Der uppe (Bykle gnr 3/4)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Der uppe
Berdalen 4.jpg
Berdalen Der uppe fotografert frå lufta 18.7.1965. Som ein ser er eit tilbygg til våningshuset under oppføring.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Berdalen Der uppe
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 3
Bnr: 4
Type: Gardsbruk
Tunet på Berdalen Der uppe sett nedanfrå 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Der uppe er det gamle hovudbøle på Berdalen i Bykle kommune. Som me var inne på i artikkelen om den udela garden, meiner me at garden vart dela kort etter at Arne Knutsson døydde kring 1712. I bolken om den udela garden fortalde me også at Esaias Bugge åtte tre skinn då han døydde, og at ervingane hans er oppskrivne som eigarar av denne halvparten av garden i ei skatteliste frå 1712. Me har ikkje funne noko om innløysing av dette godset, men reknar med at det må ha vorte innløyst fyre matrikkelframlegget frå 1723 vart skrive. For i den kjelda står det at oppsitjarane i Der nede og Der uppe bruka 3 kalveskinn (= 1 geiteskinn) kvar, og at alt saman var «bondegods».

Skogen er halden utanfor landskyldrekninga, men den same kjelda opplyser at garden hadde «god Tømmerskog tilhørende Peder Claussen i Kristiansand». Når heile garden var bondegods, hadde det kanskje vore rimeleg å rekne med at båe oppsitjarane var sjølveigarar. Men av grunnar me kjem til sidan, vil me tru at det var mannen i Der uppe som åtte båe bruka, og at han hadde løyst ut Buggeervingane åleine.

Husbonden her på denne tid var frå Espetveit i Valle, bnr 1, og son åt Tarjei Åsmundsson på det bruket og kona, Jorunn Gunsteinsdotter, fødd Skomedal (jfr. Valle V, 273). Ettersom han gifte seg hit set me opp kona fyrst:

Kari Arnesdotter Berdalen, f ca 1696, d 1764

g 1715 m Åsmund Tarjeisson Espetveit, f ca. 1666, d 1743. Born:
  • Hæge, f 1716, d 1716
  • Hæge, f 1718, d 1719
  • Arne, f 1719, g 1761 m Gro Gunsteinsdtr. Berdalen, sjå nedanfor
  • Tarjei, f 1722, g 1755 m Gunhild Mikkelsdtr. Mosdøl, sjå Der nede, bnr 1
  • Olav, f 1725, tvill. g 1756 m Ingebjørg Jonsdtr. Brotteli, sjå Strandestøyl under Brotteli
  • Gyro, f 1725, tvill., g 1749 m em Torleiv Alvsson Breive, sjå nedanfor
  • Jorunn, f 1728, d 1740
  • Hæge, f 1732, g 1761 m Knut Mikkelsson Mosdøl, sjå Maurlii

I byrjinga av oppsitjartida til Kari og Åsmund var her også ein familie til innom og budde nokre år, me reknar med at dei var busetar.

Ånund Hallvardsson, n 1714, 1717

g m Targjerd Bjørgulvsdotter Dysje, f ca 1672(?), d 1760. Born, iallfall:
  • udøypt, 1714
  • Gunhild, tvill, f 1717, d 1717
  • Ingeleiv, tvill, f 1717, lagnad ukj.

Kvar Ånund stamma frå er ukjent, men Targjerd var dotter åt Bjørgulv Tallaksson Dysje og kona, Ingeleiv Knutsdotter. Me har hengt eit lite spørjeteikn etter fødselsåret hennes. Det er i og for seg mogeleg at ho kan ha fått eit par tvillingar då ho var 45 år, men slikt er etter måten sjeldant.

Etter gravleggjinga av den eine av tvillingdøtrene hausten 1717 ser me ikkje meir til Ånund og Targjerd i kjeldene våre fyrr Targjerd vart gravlagd ved Bykle kyrkje i 1760. Kyrkjeboka fortel ikkje kvar ho budde då ho døydde.

Då har me ikkje meir å melde om busetane, og kan vende merksemda attende mot sjølvefolket på garden.

I 1728 rauk Åsmund Tarjeisson og Ånund Såvesson Der nede opp i krangel om ei badstogtomt. I denne tretta kom Ånund i skade for å truge Åsmund på livet, og dette fekk som fylgje at Åsmund stemnde Ånund og Såve Olavsson, far hans, «til sit Brugs Ryddiggiørelse og Fravigelse».

Grunngjevinga for kravet gjekk ut på at det aldri hadde vorte halde noko skikkeleg garddeling eller skifteoppgjer mellom ervingane etter Olav Knutsson. Det som hadde skjedd var at «Ole Knudsen av Godhed alleene tillod sine Sønner sig at gifte og Gaarden med sig at bruge», og så hadde Såve berre halde fram med å bruke sin part etter at faren var borte. Bruksdelinga hadde fungert tolleg greitt i mange år, men når nå folket i Der nede ikkje kunne halde fred, laut dei heller pakke seg, meinte Åsmund.

Ånund Såvesson protesterte mot dette, og sa at far hans uttrykkeleg hadde fått denne parten av garden hjå far sin, men han hadde korkje brev eller vitne å føre i marka for denne påstanden. Retten la til grunn at Olav Knutsson hadde hatt odel til heile garden, at eigedomen ikkje hadde vorte lovformeleg dela, og at Åsmund, som var gift med eldste dotter av eldste son, tvillaust hadde beste odelen.

På denne bakgrunnen vart domen at Såve og Ånund laut reise. Rett nok skulle Åsmund betale «hvad Bekostning Aanon Salvesen paa gaarden Berdalens Huse anvendt haver», men når dette var betala «vorder han [Aanon ] Gaarden Berdalen sampt dessen Eiendeler uimodsigelig at fravige og ryddiggiøre, med mindre hand vilde paadrage sig den Straf Loven i slige Tilfælde paabyder».

Etter dette rådde Åsmund ei tid heile Berdalen, bortsett frå skogen, som framleis var på utanbygds hender. Såve døydde som busete i Gjerden i 1737, medan Ånund og kona hans vart busetar i Breive, Der inne. Dei får båe nærare omtale i bolken om Der nede.

I 1737 tok Åsmund foddog, og prøva på å overdraga garden til sonen Arne. Men det låg for mykje gjeld på eigedomen, og Arne hadde ikkje midlar til å løyse ut panthavarane. Han såg seg difor ikkje anna råd enn å «lyse sin pengemangel» til godset, og vone på at kreditorane ville lata han verta buande.

I bolken om den udela garden fortalde me at Peder Claussen Topdal i Kristiansand hadde kaupt gardsskogen i 1700. Han vart sitjande med han til han døydde i 1726. Året etter vart det halde ein takst der 6 lagrettemenn konkluderte med at denne skogen var verd heile 500 riksdalar. Han som overtok trelastforretninga og eigedomane etter Peder Claussen Topdal bar akkurat det same namnet, så det må vera ei rimeleg gjeting at han var ein slektning, kanskje ein soneson(?). Iallfall fekk denne mannen i 1738 nyss om at kapteinsenka Maren Esaiasdotter Kingling i Valle, som var dotter åt presten Bugge, hadde selt skogen hans i Berdalen til ein kaupmann Christian Brinck, og gjekk straks til sak.

Maren Kingling påsto at ho åtte skogen i medhald av skøytet frå Olav Knutsson til far hennes frå 1687, men rådmann Ole Mørck, som førde saka for Peder Claussen, var ikkje i beit med å prove at Esaias Bugge berre hadde hatt skogen til uthogst, og at Peder Claussen(e.) hadde kaupt grunnen i 1700. På denne bakgrunnen strekte kapteinsenka og kauparen hennes våpen, og inngjekk våren 1740 det fylgjande forliket: Peder Claussen skulle halde fram med å eige skogen, og Brinck skulle yte han 20 dalar i sakskostnader. Brinck skulle på si side ha krav på å få att utlegga sine hjå enkefru Kingling eller ervingane hennes, og Ole Mørck skulle betale det Åsmund Berdalen hadde av gjeld til Brinck.

Det siste punktet i forliket hadde nok samanheng med at rådmann Mørck året fyre hadde teke innførsle i «Åsmund Berdalens Jordegods i Berdalen, hvorved 1/2 Hud for 150 Rdl. er bleven udlagt, og Aasædesretten til do. for 64 rd.» Ved dette høvet hadde Mørck tydelegvis handla på eigne vegner, og ikkje som sakførar for andre. Det er vanskeleg å skjøne korleis forfattaren av Bykle kultursoge (1993, 92) har kunna oppfatte det ovanfor fortalde som om rådmann Ole Mørck i 1739 «overtok skogen til Åsmund Tarjeisson Berdalen». I røynda medførde då utleggsforretninga at Mørck overtok heile garden unnateke skogen (som høyrde til Peder Claussen). Rett nok hadde Åsmund framleis odelsrett, slik at han og sonen kunne verta buande, men med åsætesretten i hende kunne Mørck løyse ut odelen kva tid han ville.

Etter at Åsmund Tarjeisson døydde i 1744 vart likevel Arne Åsmundsson buande her, medan broren, Tarjei, fekk overtaka bruken av Der nede og budde der. Dei var då båe ei stund leiglendingar under Ole Mørck. Men i 1746 fekk dei nye jorddrottar, for då selde Ole Mørck og Peder Claussen alt det dei åtte i Berdalen, Claussen selde skogen og Mørck avhenda dei 6 kalveskinna sine. Dei nye eigarane heitte Svenke og Tarjei Knutssøner, og var frå Tveit i Bygland. Det ser ut til at dei var sønene åt Knut Olsson Tveit og fyrste kona, Gunhild Augundsdotter, fødd Rike. Knut Olsson att var son åt Olav Knutsson Nomeland frå Hylestad (jfr. Valle I, 453f).

Tveit-karane budde ikkje i Berdalen, og dei åtte heller ikkje garden fælt mange åra. I 1749 pantsette dei eigedomen sin her med «brugelig pant» for 200 riksdalar til prosten Jørgen Henrich Abel i Bygland, og same året kaupte Svenke Knutsson att Der inne i Breive. Han er difor også omtala i bolken om det bruket.

Året etter gardkaupet døydde han i Breive. Kvar det vart av Tarjei, har me ikkje funne ut. Svenke og Tarjei Knutssøner tykkjest ha kvitta seg med med interessene sine i Berdalen fyre Svenke døydde i 1750, iallfall hadde ikkje Svenke noko her då. Vidare ser me at båe brørne sto som seljarar då Tarjei Åsmundsson i Der nede kaupte det eine av dei to skinna han sidan åtte i garden. Dette går fram av skiftet etter Tarjei frå 1765. Det andre skinnet i bruket sitt hadde Tarjei kaupt hjå Arne, bror sin, i 1760. Ettersom Arne sjølv i 1762 sat med 4 skinn i garden, skjønar me at han må ha løyst ut 5 skinn hjå Tveitkarane, og selt det eine vidare til broren. Når det gjeld skogen, er me usikre på om han kaupte denne samstundes, men iallfall er det temmeleg sikkert at han fekk tak i den også fyre han døydde.

Dette kjem me attende til etter kvart, men fyrst lyt me få med oss eit par familieoversikter. Den fyrste av dei gjeld Gyro Åsmundsdotter og mannen hennes. Dei budde fleire stader, men iallfall var ho ingen stad meir heime enn her. Av framstillingstekniske grunnar set me opp mannen hennes fyre henne.

Torleiv Alvsson Breive, d 1753

g 1. 1739 m Tone Olavsdotter Vatnedalen, f 1714, d 1744. Born:
  • Olav, f 1739, d 1744
  • Alv, f 1741, d 1741
  • Gunhild, f 1743, til stades 1749, seinare lagnad ukj.
g 2. 1749 m Gyro Åsmundsdotter Berdalen, f 1725, d 1773. Born:
  • Kari, f 1749, d 1773, ug
  • Olav, f 1752, d fyre 1801, g 1778 m Torbjørg Tarjeisdotter Røysland (?), busett Heimigard Røysland, gnr 21, gnr 7, sjå Valle VI, 523, jfr nedanfor

Torleiv Alvsson var frå Breive Der inne, og son åt Alv Knutsson på det bruket, men dåpen hans står ikkje i kyrkjeboka, så han var nok fødd fyre 1714. I det fyrste ekteskapet sitt budde han i Breive, men etter at han gifte seg med Gyro flutte dei heim til bror hennes på bruket her. Olav Torleivsson vart fødd her i 1752, ser me. Då Torleiv døydde året etter, vart han rett nok gravlagd frå Byklum, men Gyro og borna budde seinare her. Både ho og dottera Kari vart gravlagde herifrå i 1773.

Når det gjeld sonen Olav, knyter det seg noko uvisse til lagnaden hans. Alfred Ryningen har skrive (Valle VI, 523) at han kanskje var gift med Torbjørg Tarjeisdotter Røysland, og budde med henne i Heimigard. Grunngjevinga for denne identifikasjonen tykkjest plausibel:

Torleiv Alvsson Breive i Bykle og andre kona, Gyro Åsmundsdotter, fødd Berdalen, hadde ein son Olav, fødd 1752 - var det vår mann? Me gjer framlegg om dette fordi me ser at Olav [Torleivsson] og Torbjørg [Tarjeisdotter] hadde ei dotter med det heller uvanlege namnet Kari [fødd 1781]. Kari var au namnet på ei dotter åt Torleiv Alvsson og Gyro; ho var fødd 1749 og døydde 1773. Kan me tenkje oss at Olav Torleivsson har kalla opp denne systeri ? Som ein skjønar er dette gjeting, men kanskje er det rett.

