Systog (Bykle gnr 13/11)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Systog
Mosdøl 40.jpg
Kyrvestadbui etter den siste ombyggjinga.
Foto: Aanund Olsnes (2003).
Alt. namn: Kyrvestadbui
Rydda: 1930
Utskilt: 1933
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 13
Bnr: 11
Type: Nærings- og bustadeigedom

Systog er opphavleg ei forretningstomt som vart selt frå Berget Mosdøl i 1930, og matrikulert i 1933. Sidan vart det kaupt innåt litt jorde på nedsida av vegen. Kauparen var Torbjørg O. Kyrvestad frå Valle.

Torbjørg var dotter åt Olav Knutsson Berg og kona, Sigrid Knutsdotter, fødd Trydal. Sigrid att var dotter åt Knut Hallvardsson i Trydal Der inne og kona, Gyro Torsdotter, fødd Lunden.

Torbjørg hadde i fleire år vore styrar på Valle handel, og då ho skaffa seg denne eigedomen, var det for å starte eiga handelsverksemd. Omlag eit år etter at butikken var i gang gifte ho seg, og dreiv sidan handel her ilag med mannen sin. Verksemda vart heitande Kyrvestad handel, i daglegtale Kyrvestadbui.

Torbjørg O. Kyrvestad fotografert omlag på den tid då ho tok til med handel i Bykle. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Byklarar på Gimlemoen 1925. Gunnar O. Gjerden står i midten, til venstre for han står Odd P. Byklum, og til høgre Dreng Å. Tveiten. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
  • Torbjørg Olsdotter Kyrvestad, f 1895, d 1972
g 1932 m Gunnar Olavsson Gjerden, f 1907, d 1991. Born:
  • Olav (e.), f 1933, gbr., snikkar, ug., sjå Attistog Gjerden, gnr 15, bnr 1
  • Birgit, f 1934, barnepleiar, husmor, g m Ole Svendsen, f 1924, busett Maridalen, Oslo, born:
  • Ole Viggo, f 1959, g m Mai Britt Iversen, busett Oslo
  • Gunnar, f 1961, g m Aileen Hansen, busett Oslo
  • Tori, f 1966,, g m Jon Ivar Bakke, busett Oslo
  • Sigrid, f 1936, husmor, bussjåfør, g m Torleiv Kjetilsson Trydal, f 1922, sjå Nordstog Grasbrokke, gnr 17, bnr 14, busett Oslo
  • Olav (y.), f 1937, røyrleggjar, vaktmeister, g 1981 m Ellen Mari Olsson, f 1941, sjå Lilleborg, gnr 15, bnr 73
  • Gyro, f 1938, d 1976, g 1962 m Tor Bakkebø, Tønsberg, busett Tønsberg, born:
  • Rune Gjerden, f 1960, g m Jorunn Elin Eldevik, busett Tjøme
  • Geir Tore, f 1963, g m Ann Kristin Pedersen, busett Tønsberg
  • Jan Henry, f 1965, g m Torill Åtangen, busett Nøtterøy
  • Frode, f 1967, busett Tjøme
  • Hallvard, f 1939, småbr., maskinentr., ug, sjå Kanada i Jåro
  • Torbjørg, f 1941
  • Jorunn, f 1945, postfunksjonær, busett Oslo, g m Jan Bjerke, Oslo, born:
  • Sissel, f 1971, ug., busett Oslo
  • Leif Gunnar, f 1972, sb m Lillan Kronvald, Sverige, busett Oslo
  • Torfinn, f 1972, ug., busett Oslo

Gunnar Olavsson var son åt Olav Drengsson i Attistog og kona, Birgit Olavsdotter.

Torbjørg sette opp hus her med det same ho hadde fått hand om tufta i 1930, men denne fyrste butikken brann opp eit par år seinare, og handelen vart difor flutte til Nistog Byklum (Vodden) for ei tid. Handelshuset her vart bygd oppatt, men etter fire, fem år var her ny brann. Så vart det bygt tredje venda, det huset sto ferdig i 1940, og står framleis, men er monaleg ombygd.

I 1932 overtok Gunnar eit stykke på kring 20 mål i austenden av Attistog, og bygde etter kvart opp eit småbruk der, som vart kalla Kanada. Der sette han til å byrje med opp ei løe (1932), og fekk dyrka opp 17 mål. Han og familien hans budde i andre høgda i butikken, inntil han hadde fått opp stoga i Kanada i 1941, men sidan var det der dei budde.

Torbjørg og Gunnar dreiv handel her til 1958. Då overtok sonen Olav G. Gjerden (y.) (sjå Lilleborg, gnr 15, bnr 73) huset og verksemda, og dreiv sidan handel her i 4-5 år. I 1962 leigde han bort butikken til Pål Hoslemo.

Pål var fødd i Nigard Hoslemo, som son åt Tallak Olavsson på det bruket og kona, Anne Pålsdotter, fødd Brokke. Han hadde tidlegare drive butikk ved Berdalsbru nokre år, men då vegen der vart omlagd, slik at det ikkje var brukeleg å handle der lenger, overtok han handelen her.

  • Pål T. Hoslemo, f 1929
g 1974 m Rakel Olette Larsen, Sandefjord, f 1931. Born:
  • Elin, fødd 1975, bed.øk., busett Oslo

Pål dreiv Kyrvestadbui i 8 år, men i 1970 overdrog han verksemda til Eivind O. Trydal, flutte or bygda, og gifte seg, Sidan dreiv han handel fleire stader, lengste tida på Hortemo i Songdalen, men etter at dei vart pensjonistar, har han og kona budd i Kristiansand.

Eivind O. Trydal (sjå Solvang, gnr 17, bnr 43) dreiv berre forretning her eitt års tid. I 1971 selde han varelageret til Samyrkelaget. Etter dette vart Kyrvestadbui nedlagd som butikk, og Olav G. Gjerden(y.), som åtte huset, bygde det om til bustadhus. Sidan vart det i mange år utleigd til ymse leigebuarar, inntil Pål Georg Ryningen kaupte det i 1997. Pål Georg budde her berre fem år, til våren 2002, då han selde huset vidare, og sjølv flutte til eit hus han hadde kaupt i Nedre Sarv. Han er nærare omtala der (sjå Myggbo, gnr 15, bnr 77).

Då kjem me til kauparen frå våren 2002:

  • Alf Arne Tybring Hansen, f 1963, ug.

Alf Arne kjem frå Moland. Namna åt foreldra hans er Alf Tybring Hansen og Olaug, fødd Myre. Kring 1980 kom han til Hovden for å vera med på ein dugnad, og sidan slo han ned i bygda. Han har drive med ymist, m.a. arbeidde han nokre år på hotellet på Hovden, men elles hadde han mest bygningsarbeid. Frå 1990 har han halde til i Kyrkjebygdi. Eit par års tid dreiv han Texaco-stasjonen, men sidan har han vore attende i snikkaryrket.


0941 Bykle komm.png Systog (Bykle gnr 13/11) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nystog • Neste bolk: Solbakken