Mo kommune (Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Mo kommune i Telemark vart oppretta i 1838 ut frå Mo prestegjeld. Mo sokn er no ein del av Eidsborg, Mo og Skafså sokn. Kommunesenteret i Mo var Dalen. I 1964 vart kommunen slått saman med Lårdal kommune til Tokke kommune.

Namnet til heradet

Den eldste skriftforma av namnet på heradet (og soknet) finn ein i brevsamlinga Diplomatarium Norvegicum frå før 1570. Her vert namnet på heradet skrive Monom som er var ei dativsform av Mo i 1343. I 1406 finn ein Moos sokn, og i 1472 Mosokn. Namnet kjem frå den gamle prestegarden Mor eller Morinn som tyder tjurr sand eller grusslette.

Ein mann frå Mo vert kalla Mobyggji, medan ei kvinne frå Mo vert kalla Mobyggje.[1]

Ordførarar i Mo kommune[2]

  1. Peter Boyesen Wettergreen 1838-1843
  2. Talleiv Tarjeisen Løvig 1844-1845
  3. Aanund Knudsen Mostøyl 1847-1855
  4. Olav Johnsen Midtbø 1871-1884
  5. Olav L. Felland 1885-1887
  6. Gjermund O. Holten 1888-1889
  7. Olav L. Felland 1890-1892
  8. Olav O. Brattestå 1893-1900
  9. Gjermund O. Holten 1901-1904
  10. Dreng O. Nordjordet 1905-1910
  11. Steinar Gj. Aamdal 1911-1913
  12. Olav O. Bergland 1914-1916
  13. Steinar Gj. Aamdal 1917-1919
  14. Aasmund Tveito 1920-1922
  15. Jon Vistad 1923-1928
  16. Aasmund Tveito 1929-1931
  17. Jon Vistad 1932-1937
  18. Olav G. Nystad 1938-1941
  19. Olav Kolkjenn 1945
  20. Tarjei Bekk 1946-1947
  21. Olaus Johre 1948-1951
  22. Tarjei Bekk 1952-1964

Kjelder

Referansar

  1. Olav Grimdalen, Mo Bygdesoge, kultursoga, b.1., 1996, s. 65.
  2. Grimdalen, 1996, b.2, s. 122-123.