Lenger kjem ein visst ikkje med dette spursmålet, men dersom det ikkje var vår Olav Torleivsson som budde i Røysland, veit me ikkje kvar det vart av han. I så fall får me heller ingen kjende etterkomarar etter Torleiv Alvsson og Gyro Åsmundsdotter. Dermed kan me gå over til halvbror hennes, som ho og Torleiv budde hjå.

Arne Åsmundsson Berdalen, f 1719, d 1785

g 1761 m Gro Gunsteinsdtr. Bratteland, f ca 1733, d 1773. Born:
  • Åsmund, f 1760, d liten eller 1773 (?), sjå nedanfor
  • Åsmund, f 1762, d 1773 (?), sjå nedanfor
  • Birgit, f 1764, g 1812 m em Såve Olsson Moi, Bygland
  • Olav, f ca 1765 (?), d 1831, g 1784 m Ingebjørg Gunsteinsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Kari, f 1766, konf. 1784, seinare lagnad ukj.
  • Jorunn, f 1769, d lita (?)
  • Jorunn, f 1771, d Austad, Bygland, 1773(?)

Gro Gunsteinsdotter vart oppskrive med adresse Berdalen då ho gifte seg. Foreldra hennes, som heitte Gunstein Tarjeisson og Birgit Olavsdotter, flutte til Hagen i 1763 eller 1764, men i 1761 budde dei på Bratteland. Kanskje har Gro fyre ho gifte seg vore tenestejente på eitt av bruka i Berdalen? Når det gjeld borna i familielista ovanfor, har me noko vanskar med kyrkjeboka. Der står vitterleg at Arne og Gro hadde to Åsmund-ar til dåpen, men ein finn berre att ein av dei mellom dei gravlagde. Dertil kjem at ein heller ikkje finn dåpen åt Olav, så fødselsåret hans her ovanfor er berre sett opp etter oppgjeven alder ved dødsfallet hans i 1831. Kanskje er løysinga at Åsmund nr 2 i røynda er ei feilføring for Olav, men i så fall er alderen ved dødsfalla både for Åsmund og Olav 2 år feil. Me vantar også dødsåret for den eldste av dei to døtrene som heitte Jorunn, og har då berre rekna med at den yngste snautt ville fått det namnet, dersom den eldre systera livde. Om dette er rett, var det den yngste av dei to Jorunn-ene som vart gravlagd i Bygland i 1773. Iallfall har Reidar Vollen i Kristiansand funne ei innførsle i Byglands kyrkjebok om at «Aadne Olsen Berdalens datter Jorunn fra Bykle» vart gravlagd i den bygda, men der står ikkje noko om alderen åt den avlidne jenta. At ho vart gravlagd i Bygland er merkeleg, ettersom foreldra så vidt me veit heile tida budde i Bykle, men dei må vel ha vore på reise då dei miste den lisle dottera?

Korleis Arne Åsmundsson greidde å finansiere utløysinga av garden på slutten av 1740-talet, veit me ikkje, men det er tydeleg at han i tida som fylgde stridde tungt. I 1754 vart han dømd til å betale ei gjeld på 17 riksdalar til prost Abel, og for å greie dette laut han pantsetje nokre slåtter til Olav Sveinsson Hoslemo. I 1759 kom Ole Mørck på bygdetinget og stemnde ei rekkje med byklarar han hadde pengar til gode hjå. Den av desse som hadde mest gjeld var Arne Berdalen, som var skuldig litt over 137 riksdalar.

Skuldmennene vart dømde til å betale, men Mørck må tydelegvis ha rekna det som meir lønsamt å lata Arne verta sitjande enn å hive han ut, for han vart verande oppsitjar i Berdalen. Men for å makte dette laut han låne 185 riksdalar hjå Gunstein Tarjeisson på Bratteland. For desse pengane fekk Gunstein i 1763 eller 1764 overtaka bruken av 2 skinn eller halve garden. I fyrste omgang var dette pantegods, men sidan åtte sonen, Vrål Gunsteinsson, dei 2 skinna fullt ut. Denne parten vart sidan skyldsett under namnet Hagen. Det Arne sat att med etter 1764 var altså dei to skinna i Der uppe.

Då Arne døydde i 1785 hadde han tydelegvis greidd å redusere gjelda ikkje så lite. Skiftet etter han er uheilt, ettersom registreringa av buet vantar, så me veit ikkje akkurat kor mykje han skulda, men det går iallfall fram at den største kravshavaren var Peder Mørck, son åt fyrrnemnde Ole Mørck, og at han hadde 93 riksdalar til gode. Dette var nok til at Mørck, fyre Arne var død, hadde forlanga auksjon over eignelutene hans for å dekkje kravet sitt. Men denne auksjonen greidde sonen, Olav Arnesson å stoppe. Dette fekk han til på den måten at han sumaren og hausten 1785 leverte i alt 8 1/2 tylvter med tømmer, av dette 3 2/3 tylvter bjelkar og resten sagtømmer, til ein samla pris av 18 riksdalar 3 ort og 12 skilling. I tillegg til dette hadde Olav også greidd å løyse ut skattegjelda etter faren, 12 riksdalar var det. Med såpass gode avbetalingar å vise til tykte tok skifteretten at det måtte vera voner om at han skulle greie resten av gjelda. Difor vart det 4.7. 1786 fastsett at auksjonen kunne avlysast, og at Olav fekk overtaka buet etter faren.

Den faste eigedomen var for det fyrste bruket her, dvs. 2 kalveskinn, men i tillegg må skogen ha vore med. For dersom Arne ikkje hadde ått skog, kunne sonen vanskeleg ha levert tømmerlast til gjeldsavbetaling. På denne bakgrunnen fekk då Olav overtaka garden og skogen.

Olav Arnesson Berdalen, f ca 1765, d 1831

g 1784 m Ingebjørg Gunsteinsdtr. Byklum, f 1754, d 1842. Born:
  • Åsmund, f 1785, d 1798
  • Arne, f 1789, d 1789
  • Arne, f 1790, g 1813 m Sigrid Knutsdtr. Berdalen, sjå nedanfor
  • Gro, f 1793, d 1801
  • Gunvor, f 1796, g 1816 m Olav Torsteinsson Ørnefjødd, sjå Hagen, bnr 5
  • Åsmund, f 1799, g 1826 m Margit Olavsdtr. Mosdøl, sjå Skadden under Mosdøl

Ingebjørg Gunsteinsdotter vart skrive med adresse Byklum då ho gifte seg i 1784, ettersom foreldra hennes budde i Uppistog på den tid. Dei heitte Gunstein Såvesson Stavenes og Gunvor Gjermundsdotter, fødd Byklum. Ein kan lesa meir om dei i bolkane om Uppistog Byklum og Øvre Stigamoen under Trydal.

Johannes Skar har ei soge om ein legendarisk stortjuv dei kalla «Kjetil Tjov» (Gamalt or Sætesdal I, 304 f), som skulle ha gøymt ein skatt i Urenosi, og om korleis ei rekkje valldølar og byklarar prøva seg på å få tak i skatten. Mellom desse var Olav og Bendik Berdalen:

Dei la av åt Urenosi den eine etter den andre. Bendik Berdalen kaga inn i holet - han skvatt upp til å gråta då han fortalde det. Olav Ånisson la til - han var frå Berdalen

likeins. Der var ein austmann som fylgde han, og han var kjempe han, liksom Olav. Dei gjekk til leds ned i toi. Då låg der sjau byrsor til sjavskot; i holet låg ei flett kyr og velte seg. Dei såg raudstakkane koss dei lyste; men då rymde dei: «De finnst alli menneskjin som tor' smjuge de holi um det galdt 'ass liv», sa Olav - «å kåme ni toi», sa han, «de va uvandt; men å take medelen, de va urådelegt».

Såleis vart det ingen skatt på Olav Berdalen, utover det han laut betale inn til kongens kasse. Me har ikkje funne noko skifte etter han, men me er sikre på at han åtte bruket sitt, for det fekk han eit eidsvore vitnemål om hjå lagrettemennene i Valle i 1824. Skogen hadde han derimot mist, ser det ut til. Iallfall fortel Bykle kultursoge (1993, s. 93) at ein prokurator Mathias Bille Kjørboe kaupte han på tvangsauksjon i 1823, og det trur me er rett, jamvel om me ikkje har funne att det dokumentet opplysninga er henta ifrå. Kven Kjørboe kaupte av går ikkje fram, men det er godt truleg at også dette var utanbygds interessentar, og i så fall har Olav måtta sleppe skogen ifrå seg tidlegare. Me kjem straks attende til Olav Arnesson og etterfylgjarane hans på bruket, men etterdi me nå er inne på skogen, skal me fyrst taka med ein merknad om skyldsetjinga av han.

Tidlegare hadde han ikkje vore skyldsett, men ved utarbeidinga av den nye matrikkelen i 1838 vart skogen sett opp som eit eige bruk under Berdalen med løpenr. 8 og ei landskyld på 23 skilling. Dette var 11 pst. av skylda for heile Berdalen, noko som kan ha vore rimeleg nok. Men då er det heller påfallande at skogen (nå med bnr 6), utan at arealet var endra, i 1886-matrikkelen vart sett til 197 øre, eller 42 pst. av den samla skylda på gnr 3. Bakgrunnen for denne merkelege oppvurderinga kjenner me ikkje, men det kan sjå ut til at eigedom på utanbygds hender i 1886 hadde lett for å koma ekstra høgt i skyld. Meir skal ikkje seiast om dette, og me kan då vende attende til oppsitjarane på bruket.

Me reknar med at grunnen til at Olav fann det turvande å skaffe seg tinglyst heimel gjennom det fyrrnemnde vitnemålet frå lagrettemennene i 1824, var at sonen då skulle overtaka bruket. Heller ikkje han fekk tinglyst skøyte på eigedomen, men frå dette leitet og frametter var det han som svara gardskatten.

Arne Olavsson Berdalen, f 1790, d ca 1853

g 1813 m Sigrid Knutsdtr. Berdalen, f 1888, d 1860. Born:
  • Gro, f 1814, g 1836 m Knut Åvoldsson Byklum, sjå Juvet, gnr 14, bnr 4
  • Ingebjørg, f 1816, g 1853 m Tarjei Olavsson Dysje, sjå Skolås, gnr 9, bnr 2
  • Olav, f 1820, d 1820
  • Ingebjørg, f 1821, g 1856 m Ånund Asbjørnsson Berdalen, sjå Der nede, bnr 1
  • Olav, f 1825, g 1856 m Gyrid Helgesdtr. Berdalen, sjå nedanfor
  • Knut, f 1829, g 1858 m Tore Arnesdtr. Trydal, utfl. til Stavanger 1862, d 1865, sjå Nordstog Trydal bnr 2.
At Arne O. Berdalen til slutt vart drepen av ein bjørn, har me frå sonedottera Sigrid K. Nomeland i Amerika (sjå bolken om Trydal Der inne). Teikninga her er laga av Erik Werenskiold til eventyret «Vel gjort og ille lønnet». Nasjonalgalleriet, Oslo.

Knut Asbjørnsson i Berdalen Der nede og kona, Ingebjørg Pålsdotter, fødd Stavenes, var foreldra åt Sigrid Knutsdotter. Etter familietradisjonen skal Arne Olavsson ha vore ein ihuga ijørnejeger, som i laupet av livet gjorde ende på 8 bjørnar, men til slutt sjølv vart drepen av ein bjørn.

Johannes Skar har ein passasje om korleis Berdalsskogen vart ein del av «De Mørkske skove» (Gamalt or Sætesdal II, 126):

Per Mørk kaupte Berdalsskogen for ei lauvsylgje. Han hadde sett ut mat på byklarane og fengje sylja i vissor. Men då dagen kom og peningane skulde ut, då hadde dei ikkje pening. Og dei heldt so av den sylgja. So gav dei han Berdalsskogen i lika.

I ein fotnote til det hermde står ei liknande soge, tydelegvis etter ein annan forteljar. Forteljaren her kunne godt vera Arne Olavsson:

Papa selde all skogen til uthogstr til eit visst mål; dei kom ti um tvo tusen dalar - det var so fæl skog han hadde. Men der vart so mykje klabb med den handelen. Kontrakti vilde dei setje upp heime hjå seg, so skulde papa skrive under når han kom til byen. I mellombil var ein merkjar innum til han: «Du må reise ti byn i fljugande sta' å likso fort nott som dag, å glåpe vel, fyrr du skrivar undi», sa merkjaren, «hellis kjem'e du ti trege de», sa han. Då hadde dei skrive so, at det var papa som hadde åbersten på alt dei sette seg for og bar upp, dei som dreiv ut skogjen; han tenkte ymist han likso godt hadde mått gjevi dei skogen for inkje. Dei vilde retta på det, sa dei. Men han tok ut med same tak. Han tala so harmt um dei handlarane, papa.

Arne døydde truleg i 1853. Dette dødsfallet står det ikkje noko om i kyrkjeboka, men i februar året etter ser me at Sigrid hadde vorte enke, og at ho då skøytte bruket over på eldste sonen. Prisen ved dette høvet var 250 speciar, «hvoraf 100 spd. skal afgjøres til Arne Olsens kreditorer».

Så langt komne vender me merksemda mot sonen som overtok bruket:

Olav Arnesson Berdalen, f 1825, d 1886

g 1856 m Gyrid Helgesdotter Berdalen, f ca 1818, d 1886. Born:
  • Arne, f 1856, g m Gunvor Gjermundsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Margit, f 1859, g 1888 m Sigbjørn Olavsson Holen, sjå Der nede, bnr 1
  • Sigrid, f 1861, d 1867, blind
Det skulle nok ei langt gjævare sylje enn denne lisle lauvsylja til for at ho kunne godtakast som betaling for ein skog. Men iallfall er det då ei gamal sylje frå Bykle. Ho kom til Norsk Folkemuseum i 1905, går det fram av museets tilvekstkatalog. Folkemuseet skaffa biletet av henne.

Gyrid Helgesdotter var frå Hagen, bnr 5, og eldste dotter åt røldølen Helge Olavsson, som hadde kaupt og flutt til det bruket i 1837. Då faren døydde i 1854 overtok Gyrid eigedomen hans, så då ho gifte seg med Olav Arnesson 2 år seinare, fekk han hand om Hagen i tillegg til sitt eige bruk.

Av folketeljinga frå 1865 ser me at Olav og Gyrid hadde hest, 11 storfe, 16 sauer og 13 geiter. Sånaden deira var 4 tunner bygg og 3 1/2 tunner jordeple. Ti år seinare var her 1 hest og 1 fole, 7 kyr, 5 ungnaut og kalvar, 20 sauer og lam, 8 geiter og kje. Sånaden i 1875 var 1 1/2 tunner bygg og 4 tunner jordeple.

I den gamle gards- og ættesoga (178) les me at Olav Arnesson «åtte båe gardane [dvs. Der uppe og Der nede], og Hagen», og dette stemmer. At han fekk hand om Hagen gjennom giftemålet sitt i 1856, var me inne på ovanfor. Når det gjeld Der nede, har me ikkje funne noka beinveges opplysning om at Olav kaupte det bruket av Asbjørn Kjetilsson, då Asbjørn drog til Amerika med kone og tre born i 1885. Men at denne handelen må ha funne stad er me likevel nokså sikre på, for elles kunne snautt Arne Olavsson ha overdrege bruket til Sigbjørn Olavsson Holen i 1888, og det veit me at han gjorde.

Me har heller ikkje nokon tinglyst heimelsovergang frå Olav Arnesson til sonen å vise til, men slik det ser ut er det mest truleg at han overtok eigene av faren fyrst etter at denne var død.

Arne Olavsson Berdalen, f 1856, til Mo 1891, d 1932

g 1878 m Gunvor Gjermundsdtr. Byklum, f 1858, d 1927. Born:
  • Olav, f 1878, til Amerika 1907, forsvunnen, truleg ug
  • Gyrid, f 1881, til Amerika 1907, d Dalen 1952, ug
  • Margit, f 1883, d Dalen 1959, handikappa, ug
  • Sigrid, f 1885, d 1970, husmor, g 1909 m Peder Andersen Lien, Åmdals Verk, busett Dalen, ikkje born
  • Gunhild, f 1888, d 1972, småbrukarkone, g 1909 m Halvor Jonsson Barstad, f 1887, d 1972, busett Sundet, Skafså, gnr 56, bnr 2, born:
  • Ingebjørg, f 1910, g m Einar Sanden, Vrådal
  • Jon, f 1912, g m Tora Dale, busett Åmdals Verk
  • Arne, f 1914, g m Åsne Vinje, busett Kongsberg
  • Gjermund, f 1916, g. m Tora Dale, busett Kristiansand
  • Einar, f 1918, g m Gudrun Eriksen, busett Skafså
  • Olav, f 1920, g m Borgny
  • Gunvor, f 1922, g m Nils Bakkan, busett Vrådal
  • Kjetil, f 1924, g m Olga Barsgård, busett Fagernes
  • Haldis, f 1926, g m Johs. Barsgård, busett Dalen
  • Anna, f 1928, g m Kåre Barsgaard, busett Seljord
  • Gjermund, f 1890, vegarb., d 1969, g 1915 m Kari Jensdtr. Svolsbru, Brunkeberg, f 1891, d 1983, busett Dalen, born:
  • Arne, f 1916, d 1973, g m Gina Askedalen, busett Dalen
  • Marie, f 1917, d 1989, g m Peder Corneliussen, busett Sande i Vestfold
  • Gunvor, f 1919, d 1986, g m Olav Pekeberg, busett Vrådal
  • Inga, f 1921, d 1994, ug, busett Dalen
  • Jenny, f 1923, g m Hans Olav Henriksen, busett Holmestrand, sidan Dalen
  • Knut, f 1929, d 1975, ug
  • Peder, f 1930, g m Randi Sandland, busett Dalen
  • Ingebjørg, f 1892, d Hennepin County, Minnesota, 1948, g m Mikkel Jonsson Barstad, ikkje kjende born.
  • Hæge, f 1895, d 1925, busett Dalen, ug
  • Sigrid, f 1897, g m Engerønningen, busett Hvittingfoss, 2 born
  • Knut, f 1900, d 1925, ug

Gunvor Gjermundsdotter var frå Uppistog Byklum, og dotter åt Gjermund Gunsteinsson på det bruket og kona Margit Hallvardsdotter, fødd Byklum.

Som det vil gå fram av familielista ovanfor bia ikkje Arne og familien hans lenge etter at han hadde overteke garden. Men han gjorde sumt med eigedomane fyrr han reiste. I 1888 overdrog han Der nede og 3/7 av Hagen til verbroren Sigbjørn Olavsson Holen. I 1890 selde han Jeiskeli til samen Jon Andersen Stannfjell.

folketeljinga i 1891 vart oppteke, budde det ingen på bruket her, for tidlegare på året hadde Arne og huslyden hans flutt ifrå, og reist til Sudigard Nordgarden i Mo, gnr 27, bnr 3. Dei var bruksfolk der eit bil, men i 1895 var dei bruksfolk på Reindal, gnr 28, bnr 2, og i 1900 på Nordigard Vistad, gnr 42, bnr 3. I åra 1907 til 1927 budde dei i eit hus i Hyttebyen på Vistad. Arne vart der notert som «arbeider» (jfr. Mo bygdebok I, 411, 427, 607, 631).

Kva som gav støyten til flytjinga har me ingen beinveges opplysningar om. Tinglyst gjeld var det ikkje på garden, men den sosiale deklasseringa tyder i alle høve på økonomiske problem. På denne bakgrunnen kan det virke litt underleg at Arne tykkjest ha sete med bnr 4 til 1899, og 4/7 av bnr 5 til 1900. Men i alle høve ser det ut til at han inntil vidare greidde å halde fast på heimelen sin. I 1899 og 1900 vart eigedomane som nemnt likevel avhenda, og avhendinga gjekk fyre seg gjennom auksjon. Det var firmaet Bjerke og Foss som fekk tilslaget.

Bjerke og Foss var tømmerspekulantar, og hadde hatt eigedoms- og tømmerforretningar gåande i Bykle sidan 1888, då dei kaupte dei såkalla «Mørckske skove» av ingeniørkaptein Peter Krag. Innhaldet i nemninga «De Mørckske skove» var noko skiftande, men i 1895 femnde det iallfall over Hovden Der nede, Berdalsskogen, Hoslemoskogen og Glidbjørgskogen.

Dei to mennene til venstre på dette biletet skal vera Bjerke og Foss. Dei var ved det fotograferte høvet på veg til ein takst over Berdalen, vert det oppgjeve, og dei andre karane på biletet skal vera ukjende takstmenn. Me gjet på at Berdalsskogen vart taksert i 1894, i samband med skipinga av a/s Sætersdalen. Då trongst det nok takst for å få reist nok kapital, ville me tenkje. Biletet kjem frå samlinga til Setesdalsmuseet.

I den gamle gards- og ættesoga (175) les me at «Otteråens Brugseierforening kjøpte [Berdalen Der uppe] av Brun», at «Brun kjøpte bruket av L/L Setesdalen då det lutlaget gjekk konkurs». Denne framstillinga er ikkje dekkjande. For å greie ut det som faktisk skjedde, lyt me koma litt nærare inn på historia til A/S Sætersdalen.

Dette eigedomssselskapet vart skipa i 1895 med det uttrykkelege fyremålet å forvalte «De Mørckske skove». Hovudinteressentane var ovannemnde Bjerke og Foss, som hadde måtta lata eigedomane sine gå på tvangsauksjon etter krav frå ein sak førar J. I. Bruun, som handla på vegner av ei gruppe kreditorar. Bruun fekk sjølv, «som eneste Bydende» tilslaget på tvangsauksjonen, som vart halden 6.12.1894, for 10.000 kr. Men eit par veker seinare selde Bruun vidare til ein son åt ovannemnde Bjerke for 32.000 kr. Den yngre Bjerke selde i sin tur, det var 31.3.1895, vidare til det nyskipa A/S Sætersdalen for 50.000 kr. Sakførar Bruun åtte då Berdalsskogen eit par-tre veker, men ikkje Berdalen Der uppe, og skipinga av A/S Sætersdalen var altså i røynda lite meir enn ein refinansieringsoperasjon for Bjerke og Foss. Dei fekk henta inn meir kapital, og selde gjennom tvangsauksjonen i praksis eigedomane til seg sjølve. I tida som fylgde dreiv Bjerke og Foss vidare, delvis i namnet åt A/S Sætersdalen, men delvis på eigne vegner, og dei eigedomane dei kaupte opp kring hundreårsskiftet var dei personlege eigarar av. I 1907 fylgde ein ny tvangsauksjon, men også denne venda fekk dei ordna det slik at A/S Sætersdalen vart ny eigar. Dei greidde å halde selskapet i gang til 1911, men då vart det slege konkurs. Denne konkursen førde i fyrste omgang ikkje til omfordeling av eigedomane, ettersom Otteraaens brugseierforening overtok aksjane i selskapet, rekonstruerte det og dreiv det vidare. Sidan har eigedomsmassa minka ikkje så lite, men selskapet eksisterer framleis, og høyrer framleis til brukseigarforeninga.

Dermed reknar med oss ferdige med Bjerke og Foss og A/S Sætersdalen i denne omgangen, og kan då vende attende til bruket her.

Om her var nokon dei fyrste åra etter at Arne Olavsson flutte ifrå i 1891 er me usikre på, men i 1894 eller 1895 kom samen Ole Johan Andersen hit. Ole Johan var fødd i Tãrna i Sverige, men flutte til Vefsn i Nordland i 1873. Foreldra hans heitte, etter det Adolf Steen opplyser i ein artikkel i Sameliv i 1955, Anders Klemetsen Arifjeld og Kristine Andersdatter. Bror åt Kristine var Jon Andersen Stannfjell, som budde i Jeiskeli frå noko fyre 1890.

Ole Johan kom til Bykle i 1892, og fekk då taka over reinsflokken og gardsbruket åt Jon, som var barnlaus. Dette fekk han gåvebrev på, som var fullt gyldig, om det enn ikkje var tinglyst. Men etter kort tid råka han uklar med onkelen, og det var etter dette han budde her på bruket ei stund. Han åtte det ikkje, og må vel ha leigd hjå Arne Olavsson Berdalen som framleis sto som eigar.

Men lat oss nå få med eit oversyn over Ole Johan og folket hans:

Ole Johan Andersen, f 1856, d 1924

g 1893 m Torbjørg Salmundsdtr. Breive, f 1872, d 1897[1]. Born:
  • Anna Kristine, f 1894, g 1934 m Salmund O. Berdalen, sjå Hagen, bnr 5
  • Olav, f 1895, til Amerika 1923, busett Montreal, Kanada, g m Gertrude, barn:
  • Johan, sjå nedanfor
  • Anders, f 1897, skreddar, g 1932 m Turid Hallvardsdtr. Berg, sjå Åsland, bnr 16

Torbjørg var fødd i Gjerden som dotter åt Salmund Knutsson Breive og andre kona, Tjodvor Olavsdotter Maurlii. Då Ole Johan og Torbjørg gifte seg i 1893, vart han notert i kyrkjeboka som «Ungkar, Gaardmand og Renhjordeier i Berdalen». Me reknar med at han då budde i Jeiskeli, og me veit at han då framleis hadde gåvebrevsheimel til eigene åt Jon. Men etter kvart som usemja mellom Ole Johan og onkelen auka, var det ikkje verande for han i Jeiskeli lenger, så i 1894 eller 1895 flutte han og familien hit. I det sistnemnde året skreiv han under eitt rettsforlik med onkelen der han gav avkall på den arven han hadde fått brev på i 1892.

Men også her på bruket var nok stoda usikker, ettersom Arne Olavsson var i ferd med å misse eigedomen. Me trur at dette må ha vore ein del av bakgrunnen for at Ole Johan alt i 1896 fann det best å flytje vidare til Systog Stavenes, som på denne tid sto ledig. Det er heilt sikkert rett, som det står i den gamle gards- og ættesoga (156) og Bykle kultursoge (1993, 49) at han kaupte det bruket av Ingjerd Knutsdotter, jamvel om heller ikkje den handelen vart tinglyst.

I Kultursoga (fn. st.) les me vidare at «i 1899 døydde kona hans. Han sat att med tre små born, og måtte då selje garden [dvs. Systog Stavenes]». Dette må korrigerast ørlite: For det fyrste døydde Torbjørg nyårseftan i 1897, og altså ikkje i 1899, for det andre reiste ikkje Ole Johan frå Stavenes då kona døydde, ettersom folketeljinga frå 1900 viser at han framleis budde der på slutten av det året. Knut Knutsson Breive i Nordstog fekk skøyte på Systog i 1902, men fyrst i 1909 tok Bjørgulv K. Stavenes, son hans, over eigedomen. Ole Johan hadde då eit par års tid budd i på Møsstrond i Rauland. Dette går fram av ei flytjeattest frå lensmann Ole Lund frå 1907, som er i eiga til Håkon Breive. Men etterkvart kom han attende til Bykle, og var busett i Breive då han døydde i 1924, står det i kyrkjeboka. Han vart likevel gravlagd på Ose, avdi han døydde i den bygda.

