Furuheim (Bykle gnr 15/53)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Furuheim | |
---|---|
Furuheim 30.6.2006. Foto: Aanund Olsnes
| |
Rydda: | 1977 |
Utskilt: | 1976 |
Stad: | Bykle (Kyrkjebygdi) |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 15 |
Bnr: | 53 |
Type: | Bustadeigedom |
Furuheim i Nedre Sarv i Bykle vart utskilt frå bnr 11 i 1976, tomta vart då selt frå Bykle kommune til dei som bygde og slo seg ned her. Dei flutte inn i 1977, og bur her framleis.
- Jon Torfinn Haugen, f 1935
- g 1961 m Solveig Moen, f 1938. Born:
- Jens Gunnar, f 1961, driv tømrarfirma, g 1992 m Ingebjørg E. Hovet, f 1967, busett Rysstad, jfr Valle II, 163
- Torfinn, f 1962, driv tømrarfirma, busett Hovden, sjå Tuftevegen 12
- Sigbjørn, f 1965, tømrar, busett Hovden, sjå Tuftevegen 12
- Solfrid, f 1966, g m Sverre Nesheim, busett Edland
- Steinar, f 1974, gbr, sb m Brigitte Olsen, sjå Ørnefjødd
- Henny Irene, f 1976, gbr. g m Per Terje Vik, busett Matre, Rosendal
- Linda, f 1983, tannlækjarsekretær, sb m Odd Breivegen, busett Hovden, sjå Jernvegen 2-4-6-8, bnr 648
Jon Torfinn Haugen og familien hans kom til Bykle frå Hol i Hallingdal i 1967. Han er frå Hol, og foreldra hans heitte Jens og Borghild Haugen. Solveig Haugen vaks opp på Osterøy. Namna åt foreldra hennes er Gunnar og Signe Moen.
Jon har vore fjelloppsynsmann, Solveig har vore reinhaldsarbeidar.
Furuheim (Bykle gnr 15/53) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |