Der inne (Bykle gnr 1/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Haugen (Bykle gnr 1/2))
Hopp til navigering Hopp til søk
Der inne
Breive 15 - HFB I 61.jpg
Alt. namn: Breive Der inne; Haugen
Fyrst nemnd: Tunet i Der inne ein gong i fyrste tiåret av 1900-talet. Biletet, som er teke av August Abrahamson, kjem frå Setesdalsmuseet.
Stad: Breive
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 1
Bnr: 2
Loptet i Haugen vert oppgjeve til å vera frå 1600-talet. Det kan godt hende, men i så fall har det nok vore teke ned og sett opp på nytt ein eller annan gong i andre halvparten av 1700-åra, for fyre 1750 var alle lopt jarelopt, dvs at dei ikkje hadde stabbar eller grime under seg. Nå er det slik at denne byggjemåten for lopt fyrst og fremst høyrer heime i Telemark, og på den bakgrunnen bør ein kanskje opne for at dette huset kan ha blitt flutt hit, t.d. i Tarjei Vetlessons tid mot slutten av 1700-åra. Han hadde samband både til Byrte og Edland, veit me, og han var også ein som truleg hadde økonomi til loptsbyggjing. Men denne tanken er altså berre gjeting på grunnlag av forma på huset, og ingenstad stadfest.
Foto: Aanund Olsnes (2005).

Der inne, eller Haugen, er den eldste verestaden i Breive, og dermed utgangspunktet for alle dei andre.

Den fyrste oppsitjaren ein finn omtala heitte Nils, og svara landskatt av Breive i 1610. Stort meir har me ikkje å melde om han, men i motsetnad til ettermennene, som alle hadde minst ein oppsitjar ved sidan av seg, var Nils åleine, og kan då ha ått og bruka heile garden. Ettersom han berre er nemnd ei vende, kan me ikkje setje han inn i nokon ættesamanheng, men namnet tyder vel på at han ikkje var innfødd byklar.

Nils, n 1610

Om Nils var skyld den neste oppsitjaren me finn nemnd er på vona. Denne nye mannen heitte Salmund, og kom inn som skatteytar i 1613. Han svara skatten av heile garden t.o.m. 1619, men frå 1620 finn me også ein som heitte Knut som oppsitjar her. Etter odelsmanntalet frå 1624 åtte han og Salmund då kvar sin halvpart. Me kjem attende til Salmund i bolken om Der sø (Midbø), men her skal det handle om Der inne.

Samtidskjeldene gjer det ikkje klårt kva for brukseiningar dei to oppsitjarene hadde, men i den gamle gards- og ættesoga (206, 208) er Salmund plassert i Der sø og Knut her, og når ein ser etter kvar etterkomarane budde, tykkjest dette vera den mest rimelege løysinga. Då lyt me altså taka Knut fyre oss på denne staden:

Knut Knutsson, n 1620-1645, d ca 1647

g m NN Bjørgulvsdtr. Nesland, sjå nedanfor . Born, iallfall:
  • Bjørgulv, f ca 1632, n 1664-1665, lagnad ukj., sjå nedanfor
  • Knut, f ca 1635, g 1. m NN Tarjeisdtr. Bjørnarå, g 2. m Gunhild Åsmundsdtr. Rygnestad, sjå nedanfor

I den gamle bygdeboka (206) er Bjørgulv Knutsson ovanfor oppført ein generasjon seinare, som son åt Knut Knutsson(y.). Men ettersom Bjørgulv i dei kjeldene som nemner han vert sagt å vera eldre enn Knut(y.), er den plasseringa umogeleg. Bjørgulv er med i manntala frå åra 1664-66, men vert sidan ikkje omtala, så me veit ikkje meir om han enn at han skal ha vore fødd ca 1632.

I den gamle boka (s. st.) les me også at ei enke Ingebjørg som er nemnd i 1665 «var gift med Knut Knutsen, f 1635». Men det kan ikkje vera rett, ettersom denne Knut-en levde til 1721 (i den gamle boka står 1722). Den gamle boka identifiserer dertil kona åt den yngre Knut-en som Ingebjørg Bjørgulvsdotter Nesland, men det er også heilt sikkert gale, ettersom døtrene åt Bjørgulv Nesland var ein generasjon eldre enn ho som var gift med Knut K. Breive(y.). Men mor hans, altså kona åt Knut Knutsson(e.) var heilt sikkert dotter åt Bjørgulv Nesland. Grunnen til at me kan vita dette, er at odelsmanntalet frå 1624 fortel at Knut Knutsson(e.), det året disponerte to systerpartar i Nesland på vegner av kona og versystera. Når Knut var verje for versystera, tyder det på at ho på denne tid anten var ugift eller ei enke utan born. Kvar ho budde, eller om ho gifte seg etter 1624, er uvisst.

Men kven var då enka Ingebjørg frå 1665? Det veit me ikkje visst, men det er mykje mogeleg at ho var identisk med kvinna med det same namnet som hadde sete som enke i Breive alt 20 år tidlegare, og ho meiner me var enke etter Salmund Tarjeisson i Der sø. Om denne identifikasjonen stemmer, er det gale, det manntala frå 1664 og 1665 kan gjeva inntrykk av, og den gamle gards- og ættesoga (206) har formidla vidare, at ho var mor åt ovannemnde Bjørgulv Knutsson Breive.

Knut Knutsson(e.) var truleg død fyre kontribusjonsskattelista frå 1647 vart skrive. I tida som fylgjer er sonen Knut Knutsson(y.) oppskriven som oppsitjar, endå han etter dei observerte aldersoppgåvene ikkje eingong var 15 år då faren døydde.

