Ørnefjødd (Bykle gnr 6/5)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ørnefjødd
Vatnedalen 45.jpg
Ørnefjødd 18.8.2005. Til høgre driftsbygning (oppført 1985) og reiskapshus (oppført 1983). Torgeir D. Bakken bygde desse husa. Til venstre: bustadhuset som Inger Elisabeth Bakken Haugarne bygde i 1987.
Alt. namn: Der heime
Rydda: omkr. 1750
Utskilt: 1841
Stad: Vatnedalen
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 6
Bnr: 5
Type: Gardsbruk

Ørnefjødd i Bykle ligg i austenden av det gamle gardsvaldet til Vatnedalen. Om ein skal plassere han nøyare i terrenget, kan ein vel seia at vegen til Ørnefjødd går vestetter frå riksvegen like nord for Nordli, og at gardsvegen er omlag 2 km.

Om gardsnamnet skriv Olav Haslemo (h.oppgv. 1968, 78):

Bruket har fått namnet sitt etter fjellet like ved. Namnet er samansett med ørn, f, jfr. gno. Ǫrn, m. Etter at namnet på fjellet hadde gått over til å verta namn på bruket, trongst det eit nytt namn på fjellet, som då fekk namn i relasjon til bruket; det nye namnet på fjellet vart Ørnefjøddnuten - også dette eit døme på «tautologisk» nylaging.

Stort meir er det ikkje å seia om dette, og me kan då gå over til oppsitjarane. Den fyrste som rudde og bygde her heitte Rikard Gunnarsson, og han kom hit på byrjinga av 1730-talet. Då han kaupte bruket hjå Olav og Jon Vatnedalen i 1747, vart det skrive inn i skøytet at han sjølv hadde rudt opp plassen sin frå rå rot. Men jamvel om han i fylgje skøytet kaupte Ørnefjødd «til Odell och Eigendomb» og betala 80 riksdalar, skulle han svara 1/2 dalar i året i leige til vatnedalsbøndene, står det.


Her har me altså eit sjølveigande bruk, der det likevel skal svarast årleg leige. Kvifor det vart gjort på denne måten, veit me ikkje visst, men ei fylgje var iallfall at oppsitjaren i Ørnefjødd kom til å verta omtala som husmann i alle offentlege dokument, og dermed også slapp å matrikulere bruket sitt og svara skatt av det. I bolken om Maurlii har me vore inne på eit liknande tilfelle, men der har me oppfatta oppsitjaren som vanleg husmann, endå om liksåvel han hadde kaupt retten til å sitje på plassen sin. Grunnen til at me har tolka stoda ulikt, er at jamvel om Maurlii var eit mindre og ringare bruk, var leiga der 4 gonger så høg, slik at oppsitjaren der sat i røynlege husmannskår. For Rikard Gunnarsson og etterfylgjarane hans i Ørnefjødd tykkjest derimot husmannnsstatusen mest å ha vore ein formalitet.

Kvar han var ifrå veit me ikkje, men så sjeldant som namnet Rikard var, kan det kanskje vera forsvarleg å gjeta på at han kan ha vore skyld ei ætt i Edland, der ein finn eit hittil ikkje forklara Rikardsnamn på 1600- og 1700-talet ( Berge: Vinje og Rauland II, 387, jfr I, 484, III, 295, 387 og IV, 374). Ein indikasjon på at denne gjetinga kan vera rett, er at ein i den omtala ætta frå Edland også finn kvinnenamnet Kristi, og som me straks kjem til hadde Rikard i Ørnefjødd ei dotter med det namnet.

«Hekt eller hegd». Slike vart nytta til å stramme og knyte fast i, når ein skulle gjurde eit lass på kjerre eller slede. Denne (35 x 20 cm, reg.nr MOR 0003) finst i Henriksen-samlinga, men tvillaust hadde dei same slaget på alle gardar og plassar.
Foto: Setesdalsmuseet
  • Rikard Gunnarsson, f ca 1696, d 1778
g 1. m Signe Olavsdtr. Vatnedalen, f ca 1708, d 1752. Born, iallfall:
  • Anne, f ca 1731, d 1752, ug
  • Gunnar, f 1733, d 1733
  • Margit, f 1734, g 1754 m Bjørgulv Gunnarsson Holen, sjå Hisdal og Innistog Gjerden.
  • Kristi, f 1739, g m Halvor Torleivsson Rui, Vinje
  • Astrid, f 1749, d 1784 g 1775 m Åsmund Henriksson Felland, busett Nivelking, Mo kommune, jfr Mosoga I, 142, g 2.1756 m Kari Tomesdtr., n 1779, fødsels- og dødsår ukj. born, iallfall:
  • Signe, f 1770, d lita

Signe, fyrste kona åt Rikard, var dotter åt Olav Niklosson Stavenes i Vatnedalen Der hite og kona, Anne Tarjeisdotter. Signe vart gravlagd same dagen som eldste dotter si, men kyrkjeboka har ingen forklarande merknad til dette.

