Hagen (Bykle gnr 3/5)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hagen
Berdalen 17.jpg
Hagen 18.7.1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Utskilt: 1764
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 3
Bnr: 5
Type: Gardsbruk
I dag er Hagen så tilgrodd med skog, at det er vrangt å få eit brukeleg bilete av tunet. I staden set me difor inn eit utsyn frå Hagen mot Vatnedalsdammen. Taka i Hagen er såvidt synlege i underkant av biletet.
Foto: Aanund Olsnes (2005).

Hagen, som er det neste i rudningsrekkja i Berdalen etter Der uppe og Der nede, er den nedarste eininga. Når ein har køyrt opp bakkane frå Berdalsbru er altså tunet her det fyrste ein kjem til. Opphavleg var bruket husmannsplass under Der uppe, men det vart tidleg sjølveigarbruk.

Bruksnamnet er det gamalnorske hagi, m, i tydinga «Jordstykke som er udlagt til Havnegang eller Græsgang for Feet» (Fritzner, J.: Ordbog over det gamle norske Sprog, I, 1886, 689a). Olav Haslemo (h.oppgv. norsk 1968, 171) peikar på at ordet ikkje er vanleg i denne tydinga i målføret, og dette meiner me er eigna til å styrke ein tanke om at namnet ikkje er særleg gamalt, og berre vart hangande ved bruket etter at ein røldøl som skreiv seg med etternamnet Hagen flutte hit i 1837. Me kjem attende til den mannen, men fyrst lyt me sjå på ei rekkje med eldre oppsitjarar.

Dei fyrste me kan vita budde her er Søren Aslaksson Mosdøl og Gunhild, andre kona hans, og desse meiner me kom hit kring 1750. Søren hadde vore foddogsmann i Mosdøl, bnr 3, då han vart enkemann i 1744. Men då han noko seinare gifte seg omatt med Gunhild, vart det til at dei flutte hit, og vart husmannsfolk. Nokre år etter dette att, kring 1760, flutte dottera Gunvor og Svenke Alvsson, mannen hennes, i hop med Søren og Gunhild. Søren er nøyare omtala i bolken om Mosdøl, men dottera og familien hennes set me opp her.

  • Gunvor Sørensdtr. Mosdøl, f 1727, d etter 1774
g 1754 m Svenke Alvsson Breive, n 1754, d 1774. Born:
  • Gunhild, f 1755, sjå nedanfor
  • Knut, f 1758, g 1784 m Gyro Sigurdsdtr. Rygnestad, busett Åsen Rygnestad, gnr 25, bnr 18, sjå Valle VI, 240 f
  • Ragnhild, f 1759, g 1800 m Lavrants Lidvardsson Homme, busett Systog Hommelunden, gnr 28, bnr 7, sjå Valle V, 528
  • Torleiv, f 1763, konf. 1781, seinare lagnad ukj., d fyre 1801 (?)

Svenke Alvsson var frå Breive Der inne, son åt Alv Knutsson på det bruket, og bror åt Torleiv Alvsson, som me har fortalt om i bolken om Der uppe. Liksom for Torleiv vantar me dåpsdatoen også for Svenke, og vil då tru at han var fødd fyre 1714. Mor åt Gunvor, som var fyrste kona åt Søren Aslaksson, heitte Ragnhild Taraldsdotter, og me trur ho var frå Mosdøl.

Gunvor og Svenke budde som busetar i Breive den fyrste tida dei var gifte, men til plassen her kom dei frå Ørnefjødd, der dei hadde hatt brukeleg pant.

I 1763 fekk Arne Åsmundsson Der uppe låne ein god slump pengar av Gunstein Tarjeisson på Bratteland, og som motyting laut han gjeva bruken av Hagen, som nå vart matrikulert for seg sjølv med ei landskyld på 2 skinn, over til han. Husmennene vart då oppsagde, og måtte flytje. Søren Aslaksson drog attende til dottera og versonen i Mosdøl, medan Svenke fekk bygsle Innistog Byklum, og flutte dit.

Gunhild Svenkesdotter fekk i 1775 sonen Svenke, ho var på den tid tenestejente i Stavenes, og barnefaren var kjempekaren Torleiv Torleivsson Mosdøl. Korleis det gjekk med Svenke Torleivsson, eller kor lenge han livde, har me ikkje funne noko om. I 1780 fekk Gunhild eit barn til, faren denne venda var Ånund Pålsson Stavenes. Etter det Gunhild sidan fortalde var barnet dødfødt, men då ho hadde gjort barsel utan å tilkalle vitne, vart ho drege for retten for å ha gjort ende på den nyfødde. På bygdetinget fekk ho dødsdom, men domen vart anka, og truleg redusert til nokre års tukthus av ein av dei høgre rettsinstansane, såleis gjekk det normalt med såvorne domar på denne tid. Utan å ha sett referata frå stiftsoverretten eller høgsterett reknar me difor med at ho slapp å koma under rettarsverdet, men ho laut nok i fengsel, og kvar det vart av henne etter dette har me ikkje funne ut. Ho er ikkje å finne nokon stad i folketeljinga frå 1801, så ho har helst vore død fyre det året.

Då kjem me til den neste oppsitjarfamilien, dei som flutte hit frå Bratteland i 1763 eller 1764. Mannen i denne huslyden heitte som nemnt Gunstein Tarjeisson. I den gamle gards- og ættesoga (181) vert det gjete på at han var bror åt Åsmund Tarjeisson Berdalen i Der uppe, men det trur me ikkje kan vera rett, ettersom kyrkjeboka ikkje har nokon merknad om at brurefolka var syskenborn, då Gro Gunsteinsdotter i 1761 gifte seg med Arne Åsmundsson. Dette var noko prestane støtt passa nøye på, avdi så nærskylde brurepar måtte ut med ei særavgift til kongens kasse for å få lov til å gifte seg.

Me finn heller ikkje nokon Tarjei i Bykle eller Valle, som me kan få til å høve som far åt Gunstein, og det ligg då nærast å tenkje at han har vore innflutt frå ei anna bygd. I den lei peikar det vel også at dei to eldste borna ikkje tykkjest vera døypte i Bykle eller Valle, og sameleis dei namna Gunstein sette på to av sønene sine, Vrål og Bendik heitte dei. Dette er sjeldne namn i Setesdal, men vanlegare sume stader i Telemark, såleis Kviteseid, Fyresdal, Mo kommune og Skafså, så utan at me veit meir om det, kan me vel gjeta på at Gunstein kanskje kom frå ei av desse bygdene.

  • Gunstein Tarjeisson, f ca. 1698, d 1784
g m Birgit Olavsdtr., f 1704, d 1791. Born:
  • Gro, f ca 1733, g 1761 m Arne Åsmundsson Berdalen, sjå Berdalen Der uppe
  • Tarjei, f ca 1736, d 1753
  • Vrål, f 1738 g 1768 m Hæge Salmundsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Kristi, f 1740, d 1740
  • Bendik, f 1741, d fyre 1771, lagnad elles ukj.
  • Kristi, f 1744, g 1770 m Såve Eivindsson Trydal, sjå Storstein Trydal, gnr 17, bnr 3
  • Hæge, f (24.6.)1747, g 1788 m em Gunstein Såvesson Stavenes, sjå Nordstog Stavenes gnr 16, bnr 2
  • Ingebjørg, f 1751, g 1779 m Åvold Torleivsson Trydal, sjå Nordstog Trydal.

Heller ikkje Birgit Olavsdotter, kona åt Gunstein, tykkjest ha vore frå Bykle. Om ein torer byggje på namna åt nest eldste son og nest eldste dotter, kunne ho kanskje vore dotter åt Olav Bjørgulvsson og kona Kristi Vrålsdotter, som budde på Øvre Nordskog i Kviteseid (jfr. Kviteseid bygdesoge I, 1956, 425), men dette er gjeting.

Etter det me kan lesa i ei «Reisehaandbog over Sætersdalen, Mandalsdalen og Tovdal», som vart skrive av August Abrahamson, formannen i Kristiansand og Oplands Turistforening (Kristiansand 1901, 234f), skal fleire av karane i Berdalen på 1700-talet ha vore kjemper.

[...] af [disse kjæmper] vare Vraal og Bendik de farligste; thi de vare «Frikarle», hvor de kom og gik. I et bryllup paa Aamli i Valle jog de ud alle Bryllupsgjæsterne, og truede med at kaste «Storbordet» efter den, der vovede at vise sig i Stuedøren. Naar Bendik angreb nogen, pleiede han altid at sige: «Slike kara sko me gjøime ti' jole». Men selv blev han «gjøimt ti' Jole», idet han omkom i Berdalsheien paa hjemveien fra Telemarken, hvor han havde hentet «Jolebrænnvein».

Ovanståande er slikt som Abrahamson har fått seg fortalt på reisa si oppetter dalen, så det var vel livande tradisjon i slutten av 1800-åra. Men hadde det vore rett at Bendik omkom i heia på tur frå Telemark til Berdalen med jolebrennevin, burde dødsfallet hans vore såleis omtala i kyrkjeboka, og det er det ikkje, så kanskje har forfattaren misteke Bendik for ein annan kjempekar, som me snart kjem til.

I 1771 ville Gunstein og Birgit gjeva seg i foddog til Vrål, og gav opp buet sitt til friviljug skifte. Det dei åtte var lausøyre for 58 riksdalar, og brukeleg pant for 185 dalar i 2 skinn i Berdalen.

Arne Åsmundsson sto altså framleis som formell eigar av bruket, men Gunstein hadde bruksrett. Vrål tykte at foreldra stilte for harde vilkår. Om dei kunne få nokon annan til å yte eit foddog av dette bruket på 7 tunner korn i året, 2 kyrfødsler og 12 sauefødsler, og endå taka over ei gjeld på 150 riksdalar, skulle så visst ikkje han stille seg i vegen, let han. Vrål budde på denne tid på Hovden Der nor, og tykkjest då ha vore bruksmann eller busete der.

På den skisserte bakgrunnen vart han inntil vidare buande på Hovden, men eit par år seinare kom han nok til semje med faren. Iallfall ser me at han flutte hit og overtok.

  • Vrål Gunsteinsson Berdalen, f 1738, d 1803
g 1767 m Hæge Salmundsdtr. Breive, f 1735, d 1806. Born:
  • Birgit, f 1768, d 1787
  • Tone, f 1771, d 1795, ug
  • Gunvor, f 1773, g 1798 m Knut Hakesson, sjå nedanfor
  • Bendik, f 1777, d 1779
  • Bendik, f 1781, g m Asbjørg Sveinungsdtr. Rui, sjå nedanfor

Hæge Salmundsdotter var frå Midbø Breive, dotter åt Salmund Gunsteinsson og kona, Tone Sveinsdotter.

Me nemnde at Vrål og Hæge budde på Hovden fyre dei overtok bruket her kring 1773. Om Vrål då hadde fått noko skøyte på bruket, eller om han berre overtok bruksretten og pengekravet på Arne Åsmundsson etter faren, veit me ikkje. Det me kan slå fast er at han og huslyden hans budde her frå 1773 til 1794, men i det sistnemnde året kaupte han Hovden Der nor av Leidulv Knutsson og flutte dit. Også denne venda vart det eit etter måten stutt opphald på Hovden, for i 1797 selde Vrål bruket sitt der til Sigurd Jonsson Hovden frå Møsstrond, og flutte nedatt hit. Om her var andre og bruka i dei åra Vrål og Hæge var på Hovden, er uvisst.

Etter at dei kom attende hit i 1797, er det likt til at Vrål må ha hatt tinglyst heimel til bruket her. Iallfall vart han registrert som sjølveigar både i folketeljinga frå 1801 og jordtakstprotokollen frå 1802.

Etter den sistnemnde kjelda skulle bruket kunna fø hest, 4 kyr og 10 smålog. Dei sådde 2 tunner bygg, og kunne rekne med å få att 7, står det. Overskot av husdyrprodukt for sal var her ikkje, og heile bruket vart verdsett til 110 riksdalar, 10 dalar mindre enn grannebruka Der uppe og Der nede.

Gunvor, dotter åt Vrål, og mannen hennes, tykkjest ha budd hjå foreldra hennes fyrste bilet etter giftarmålet. Sidan vart dei ei stund bruksfolk i Systog Stavenes, men mannen vart omtala med adresse Berdalen då han vart gravlagd, og me set dei opp på denne staden. Det var ho som hadde heime her, men av framstillingstekniske grunnar set me likevel opp han fyrst i familieoversynet:

  • Knut Hakesson, f 1766, d 1799
g 1. 1791 m Anne Såvesdtr. Kvålen, f 1770, d 1793. Born:
  • Såve, f 1793, g 1821 m Ingebjørg Jonsdtr. Breive, sjå nedanfor
g 2. 1798 m Gunvor Vrålsdtr. Berdalen, f 1773, d 1860. Born:
  • Signe, f 1799, d 1799
  • Knut, f 1800, sjømann, bortkomen ca 1820, sjå nedanfor

Me har sett opp Knut Hakesson utan etternamn, ettersom det ikkje er knytt noko visst gardsnamn til foreldra hans, men Aasmund Tveiten i Asker, som har skrive ein grundig, upublisert artikkel om Knut og ætta hans, har funne ut at dei var gifte, heitte Hake Knutsson og Signe Askjellsdotter, og budde ymse stader i Lårdal og Mo.

Knut var vidgjeten kjempekar, og visstnok den sterkaste i Mosokn. Men mot Storegut (Olav Olavsson) frå Edland vart han endå for lett, fortel Johannes Skar etter Svein Hovden (Gamalt or Sætesdal II, 302):

Der var manntal [dvs. sesjon] på Dalen, og vinbyggjar og moingar sat og drakk i Lastein. Då kom dei til å dragast um karsstykkje, kven hadde betre karar. Vinbyggjane sette fram Storegut og moingane Knut Hakisson, og det vart til det at dei skulle prøvast.

Moingane våga tvo pottur [brennevin] på si kjempe, og vinbyggjane tvo på Storegut [...]. So la kvar mann tvo danske skilling til ei potte brennevin, med same det bar ihop.

Storegut trudde seg altfor godt; han gjekk imot Knut som hadde det aldri nokon ting på seg. Då gådde han inkje åt, so sette Knut herdi oppunder bringa, og lyfte han upp so han fekk ikkje fotfeste; det var naudt han kom nedpå med dei tumla utyver vollen. Olav Æddan [far åt Storegut] var utor seg: «Dævelen sturte deg, Olav, tek du inkje tak!», sa han. Då var det som eitkvart vondt for i Storegut; han krepte seg til og gjorde keikekastet og skaut han hityver vollen; dei tenkte han hadde skvett han sund.

Knut musla og log; men han hadde gråte, hadde det inkje vore for skommi. Moingane frydde på han; han laut prøve ein gong til. «Å nei», sa Knut; «det nyttar inkje prøvast meir no», sa han og sveiv so tolleg ifrå. So drakk dei [vidare] i Lastein [...].