Knut Knutsson Breive, f ca 1635(?), d 1721

g 1. m N N Tarjeisdtr. Bjørnarå, n 1665. Born, iallfall:
  • Alv, f ca 1671, g m ukj., sjå nedanfor
  • Ingeleiv, n 1727, g m Bjørgulv Knutsson Dysje (?), i så fall d 1721, sjå nedanfor
g 2 m Gunhild Åsmundsdtr. Rygnestad, n 1688, d etter 1711, fyre 1714. Born, iallfall:
  • Tordis (= «Dordi»?), f ca 1690, g 1719 m Ånund Såvesson Vatnedalen, sjå Der sø i Vatnedalen, gnr 6, bnr 1
  • Astrid, g 1718 m Gunnar Tarjeisson Holen, sjå Der uppe i Holen, gnr 12, bnr 2

Me veit ikkje døypenamnet åt den fyrste kona åt Knut, men den 17. mars 1665 let han skrive det fylgjande skøytet:

Gamalt skrin, der loket har blitt borte, 11 x 10 x 19 cm. Karveskurden vil tyde på at det kan daterast attende til 1700-talet, men det er likevel uvisst. Nokre gamle former heldt seg ubrigda langt forbi hovudperioden sin. Skrinet her ligg i Henriksen-samlinga i Bykle med reg.nr MOR 00306. Foto frå Setesdalsmuseet.
Underteignede Knud Knudsen boendis paa Breffue udj

Bøckle Sogenn giør vitterligt at jeg med min Hustrues
Samtøcke [...] herved sælger og skiøder til min Hustrues
Broder Stoere Olluff [Targiesen] BiørnerAae, ald min
Hustrues Arffuelod udj BiørnerAae, som beløber sig till
halvfembte Notting Skyld for Tiuge och En Rix Daller, som
Jeg udj Boeschab, Kaaber, och en brot Quittel, Sampt 6
Rixdaller udj Penge aff hannem bekommit haffuer.

På denne bakgrunnen skulle det vera sikkert nok at Knut Knutsson Breive i 1665 var gift med ei Tarjeisdotter frå Bjørnarå. Grunnen til at me veit at han sidan gifte seg omatt med Gunhild Åsmundsdotter frå Rygnestad, er at dette i 1688 vart opplyst på skiftet etter mor hennes, Tordis Tallaksdotter, som var gift med Åsmund Torleivsson i Nordigard. (jfr. Valle VI, 372). At Knut var to vender gift vert også stadfest av ei tinglysing frå 1727. Denne fortel at Alv Knutsson hadde løyst ut to kalveskinn i garden, som var ervepartane av systrene hans. Ingeleiv hadde ervt eitt skinn, Astrid og «Dordi» eitt i hop, noko som tyder på at Ingeleiv var heilsyster åt Alv, dei to andre halvsystrer.

Ettersom Alv for lengst var død då dette vart skrive inn i tingboka, må handelen ha gått fyre seg nokre år tidlegare, og då var det vel son hans som sytte for tinglysinga. Tordis står ikkje oppført mellom seljarane i skøytet, endå det er på det reine at ho livde då det vart skrive. Me torer gjeta på at dette rett og slett kjem av at «Dordi» i skøytet er feilskriving for Tordis, dette så mykje meir som «Dordi» ikkje er nemnd andre stader i dei kjeldene me har undersøkt.

Ingeleiv var etter alt å døme gift med Bjørgulv Knutsson Dysje. Dette er ikkje absolutt prova, men iallfall har me i bolken om Dysje kome til at det er det god grunn til å tru at kona åt Bjørgulv heitte Ingeleiv Knutsdotter, og me har ikkje sett andre med det namnet. Ingeleiv Knutsdotter Dysje vart gravlagd same dagen som Knut Knutsson Breive, det var den 5. oktober 1721.

For at ho skal ha kunna vera med på overdraginga av gardpartar til broren, lyt då Knut ha skift ifrå seg i god tid fyre han døydde, men det er det sjølvsagt ingenting i vegen for. Alv hadde overteke ein part på to skinn i garden i 1698 eller kanskje endå litt tidlegare, og løyste som nemnt ut dei resterande to skinna frå systrene, og etter det me nett kom til må dette ha vore fyre faren døydde i 1721.

Alv Knutsson Breive, f ca 1671, d 1724

g m ukj, d 1732. Born:
  • Tone, f ca 1699, g 1736 m Andres Tarjeisson Holen, sjå Der uppe i Holen, gnr 12, bnr 2
  • Bjørgulv, f ca 1701, g 1724 m Borghild Knutsdtr. Gjerden, sjå nedanfor
  • Knut, f ca 1704, g 1736 m Birgit Augundsdtr, Gjerden, sjå Nigard Hoslemo, gnr 5, bnr 1
  • Torleiv, g 1. 1739 m Tone Olavsdtr.Vatnedalen, g 2. 1749 m Gyro Åsmundsdtr. Berdalen, sjå Der uppe, Berdalen, gnr 3, bnr 4 (14)
  • Svenke, f ca 1710, g 1754 m Gunhild Sørensdtr. Mosdøl, sjå Hagen, Berdalen, gnr 3, bnr 5

Som det går fram ovanfor kjenner me ikkje namnet på kona åt Alv. Då ho vart gravlagd i 1732, vart ho berre oppskrive som «Biørguf Brevigs Moder».