Då dei skifte etter Signe i 1753, var her ein buskap på 2 kyr og 1 stut, 6 sauer og 6 geiter, og Rikard sat gjeldfritt på bruket, står det. Kor lenge han vart verande her etter at Signe var borte, er uvisst, men det er kjent at han i 1756 gifte seg omatt i Vinje med ei som heitte Kari Tomesdotter, og sidan budde med henne på plassen Grav under UtåbjåByrte, der han er registrert i perioden frå 1770 til han døydde 9 år seinare (jfr. Mosoga I, 142). Den neste mannen me er sikre på slo seg ned i Ørnefjødd skaffa seg rett til å vera på bruket i 1758, så det kan godt hende at Rikard har budd her til då.

Han som kom her i 1758 var Svenke Alvsson Breive, som det året fekk «brugeligt Pant» i eigedomen hjå Sigbjørn Torkjellsson Vatnedalen for 78 riksdalar. Han budde her berre eit par år frametter, inntil han flutte til Hagen Berdalen og vart husmann der.

Han og kona hans, som heitte Gunvor Sørensdotter og var frå Mosdøl, vert nærare presenterte i bolken om Hagen, men dei er også litt omrødde i bolken om Innistog Byklum, der dei sidan budde. I og med at Svenke kaupte bruksretten sin hjå Sigbjørn Vatnedalen, er det vel rimeleg å slutte at Sigbjørn hadde løyst ut Rikard Gunnarsson då han flutte ifrå.

Det neste me registrerer er at Sigbjørn i 1765 skreiv ut «bygselsbrev på plassen Ørnefield til sin svoger Ole Mikkelsen [...] for 78 Rd. Festepenge».

  • Olav Mikkelsson Mosdøl, f ca 1726, d 1796
g 1759 m Gyro Knutsdtr. Vatnedalen, d ca 1775. Born:
  • Birgit, f 1762, g 1790 m em Olav Nilsson Husevoll, sjå nedanfor

Olav var son åt Mikkel Knutsson Mosdøl i Lunden og kona, Birgit Torleivsdotter. Dermed var han bror åt Knut Mikkelsson i Maurlii og Gunhild Mikkelsdotter i Berdalen Der uppe.

Gyro var dotter åt Knut Såvesson Vatnedalen og kona, Anne Torgrimsdotter, fødd Flateland. Dermed var ho syster åt Torbjørg Knutsdotter, kona åt Sigbjørn Torkjellsson, og difor omtalar altså Sigbjørn Olav som «svoger» i bygselsbrevet.

Me meiner helst at Olav og Gyro flutte hit og tok plassen i bruk alt i 1760 eller 1761, men me har ikkje noko skriftleg prov på at dei budde her fyrr i 1762, då dei vart registrerte som husmannsfolk i Ørnefjødd i ekstraskattelista. Men som me var inne på ovanfor fekk ikkje Olav bygselsbrev fyrr i 1765.

I skiftet etter Gyro frå 1775 ser me at buet vart kreditert med 80 riksdalar avdi Olav hadde «indløst Pladsen af Svenche Alfsen paa sin Hustrues Odel for 80 Rd.» På denne bakgrunnen vil me tru at samanhengen er den fylgjande: Sigbjørn kunne ikkje skrive bygselsbrev til Olav fyrr Svenke Alvsson hadde fått att pengane sine, det fekk han ikkje fyrr i 1765, og då var det Olav Mikkelsson som skaffa fram dei nødvendige dalarane. Dermed vart også han i røynda sjølveigar, jamvel om han tilliks med fyremennene formelt heitte bygselsmann eller husmann under Vatnedalen. Men bruket vart ikkje skyldsett, så oppsitjaren sat skattefritt, jamvel om kona hans hadde odel til eigedomen.

Etter at Gyro døydde vart Olav og dottera Birgit buande på bruket. Då Birgit var 28 år, gifte ho seg med ein enkemann frå Tinn som heitte Olav Nilsson, og desse vart det neste oppsitjarparet her. Dei sat på hennes odelsgard, men framstillingsteknisk høver det betre å setje opp han fyrst i familielista.

Kasteskovel. Slike vart bruka når kornet etter treskinga skulle skiljast i ulike kvalitetar. Ein sette seg då mellom vistehaugen og veggen, og kasta kornet attover herda med skovlen. Det tyngste kornet fauk lengst, og landa ved veggen, det var «veggeranda», som gjekk til såkorn. Nærare han som kasta dala det ned ei rand med stridt, godt matkorn, og nærast attom ryggen hans fall lettekornet ned. Det kunne gå til dyrefor. Kasteskovlane kunne ha litt varierande utforming, men iallfall skulle dei ha glattslipa overflate, og vera tunne og lette. Denne, som ligg i Henriksensamlinga (reg.nr MOR0220), har tydelegvis sprukke sund, og har blitt bøtt ihop med metallbitar.
Foto: Setesdalsmuseet
  • Olav Nilsson Husevoll, f 1757, d 1828
g 1. 1785 m e Birgit Torsteinsdtr. Hovden, f 1733, d 1789, ikkje born.
g 2. 1790 m Birgit Olavsdtr. Ørnefjødd, f 1762, d 1798. Born:
  • Knut, f 1798, g 1827 m e Ågot Vetlesdtr. Ljosådalen, sjå Valle VI, 116 f, jfr. Bjones, gnr 16, bnr 8
g 3. 1799 m Torbjørg Torleivsdtr. Løyland, f 1778, d 1865. Born:
  • Margit, f 1801, d 1801
  • Margit, f 1802, g 1826 m Torleiv Olsson Holum, sjå Valle V, 30
  • Gunne, f 1805, g 1826 m Hallvard Knutsson Røysland, sjå Valle VI, 504
  • Nils, f 1808, d 1808
  • Birgit, f 1810, g 1835 m Jon Åsmundsson Dale, sjå Valle VI, 41
  • Nils, f 1813, g 1835 m Tore Olsdtr. Rysstad, sjå Valle VI, 118
  • Tore, f 1820, g 1840 m Knut Olavsson Nesland, sjå Vodden Nesland, gnr 10, bnr 1

