Lilleborg (Bykle gnr 15/73)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lilleborg
Gjerden 61b.jpg
Lilleborg pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1978
Utskilt: 1978
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 15
Bnr: 73
Type: Bustadeigedom

Lilleborg i Nedre Sarv i Bykle vart utskilt frå bnr 11 i 1978. Ellen Mari Olsson kaupte henne då hjå Bykle kommune, og bygde seg hus her året etter.

Ellen Mari er frå Songdalen. Ho kom til Bykle som kommunekasserar i 1977. I 1979-80 budde ho i sokkeletasjen i huset åt Knut Gjerden, Asparås, bnr 32.

  • Ellen Mari Olsson, f 1941
Born:
  • Reidar Olsson, busett Sotra
g 2. 1981 m Olav G. Gjerden (y.), f 1937, ikkje born.

Olav G. Gjerden (y.) er frå Kanada i Jåro, og son åt Gunnar O. Gjerden og Torbjørg O. Kyrvestad (jfr. bolkane om Kanada og Kyrvestadbui). Olav dreiv handel i Kyrvestadbui i 4-5 år frå 1958, men var sidan snikkar og røyrleggjar, og sistpå vaktmeister i Bykle kommune.

Då Olav vart pensjonist i 2002 flutte han og Ellen Mari til Søgne. Huset her vart då selt til Kjetil Holte og Ingrid Synnøve Kostveit. Kjetil Holte er frå Høydalsmo, og son åt Grethe Holte Sandvik og Hjalmar Aasen.

  • Kjetil Holte, f 1968
sb m Ingrid Synnøve Kostveit, f 1970. Born:
  • Tarjei, f 1998
  • Aslak, f 2003

Ingrid er frå Ytre Vinje, og dotter åt Leiv Kostveit og kona Arnhild, fødd Reini. Arnhild att ættar langt attende noko frå Bykle, ettersom oldeforeldra hennes var Gyri Alvsdotter frå Haugen Breive (1844-1918) og Aslak Olavsson Bjåen frå Midbø i Mo (1835-1900). Gyri og Aslak budde i Uppigard Reini i Mo (gnr 29, bnr 2, jfr Mo bygdebok I, 439).

Kjetil og Ingrid kom til Bykle i 1994, då ho fekk ei stilling i barnehagen. Ho er utdanna førskulelærar, og arbeider nå (2004) på Bykle skule. Kjetil er murar av yrke.

Inntil dei kaupte huset her budde Kjetil og Ingrid i ein kommunal bustad, Kyrkjelii 34 B.


0941 Bykle komm.png Lilleborg (Bykle gnr 15/73) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kommunebo • Neste bolk: Turbo