Skogheim (Bykle gnr 5/7)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skogheim
Rydda: 1967
Utskilt: 1967
Stad: Berdalsbru
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 5
Bnr: 7
Type: Bustadseigedom

Skogheim ved Berdalsbru i Bykle kommune gjekk ut frå Nigard i 1967, då Håkon O. Breive fekk feste henne på 99 år hjå Olav Tallaksson. Håkon og kona hans flutte inn i ny bustad her same året. Til å byrje med var det mest som ei hytte, men dei har sidan bygd på og stelt opp fleire gonger.

  • Håkon Omar Breive, f 1936
g m Ingebjørg Jonsdtr. Toresgard, f 1941. Born:
  • Geir Anders, f 1964, maskinkøyrar, sb m Unni Tvitekkja, sjå Hagen Berdalen, gnr 3 bnr 5
  • Torunn, f 1966, hjelpepleiar, sjå Åsland, gnr 3, bnr 16
  • Anne Kristin, f 1976, gardkone, g m Stein Morten Heggland, busett Kvinnherad, born:
  • Eirin, f 1998
  • Hanne Idun, f 2002

Håkon er son åt Turid og Anders Breive. Han vaks opp i Evje, men flutte med foreldra til eit hus i Berdalen i 1954. Ingebjørg er frå ToresgardMøsstrond, Rauland, og dotter åt Tora og Jon Toresgard. Ho overtok eigedomen etter foreldra i 1997, og dette har ført med seg at ho og Håkon lyt bu på Møsstrond omlag halve tida.

Håkon var fyrst anleggsarbeidar, men i 1977 byrja han med drosjekøyring. Etter kvart hadde han eitt løyve på Hovden og eitt på Berdalsbru, og laut då drive den eine bilen med leigesjåfør. Frå 1989 hadde han også kontrakt med Aust-Agder fylke om ambulansekøyring. Også til dette arbeidet leigde han sjåførar. Ingebjørg har vore hjelpemannskap på sjukebilen. Håkon har i det seinare forpakta bort drosjeløyvet på Hovden, og leiger sjåfør til Berdalsbru-løyvet. Ambulansen er det sjåførane Trygve O. Hoslemo (sjå Skogly gnr 5, bnr 32) og Åsmund G. Tveiten (sjå Kyrkjelii 33 gnr 13, bnr 32) som har teke seg av. Frå nyår 2004 overtok dei også det forretningsmessige ansvaret for ambulansetenesta.


0941 Bykle komm.png Skogheim (Bykle gnr 5/7) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Fossheim • Neste bolk: Bergsland

Koordinater: 59.44433° N 7.4118° Ø