Sønene Olav og Anders nytta etternamnet Breive. Det me har å melde om Anders står i bolken om Åsland, bnr 16. Olav har me funne i amerikanske kjelder der det står at han gjekk i land på Ellis Island i New York i 1923. I dei papira han då fylte ut skreiv han at han var sjåfør av yrke, og sikta på å bu i Brooklyn. Slik gjekk det likevel ikkje, for etter det brorsonen Håkon A. Breive fortel kom han til å bu i Montreal i Kanada. Han var tilsett i Hudson Bay Company, og farta vide ikring i landet og kaupte opp skinn for dette selskapet.

Men attende til bruket her. Dei neste me veit om budde her er læraren Gjermund O. Hoslemo, og familien hans, som var her frå 1905 og frametter yil 1915, og bruka garden for A/S Sætersdalen i denne perioden. I det sistnemnde året flutte dei til Austistog Byklum, som Gjermund kaupte på auksjon i 1914. Dei får nærare omtale der.

Eivind H. Bø (1877-1961). Biletet her er teke av fotograf Hangaard i Kristiansand ein gong i åra 1905-1907, på den tid då Eivind budde i Trydal. Frå tida etter flytjinga til Berdalen har Gjermund S. Hoslemo fortalt det fylgjande: «Eivind var fast køyrekar for A/S Sætersdalen, og køyrde tømmer for dei or Berdalsskogen og ned til den gamle Hoslemosaga på austsida av Otra, nordom Hoslemohylen. Han var uvanleg sterk, og tok stokkane så lett, fortalde Knut S. Hoslemo (e.).». Bilete frå Setesdalsmuseet.
Foto: Ole Hangaard (omkr. 1905–1907).
Hesteskjuss under Hoslemokleiva ved Hoslemohylen. I bakgrunnen ser ein den gamle Berdalssaga. Køyrekaren er Eivind H. Bø. Fotograf Hangaard frå Kristiansand tok biletet, kopierte det opp, og selde det som prospektkort. Me veit ikkje sikkert kva år dette var, men det er kjent at Hangaard var i Bykle og fotograferte i 1910, og også dette biletet kan godt skrive seg frå den turen.Til bygdeboka har det kome frå Torbjørg Solhaug Løyland via Setesdalsmuseet.
Foto: Ole Hargaard (omkr. 1910).

Året etter at Gjermund Hoslemo flutte til Austistog, kom Eivind H. Bø og huslyden hans flytjande hit frå Strondi i Trydal. Eivind hadde etternamnet sitt frå i Valle, der han hadde vakse opp hjå mora på plassen Tjørgrov under Syndre Bø, og sidan på plassen Kjelleberg under Løyland. Foreldra heitte Birgit Knutsdotter Nesland og Hallvard Eivindsson Berg (jfr. Valle III, 153, 436).

Eivind Hallvardsson Bø, f 1877, d 1961

g 1.1899 m Tone Sigbjørnsdtr. Glidbjørg, f 1873, d 1912. Born:
  • Sigbjørn, f 1899 g m Ingebjørg Olavsdtr. Vatnedalen, sjå Åsheim, gnr 4, bnr 6
  • Birgit, f 1900, g 1918 m Johan Johansson, Bygland, busett Hylestad, sjå Valle II, 123
  • Knut, f 1902, utfl. til Kanada 15.5. 1928
  • Åshild, f 1905 d 1918
  • Jon, f 1907, utfl. til Kanada 25.3. 1929
  • Torbjørg, f 1909, utfl. til Kanada 25.3.1929
  • Olav, f 1912 d 1912
g 2. 1920, m Birgit Sigbjørnsdtr. Hoslemo, f 1883, d 1937. Born:
  • Sigbjørn, f 1922, g 1953 m Jorunn Olavsdtr. Nylund, sjå Uppigard Hoslemo, gnr 4, bnr 2
  • Olav, f 1925, g 1951 m Torbjørg Hallvardsdtr. Sanden, sjå nedanfor, bnr 14

Sigbjørn Helleiksson Glidbjørg og kona, Åshild Auversdtr., fødd Gjerden, var foreldra åt Tone, fyrste kona av Eivind. Birgit, kone nr 2 var dotter åt Sigbjørn Åsmundsson Stavenes og kona, Jorunn Gjermundsdotter, fødd Byklum.

Eivind budde med Tone på Strondi i Trydal frå 1900, og åtte det bruket i perioden 1905 til 1917. I det sistnemnde året selde han det til Olav Såvesson Trydal frå Storstein, som hadde odel, og året etter flutte han og borna hans hit. Eivind overtok då brukaravtala med A/S Sætersdalen etter Gjermund Olavsson. Eit par år seinare gifte han seg omatt med Birgit Sigbjørnsdotter Hoslemo.

Nå vil tilfellet at det finst ein litterær godbit av ei skildring av Eivind og huslyden hans. Bakgrunnen for denne er at Mikkjel Fønhus og Tarjei Vesaas kom på vitjing ein kveld våren 1925. Dei hadde gått på ski over frå Froland i Mo, og kom nedatt til folk i Berdalen. Like etterpå publiserte Vesaas eit stykke i Nationen om turen og dei menneska dei hadde møtt. (Nationen 21.3.1925, opptrykt i Vesaas, Tarjei : Huset og fuglen. Tekster og bilete 1919-69, red.: Walter Baumgartner, Oslo 1971, 117 f). Vesaas nemner ikkje andre namn enn Berdalen, men av dei omtala omstenda ser ein greitt kven det er han skriv om:

Der skimta nokre hus derburte. Fønhus sa med kart i hand at det var den vesle grendi Berdalen, det kunde no elles vera det same med navn og slikt ikveld, me var so slitne, det var nokk at det var menneskebu. Me kom fraa fjellet, og der burte var gardar der det var noko godt aa hente. Kvile og mat for den om trong det.

Ja, og vel var det også meir. Det var ein ny dal aa sjaa, eit anna folk, eit folkeslag liksom tungt av song og segner, me hadde høyrt so mykje um dei, der dei sullar seg i Otras drag.

Me kom fram til den vesle grendi, fire fem gardar var det, dei laag i ein krins og var merkte av det magre fjell, hadde slege seg saman her, og laag og kurde. Og braatt kom der til oss i myrkret ein sterk og stille song, me vart so tekne ved det, det var Otra som helsa med sin tone.

Me fann fram til ei stoge, der var ingi lampe tend enno, en ovnsdøri stod uppe, og derfraa fekk stoga liv og ljos og skuggar etter som logen fann for godt der han leika tyrield.
- Kann me faa hus ?
- Ko er de fe karar ?

Der sat ein mann i benken, var skjorte-erma, var høg og soleis som ein mann skal vera, der var no grisgrendt mellom okslene hans, og han hadde eit halvlaagt mæle til å spyrje, det kom for meg korleis han vel kunne gjera mælet trolsk og fagert naar han tala med dei han hadde kjær på jord.
- Vil de taka det som me hev det, so kann de nokk faa hus.

Og mannen fekk lampe tend, tyrilogen fekk ikkje spela seg meir, og no saag me at stoga hyste alt fleire liv. Der sat vivet til mannen med det fagre mælet, sat og trødde vogga so vart, kunde vel ikkje lata vera tenkje paa alle dei logne ord ho hadde fenge til gaave av venen sin.

Ein menneskekryp laag i vogga og stirde stilt og tenksamt mot oss, saag oss ikkje likevel, var for nye dessa augo, hadde so underfullt mykje aa vekse fram til, ein sjæleknupp einast var det.

Ja, og jamsides stod ein gutepjokk, bror til den i vogga, so og so lang var han, og der lenger burte sat syster hans, ho var den eldste. Baan var ho vel, og daa ho smilte, fekk ho dei finaste smaa dekkar i sine kinn.

Slik sat huslyden daa myrkret laut ut i krokane, hadde havt ei kveldsstund so for sjølve seg, sat der i sine gamle klædedragter, var stolte yver dei, førde seg med ynde i dessa gamle plagg.

Utpaa kvelden sa husbonden til vivet sitt so braatt:
- Finn du okke noko øl!

Svaret kom mjukt attende:
- Ja, reis ne'i - Ho hadde ikkje tid som skulle vogge baan i blund.

Mannen var nedi kjellaren etter øl og skjenkte. Tok til fortelje daa, nokre gamle stubbar, det var um Reidar som laut ride tri gonger yver Reidarsfoss for aa fri seg or utlege, og møyi hans stod saag paa, og tridje gong gjekk dei i fossen baade hest og svein.

Fortalde og um gjestebod og lag daa blodet rann, ikkje lenger sidan enn at han mintest det godt, eit drap han hadde maatt set paa nedi Valle-bygd, ein mann som anda ut ved at han fekk eit span i bringa. [Dette må vera drapet på Olav Bjørnarå.] Men det var no slutt med slike ville fester.

Og han fortalde um fjellgarden sin her, seks kyr fødde dei, og jordeple mognast godt, men bygget mogna ikkje hera.

Kunde tala so godt for seg denna mannen, og kunde le so godt, lo i det heile gjerne.

- Kven er detta? spurde han daa Fønhus eingong gjekk ut, han fekk vita det, og han laut vende seg til vivet sitt med den gladaste laatt då og:
- Nei, er det han !

Var nokk kjend og avhalden ogsaa her Mikkjel Fønhus.

Der vart natt yver den vesle magre grendi, kaldt og stjønneklaart, fjelli stod og sov ikring her, berre Otra livde og spann sine sullar ut.

Er her godt ver ?

Det var um morgoen.

Forunderleg stilt kom det:
- Ja, her er -

Det var ho med smiledekkan som svara, halvt baan og halvt kvinne, noko so bljugt og kløkt yver detta anletet.

Men mannen med okslene hadde alt reist paa høykøyring daa me kom ned i stoga. Me bad kona helse til han, fekk i det same vita at han ikkje var uppfødd her, der var noko byrgt yver henne daa ho sa det:
- Aa nei, han er fraa Valle, han -

Med den siste lina av sitatet smell identifikasjonen av dei omtala i lås: Eivind Bø var den einaste av gardbrukarane i Berdalen på denne tid som var fødd i Valle. Og alderen på borna stemmer: Den lisle i vogga er Olav, den seinare oppsitjaren på garden, pjokken som var «so og so lang» er Sigbjørn, som sidan hamna i Uppigard Hoslemo, og «ho med smiledekkan» lyt vera Torbjørg. Ho var 16 år då Vesaas såg henne, og 20 då ho tok ut til Amerika.

Vesaas (fødd 1899) og Fønhus (fødd 1894) var i og for seg båe etablerte forfattarar i 1925. Men Fønhus hadde skrive fleire bøker, og vart kjend og populær alt med debutboka Skoggangsmenn (1917). Etter utgjevingane av Der vildmarken suser (1919), Det skriker fra Kvervilljuvet (1920) og Trollelgen (1921), var det omlag ingen lesande bygdefolk som ikkje visste om han. I 1925 hadde han tvillaust fleire lesarar enn Vesaas hadde kunna skaffe seg med Menneskebonn (1923) og Sendemann Huskuld (1924). Det er såleis som ein kunne vente at Eivind Bø kjende Fønhus betre.

Som det går fram ovanfor, reiste 3 av borna åt Eivind til Kanada i 1928 og 1929. I emigrantprotokollen frå Kristiansand finn ein dei oppskrivne med etternamnet Trydal. Korleis det gjekk dei i det nye landet, har me ikkje greidd å skaffe opplysning om om.

I andre halvparten av 1930-åra gjekk Eivind og fleire av dei andre som bruka eigedomane åt A/S Sætersdalen til oreigningssak, og fekk taka att ein stor del av det selskapet hadde sete med. Av ein eller annan grunn fekk ikkje oppsitjarane hand om alt, så A/S Sætersdalen vart sitjande att med mykje av Berdalsskogen og dertil heiområdet Badstogdalen. Om me har lese karta rett, kan dette dreie seg om i alt kring 4000 mål.

Etter oreigningssaka fekk Eivind i 1938 overtaka gardsbruket her for 5000 kr. Det vart då rekna som eit nytt bruk, med bnr 14, som gjekk ut frå bnr 4 med 63 øre og frå bnr 6 (Berdalsskogen) med 5 øre. Aksjeselskapet hadde framleis att eit stykke med 2 øre skyld i bnr 4 og dertil bnr 6 med ei skyld på 159 øre (som må vera meiningslaust høgt).

Eivind H. Bø åtte bruket frå 1938 til 1946. I 1942 sette han opp ny stogebygning. I 1946 skøytte han eigedomen over til den yngste av sønene, som var den einaste som framleis budde heime.

Olav E. Berdalen på moped i 1986. Foto frå Studio G.A. Reklamebyrå, funne i kommunearkivet.

Olav Eivindsson Berdalen, f 1925, d 1997

g 1951 m Torbjørg Hallvardsdtr. Sanden, f 1932, ikkje born.

Torbjørg er dotter åt Hallvard Eivindsson Sanden og kona, Birgit Svensdotter, fødd Røysland.

Olav sette opp ny uthusbygning på bruket i 1952-53, og 1954 bygde han på stoga frå 1942. I 1953 hadde han og Torbjørg hest, 3 kyr, 2 kalvar og 11 sauer, står det i Norges Bebyggelse. I 1970 var her 4 kyr, 3 kalvar og 11 sauer.

Etter 1946 er det ikkje tinglyst nokon heimelsovergang, men etter det me får opplyst skøytte Torbjørg året etter at Olav var borte, eigedomen over på sonedotter åt bror hans, Ragnhild Gjermundsdotter Hoslemo (sjå Uppigard Hoslemo). Torbjørg bur nå [2005] i ein kommunal aldersbustad i Kyrkjebygdi.

Referansar

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Der uppe (Bykle gnr 3/4) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Berdalen • Neste bolk: Berdalen Der nede