Bjørgulv er oppført som oppsitjar og sjølveigar i matrikkelframlegget frå 1723, noko som stadfester at han må ha overteke eigedomen fyre faren døydde året etter. Ettersom Alv hadde berre 3 skinn, medan faren hadde hatt 4, skjønar me at det eine skinnet i laupet av brukarperioden åt Alv har vorte selt, og etter alt å døme må det ha vorte overdrege til oppsitjarane i Der sø. Så langt kome kan me gå over til familien åt Bjørgulv:

Bjørgulv Alvsson Breive, f ca 1701, d 1749

g 1724 m Borghild Knutsdtr. Gjerden, f ca 1697, d 1759. Born:
  • Astrid, f 1726, g 1758 m Alv Andresson Holen, sjå Der uppe, Holen, gnr 12, bnr 2
  • Tore, f 1728, g 1749 m Jon Åvoldsson Nesland, sjå Sygard Nesland, gnr 10, bnr 3
  • Torbjørg, f 1730, g 1751 m Tarjei Mikkelsson Mosdøl, sjå Lunden, Mosdøl, gnr 13, bnr 1
  • Gunhild, f 1734, d 1784, ug
  • Alv, f 1737, g 1762 m e Ingebjørg Eivindsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Knut, f 1740, d liten(?)
  • Knut, f 1746, g 1779 m Ingjerd Sigbjørnsdtr. Vatnedalen, sjå nedanfor

Borghild Knutsdotter var frå Nordistog Gjerden, dotter åt Knut Åvoldsson på det bruket og kona, Torbjørg Olavsdotter, fødd Nesland.

I matrikkelframlegget frå 1723 står det at bruket skulle kunna fø hest, 4 kyr og 3 sauer, og at dei hadde ein sånad på 1 1/2 tunner bygg. Me oppfattar dette som minimumstal, og særleg dei som gjeld buskapen. At dei helst hadde meir av dyr enn matrikkelen seier, vert stadfest av ei samanlikning med kreturflokken på bruket då Bjørgulv døydde i 1749. I fylgje skiftet etter han, som vart slutta året etter, sat dei då med hest, 6 kyr, 2 kviger, 6 kalvar, 20 sauer, 14 lam, 6 geiter, 2 bukkar og 4 kje.

Bjørgulv åtte 3 skinn i garden, og desse vart nå verdsette til 100 riksdalar. Elles hadde han lausøyre for vel 107 dalar, så bruttoen i buet hans vart på 207. Men så hadde han ei gjeld på 145 dalar, av dette 100 dalar til Svenke Knutsson Tveit i Der sø, så nettoen vart berre 62 dalar. På denne bakgrunnen vart Svenke tillotta eigedomsretten til 1 1/2 skinn, dvs. halve bruket. Men då Svenke døydde året etter Bjørgulv, sat han med 4 skinn i garden, 3 skinn i Der sø og eitt skinn her, så me vil tru at Alv Bjørgulvsson har kaupt attende det halve skinnet kort etter skiftesamlinga. Alv vart iallfall neste oppsitjar her, og hadde til å byrje med ein ein eigedom på to skinn, som sidan vart auka til tre.

I slike kodder sette dei mjølka til rjomen flaut opp og kunne ausast av. Denne er truleg frå 1800-talet, men omlag same typen var i bruk langt att i tida, bortsett frå at gjordene då var laga av tre, men jerngjordene på denne er vel resultatet av ein reparasjonsjobb på 1900-talet. Kodda på biletet ligg i Henriksen-samlinga med reg.nr MOR 00358. Foto frå Setesdalsmuseet.

Alv Bjørgulvsson Breive, f 1737, d 1787

g 1762 m e Ingebjørg Eivindsdtr. Byklum, f 1726, d 1806. Born:
  • Borghild, f 1763, d 1783, ug
  • Bjørgulv, f 1766, d 1789, ug
  • Birgit, f 1769, d 1769

Ingebjørg Eivindsdotter var frå Utistog Stavenes, dotter åt Eivind Olavsson på det bruket og kona, Hæge Gunnarsdotter, fødd Bjørnarå. Då ho gifte seg med Alv, var ho enke etter Ånund Olavsson i Innistog Byklum, som døydde i 1748.

Som ein ser ovanfor døydde Alv i 1787, berre 40 år gamal, og to år seinare døydde sonen Bjørgulv, han vart 23. Enka Ingebjørg gifte seg i 1791 tredje venda med Tarjei Vetlesson, ein gamal enkemann frå Vinje, som hadde flutt hit frå Byrte med borna sine eitt år eller to tidlegare.

Nokre år etter giftemålet selde Ingebjørg og Tarjei gardsbruket. Halvparten, som må ha svara omlag til det som sidan vart Utistoga, gjekk til Knut Monsson i Der sø, og den attverande halvparten gjekk til Knut Bjørgulvsson, bror åt Alv. Han vart såleis neste eigar og oppsitjar her, og me kjem me attende til han om litt, men fyrst skal me fylgje Ingebjørg og Tarjei til endes.

Etter salet av garden, som gjekk fyre seg i 1795, er det likt til at dei fekk foddog. Iallfall ser me at Ingebjørg vart registrert som «fletføringsenke» («fletføring» = foddog) i folketejinga frå 1801.

Ettersom også den nye mannen åt Ingebjørg budde her på bruket sin alder ut, og fleire av borna hans var her i fleire år, lyt me taka med noko om desse folka:

Tarjei Vetlesson Edland, f ca 1730, d 1800

g 1. 1758 m Hæge Nilsdtr., f ca 1727, d 1787. Born, iallfall:
  • Vetle, f ca 1758, d fyre 1800, g 1793 m Anne Olavsdtr. Leirbrekke, busett Leirbrekke, sjå Mo bygdebok I,
  • Nils, f 1762, d liten
  • Nils, f 1765, g 1795 m Anne Jonsdtr., sjå Bjones, gnr 16, bnr 8
  • Margit, f 1769, d 1804, ug
  • Torbjørg, f 1772, d lita (?)
  • Torbjørg, f 1774, n 1814, ug då, seinare lagnad ukj.
g 2. 1791 m e Ingebjørg Eivindsdtr. Breive, f 1726, d 1806. Ikkje born.

Kvar Hæge Nilsdotter kom frå, har me ikkje funne ut, men Tarjei var fødd i Uppigard Edland som son åt Vetle Hallvardsson Kili på det bruket og kona, Torbjørg Tjøstolvsdotter.

