Trudvang (Bykle gnr 6/103)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Trudvang | |
---|---|
Rydda: | 2002 |
Utskilt: | 2000 |
Stad: | Vatnedalen |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 6 |
Bnr: | 103 |
Type: | Bustadeigedom |
Adresse: | Ørnefjellvegen 14 |
Trudvang er ein bustadeigedom som ligg omlag 200 m nedanfor Ørnefjødd i Bykle kommune. Det var Steinar Haugen som fekk skilt ut tomta i 2000, og flutte inn i nytt hus her 2 år seinare. Han er son åt Jon Torfinn Haugen og kona, Solveig, fødd Moen (sjå Furuheim, gnr 15, bnr 53).
- Steinar Haugen, f 1974
- sb m Brigitte Olsen, f 1973. Born:
- Joachim, f 1996
- Daniel, f 1998
- Stine Marie, f 2003
Brigitte Olsen er frå Kristiansand, og dotter åt Karin og Ole Victor Olsen. Ho er utdanna landbruksteknikar. Steinar er også landbruksteknikar, og har dertil utdanning frå skogskule. Han dreiv gardsbruk i Ørnefjødd i 5 år frå 1997 til 2002. Sidan har han arbeidd med brøyting om vinteren, og teke på seg maskinkøyring og ymist anna arbeid sumarstid.
Trudvang (Bykle gnr 6/103) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Brekkeskar • Neste bolk: Brotteli |