Nordheim (Bykle gnr 3/19)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordheim
Berdalen 45.jpg
Nordheim 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: 1945
Utskilt: 1954
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 3
Bnr: 19
Type: Småbruk

Nordheim ligg på austsida av riksvegen ved Berdalsbru i Bykle kommune, på venstresida av vegen opp mot Berdalen. Bruket vart utskilt frå Hagen med eit areal på 5 mål og ei landskyld på 1 øre i 1953, men då hadde Bjørgulv Ørnefjødd og kona hans, som bygde og budde på denne staden, alt vore her i fleire år.

Bjørgulv var son åt Tone Bjørgulvsdotter Ørnefjødd. Faren var enkemannen Andreas Eliassen. Denne Andreas var ein av samane som var innom i Bykle ei stund på 1890-talet. Då Bjørgulv vart fødd, vart Andreas notert med adresse Jeiskeli, så me reknar med at han har vore reingjetar for Anders Renander, som hadde det bruket på den tid. I Bykle kultursoge (1993, 50-51), er det fortalt ikkje så lite om slekta åt Andreas.


Men så var det altså sonen:

Bjørgulv Ørnefjødd sit til høgre på dette biletet. Mannen til venstre er det meir uvisse om, men Håkon Breive meiner det er Olav Sigbjørnsson Hoslemo i Myri, Berdalen. Utsnitt av gruppebilete i samlinga til Ingebjørg Vegestog.
  • Bjørgulv Andreasson Ørnefjødd, f 1897, d 1986
g 1943 m Asgjerd Skaret, f 1895, d 1980, ikkje born.

Asgjerd Skaret var dotter åt Halvor Nilsson og kona, Margit Tovsdotter. Desse var opphavleg lårdølar, men i 1900 budde dei på plassen Øvre Lio under Håtveit i Mo. Dei rudde seg sidan ein plass som heiter Skaret atti skogen under Nigard Hylland i Ytre Vinje, og nytta etter dette plassnamnet til etternamn. Asgjerd hadde ein son, Halvor, som var fødd i 1920. Faren heitte Olav Hermodsson Ranvik. Halvor Olavsson drukna i BessevatnByrteheia i 1935 (jfr. Mo bygdebok I, 283, 308).

I yrkeslivet dreiv Bjørgulv som anleggs- og vegarbeidar. Han arbeidde til saman 21 år på damanlegga i Bykle, og sidan 14 år i vegvesenet. Han har fortalt om arbeidet i kanalen i Vatnedalsosen, då dei som vassa i isvatnet hadde dobbel dagløn i høve til dei som fekk halde seg turre. «Stundom var det så djupt at vatnet gjekk under armen. Kledi klaka, og me stakk vottene nedi vatnet så dei vart mjuke att» (Skomedal: I Skiftende tider. Otteraaens Brugseierforening 1900-85, 1985, 54).

Han og Asgjerd budde i Ørnefjødd frå dei gifte seg, men etter krigen tykte ho det vart for tungvindt å halde til på den veglause garden vinterstid, og ynskte seg ein verestad med lettare tilgjenge. Dei fekk då kaupe Nordheim hjå Salmund Berdalen, og sette seg opp hus her.

Bror åt Asgjerd, Tov Skaret frå Vinje, var hit og bygde for dei. Etter det me får opplyst tok dei den nye heimen i bruk kring 1950. Dei budde her om vintrane frametter, men sumarstid var dei mest i Ørnefjødd. Attåt stoga er her eit lite uthus med løe, stall og nokre sauestille, så dei har nok hatt hest og ei handfull sauer her.

Asgjerd døydde på Vinje bygdeheim, men vart gravlagd i Bykle. Bjørgulv døydde på bygdeheimen i Bykle. Då han var borte, synte det seg at han hadde testamentert buet sitt til Misjonssambandet, Samemisjonen og Det Norske Misjonsselskap.

Håkon O. Breive (sjå Skogheim, gnr 5 bnr 7), overtok Nordheim frå dei tre misjonsorganisasjonane i 1993, og har stelt opp bustadhuset her. Sidan har han overlate bruken av det til dottera, Torunn. Ho flutte hit frå Listog i 2003.

  • Torunn H. Breive, f 1966, ug

Torunn arbeider som hjelpepleiar på Bykle bygdeheim.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Nordheim (Bykle gnr 3/19) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Steinsland • Neste bolk: Solhaug (Bjones)

Koordinater: 59.4509° N 7.41436° Ø