Etter at han gifte seg med Hæge åtte Tarjei Sudigard Edland i 6 år, og var sidan eit tak brukar på Urdbø i Arabygdi. I 1769 kaupte han Nordigard LoftsgardenByrte, gnr 3, bnr 1, flutte dit, og budde der til han laut selje i 1782. Så sat han bruksmann i Sudistog Loftsgarden til eit bil etter at Hæge døydde i 1787, og dinest flutte han som ovanfor fortalt åt Breive, og gifte seg med Ingebjørg Eivindsdotter i 1791 (jfr. Vinje og Rauland, II, 385, 388 og Mo bygdebok I, 42, 52).

Tarjei døydde i 1800. Skiftet etter han inneheld m.a ei liste over lausøyre, og me tek med ei redigert avskrift av denne (der tala i parantes etter kvar ting viser verdivurderingane i dalar, ort og skilling):

Denne gamle gryta tek berre 1 nottung (vel 6 liter), og kan godt vera av same slaget som dei som fanst i skiftet etter Tarjei Vetlesson. Ho finst i Henriksen-samlinga med reg.nr 00288, og biletet er frå Setesdalsmuseet.
2 gryter á 3 ort (1-2-0)
1 jernvekt (1-2-0)
1 tømmermannsnavar (0-0-8)
6 kornbyrer á 2 1/2 ort (3-0-0)
1 ridesal (1-2-0)
1 kiste m lås (3-0-0)
2 mindre kister á 3 ort (1-2-0)
4 do. á 2 ort (2-0-0)
13 mjølketrog á 8 skill.(1-0-8)
1 smørambar (0-0-12-)
1 jernlekkje (0-0-4)
1 øltunne (0-1-0)
1 mjølkeholk (0-1-16)
2 do. á 12 skill (0-1-0)
4 do. á 6 skill. (0-1-0)
2 sager á 16 skill. (0-1-8)
8 «skinnbleier» (=fyddur) á 1 rd 15 skill (9-1-0)
2 «brotkvitlar» (=ullteppe) á 6 ort (3-0-0)
1 spansk teppe (0-3-0)
1 raudrandete tjeld (1-1-0)
2 kyr á 11 rd (22-0-0)
1 geit (0-1-0)

Eignelutene i lista ovanfor vart ihoprekna til omlag 53 riksdalar. Som ein ser var der m.a. eit par kyr og ei geit. Truleg var det Knut Bjørgulvsson som fødde desse som ein del av foddoget. Tarjei og Ingebjørg hadde nokså mykje uteståande pengekrav. Det samla verdet av buet vart 458 dalar, og gjelda var berre 52, så nettoen vart over 400. Den største av einskildsummane dei hadde til gode var 326 dalar frå Knut Bjørgulvsson, som må ha vore det som sto att av gjeld etter kaupet av garden. Så langt kome kan me gå over til Knut og huslyden hans:

Knut Bjørgulvsson Breive, f 1746, d 1819

g 1779 m Ingjerd Sigbjørnsdtr. Vatnedalen, f 1754, d 1840. Born:
  • Anne, f 1779, g 1817 m Hallvard Torleivsson Holen, sjå Holen, Der uppe, gnr 12, bnr 2
  • Birgit, f 1782, g 1805 m Sigbjørn Åsmundsson Stavenes, sjå Systog Stavenes, gnr 16, bnr 6.
  • Gunhild, f 1786, sjå nedanfor
  • Bjørgulv, f 1789, d 1869, ug, sjå nedanfor
  • Torbjørg, f 1791, d 1836, ug
  • Alv, f 1793, d 1793
  • Alv, f 1795, g 1823 m Margit Knutsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Sigbjørn, f 1797, g 1840 m Hæge Jonsdtr. Felland, sjå Hovden Der uppe

Ingjerd Sigbjørnsdotter var frå Der sø i Vatnedalen, dotter åt Sigbjørn Torkjellsson Rannestad på det bruket og andre kona, Torbjørg Knutsdotter, fødd Vatnedalen. Knut og Ingjerd budde hjå foreldra hennes i Vatnedalen dei fyrste åra dei var gifte, men innan hausten 1785 flutte dei hit og var busetar til han fekk overtaka bruket i 1795.

Hausten 1801 hadde det gått aldeles ut med Jon Torbjørnsson i Nordgarden, som drog or bygda med familien sin, og sidan truleg hamna på fantestigen. Fyrr han reiste selde han bruket sitt, og me meiner at Knut Bjørgulvsson må ha lånt pengar og kaupt det. Me har ikkje funne beinveges opplysningar om dette kaupet, men om Knut ikkje hadde fått hand om Nordgarden i 1801, kunne han vel snautt ha selt bruket vidare året etter, og det veit me sikkert at han gjorde.

Då, altså i 1802, selde Knut både Nordgarden og Der inne, noko me tek til å tyde at han hadde teke på seg meir gjeld enn han kunne greie. Me veit ikkje kor mykje han fekk for eigedomane, men kauparen var Tarjei Olsson Berg frå Valle, som flutte hit, og budde her i 4 år. I 1806 fekk han tak i Systog Trydal, og flutte dit. Der vart han og etterkomarane hans sidan verande, og dei vert difor nærare presenterte i bolken om det bruket. Etter at Tarjei Olsson flutte hit er det likt til at Knut og Ingjerd må ha bruka Nordgarden. Iallfall tyder skattelistene på at Tarjei og Knut i desse åra bruka 1 1/2 skinn kvar, men Tarjei åtte 3 skinn, og me trur at han budde på bruket her.

Etter protokollen åt jordavgiftskommisjonen frå 1802 skulle garden då kunna fø hest, 3 kyr og 12 småkretur, noko som etter kommisjonens vurdering burde gjeva grunnlag for å selje 4 bismarpund smør i året. Som vanleg med oppgåvene frå denne kommisjonen, er også dei som gjeld Breive svært forsiktige. Det ser me ikkje minst av at gardverdet på Der inne og Nordgarden vart sett til berre 200 riksdalar til saman.

I 1807 selde Tarjei Olsson eigedomane sine i Breive til to kaksar frå Vinje, Øystein Tovsson Sandåk og Aslak Åsmundsson Botne, etter at han hadde pantsett dei 3 skinna til dei året fyre. Det var Knut Bjørgulvsson som skreiv skøytet til vinbyggjane, men det var berre avdi Tarjei ikkje hadde skaffa seg tinglyst prov for kaupet sitt i 1802, som me berre kjenner frå ein referanse i panteobligasjonen frå 1806.

Knut Bjørgulvsson tykkjest ha bruka både Nordgarden og Der inne frå 1806 til 1811, og om ein kunne lite fullt ut på skattelistene skal han ha hatt bruket her til han døydde i 1819. Men dette siste må likevel vera misvisande, skjønar me, for hadde han hatt gard til rådvelde hadde han snautt vorte gravlagd som fatiglem, men det vart han. Dette tilseier at han må ha gjeve opp bruken av eigedomen nokre år fyre han døydde, og det syner seg å stemme. Dei to vinbyggjane sette då inn den eldste av sønene åt Knut til brukar i staden hans, omlag slik Rikard Berge har fortalt det etter Svein Hovden: «Øystein Sandaak og Aslak Botne [...] feste burt halve Breive på elleve aar til'n Bjørgulv Knutsson [i 1811]» (Vinje og Rauland III, 607). Nå veit me at Bjørgulv Knutsson ikkje feste «halve Breive», men derimot halvparten av det som hadde vore Der inne, for i bolken om Nordgarden har me konstatert at det var Kjetil Tarjeisson som dreiv det bruket frå 1811, og Der sø og Utistoga var det Knut Monsson som hadde, men tradisjonen er då nokonlunde rett. Det er derimot ikkje det som står i den gamle gards- og ættesoga (205), der det vert gjeve inntrykk av at Alv Knutsson, den yngre bror åt Bjørgulv, var neste oppsitjar, og jamvel skal ha kaupt eigedomen av Øystein Sandåk og Aslak Botne.

Men Alv kaupte ikkje eigedomen av dei, det var Bjørgulv som kaupte av ervingane deira, og den handelen sto ikkje fyrr i 1847. Inntil då hadde Bjørgulv eigedomen som leiglendingsbruk.

Bjørgulv Knutsson Breive, f 1789, d 1869, ug

Bjørgulv kaupte som nemnt bruket av ervingane etter Øystein Sandåk og Aslak Botne i 1847. Han sto som gardeigar til 1858, då han selde til brorsønene Torbjørn og Knut, og sjølv tok foddog. Alv og Margit, foreldra åt Torbjørn og Knut, fekk også tinglyst foddogskontrakt for seg, det var i 1861.

Alv Knutsson var stundom innom som busete eller medbrukar hjå broren, vil me tru. Iallfall ser me at han døypte born frå Breive i 1823, 1830 og 1837, men elles var han mykje på flytjefot. I 1827 budde han i Uppigard Hoslemo og der var han også i 1831, i 1834 var han einkvarstad i Berdalen og i 1841 i Stavenes. Fyrst etter at Bjørgulv hadde fått kaupe bruket i 1847 vart Alv fast busett her. Han har vel vore medbrukar hjå Bjørgulv frå det året, men om han åtte nokon part i garden, slik foddogskontrakta hans frå 1861 i og for seg kunne tyde på, er tvilsamt. Men sidan han ingenstad var meir heime enn her, presenterer me i alle høve han og familien hans på denne staden.

Alv Knutsson Breive, f 1795, d 1863

g 1833 m Margit Knutsdtr. Breive, f 1802, d 1877. Born:
  • Ingjerd, f 1823, g 1858 m Olav Knutsson Breive, sjå Midbø, bnr 7
  • Torbjørn, f 1827, g 1852 m Jorunn Knutsdtr. Kyrvestad, sjå nedanfor
  • Gyrid, f 1830, d 1830
  • Knut(e.), f 1831, d 1856, ug
  • Knut(y.), f 1834, g m Anne Salmundsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Olav, f 1837, g 1873 m Åshild Hallvardsdtr. Breive, sjå Der uppe, bnr 9
  • Gyrid, f 1841, d 1842
  • Gyrid, f 1844, d 1918, g 1877 m Aslak Olavsson Midbø (Bjåen), busett Evre Reini, Mo, gnr 29, bnr 2, jfr Mo bygdebok I, 439.

Margit Knutsdotter var frå Der sø, dotter åt Knut Monsson på det bruket og kona, Gyrid Torbjørnsdotter. Aslak Olavsson, som den yngste av døtrene åt Alv og Margit gifte seg med, kom frå frå Midbø på Byrte, son åt Olav Jonsson Midbø og andre kona, Gunhild Åmundsdotter Oddeskar.

Aslak var såleis bror åt Else, som var gift med Knut Monsson i Utistoga. Gunhild, mor deira, vart enke alt i 1836. I 1854 gifte ho seg oppatt med Hallvard Gunnarsson Nedgarden i Bjåen. Borna fylgde henne dit, og difor vart dei oppskrivne med etternamn Bjåen då dei gifte seg. Aslak og Gyrid budde i Bjåen eit par år, men i 1879 kaupte dei Evre Reini i Mo, og flutte dit. Men me lyt attende til Der inne.

Ovanfor har me fortalt at Torbjørn og Knut Alvssøner kaupte bruket hjå farbroren Bjørgulv i 1858. Prisen då var 317 dalar. Nokre år seinare, i 1867, vart det tinglyst at Knut hadde kaupt ut Torbjørn frå halvparten hans for 158 dalar. Tidspunktet for denne handelen kjenner me ikkje, men i folketeljinga frå 1865 ser me at Knut det året åtte heile bruket, medan Olav, den tredje broren, leigde halvparten hjå han, og Torbjørn var «inderst» og «bruger en ager». Olav fekk i 1873 dela ifrå halvparten sin, og me handsamar han nærare i bolken om det bruket (Der uppe, bnr 9). Torbjørn og Knut tek me fyre oss her, og byrjar då med den eldste av dei:

Torbjørn Alvsson Breive, f 1827, d 1883

g 1852 m Jorunn Knutsdotter Kyrvestad, f 1824, d 1868. Born:
  • Alv, f 1853, d 1854
  • Alv, f 1854, d 1915, ug
  • Tone, f 1857, g 1887 m Knut Bjørgulvsson Bjåen, sjå Bjåen Sud i stoga, bnr 3
  • Margit, f 1861, d 1927, sjå nedanfor
  • Knut, f 1866, g 1891 m Josefine Kristine Jonsdtr., sjå Nordgarden, bnr 1

Jorunn Knutsdotter var frå Uppistog Kyrvestad, dotter åt Knut Olsson på det bruket og kona, Tone Hallvardsdotter (jfr. Valle IV, 342). Etter at Torbjørn selde parten sin i garden, vart han og familien hans buande som busetar ei stund frametter. Då Jorunn døydde i 1868 vart ho notert som fatiglem. Då Torbjørn døydde i 1883, var han ikkje lenger busete her, men derimot i Der sø, og der hadde han vore iallfall sidan 1875.

Dottera Margit fekk i 1889 sonen Knut. Faren var Jon Sigvaldsson Vå, f 1858, ein son åt Sigvald Jonsson Vå frå Rauland og kona, Asgjerd Torjusdotter Espetveit frå Høydalsmo, som i 1865 budde i Uppigard Hemmestveit i Morgedal (jfr. Kviteseid bygdesoge, I, 100 og II, 331). Då sonen kom til verda, vart Jon notert i kyrkjeboka som «forhenværende skolelærer, nuværende handelsreisende». Sidan tok han ut til Amerika, les me i ei ættebok frå Vinje (Johan Vaa m fl.: Vaa-ætti, 1997, 18). Frå amerikanske kjelder har me vidare fått vita at han emigrerte i 1891, gifte seg i 1899 med ei Gida Egge, budde med henne i Butterfield Township, Watonwan County, i det sørlege Minnesota, døydde der i 1936, og etterlet seg 4 amerikanske born. Margit Torbjørnsdotter og Knut Jonsson, sonen, var i 1910 båe tenestefolk hjå Knut O. Breive på bnr 9. Då Margit døydde i 1927, budde dei i Listog under Byklum. Sonen budde sidan på bruket Vang i Gjerden (gnr 15, bnr 14), og vert nærare presentert der.

Så langt kome kan me gå over til den yngre av alvssønene, han som kaupte ut broren kring 1865:

Knut Alvsson Breive (y.), f 1834, d 1897

g 1877 m Anne Salmundsdtr. Breive, f 1845, d 1910. Born:
  • Margit, f 1877, g 1900 m Helleik Sigbjørnsson Glidbjørg, sjå Jeiskelid, gnr 3, bnr 7
  • Anne, f 1879, g 1906 m Auver Sigbjørnsson Glidbjørg, sjå nedanfor
  • Bjørgulv, f 1882, g 1913 m Sigrid Bjørnsdtr. Edland, sjå nedanfor
  • Salmund, f 1886, d 1941, ug
  • Alv, f 1888, d 1953, sjå nedanfor
  • Torbjørg, f 1891, ug, d 1943, sjå nedanfor

Salmund Knutsson Breive og fyrste kona, Ragnhild Augundsdotter, var foreldra åt Anne Salmundsdotter.

I 1875 hadde Knut 2 hestar, 3 kyr, 4 ungdyr, 26 sauer og lam og 10 geiter og kje. Sånaden på garden var 3 1/8 tunner bygg og 4 1/2 tunner jordeple.

Utanom Knut, mora Margit og systera Gyro, budde her i 1875 endå nokre fleire. Det var for det fyrste brorsonen Knut Torbjørnsson, som var «forsørget af Knud Alfsen». Han kan ein lesa meir om i bolken om Nordgarden. For det andre var det Sigbjørn Olavsson Holen, som var busete og bruksmann, og truleg bruka ein del av eigedomen her for Knut. Sigbjørn vert nærare omtala i bolken om Hagen, Berdalen. Endeleg var det Torbjørn Monsson frå Utistoga, som var tenestekar. Det me elles har å melde om han står i bolken om Utistoga, bnr 6.

Mellom Hovden og Breive i hesteskjussens tid. Gamalt prospektkort frå Setesdalsmuseet.
Foto: Anders Beer Wilse

I 1887 gjorde Knut avtale med Kristiansand og Opland Turistforening, om at han skulle halde turiststasjon. Me tek inn ei avskrift av avtala:

Undertegnede Knud Alfsen Brevik forplikter sig herved til at holde følgende bekvemmeligheder for turister som færdes i Brevik:

1. 3 værelser, der holdes rene og ledige for logi for de reisende.

2. Holde 1 pige hjemme til opvartning for de reisende.

3. Holde 2 heste hjemme til skydsheste for reisende som ønsker skyds, og at skydse for almindelig fast stationsbetaling.

4. Sød melk hjemme hele sommeren.

5. Have en pram i Breviksvand til rådighed for reisende, som ønsker at fiske.

6. Lade de reisende benytte hans egen fiskeret i de til Brevik hørende fiskevande.

7. Opføre bro over Mjåvasåen og Kolsåen. Broene opføres af 3 flattælgede Furutrær til 12 tommers top i bredden og forsynt med rækværk på begge sider.

8. Af reisende tager stationsholderen sig en passende, men rimelig betaling for logi og bevertning, ligesom de reisende må vises tjenestevillighed og en høflig behandling.

Herfor betales af Christianssands og Oplands Turistforening 180 - et hundrede og otti kroner.

Punkt nr 5, 6 og 7 var særskilde for Breive, men elles var dette ei standardavtale som turistforeninga hadde med alle stasjonshaldarane sine.

Fisketur på Mjåvatn. Kvinna er Torbjørg K. Breive (1894-1941), guten er sonen, Knut A. (y), (f 1926), og mannen attlengst i båten er broren, Salmund K. Breive (1886-1941). Om me seier at Knut var 5 år då biletet vart teke, skal det vera frå kring 1931. Elles spring det i augo at Torbjørg nyttar tida medan karane fiskar til å strikke. Frå samlinga til Gerd Fosse Hovden.

Torbjørg Knutsdotter fekk i 1926 sonen Knut, faren var Anders O. Breive. Denne Knut-en vert gjerne omtala som Knut A. Breive(y.), helst for å skilje han frå Knut Auversson, som var 14 år eldre (jfr. nedanfor). Knut(y.) ervde sidan huset etter morbror Alv på Hovden, og vert nærare omtala i bolken om den verestaden (gnr 2, bnr 19).

Etter at Knut var død sat Anne Salmundsdotter i uskifte til 1903, då ho overdrog bruket til eldste sonen.

Bjørgulv Knutsson Breive, f 1882, d 1925

g 1912 m Sigrid Bjørnsdtr. Edland, f 1879, d 1926. Born:
  • Knut, f 1914, d 1946, ug
  • Bjørn, f 1916, d 1947, g 23.12.1944 m Borghild O. Skar, f 1910, d 1985, sjå nedanfor. Born:
  • Bjørgulv, f 1946, sjukepleiar, busett Seljord, ug
  • Anne, f 1917, d 1984, ug
  • Ragnhild, f 1919, d 2005, kokke, busett USA, sidan Oslo, som pensjonist Edland, ug
  • Olav, f 1922, d 1969, ug

Sigrid Bjørnsdotter var fødd i Uppigard Edland, som dotter åt Bjørn Sondresson frå Lid i Øyfjell (f 1842, d 1903), som hadde det bruket, og kona, Ragnhild Talleivsdotter Homme (f 1847, d 1924), som var frå Treungen i Nissedal. Ho skulle vera så sterk, Sigrid, at det gjekk gjetord om det. I Kultursoga (1993, 349) står eit par passasjar om dette, som me plukkar med oss (omsett til standard nynorsk):

Ein gong dei skulle bryggje til jol hadde dei lagt ei halvtunne korn i blot i bekken. Då tok ho den våte sekken, ei halv tunne, og lyfte han oppunder bjelkane over omnen, der var tverrtre som sekken skulle liggje og turke på. Og det er eit karstak, å lyfte ei halvtunne vått korn på strake armar.

Ein annan gong var det nokre karar på Edland ein sundags fyremiddag, dei dreiv og lyfte på ein stein som låg der, men greidde ikkje rikke han. Knut Juvet var med, og det var han som fortalde det. Då kom Sigrid og ei anna jente gåande etter vegen. Dei stogga og såg på karane med dei lyfte. «Å, de er nokre travar, gutar», sa Sigrid. «Ja, kom du ned og prøv», svara ein av dei. Og Sigrid kom, og anten du vil tru meg eller ikkje, så tok ho og la steinen oppi fanget [...].

Sigrid fekk beste odelen til Uppigard etter at alle brørne hennes hadde reist til Amerika, og ho mannen hennes overtok det bruket og budde der. Men dei heldt også fast på heimebruket hans, og Bjørgulv hadde mykje å gjera i Bykle, m.a. med drifthandel med kretur og med Byklehei Reinsamlag, der han var den fyrste leiaren. Etter at Bjørgulv hadde flutt til Edland var det Anne, syster hans, og Auver Sigbjørnsson, mannen hennes, som var brukarar her. Dei kjem me attende til.

Sumaren 1925 døydde Bjørgulv brått, og eit år seinare fór også Sigrid. Borna kom til å vekse opp hjå ymse skyldfolk, og garden i Edland miste dei. Om dei fleste av desse syskena har me berre det som står ovanfor, men den nest eldste av sønene stakk seg slik fram at det lyt forteljast noko meir om han.

Under passfotograferinga våren 1941 vart Bjørn Breive sitjande ved sidan av vinjesvingveteranen og heimefrontmannen Salmund Jeiskeli (til høgre). Om dette var tilfeldig, eller om fotografen, Jon O. Løyland, hadde ei meining med det, er uvisst, men her sit dei iallfall med kvar sitt stive smil. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Foto: Jon O. Løyland (1941).