Knut døydde omlag som han livde. Det var nest fyre jol 1799 at han reiste frå Stavenes til Froland for å hente jolebrennevin, til å bera brennevinet i hadde han endå med seg ei stavkinne, fortel Skar. Så drakk og slost han i Froland om kvelden, og morgonen etter ville han heimetter. Det var så fælt eit uver den morgonen, at dei som var ilag med han åtvara han. Men det brydde han seg ikkje det grann om: «Er eg inkje i Stavenes fyrr dei studrar, må Faen slå av meg båe leggjine», sa han. Men dette var tydelegvis overmot, for han kom berre nesten heim. Nedpå Lundeflatane, midt i løypa mot Stavenes, og ikkje så langt frå heimen, vart det stopp, og der fann ein hjuring frå Utistog att liket hans sumaren etter. Truleg hadde han sett seg til å kvile, sovna, og frose i hel, men leggene var visst like heile.

Etter at Knut var borte, vart Torbjørg verande hjå foreldra med den lisle sonen sin ei stund. I folketeljinga frå 1801 finn ein dei såleis oppførde her på bruket. Men seinare, truleg etter at faren døydde i 1803, tok ho barnet med seg, og for or bygda. Kvar ho sidan vanka er i hovudsak ukjent, men Reidar Vollen i Kristiansand har funne fram til at ho døydde i Oddernes i 1860, og at det då vart halde offentleg skifte etter henne. Av skiftet går det fram at ho hadde hatt tilhald hjå ei enke Grethe Christine Korsmusdotter (!) Fiskå, og at ho hadde lege sjuk der dei siste to åra. Ho åtte litt lausøyre, taksert til vel så 13 speciedalar, og vidare hadde ho hatt til gode 40 speciar hjå Grethe. Men etter at godtgjersle for pleie og opphald var trekt ifrå, var buet vel 12 speciar i minus.

Så ikkje var det arv etter henne, og ikkje var det nokon til å erve. Om sonen, Knut Knutsson, vert det fortalt at han «forlod Norge som Sømand for 40 Aar siden, og har man intet hørt om ham eller fra ham siden den Tid.»

Såve Knutsson, halvbror åt Knut, var derimot i Bykle i periodevis, etter at han hadde vakse opp ymse stader i Mosokn. Ettersom han ikkje tykkjest ha hatt fast tilhald særleg lenge nokon stad, men flutte ikring det meste av livet, fortel me det me kan vita om han på denne staden. Han budde her då av og til, veit me.

Han vart nok bortsett som liten, for i folketeljinga frå 1801 finn ein han som 10-åring på Mo prestegard: «Eet fattig Barn til Opfostring», heiter det om han der. Det neste ein får vita om han er at han var ute i krigen i 1814. I 1816 skal han, etter det Johannes Skar fortel (Gamalt or Sætesdal I, 42), ha vore med på det uhorvelege slagsmålet under det vidgjetne tolvteruset i Nistog Viki, «det kaldlegaste tolvterus her hev vori i Valle":

Dei slost so det var på livet. Heile tunet var blod. Saave Knutsson var på eit otelag, som var yver alt. «Fyst eg slapp attum husi å banna, då såg eg alli noken eg va ræd'e», fortalde han.

Etter det Skar veit å fortelje i ein annan samanheng (Gamalt or Sætesdal I, 240), var det Såve som flutte Innistog-husa for Dreng Byklum frå Tuptine og ned til det nye tunet. Om arbeidet hans med Muggsloptet heiter det m.a.:

«Då avlept'an håvonno al'e av kver stokk'e. Ve'en va ovhar 'e: 'De va som eg hoggji jønn', fortålde Såvi Knutsson». Og Såve var etter tradisjonen mykje til rødar og forteljar. Den tid han arbeidde med Innistog-tunet budde han i Mosdøl. «Folk samla seg der for å høyre med han fortålde», fortalde Jon O. Løyland.
  • Såve Knutsson, f 1792, d 1874
g 1821 m Ingebjørg Jonsdtr. Breive, f 1794, d 1873. Born:
  • Anne, f 1822, g 1. 1851 m em Bjørn Jonsson Sigurdsli, Mo, f 1798, d 1856, busett Lundtveit, Mo, g 2. 1858 m Jørund Jørundsson Juvland, Hjartdal, f 1834, busett Slettetveit, Mo, til Amerika med 6 born 1866, born:
  • Jon, f 1851,
  • Ingebjørg, f 1852
  • Bjørn, f 1856
  • Jørund, f 1858
  • Såve, f 1861
  • Olav, f 1864
  • Jorunn, f 1824, d 1828
  • Knut, f 1826, d 1831
  • Jon, f 1830, d 1830
  • Jorunn, f 1831, d 1853, ug
  • Signe, f 1835, til Amerika 1871, sjå nedanfor
  • Tone, f 1839, d 1864, ug

Ingebjørg Jonsdotter var fødd i Nordgarden Breive, som dotter åt Jon Torbjørnsson og kona, Jorunn Aslesdotter. Desse folka tykkjest ha flakka kringom i landet frå hausten 1801, så kvarhelst Såve trefte på Ingebjørg er på vona.

Også Såve og Ingebjørg hadde eit heller omflakkande tilvære. Då eldste dottera vart fødd i 1822, var dei busetar på Felland i Mo, men i 1826 heldt dei til på ein plass under Håtveit som heitte Undeberg, i 1830 budde dei på bruket her, i 1831 i Breive, i 1835 i Mosdøl og seinare det året på Hovden, i 1839 i Hoslemo, i 1850 i Maurlii, i 1855 flutte dei til Lundtveit i Mo, og i 1865 var dei på Slettetveit i Mo. Ingebjørg vart gravlagd som fatiglem frå Breive i 1873, og Såve frå Maurlii året etter, også han som fatiglem.