Foreldra åt Olav Nilson var Nils Olavsson Gvåle (fødd Gvåle ca 1724) og kona, Gunne Nilsdotter (fødd Gøysdal ca 1725). Etter Vallesoga (VI, 116) skal dei ha budd på Gvåle i Atrå, men ein ny gjennomgang av kyrkjeboka frå Tinn etterlet ingen tvil om at desse folka budde på Sud-Husevoll, også det i Attrå, i fleire tiår frå omlag 1750. Truleg var dei bruksfolk og dela hus med gardmannen der, som både Nils og Gunne var syskenbarn med.

Olav og brørne Torstein og Nils var alle i Ørnefjødd nokre år. Broren Knut gifte seg til Midbø Breive, og er omtala der, medan Nils vert nærare presentert i bolken om Bjones. Torstein kjem me til nedanfor.

Olav gifte seg fyrste venda i 1785 i Rauland med Birgit Torsteinsdotter Hovden. Ho var fødd i 1733 som yngste dotter åt Torstein Sigurdsson Holvik på Møsstrond og Gunhild, fyrste kona hans. Då ho gifte seg med Olav var ho enke etter Jon Olavsson Hovden som hadde døytt to år tidlegare (jfr. Berge: Vinje og Rauland II, 545, 549). Birgit vart gravlagd frå Breive i 1789, men me veit ikkje nett kvar dei budde. Likevel er det kjent at Olav åtte Breivassflotti, og me meiner ata dei har halde til eit par-tre år på Breivestøylane.

Frå same året som Olav gifte seg hit, altså 1790, heldt Sigurd Bjørnsson Skinnarland frå Møsstrond og kona, Margit Drengsdotter, til her nokre år. Dette veit me avdi dei vart oppskrivne med adresse Ørnefjødd då dei døypte sonen Dreng om hausten det året. Dei var framleis her då dei døypte sonen Bjørn våren 1794, og då dei gravla han eit år seinare. Men etter dette vil me tru at dei flutte ifrå, for i 1796 kom Nils Nilsson, bror åt Olav, hit frå Bjones med familien sin, og då var her nok ikkje rom til fleire. Kvar Sigurd og Margit heldt til i dei nestfylgjande åra er uvisst, men frå 1800 finn me dei på Berget Mosdøl, gnr 13, bnr 2, og den nærare omtalen av dei er plasssert i bolken om det bruket.

Som nemnt kom Nils Nilsson og folket hans hit i 1796. Olav Nilsson og Birgit hadde då vore gifte i 6 år, men hadde endå ikkje fått born, så for så vidt var her rom til to huslydar. I 1797 vart Birgit endeleg med barn, men våren etter døydde ho i barselseng, ho vart gravlagd same dagen som sonen vart døypt. Det kan sjå ut til at det var denne hendinga som gav støyten til full utskifting av folkesetnaden på bruket. Iallfall ser me at Olav same året overlet Ørnefjødd til broren Torstein, som då flutte hit frå Berdalen Der nede. Nils Nilsson og folket hans reiste til Suldal (sjå bolken om Bjones), medan Olav sjølv flutte til Innistog Løyland i Valle.

Korleis det gjekk til at han hamna der, har det gått ei soge om på folkemunne. Me tek henne her etter Jon Løyland i Jol i Setesdal, 1968:

Segni fortel at Olav for austheiane nedover til Valle. Der trefte han ein kar han gav seg til røde med, og spurde m.a. om der var giftande gardjentor nokon stad. Mannen sa at hit på Løyland var ei, men no har faren Taddeiv sett til garden, men har du pengar løyser du han inn att og då gjer du eit godt tak.

Me treng vel ikkje grunne for mykje over om dette er sannsegn eller ikkje, er det ikkje sant, så er det godt loge. I alle høve var Olav Nilsson skjot til å gifte seg omatt, og at han løyste innatt bruket som Torleiv Løyland hadde måtta sleppe ifrå seg stemmer også (jfr Valle VI, 115).

Som nemnt var det broren Torstein som overtok frå Olav. Me har ikkje sett nokon tinglyst heimelsovergang. At han «kjøpte bruket», slik det står i den gamle gards- og ættesoga (173), er nok likevel rett, men med den modifikasjonen at det sikkert var eit kaup på same vilkår som dei tidlegare. Bruket skulle framleis vera plass under Vatnedalen, og oppsitjaren vart difor oppskriven som «husmand» i folketeljinga frå 1801.

Soldaten her har skilauparuniform, men så vidt me har skjøna skulle skilauparar, jegerar og skarpskyttarar etter uniformsreglementet frå 1789 bruke same uniforma. Uniformsfargen var blå med gul krage og gule ermeoppslag. Når Torstein Nilsson var militær då han skulle gifte seg, laut han søkje kompanisjefen om løyve, og det var også påbode at han gifte seg i uniform. Kopiert etter ei teikning av Andreas Bloch (1860-1917) i Forsvarsmuseet, Oslo.
  • Torstein Nilsson Husevoll, f 1767, d 1805
g 1793 m e Anne Torbjørnsdtr. Byklum, f 1751, d 1835. Born:
  • Olav, f 1794, g 1816 m Gunvor Olavsdtr. Berdalen, sjå Valle VI, 130, jfr. Berdalen Der uppe.

Anne Torbjørnsdotter var frå Uppistog, og dotter åt Tone Hallvardsdotter Byklum og Torbjørn Gunsteinsson Breive, andre mannen hennes, og difor vert ho omtala i ætteboka av Aasmund Tveiten (Garden under Brokkeskar, 2004, kap. 5, 23 f). Då ho gifte seg med Torstein, var ho enke etter Olav Ånundsson Mosdøl i Torsbu, som drukna i Bossvatn i 1784.

Anne og Torstein gifte seg i Bygland kyrkje, fortel Tveiten. Vidare opplyser han at Torstein ved vigjinga vart oppskriven som «Skarpskytter», og hadde Berdalen som adresse. Tittelen tyder på at han på denne tid har vore innrullert soldat.

Etter at Torstein døydde i 1805 ser det ut til at enka Anne Torbjørnsdotter greidde bruket åleine nokre år. Men i 1810 kom Hallvard Ormsson og overtok. Seinare flutte Anne til sonen i Ljosådalen under Løyland. Ho døydde der i 1835 (jfr. Valle VI, 130).

Hallvard Ormsson var fødd på plassen Rossemyrstigen under Rossemyr i Suldal. Faren heitte Orm Hallvardsson og var frå Øvland i Røldal, medan mora heitte Valborg Gabrielsdotter og var frå Bleskestad (jfr. Gamle Suldal, 1972, 661). Vidare finst det ein del å fortelje om Hallvard, men lat oss fyrst få med oss eit familieoversyn:

  • Hallvard Ormsson Rossemyr, f 1765, d 1836
g 1800 m Jorunn Nilsdtr., f ca 1766, d 1859. Born:
  • Hallvard, f 1843, d 1844
  • Jorunn, f 1843, g 1864 m Jon Aslaksson Sigurdsli, jfr Mosoga I, 428, 431
  • Olav, f 1803, g 1859 m Sigrid Kjetilsdtr. Vatnedalen, sjå nedanfor
  • Valborg, f 1806, d 1810
  • Ingebjørg, f 1810, truleg d lita
  • Hallvard, f 1813, g 1851 m Åsne Knutsdtr. Breive, sjå Nordgarden Breive, gnr 1, bnr 1
  • Gabriel, f 1816, g 1851 m Margit Bendiksdtr. Lofthus, Mo kommune, busett ymse stader i Mo, til Amerika med 4 born 1862, born:
  • Jorunn, f 1853
  • Åsne, f 1855
  • Ingebjørg, f 1858
  • Hallvard, f 1859, jfr. Mosoga I, 427
  • Valborg, f 1819, g 1857 m Bjørgulv Hallvardsson Oddeskar, sjå nedanfor
  • Nils, f 1823, d 1841, fraus i hel i heia ved Smalevatn.

At kona til Hallvard Ormsson heitte Jorunn Nilsdotter er sikkert nok, og i ein avisartikkel om «Tinndølane i Bykle og Valle» (Setesdølen 4.1.2000) vert det ymta om at ho kunne vera syster åt nilssønene Olav, Nils, Torstein og Knut. Det var ho ikkje, for kyrkjeboka frå Tinn har inga dotter som heitte Jorunn i den syskenflokken. Me lyt då berre seia at me ikkje vet kvar ho var ustokke, men sannsynlegvis var ho vel frå Suldal.

Frå 1802 til 1810 budde Hallvard og Jorunn på plassen Kalhagen under Jordebrekk i Suldal (jfr. Gamle Suldal, 692). Når det gjeld overtakinga deira av Ørnefjødd, og måten dei dreiv bruket på, gjev me ordet til Johannes Skar (Gamalt or Sætesdal II, 258):

Hallvor Ormsson stedde Ørnefjødd av Vatndølane i 1810 - han gav 100 spd. i stedsmål og tvo mark til året i grunnleige. Då var her inkje ko tvo små åkrar. Men tidi fór, og garden var som han var umsnudd; der stod åtte naut på båsen. Og likso mange born fødde Hallvor upp.

Det som her vert fortalt vil me tru er rett, då bortsett frå at innfestingspengane i 1810 sjølvsagt var riksdalar, ikkje speciedalar. Ein annan stad (Gamalt or Sætesdal II, 229 f) har Skar endå eit par gode passasjar etter Svein Hovden å fortelje om Hallvard, så han lyt få ordet att med det same:

«Dei hengde seg i, so mange som slapp innåt». Teikning Tove Krogh 2005.
Hallvor Ørnefjødd var av kjempeblod. Han hadde aldri fenge hogg, og aldri fekk han det heller. Han var så i feikten eingong på Bjørnarå - det hadde vore løglegt sett han då. Dei låg der og kjøyrde bjalkar, Hallvor og Torstein Gunnheim og mange andre. Då fall dei ut, han og Torstein. Men Torstein fekk slikt tak i det lange håret. Og hine kjøyrarane hjelpte han; dei hengde seg i, so mange som slapp innåt. Hallvor tenkte plent dei seigde han ned. Men so sleit han seg laus og la inn i gruva med hovudet og brende håret av seg. Du og du, som Torstein fekk smurt seg.

Eingong Bjørguv [Uppstad] var hit til Moy, fann han Hallvor fyre - han kom frå byen og kvilde på Moy. Hallvor fann upp brennevin og dei drakk i hop; men dei torde ikkje innpå kvarandre; dei var rædde båe. So slo dei røda ut på hestehandel, og det enda so at dei bytte hestar. Bjørguv skulle leggja tie dalar i byte, og peningane skulde han senda so fort han kunde.

Men tidi fór, og peningane kom inkje. Då sende Hallvor bod og kravde - det var ein av mennane på Flateland som skulde til byen. Men Bjørguv visa han av: «Hallvor hev snytt meg i hestehandel; dei peningann' fær han alli», sa Bjørguv; «men vi 'an kome sjav'e ska 'an få hogg», sa han.

Det fyrste Hallvor var til byen, var han upp til Gautestad. Sigrid var eisemo inne.

«E 'an heimeleg, Bjørguv», sa Hallvor.
«Kor e den karen ifrå», sa Sigrid.
«Eg spyr um 'an e heimeleg, Bjørguv», sa Hallvor; «eg vi finn' 'an», sa han.
«Kannsi e de Haddvaar Ørnefjødd», sa Sigrid.
«De e nog helst'e so», sa Hallvor.
«Jau 'an e nog heimeleg», sa Sigrid; «men 'an hev 'kji rise upp - han e i klava», sa ho. Og Hallvor sette seg på ein krakk og venta. Men det ussast fyrr Bjørguv kom.
«Eg lyt ut i klaven ti o», sa Hallvor.
«No kjem eg», sa Bjørguv, og var i dyri med same, men aldri helsa eller nokon ting - «vi du krevje meg?», sa han.
«Eg va tenkt'e ti», sa Hallvor.
«Du hev snytt meg!», sa Bjørguv; «dei peningann' fær du alli - den bo'i send' eg med Flatelandè», sa han.
«Den bo'i fekk eg inkji», sa Hallvor; «men eg fekk den bo'i at eg sill kåme sjav'e, so sill eg få hogg; å no e eg komen, å eitt av tvau vi eg have, anter pening ell hogg», sa han.
«Ja, hogg ska du få», sa Bjørguv.
«Kannsi e de bet'e de», sa Hallvor; «avdi pening hev eg høvt ti få; men hogg hev eg alli fengji», sa han.

Då sveiv ho innåt Bjørguv, Sigrid, og fekk han med seg ut i kleven. Hallvor sette seg til skrevs yver krakken og tok med ei hond i kvar ende: «Kjem 'an med handyvli, so blekkjer eg 'an med denni», tenkte han.

Bjørguv kom so hardleg, kasta peningane hit til han og bad han pila seg; han vilde aldri sjå han for augo. Hallvor hopa seg ut og aldri glåpte av han. Men Bjørguv tukka seg inkje or staden. - «Å ja, beiske de va eg gla eg slapp 'an au», sa Hallvor.

Denne siste forteljinga lyt få den merknaden at Svein Hovden fortalde plent den same historia også om Hallvard Ånundsson Vå på Hovden (jfr. Jansen og Berg: Svein Knutsson Hovden, 1991, 63 f). Om det var han eller Hallvard Ørnefjødd som slapp å slåst med Bjørgulv Uppstad, er vel då på vona. Forteljingar om kjempekarar hadde nok lett for å feste seg til fleire av dei, og særleg når dei hadde same fyrenamnet. Når me her har valt å hengje denne på Hallvard Ørnefjødd, er det avdi det finst så mykje anna forteljestoff om Hallvard Vå.

Som me har vore inne på var Ørnefjødd i røynda som sjølveigarbruk å rekne så lenge det har vore folk her, men likevel med husmannsplasstatus i offentlege papir og ei lita årleg leige til vatnedølane. Men i 1840 vart det slutt på denne skipnaden, for då fekk Olav og Hallvard Hallvardssøner Ørnefjødd vanleg eigedomssskøyte på bruket hjå Sigbjørn K. Vatnedalen for 100 speciar, og året etter vart det utskilt frå Vatnedalen med ei landskyld på 16 skilling.

Me reknar med at Olav sidan kaupte ut Hallvard frå halvparten hans. Iallfall ser me at Hallvard i 1850 hadde pengar til å kaupe Attistog Gjerden. Nokre år seinare miste han Attistog for eit odelskrav, kaupte att Nordgarden Breive, og flutte dit. Han vert nærare presentert i bolken om det sistnemnde bruket.

Olav vart verande her.

  • Olav Hallvardsson Ørnefjødd, f 1803, d 1863
g 1859 m Sigrid Kjetilsdtr. Vatnedalen, f 1830, d eller utvandra fyre 1891. Born:
  • Jorunn, f 1860, til Suldal 1886, truleg til Amerika 1887
  • Knut, f 1862, til Amerika (1894?)

Sigrid var frå Plassen, bnr 6, og dotter åt Kjetil Knutsson Vatnedalen og kona, Targjerd Sigbjørnsdotter, fødd Stavenes.

Etter at Olav var død tok Sigrid med seg borna og flutte til foreldra på Plassen, og difor er Ørnefjødd oppskrive som «ubeboet» i folketeljinga frå 1865.

Kva tid Sigrid overdrog eigedomen her til Bjørgulv Hallvardsson, som var gift med syster åt mannen hennes, er litt uvisst. Ingenting vart tinglyst, men me meiner at Bjørgulv flutte hit i 1872. Inntil då hadde han og familien hans budd i Gjerden Der inne, der dei hadde vore bruksfolk, og det spørst om ikkje handelen sto i det sistnemnde året. I folketeljinga frå 1875 ser me iallfall at Bjørgulv vart oppførd her på bruket som «Gaardbruger, Selveier».

Sigrid flutte nok attende hit frå Plassen etter at mora døydde i 1870. I 1875 var ho iallfall her, ho hadde då status som «Inderst, Tjenestepige» i folketeljinga. Det er ikkje meir å finne om henne i kjeldene våre etter dette. Dødsfallet hennes står ikkje i kyrkjeboka, og ho er heller ikkje nemnd i folketeljinga frå 1891.

Dottera Jorunn fekk i 1887 presteattest for å ha flutt til Suldal året fyre. Etter dette har me ikkje sett noko til henne i norske kjelder, men ho er med på ei liste over Bykle-emigrantar som Setesdalslaget i Amerika sette opp, så me reknar med at ho hamna i Amerika. Ein skal vel ikkje sjå bort ifrå at ho kan ha hatt mora med seg åt det nye landet.

Knut Olavsson fekk utflytjingsattest til Amerika frå presten i Valle i 1896, men det står eit spørjeteikn i rubrikken for avreisetida, så han har nok reist tidlegare, og skrive heim etter attesta. Me trur helst det må ha vore han som tok ut frå Kristiansand 10. mai 1894, jamvel om den «Knud Olsen» frå Bykle som i fylgje emigrantprotokollen reiste den dagen, vert sagt å ha vore 10 år yngre enn vår Knut.

Så langt kome kan me gå over til den nye eigaren frå 1872 og familien hans.

  • Bjørgulv Hallvardsson Oddeskar f 1833, d 1913
g 1857 m Valborg Hallvardsdtr. Ørnefjødd, f 1819, d 1907. Born:
  • Tone, f 1858, sjå nedanfor
  • Hallvard, f 1861, d 1863
  • Jorunn, f 1866, d 1866

Bjørgulv var son til eit ektepar frå Mosokn som budde i Oddeskar under Løyland. Desse heitte Tone Olavsdotter og Hallvard Olavsson Mule (jfr. Valle VI, 65).

Stavkinne med tregjorder. Diameter ca 16 cm, høgde ca 65 cm. I slike - av varieriande storleik - vart alt smør laga, inntil sveivekinna kom på moten mot slutten av 1800-åra. Kinnekrossen eller stampa vart køyrt opp og ned gjennom rjomen til mjølkefeittet vart utskilt og samla seg i klumpar. Eitt poeng som mange idag ikkje kjenner til, er at det alltid vart kinna av rjome, altså aldri av søt fløyte. Dette var turvande av omsyn til oppbevaringa, ein måtte ofte samle rjome nokså lenge fyrr ein hadde nok til å kinne, men mange meiner også at smør som er kinna av rjome vert friskare på smak. Dette er grunnlaget for at Tine i seinare tid har byrja å framstille såkalla «Kviteseidsmør». Henriksen-samlinga (reg.nr MOR 0091).
Foto: Setesdalsmuseet

Dei som budde her i 1875 var for det fyrste Bjørgulv og Valborg og dottera Tone, vidare var det Sigrid Kjetilsdotter og sonen Knut, og endeleg var her ein liten gut, som heitte Hallvard Drengsson, fødd 21.1.1869. Sistnemnde var brorson åt Bjørgulv, son åt Dreng Hallvardsson Oddeskar og enka Birgit Eivindsdotter Gjerden, fødd Trydal. Foreldra gifte seg nokre månader etter at sonen vart fødd.