Bjørn Bjørgulvsson arbeidde frå 1937 på turisthotellet på Hovden, som var nystarta då. I 1940 gjekk han inn i NS, og året etter meldte han seg til teneste i «Den norske legion», fekk tysk militæropplæring i Fallingbostel, og deltok som SS-Rottenführer (tilsvarande korporal kl. 1) i kampane på Leningradfronten frå februar 1942 til mars 1943. I denne perioden vart han såra, og låg nokre veker på eit feltlasarett i Litauen. Etter at legionen vart heimkalla og oppløyst gjekk han inn i statspolitiet, og tenestgjorde eit bil i Bygland. Sidan var han ein kort periode lensmann på Vegårshei. Medan han var i Noreg, i tida frå våren 1943 til hausten 1944, freista han å etablere seg mellom dei NS-intellektuelle, så vidt ein kan sjå ikkje utan ein viss framgang. Han var aktiv som fyredragshaldar og skribent, og hadde ei rekkje innlegg på prent i dertil eigna blad (m.a. «Fritt folk» og «Germaneren»). Desse stykka kan vel ha vore oppbyggjelege for meiningsfelagar, men det ein nåtidslesar kan få ut av dei er lite meir enn at forfattaren var fast i si overtyding, og hadde godt tak på den svulstige, høgnorske stilen, som var på moten i dei krinsane han vanka i. Medan han var i Bygland trefte Bjørn Borghild Olavsdotter Skar, som sidan vart kona hans. Ho var utdanna sjukepleiar, og hadde tenestegjort som frontsyster, men styrde i 1943 ein NS-skule i Byglandsfjord på vegner av ein organisasjon ho var leiar av, «Husmorhjelpen» heitte denne. Ho sat også i leiinga for den norske avdelinga av «Lebensborn», «Foreningen mor og barn» vart denne kalla. Hausten 1944 tok Bjørn atter ut til Austfronten, nå som Unterscharführer (sersjant ) i «23. SS-Pansergrenaderregiment Norge». I jula det året var var han heimatt til Noreg på permisjon, og fekk då tid til å gifte seg. Han deltok så i kamphandlingane under tilbaketrekkinga våren 1945. Sidan var han krigsfange hjå amerikanarane eit bil fyrr han vart heimsendt. I fangetida synte det seg at han hadde fått tuberkulose. Både han og kona vart sette under tiltale for landssvik, men Bjørn døydde av den sjukdomen han hadde pådrege seg fyre det fall dom. Etter denne ekskursjonen til Edland, NS og Austfronten skundar me oss attende til til Haugen Breive.

Som ovanfor fortalt døydde far åt Bjørn i 1925. Etter dette vart det til at den yngste av farbrørne hans overtok som eigar av bruket.

Mannen lengst til høgre i denne gruppa av kongens karar i Kristiansand er Alv K. Breive. Han lengst til venstre er Pål A. Ryningen, og han som står er Olav K. Stavenes. Mannen mellem Pål og Olav er ikkje identifisert. Biletet kjem frå samlinga til Tore K. Mosdøl, og er vel teke kring 1910.

Alv Knutsson Breive, f 1888, d 1953, ug.

Alv fekk skøyte av skifteretten i 1933, og sat med eigedomen til 1951. Han var ikkje gardbrukar, men arbeidde i vegstellet, og skaffa seg med det same etter krigen eit hus på Hovden, der han sidan budde (sjå gnr 2, bnr 19, Breiland/Flateland).

Systera og mannen hennes vart verande bruksfolk, slik dei også hadde vore det i Bjørgulv sin eigarperiode.

Anne Knutsdtr. Breive, f 1879, d 1957

g 1906 m Auver Sigbjørnsson Glidbjørg, f 1878, d 1963. Born:
  • Sigbjørn, f 1907, d 1989, gbr., busett Evje, g m Ingebjørg Lauvås. Born:
  • Svein, f 1955
  • Anne Torill
  • Harry
  • Anne, f 1909, d 2002, husmor, g m Olav Åsen, busett Evje, born:
  • Bjørg
  • Knut, f 1912, g m Else Tomasdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Olav, f 1915, d 1992, gruvearb., busett Evje, g m Sigrid Kjebekk, born:
  • Aud, f 1945
  • Arild, f 1948
  • Odd f 1953

Auver var son åt Sigbjørn Helleiksson Glidbjørg og fyrste kona, Åshild Auverdotter, fødd Gjerden. Den nest eldste av sønene åt Anne og Auver overtok eigedomen i 1951.

Familien i Haugen i 1964. Biletet er teke på konfirmasjonsdagen til Kåre Åge. Frå venstre: Trygve, Kåre Åge, mor Else Thomasdotter og far Knut Auversson, heilt til høgre: Arne.

Knut Auversson Breive, f 1912, d 1993

g 1944 m Else Tomasdtr. Breive, f 1912, d 1995. Born:
  • Arne, f 1945, bussjåfør, busett Hovden
  • Trygve, f 1948, g 1981m Asbjørg Kaasin, sjå nedanfor
  • Kåre Åge, f 1949, byggjearbeidsleiar, busett Asker, g m Olaug, ikkje born

Else Tomasdotter var dotter av Åsne O. Breive (sjå Solbakken) og fyrste mannen, Tomas Jonnssen Slettfjäll.

Trygve overtok bruken av eigedomen kring 1980, men formelt var Knut og Else eigarar så lenge dei livde. Dinest hadde dei tre sønene deira både bruket her og Solbakken, bnr 15, i sameige nokre år, men i 1999 skøytte Arne og Trygve partane sine i Solbakken over på Kåre Åge, medan Arne og Kåre Åge samstundes skøytte partane sine i bruket her over på Trygve.

Trygve Knutsson Breive, f 1948

g 1981 m Asbjørg Kaasin, f 1951. Born:
  • Svanhild, f 1981, arbeider med hestar, p.t. (2006) i Sverige
  • Randi, f 1984, p.t. (2006) under utdaning

Asbjørg Kaasin er frå Solum, og dotter åt Asbjørg og Svein Kaasin. Svein att var son åt Gunhild Sveinsdotter Hovden og Halvor Kaasin. Asbjørg kom til Bykle i andre halvparten av 1970-talet for å drive Furumo kafe for Torbjørn og Kjetil Lidtveit. I seinare år har ho arbeidd som hjelpepleiar på bygdeheimen i Bykle.

Trygve og familien hans budde i Solbakken i fleire år. Arne heldt då til her på bruket, men då han flutte til ein kommunal bustad i Hovden i 1999, kom Trygve hit. Han driv garden med 60 vinterfora sauer og 2 hestar. Han har 47 mål dyrka jord heime, og slår også av 43 mål for Kåre Bjørn Lund på Flaten, så han haustar i alt 90 mål.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Der inne (Bykle gnr 1/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nordgarden Breive • Neste bolk: Eldhusåkeren