Dottera Signe var i 1861 i Mo, og fekk då ei dotter som heitte Hæge med ein lårdøl som heitte Jørgen Torleivsson. I 1865 fekk ho dottera Jorunn med ein mobyggje som heitte Ånund Ånundsson Lundtveit, men Jorunn døydde året etter. I 1867 fekk ho ei ny Jorunn med den same mannen. Etter at Hæge Jørgensdotter døydde i 1871 reiste mora til Amerika med den yngste dottera, men utan far hennes. Då ho tok ut, vart ho skrive med etternamnet Maurlii. Det kan kanskje tyde på at ho hadde budd i Bykle eit bil fyre ho reiste.

På det punktet slepper me desse innflutte mobyggjane or syne, og vender attende til ætta frå Hagen. Den fyrste me då skal sjå på er Bendik Vrålsson, bror åt den Gunvor som var kona åt halvbror av Såve Knutsson. Også han tykkjest ha halde til her på bruket berre av og til, men me veit ingen annan stad der han meir høyrde heime.

  • Bendik Vrålsson Berdalen f 1781, d fyre 1865
g 1818 m Asbjørg Sveinungsdtr. Rui, f 1783, d 1873. Born, iallfall:

Asbjørg Sveinungsdotter var frå Rui under Lid i Mo, gnr 32, bnr 2. (jfr. Mo bygdebok I, 463 f). I 1801 var ho tenestejente hjå Olav Tovsson på Ljosåk under Håtveit. Dottera Hæge fekk hausten 1844 sonen Knut. Faren var Knut Auversson Gjerden. Knut Knutsson døydde i februar 1845. Ti år seinare gifte mor hans seg i Valle, slik det går fram ovanfor.

I 1818 budde Bendik og Asbjørg som busetar einkvarstad i Breive, i 1823 var dei her på bruket, og i 1826-27 i Nordtveiti, kvar dei kom var dei busetar. Etter det sistnemnde året veit me ikkje kvar dei vanka, men me gjet på at Bendik døydde i ei anna bygd, ettersom me ikkje finn dødsfallet hans i kyrkjeboka. På sine gamle dagar var likevel Asbjørg attende i Bykle, ettersom ho i folketeljinga frå 1865 vart oppskrive som legdslem, og på den tid var innlosjert i Gjerden.

Dei neste me veit om budde her på bruket er Olav Torsteinsson og familien hans. Olav var fødd i Berdalen i 1794, så foreldra hans har nok vore busetar i Der nede det året. Namna deira var Torstein Nilsson og Anne Torbjørnsdotter. Me har omtala dei nærare under Ørnefjødd, der dei budde i 1801, men på denne staden skal nemnast at Torstein var tinndøl, og bror til Nils Nilsson, som me har fortalt meir om i bolkane om Der nede og Bjones, gnr 16, bnr 8. I denne omgangen skal det handle om sonen og familien hans. Me set han opp med etternamn Ørnefjødd, avdi hovudomtalen av foreldra hans står i bolken om den verestaden.

  • Olav Torsteinsson Ørnefjødd, f 1794, d 1868
g 1816 m Gunvor Olavsdtr. Berdalen, 1796, d Stavanger 1873. Born:
  • Torstein, f 1816, g 1846 m Tone Olavsdtr. Dysje, til Stavanger 1850, sidan Amerika (?), sjå nedanfor
  • Olav, f 29.4.1818, d 1899, g 1840 m Anne Olavsdtr. Skolås, til Stavanger 1850, til Amerika ca 1873, sjå Skolås, gnr 9, bnr 2
  • Anne, f 1820, d 1857, g 1843 m Hallvard Jørundsson Jore, busett Rusto under Jore, sjå Valle IV, 605
  • Ingebjørg, f 1822, d 1896, til Stavanger amt 1850, g 1855 m Jakob Olsen Josdal, sjå nedanfor
  • Gyrid, f 1824, d 1824
  • Gyrid, f 1825, sjå nedanfor
  • Torbjørn, f 1827, d 1827
  • Gro, f 1828, g m Enok Pedersen, Stavanger, til Amerika 1871
  • Tone, f 1830, d 1831
  • Torbjørn, f 1832, g 1865 m Vilborg Gunnarsdtr. Røysland, born, iallfall:
  • Olav, f 1865, d 1866
  • Olav f 1866, til Amerika fyre 1868, jfr. Valle VI, 130, 406 f
  • Nils, f 1834, d 1869, ug
  • Gunstein, f 1836, d 1837
  • Gunstein, f 1839, 1869 busett Rennesøy, Rogaland, seinare lagnad ukj.

Foreldra åt Gunvor var Arne Olavsson Berdalen i Der uppe og kona, Ingebjørg Gunsteinsdotter. Ingebjørg var dotter åt Gunstein Såvesson Stavenes og kona, Gunvor Gjermundsdotter Byklum. Gunvor att var halvsyster åt Anne Torbjørnsdotter Byklum, som var mor til Olav Torsteinsson. Tone Hallvardsdotter Uppistog Byklum var då mormor åt Olav og oldemor åt Gunvor.

Olav og Gunvor budde på bruket her frå dei gifte seg i 1816 og til 1824. Skattelistene og kyrkjeboka peikar i retning av at dei åtte bruket i heile denne perioden, iallfall gjorde dei det då dei selde og reiste.

Men hausten 1824, den natta då husa i Der nede brann, tykkjest dei ha overnatta hjå Asbjørn Knutsson på det bruket, dei hadde nett kome nedatt frå støylen. Dette går fram av vitneprova deira i brannavhøyret. Tilliks med sjølvefolka hadde dei ingenting å opplyse om brannårsaka, men av Gunvors vitneprov går det fram at dei hadde fått frakta kleskistene sine frå Hagen til Der nede fyre dei drog på støylen om våren, avdi dei meinte husa der sto seg sterkare mot eventuelle innbrotstjuvar. Såleis miste ho og huslyden hennes alle kleda sine i brannen, då bortsett frå det dei fekk kasta på seg då dei gådde at det brann.

Me kan ikkje vita om det var nokon samanheng mellom dette tapet, og det at dei kort etter selde bruket sitt, og flutte ifrå, men det ser me at dei gjorde. Sidan var dei husmannsfolk i Ljosådalen under Løyland. Vallesoga fortel om dei i bolken om den verestaden (VI, 130 f). I same boka vert også attgjeve ein stubb om Olav etter Johannes Skar (Gamalt or Sætesdal II, 267). Me tek likevel med same stubben her, ei god soge kan ikkje forteljast for ofte:

Olav var våe kar. Dei var på heimvegen frå byen. Rolleiv Heggland og mange andre var med han. Um notti kom der tøyr; men Rolleiv hadde sett lasset innmed buret, og snoen tok av under meiane, og lasset rende innunder det. Rolleiv hadde so fæl ein hest og vilde køyre det utunda; men han vann aldri lea det - det sto i pure sanden. Då kom Olav gangande.

«De e e'n roten hest'e du hevi», sa han.
«Her e 'kji slik'e hest i dale», sa Rolleiv.
«De e 'kji mei ell ein mann'e kan drage», sa Olav.
«E du mann ti' de, ska eg spandere fire pottu brennevin», sa Rolleiv.

Olav la ei skåk på kvar herd og skvette lasset utunda med ein gong. Og Rolleiv ropa bymennene i hop, og spandera fire pottor, som han lova.

Når det gjeld borna åt Olav og Gunvor, har me litt å leggje innåt dei opplysningane som går fram i familielista ovanfor.

Torstein, eldste sonen, og Tone Olavsdotter Dysje, kona hans, budde hjå foreldra hans i Ljosådalen nokre år, men i 1850 flutte dei til Stavanger. Med seg på flytjinga hadde dei borna Gunnar, fødd 1847, og Tone, fødd 1849. I 1865 finn me dei som husmannsfolk på Tastad i Hetland. Då hadde dei med seg borna Talette, 11 år; Lars, 5 år og Tomas, 2 år. I bolken om Skolås, gnr 9, bnr 2, har me fortalt at broren Olav og folket hans emigrerte frå Stavanger til Amerika, me meiner det var i 1873 eller 1874. Kanskje ligg det då nærast å gjeta på at også Torstein og hans huslyd hamna i det landet?

Ingebjørg Olavsdotter fekk i 1842 sonen Hallvard. Faren var Ditleiv Mikkelsson Bratteland. Hallvard Ditleivsson fylgde mora til Rogaland i 1850. Han gifte seg i 1865 med Marthe Eriksdatter Helland frå Rennesøy, fødd 1834, død 1868, og i det ekteskapet hadde han iallfall døtrene Inger Marie og Mette. I 1869 gifte han seg omatt med Anne Malene Olsdtr. Hetland, og året etter reiste han til Amerika med nykona og døtrene.

I 1850 fekk Ingebjørg dottera Gunvor Marie. Faren var Orm Torleivsson frå Oddeskar under Løyland (jfr. Valle VI, 64). Gunvor Marie døydde på TimeJæren i 1856. Året fyre hadde mor hennes gift seg med Jakob Olsen Josdal, ein «omstreifende blikkenslager» frå Sirdal, og gjekk sidan på fantestigen med han. Frå dette ekteskapet kjenner ein 5 born: Inger Marie, fødd i Egersund 1855; Ole Elias, fødd i Gyland 1856; Ole Gabriel, fødd i Moland ca 1860; Elsine, fødd i Bjerkreim 1862; Jacob Martinius, fødd i Iveland 1865.

«Det er [...] stor etterslekt etter Ingebjørg Olavsdotter», skriv Aasmund Tveiten. Det me her har fortalt om henne er henta frå ætteboka hans. (Uppistog, garden under Brokkeskar, Asker 2004, kap.5, 25.)

Gyrid Olavsdotter fekk i 1842 dottera Gunvor, faren var Gunnar Gjermundsson Løyland. Han var gift, og strauk til Amerika like etter at dottera vart fødd, fortel Vallesoga (VI, 91), som også opplyser at Gunvor Gunnarsdotter vart vaksen, og gifte seg med Gunnulv Jonsson Prestegarden i 1878. Kvar det vart av Gyrid veit me ikkje, ho let seg ikkje finne i folketeljinga frå 1865. Kan også ho ha reist til Amerika?