Dreng Hallvardsson var bror åt ovanomtala Bjørgulv Hallvardsson, og ettersom han vart notert med adresse Ørnefjødd då han gifte seg i 1869, har han då tydelegvis budd hjå broren på den tida. Me set han opp som fylgjer:

  • Dreng Hallvardsson Oddeskar, f Mule, Skafså 1834, d fyre 1875 (i Amerika ?)
g 18.4. 1869 m e Birgit Eivindsdtr. Gjerden, f 1831, til Amerika 1881, d fyre 1900. Born:
  • Hallvard, f 26.1. 1869, til Amerika med mora 1881, g m Kristi Ånundsdtr. Trydal (Storstein), busett Lincoln County, Minnesota, sjå nedanfor

Birgit Eivindsdotter var frå Storstein i Trydal. Foreldra hennes var Eivind Ånundsson på det bruket og kona, Turid Kjetilsdotter, fødd Tveiten (V.). Då ho gifte seg med Dreng, var ho enke etter Torleiv Auversson i Nordstog Gjerden, som hadde døytt i 1861.

I den gamle gards- og ættesoga (123) står det at «dei [dvs. Dreng og Birgit] reiste til Amerika». Dette er truleg korrekt, men dei reiste ikkje saman dit, ettersom Dreng ikkje var i Valle eller Bykle i 1875, medan Birgit det året var «tyende» hjå Knut Hallvardsson i Trydal, Der inne. Ho var då enke att, står det, så Dreng har truleg døytt i Amerika eller på vegen dit.

I emigrantprotokollen frå Kristiansand står det at «Bergit Evensdtr.» frå Setesdal tok ut frå Kristiansand til Amerika saman med den 11 år gamle sonen Hallvard (utan farsnamn) den 10. juni 1881. Alderen på mora stemmer rett nok kleint, ettersom kvinna i protokollen skal ha vore 40 år i 1881, medan vår Birgit var 51, men at aldersoppgåvene i desse protokollane er misvisande er ikkje uvanleg. Ettersom den amerikanske folketeljinga frå 1900 stadfester at Hallvard emigrerte i 1881, vil me rekne med at identifikasjonen i emigrantprotokollen også er stadfest.

Hallvard gifte seg i 1890, og dreiv sidan farm i Marble Township, Lincoln County, Minnesota.

  • Hallvard Drengsson Ørnefjødd, f 1869, d 1919
g 1890 m Kristi Ånundsdtr. Trydal (Storstein), f 1870, dødsår ukj. Born:
  • David, f 1890, d 1925, ug
  • Arne (Andrew), f 1892, d 1946, ug
  • Hilda, f 1893
  • Frank, f 1895
  • Carl, f 1896, d 1965, g 1933 m Ruth Lillian Winters, busett Deuel, Yellow Medicine County, born iallfall:
  • James, f 1936
  • Dean, f 1938
  • Ramona Darlene, f 1941
  • Lina, f 1898
  • Bertha, f 1900, d lita(?)
  • Tom, f ca 1902, tvill.
  • Alma, f ca 1902, tvill., d 1924, ug
  • Bertha, f 1906, d 1935, ug
  • Oliver, f ca 1907

Kristi var fødd i Minnesota som dotter åt Ånund Eivindsson Trydal, som emigrerte i 1868.

Både Hallvard og folket hans nytta etternamnet Drengson. Så langt komne kan me vende attende til Ørnefjødd. Bjørgulv og Valborg sat i 1875 med hest, 3 kyr, 4 ungnaut og kalvar, 11 sauer og lam, 23 geiter og kje. Dei sådde 2 tunner bygg og sette 4 1/2 tunner jordeple.

I 1879 small auksjonshamaren over eigedomen, men Bjørgulv fekk sjølv tilslaget for 200 speciar (På denne tid burde salssummen ha vore i kroner, men dalarane var altså framleis stundom i bruk, i det minste på papiret!). Me gjet på at bakgrunnen for denne hendinga må vera at han hadde lånt pengar til gardkaupet, og ikkje greidd å halde av seg renter og avdrag. Denne gjetinga fyreset både at han hadde gjeld på garden som ikkje var tinglyst, og at han må ha greidd å skaffe seg ein ny långjevar, som heller ikkje fekk tinglyst kravet sitt, men ingen av desse fyresetnadene tykkjest utrulege.

I 1898 selde Bjørgulv eigedomen til Bjerke og Foss for 1200 kr, men han heldt att bruksrett for seg og Valborg så lenge dei livde, og dei budde her båe livet ut.

I 1907 gjekk eigedomen atter på auksjon. Tilslaget denne venda gjekk til A/S Sætersdalen «for en kjøbesum på kr 2,52», står det i panteregisteret. Summen tykkjest svara til eitt års gardskatt til heradskassa, men at eit såvore krav kunne føre til at eigedomsselskapet fekk garden gjevande, virkar høgst påfallande, jamvel om me veit at Bjerke og Foss på denne tid var konkurs. Auksjonen kan snautt ha vore altfor energisk kunngjort.

I alle høve var resultatet at A/S Sætersdalen vart eigar, og at dotter åt Bjørgulv og Valborg vart brukar for selskapet.

Tone B. Ørnefjødd (1858-1937). Etter det sonen Bjørgulv sidan fortalde fekk ho ikkje lov av foreldra sine å gifte seg med far hans: «Det var for ringt å gifte seg med ein same, veit du», sa han. Bilete teke av Peder B. Frøysnes. Her frå Setesdalsmuseet.
  • Tone Bjørgulvsdotter Ørnefjødd, f 1858, d 1937. Born:
  • Bjørgulv, f 1897, g 1937 m Asgjerd Skaret, sjå nedanfor og Nordheim, gnr 3, bnr 19

Far åt Bjørgulv var samen Anders Eliassen. Han var fødd i Meråker i 1845, hadde vorte enkemann i 1886, og kom til Bykle som reingjetar i 1892 eller 1893. Då sonen kom til verda, vart han oppskriven med adresse Jeiskeli, så på den tid har han nok gjætt rein for Anders Renander. Han reiste frå Bykle fyre folketeljinga i 1900 vart oppteke, men etter det Bykle kultursoge opplyser, livde han til 1924. Han heldt då til på Høylandet i Nord-Trøndelag. Det står ein del meir om han i den nemnde boka (1993, 50-51).

Etter at foreldra hennes var borte, dreiv Tone bruket, etter kvart med hjelp av Bjørgulv. I 1919 tok ho til seg den 6 år gamle Dreng Tarjeisson Bakken frå Valle, som var son åt syskenbarnet hennes.

I andre halvdelen av 1930-åra sette Tone og Bjørgulv ekspropriasjonssak mot A/S Sætersdalen for å få eigedomsretten til garden attende. Dei vann fram med saka i 1937, same året døydde Tone.

Året etter fekk Bjørgulv tinglyst skøyte. Prisen ved ekspropriasjonen vart sett til kr 2200.

Dreng Bakken gifte seg i 1935. Han og familien budde dei fyrste åra i lag med Bjørgulv, men i 1942 overtok Dreng halve garden, slik at dei fekk kvar sitt bruk. Offentleg utskiljing og skylddelingsforretning vart halde i 1945, då Der nede (Bakken) vart utskilt til bnr 25 med ei landskyld på 9 øre. Dreng bygde nytt tun, og han og folket han budde der frå 1944. Dei vert nærare omtala i bolken om Der nede, bnr 25.

Bjørgulv på si side hadde også etter kvart funne tida inne til å gifte seg. Dette var i 1943, og kona hans heitte Asgjerd Skaret. Men Asgjerd tykte det vart for tungvindt å vera i Ørnefjødd vinterstid, så etter krigen kaupte dei seg eit jordstykke ved Berdalsbru, bygde seg nye hus der, og tok dei i bruk i 1947. Dei heldt fram med å vera i Ørnefjødd om sumrane, men vinterstid budde dei i Nordheim, som den nye verestaden deira vart kalla. Det me vidare har å melde om dei, står i bolken om den heimen (Nordheim, gnr 3, bnr 19).

Bjørgulv sat med bruket her til i 1968, då han overdrog det til Torgeir Bakken, son åt ovannemnde Dreng Tarjeisson på grannebruket.

  • Torgeir Drengsson Bakken, f 1937, d 1994
g m Berit Laate Berntsen, f 1944. Born:
  • Inger Elisabeth, f 1964, gbr, g m Knut Haugarne, Haukeli, born:
  • Sten Terje, f 1984
  • Bjørn Tarjei, f 1993

Berit Laate Bakken er frå Odda. Foreldra henne var Birger William Berntsen og kona, Ingegerd Kristine, fødd Laate. Berit har arbeidd som arkivleiar i Bykle kommune.

Torgeir arbeidde mykje av tida på anlegg, men han var også aktiv gardbrukar. Då han overtok bruket var her eit dyrka areal på 30 mål. Han dyrka opp 70 til, slik at her nå er 100 mål jordbruksland. Vidare skal nemnast at han har stelt opp stoga på bruket, og at han på 1990-talet fekk seg opp ny, stor driftsbygning (1985) og reidskapshus (1983).

Berit bur framleis på bruket. Etter at Torgeir døydde hadde ho nokre år ein forpaktar, som heiter Steinar Haugen. Han hadde kring 90 vinterfora sauer, men slutta med gardsdrifta i 2002. Han har kaupt seg tomt og sett seg opp hus på garden, så me tek den nærare presentasjonen av han i avsnittet om den nye heimen hans (Trudvang, bnr 103).

Etter at Steinar slutta med sauer har Inger Elisabeth Bakken Haugarne drive garden her, både bnr 5 og bnr 25. Heime på Haukabø i Haukeli har ho og mannen hennes ein buskap med Aberdeen Angus. I Ørnefjødd har dei ein noko mindre flokk av ein annan kjøtferase, skotsk Høglandsfe.


Inger Elisabeth bygde seg eit nytt bustadhus på garden, det har bnr 80 og matrikkelnamnet Badstoga, i 1987. Eigar av dette huset frå 2007 er sonen, Sten Terje.

Eksterne lenkjer

Primærkjelder


0941 Bykle komm.png Ørnefjødd (Bykle gnr 6/5) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Løyning • Neste bolk: Vatnedalsplassen

Koordinater: 59.49486° N 7.38639° Ø