Fossheim (Bykle gnr 5/4)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fossheim
Rydda: 1942
Utskilt: 1954
Stad: Berdalsbru
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 5
Bnr: 4
Type: Bustadeigedom
Gateadresse: Berdalsbruvegen 10

Fossheim er ein bustadseigedom ved Berdalsbru i Bykle kommune. Den yngste av døtrene åt Olav Tallaksson og Sigrid Gjermundsdotter i Nigard sette seg opp eit hus på denne tomta ved Berdalsbru i 1942, og budde her til ho døydde i 1978. Tomta vart skyldsett i 1954.

  • Hæge Olavsdotter Hoslemo, f 1895, d 1978, ug.

Attåt stoga hadde Hæge eit lite uthus med kring eit sneis høns og eit par griser, og tok elles på seg ymist arbeid kringom i bygda. Dei fyrste åra her var ho åleine, men i 1949 kom Knut Torjusson Rygnestad og Sigrid Tallaksdotter, kona hans, og byrja landhandel i huset hennes.

Sigrid var frå Nigard, og brordotter åt Hæge. Knut var frå Syndre Rygnestad, bnr 3. Foreldra hans var Torjus Knutsson Rygnestad og kona Anlaug Hallvardsdotter, fødd Røysland.

  • Knut Torjusson Rygnestad, f 1920, d 2002
g 1949 m Sigrid Tallaksdotter Hoslemo, f 1924, d 2014, busett Vågsbygd. Born:
  • Annlaug, f 1950, reknaskapsførar, g 1974 m Hans Jørgen Hviid Nielsen, busett Søgne, born:
  • Knut Jørgen, f 1977
  • Hans Christian, f 1981
  • Karin, f 1987
  • Torjus, f 1952, forretningsdrivande, sidan yrkessjåfør, busett Vågsbygd, g m Sonja Margrethe Kallhovd, born:
  • Jon, f 1987
  • Ingrid, f 1997
  • Anne Tomine, f 1955, forretningsdrivande, busett Søgne
  • Inger, f 1956, hjelpepl., g 1978 m Thore Augland, Vågsbygd, busett Greipstad, born:
  • Per Fredrik, f 1980
  • Sigrid Margrethe, f 1983
  • Tore André, f 1987

Knut og Sigrid budde her frå 1950. Då hadde dei bygd på huset, så det vart på 7 x 10 m i halvanna høgde. Dertil sette dei opp ein lagerbygning. Tomta vart formelt utskilt frå Nigard og skøyte tinglyst i 1954. Me kjenner ikkje til kva for avtale Knut og Sigrid hadde gjort med Hæge, men av tinglysingane går det fram at Knut og Hæge åtte huset saman, medan det formelt berre var Sigrid som sto som eigar av tomta.

I 1953 kaupte Knut og Sigrid også butikken på Moland ved Hovdebru, gnr 2, bnr 20, hjå Tordis og Eivind Haugane. Men truleg fann dei ikkje handelen på Hovden lønsam nok, så i 1955 selde dei forretninga der til Tor Drechsler frå Stavanger.

Knut og Sigrid dreiv butikken ved Berdalsbru saman frå 1949 til 1957. Det sistnemnde året flutte han til Flatelandsmoen i Valle, og leigde ei handelsbu der av Auver O. Stavenes. Sigrid og borna vart att på Berdalsbru, og ho handla vidare her til 1960. I det sistnemnde året flutte familien etter Knut til Flateland. Der hadde han i mellomtida bygt si eiga forretning, Flateland Handel. Denne butikken dreiv dei til 1969, då dei flutte til Vågsbygd, og dreiv forretning der til dei gjekk av med pensjon (jfr. Valle VI, 256, 265).

Då Sigrid reiste til Valle, leigde Pål Tallaksson, bror hennes, handelsbua her, og dreiv henne vidare eit par år. Men etter omleggjinga av riksvegen vart det for stor avstand mellom butikken og trafikken, fann han ut. Så i 1962 flutte han til Kyrkjebygdi, der han dreiv Kyrvestadbui i 8 år, inntil også han drog or bygda. Sidan dreiv han forretning fleire stader, lengste tida på Hortemo. Medan han var der gifte han seg. I dag (2004) bur han og kona hans i Kristiansand. Det står litt meir om dei i bolken om Kyrvestadbui, gnr 13, bnr 11.

Hæge Hoslemo budde ilag med Knut og Sigrid frå 1950. Etter 1960 var ho åleine i stoga til ho døydde i 1978. Sidan har det ikkje vore nokon fastbuande her. Annlaug Rygnestad Nielsen i Søgne overtok huset i 1992, og har det til fritidsbustad.


0941 Bykle komm.png Fossheim (Bykle gnr 5/4) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bergtun • Neste bolk: Skogheim

Koordinater: 59.44502° N 7.41469° Ø