Det som elles står om dei yngre syskena i oversynet ovanfor er opplysningar Reidar Vollen har skaffa fram. Dei fleste av dei skriv seg frå skiftet etter Nils Olavsson, som døydde ugift i Stavanger i 1869. Der går det også fram at Gunvor, mora, i 1869 var hjå dottera Gro i Stavanger. Ho døydde i den byen 4 år seinare.

Då Olav og Gunvor reiste åt Ljosådalen, selde dei bruket her til eit ektepar som kom flytjande hit frå Uppigard Åse i Mosokn, gnr 15, bnr 1.

  • Knut Olavsson Felland, f ca 1773, d 1828
g 2. 1825 m e Torbjørg Jakobsdotter Åse, f 1780, d 1843
Hennes born frå fyrste ekteskap:
  • Olav, f ca 1813, d 1831, sjå nedanfor
  • Tarjei, f 1818, til Amerika 1846, g 1842 m Ingebjørg Torjusdtr. Felland, born:
  • Torbjørg, f 1843
  • Torleiv, f 1846.

Torbjørg var frå Øvre Langelid under Midjås, og dotter åt Jakob Tarjeisson på den plassen og kona, Ingebjørg Andersdotter, fødd Reini. Den yngste av systrene åt Torbjørg heitte Kjersti, og var gift med Hallvard Ånundsson Vå i Hovden Der uppe (jfr. Mosoga I, 388).

Då Torbjørg og Knut gifte seg i 1822, var ho enke og han enkemann. Ved giftarmålet vart han kalla Felland, men ut over det er det ikkje kjent kvar han kom frå, og kva fyrste kona hans heitte veit me heller ikkje. Den fyrste mannen åt Torbjørg var Talleiv Olavsson Underdal på Uppigard Åse, så Knut hadde altså gift seg til det bruket. Ho hadde fleire born enn Olav og Tarjei, men dei hine var døde fyre ho flutte hit. Knut hadde også nokre born frå fyrste ekteskapet sitt, m.a. ein son Olav, fødd ca 1810 og ei dotter Liv, fødd ca 1818. Liksåvel desse tykkjest ha budd i Berdalen ei stund, ettersom dei vert nemnde som busette her i skiftet etter faren.

Dette skiftet vart halde alt hausten 1828, for Knut kom ut for ei ulukke, og døydde etter berre 4 år i Berdalen. Han «druknede da han vilde ro over Otteraaen, og blev dreven ned i den nedenfor værende stride Strøm. Hans Lig var ikke funden den 9de Juni», står det i kyrkjeboka.

Vel tre år seinare, det var vinteren 1831, vart huslyden råka av endå ei ulukke. Denne venda var det Olav Torleivsson og Knut Olavsson som døydde. Dei fraus båe i hel i fjellet.

Trass i desse hendingane vart Torbjørg Jakobsdotter buande i Berdalen livet ut. I 1837 selde ho bruket for 250 speciar og foddog. Kauparen denne venda flutte hit frå Røldal:

  • Helge Olavsson Hagen, f 1777, d 1854
g 1815 m Margit Hallvardsdtr. Uttun, f 1780, d 1850. Born, iallfall:
  • Olav, f 1815, seinare lagnad ukj.
  • Halvor, f 1818, d 1818
  • Gyrid, f 1819, g 1856 m Olav Arnesson Berdalen, sjå Der uppe
  • Rannei, f 1822, utflutt til Vinje 1846, g m Olav Olavsson, Mo, f ca 1833, 1865 busett Ormekvålen, Haukeli, born, iallfall:
  • Margit, f ca 1851
  • Olav, f 1863

Helge Olavsson var fødd på Krokenteig, ein plass under Tveito i Røldal. Foreldra hans var Olav Monsson Øvland og kona, Rannei Helgesdotter, fødd Rabba. Margit var dotter åt Halvor Ivarsson Uttun og kona, Gyrid Aslaksdotter frå Uppgarden i Haukeli. I Røldal bygdebok står det at Helge og Margit fyre dei flytte til Bykle var husmannsfolk på ein plass som heitte Øyna og låg under Gryting (Knut og Alma Dalen: Røldal bygdebok, 1960, 286, 416, 542). At dei også hadde hatt eit bruk eller ein plass under Hagen i Røldal vert ikkje nemnt, men ettersom dei nytta det namnet som etternamn då dei kom til Bykle, reknar me likevel med at dei må ha budd ein stad i den garden ei tid.

Me trur at bruket her seinare vart kalla Hagen avdi Margit og Helge Hagen budde her. Grunnlaget for denne tanken er for det fyrste at me ikkje har sett bruksnamnet Hagen i Berdalen fyrr etter at dei kom hit, og for det andre at dei frå fyrste stund i Bykle vart omtala med etternamnet Hagen.

Som ein ser ovanfor hadde dei to søner. Den yngre av dei døydde fyre han fylte året, men den eldre kan kanskje ha vakse opp. Men i så fall vart han ikkje med foreldra til Bykle, for her i bygda finn ein berre dei to døtrene nemnde.

Då Gyrid Helgesdotter gifte seg med Olav Arnesson i 1856, gjekk bruket her i hop med Der uppe, og vart nytta som tilleggsjord frametter. Etter dette tok det mange år fyrr det atter kom folk i Hagen. Ein kan leite til fånyttes i alle i folketeljingane frå og med 1865 og til og med 1930, Hagen står heile tida tomt.

I 1888 overtok Sigbjørn Olavsson Holen 3/7 av bruket her saman med Der nede frå verbroren, Arne Olavsson Berdalen. Han budde i Der nede, og hadde parten sin her til tilleggsjord. Resten, dvs. 4/7, bruka Arne innåt Der uppe.

Sigbjørn selde parten sin i Hagen til Bjerke og Foss i 1898, medan Arne sin part vart avhenda til dei same karane året etter. Sigbjørn sin part vart etter salet i 1898 matrikulert for seg sjølv under nemninga Maurelien, og fekk bnr 9. Arne sin part vart verande bnr 5.

Det er noko ugreitt korleis det har seg med tilhøvet mellom Hagen og Maurlii, men så vidt me kan oppfatte lyt den gamle plassen Maurlii ha vore ein del av den parten i Hagen som Sig bjørn Olavsson avhenda i 1898. Nå veit me også at Svein Tveiten kaupte Maurlii av Jon Andersen Stannfjell i 1896, og me har ikkje sett noko om at Sigbjørn hadde kaupt plassen hjå Svein. Men for at Sigbjørn skulle kunna selje det, som han faktisk gjorde, lyt han nødvendigvis ha vore eigar ei stund.

Men i alle høve, frå 1898 hadde Bjerke og Foss eigedomen til 1907, då han gjekk på auksjon til A/S Sætersdalen. Sidan var selskapet eigar inntil Salmund Olavson Berdalen frå Bjones under Der nede gjekk til ekspropriasjonssak etter jordlova. Denne saka vann han fram med, og i 1938 fekk han skøyte på bnr 5, Hagen for kr 4500 «på de betingelser som er fastsatt ved skjøn av ankenemnden».

Stoga i Hagen frå 1947 slik ho såg ut 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Salmund var son åt Olav Tarjeisson Bjones og andre kona, Gyro Salmundsdotter, fødd Breive.

  • Salmund Olavson Berdalen, f 1899, d 1986
g 1. 1934 m Anne Kristine Olsdtr. Breive, f 1894, d 1976, ikkje born.
g 2. 1979 m e Turid Hallvardsdtr. Breive, f 1906, ikkje born.

Anne Kristine var fødd i Jeiskeli som dotter åt Ole Johan Andersen og kona, Torbjørg Salmundsdotter, fødd Breive.

Turid var frå Systog Berg i Valle, gnr 51, bnr 3, dotter åt Hallvard Knutsson Berg på det bruket, og kona Svålaug Ånundsdotter, fødd Brottveit (jfr. Valle III, 401). I 1932 gifte ho seg med Anders Olsson Breive, og fekk i åra som fylgde 5 born. Anders døydde i 1977, og to år seinare gifte ho seg omatt med Salmund, som då hadde vore enkemann i 3 år. Det er verd å notere at Anders, fyrste mannen åt Turid, var bror åt Anne Kristine, fyrste kona åt Salmund.

Då han hadde overteke bruket sette Salmund fyrst opp stoge og uthus for seg nedmed riksvegen, ved sidan av der Nordheim ligg nå. Her budde då han og Anne til etter krigen. I 1945 bygde dei nytt uthus oppe på garden, og like etterpå sette dei opp ny stoge. Byggjinga var ferdig i 1947.

Dei dreiv bruket med hest, 3-4 kyr, kring 15 sauer og 15-20 geiter. Innmarksarealet på bruket vert i 1954 oppgjeve til 22 mål, av dette 18 mål dyrka, medan totalarelet vert rekna til ca 7000 mål.

Men Salmund tykte det trongst meir hei til bruket. I 1964 gjekk han difor, saman med Olav Sigbjørnsson i Der nede, til ekspropriasjonssak mot eigarane av Juvassbeitet med Krenkjarsmo, bnr 8. Fyremålet var å få teke att den fjelleigedomen som hadde vorte selt til Olav Vetlesson Bakken i Mo i 1895. Dette lukkast, iallfall eit stykke på veg. Etter at ekspropriasjonssaka var til endes i 1966 fekk kvar av dei to saksøkjarane skøyte på 5.000 mål med hei frå ervingane etter dei utanbygds eigarane. Prisen vart sett til kr 2 pr mål.

Turid Hallvardsdotter åtte Åsland, bnr 16, og då Salmund gifte seg med henne i 1979, flutte han ned til henne. Der budde dei då ilag til han døydde i 1986. Etter dette kjøpte Turid Hagen, og sat med han til ho døydde i 1999. Dinest ervde borna hennes bruket med 1/5 kvar. Turid åtte som nemnt også Åsland, og dei fleste av dei nye eigarane av Hagen vert presenterte i bolken om det bruket. Men ein av dei set me opp under eit nytt bnr, 247, for han bur på ei tomt like nordom det gamle tunet.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Hagen (Bykle gnr 3/5) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Berdalen Der nede • Neste bolk: Jeiskeli

Koordinater: 59.44788° N 7.42323° Ø