Brekkeskar (Bykle gnr 6/44)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Brekkeskar | |
---|---|
Rydda: | 1967 |
Utskilt: | 1970 |
Stad: | Vatnedalen |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 6 |
Bnr: | 44 |
Type: | Bustadeigedom |
Adresse: | Løyningsvegen 44 |
Bustadeigedomen Brekkeskar ligg austom jordet i Der heime og vart utskilt derifrå. Det var Knut S. Vatnedalen som sette opp hus for seg her i 1967. Tomta vart formelt frådela i 1970, og oppmålt til 7,4 mål.
- Knut Sjursson Vatnedalen, f 1921, d 1993, ug
Knut var anleggsarbeidar. I 1978 laut han flytje herifrå pga. anleggsaktiviteten i området. Til erstatning fekk han eit nytt hus i Stussli på Hovden hjå I/S Øvre Otra. Det er Malmvegen 12, gnr 2, bnr 359.
I 1993 vart huset og tomta her overteke av Kristian, den yngste av brørne åt Knut.
- Kristian Vatnedalen, f 1931, d 2009
- g hv m Anna Kviteberg, Klokkarvik, Sotra. Born:
- Arnt Olav, f 1957, skipsinspektør, g m Sissel, busett Klokkarvik, Sotra
- Tommy, f 1978
- Silje, f 1981
- Christel, f 1989
Kristian var sjømann frå 1948. Han var lenge busett i Fana, og sidan ei tid i Sverige. Då han vart pensjonist i 1998, flutte han hit.
Brekkeskar (Bykle gnr 6/44) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |