ing., g 1955 m Tone Jonsdtr. Hisdal, busett Rysstad, born:
  • Jorunn., f 1955
  • John Birger, f 1957
  • Ingebjørg, f 1958
  • Bjarne Ole, f 1965
  • gut, tvill., f 1925, d 1925

Foreldra åt Jorunn Hallvardsdotter var Hallvard Drengsson og kona, Torbjørg Åsmundsdotter, fødd Ryningen, som budde i Lunden Mosdøl (gnr 13, bnr 1).

Bjørgulv bygde om og innåt den gamle stoga på bruket, og sette også opp nytt uthus. Det siste sto ferdig i 1941.

I 1938 fekk Bjørgulv dottera Kristi med enka Ingebjørg Knutsdotter Hisdal, fødd Bratteland (sjå Store Hisdal, bnr 3).

I 1948 overtok eldstesonen bruket:

  • Knut Bjørgulvsson Stavenes, f 1912, d 1966
g 1951 m Eli Folkesdtr. Nesland, f 1911, d 1999. Born:
  • Jorunn f 1952, d 1998, g 1970 m Martin Andreas Olsen, Mandal, sjå Solheim, gnr 14, bnr 36
  • Ingebjørg, f 1953, g 1974 med Olav A. Byklum, sjå Innistog Byklum
  • Bjørgulv, f 1955, ug, busett Oslo.

Eli var dotter åt Folke Torleivsson frå Utistog Stavenes og kona Ingebjørg Bjørgulvsdotter. Desse budde på Nesland Der heime (gnr 10, bnr 2).

Systog i 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Etter Norges Bebyggelse var buskapen på bruket fyrst på 1950-talet ihopsett av hest, 3 kyr, 2 kalvar og 12 sauer. Same kjelda opplyser at her var 20 mål dyrka mark og 16 mål anna jordbruksareal. I tillegg var det sjølvsagt ein god del utmark, utan at me har fått vita kor mykje.

Bjørgulv Knutsson fekk skøyte på eigedomen av mora i 1974. Han er økonom og bur i Oslo.

  • Bjørgulv Knutsson Stavenes, f 1955, ug (1999)

I 1977 sette Bjørgulv opp nytt sauefjos på garden, men som nemnt bur han ikkje her. Systera Ingebjørg og Olav A. Byklum, mannen hennes, driv bruket med kring 50 vinterfora sauer. Dei bur i Innistog Byklum, men er hit og studrar sauene.

Knut B. Stavanes og Eli F. Nesland då dei gifte seg i 1951. Bilete frå Ingbjørg K. Byklum.
Ingebjørg (f 1953), Bjørgulv (f 1955) og Jorunn (f 1951) Stavenes i 1978. Bilete frå Ingebjørg K. Byklum.
Bjørgulv K. Stavenes fotografert på kontoret sitt i Bygdøy allé i 2004 av Ingebjørg K. Byklum. Han arbeider med eigedomshandel og bedriftsrådgjeving. Tidlegare budde han i mange år i Bø i Telemark, og var der ein av initiativtakarane bak Telemark Sommarland.


0941 Bykle komm.png Systog (Bykle gnr 16/6) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Utistog • Neste bolk: Bjones