Nordgarden (Bykle gnr 1/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordgarden
Breive 3 - HFB I 36.jpg
Nordgarden 20.07.2005.
Foto: Aanund Olsnes
Stad: Breive
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 1
Bnr: 1

Nordgarden er den av gardane i Breive i Bykle kommune som ligg lengst vest, eller inst, om ein vil. At dette bruket, som er det tredje eldste, har fått bnr 1, kan tykkjast rart, men matrikkelnummera er ordna etter som mennene i matrikkelkommisjonen på 1830-talet fann det praktisk å rykkje fram i terrenget, og det var ikkje nødvendigvis i historisk rekkjefylgje.

Bruket her vart utkløyvd frå Der inne så seint som i 1787, i samband med skiftet etter Ingebjørg Salmundsdotter. Ingebjørg hadde vore kona åt Torbjørn Jonsson, som åtte 3 skinn i garden, dvs. halvparten. Buet skulda 100 dalar til Olav Nylend i Grungedal og vidare var det nokre smågjelder på i alt 23 dalar. Jon Torbjørnsson og systera Gyrid kom då til om at dei skulle dele eigedomen midt i to. Gyrid fekk Der inne mot å taka far sin i foddog, medan Jon fekk Nordgarden mot å taka på seg gjelda.

Jon Torbjørnsson Breive, f 1752, d 1818

g 1792 m e Jorunn Aslesdtr., f 1756, lagnad ukj. Deira born:
  • Olav, f 1793, d 1793
  • Ingebjørg, f 1794, g 1821 m Såve Knutsson Haugo, Mo, sjå Hagen Berdalen, gnr 3, bnr 5
  • Tone, f 1797, lagnad ukj.
  • Margit, f 1801, lagnad ukj. Hennes born:
  • Hæge(e.), f 1785, lagnad ukj
  • Torbjørg, f 1787, lagnad ukj.
  • Margit, f 1789, lagnad ukj.
  • Hæge(y.), f 1790, lagnad ukj.

Jorunn Aslesdotter var frå Vinje, og dotter åt Asle Olavsson Tveiten i Grungedal og kona, Hæge Trondsdotter, fødd Øverland.

Då ho gifte seg med Jon, var ho enke etter Eivind Knutsson. Eivind var fødd i 1756, og son åt Hæge Eivindsdotter Listog frå Nesland, Vinje, og Knut Tovsson Berdal.

Jorunn og Eivind budde fyrst på ein plass under Botne i Berdal, men i 1787 eller 1788 flutte dei til Haukås i Mo, og i 1789 til Rekublad i same bygda. I 1790 kom dei til Breive, truleg som busetar i Der inne, og Eivind kaupte då Hovden Der sø av Jon Torbjørnsson, som hadde overteke den eigedomen frå Leidulv Knutsson Homlid nokre år tidlegare.

Men så døydde Eivind straks etter at kaupet var avtala, det var fyre han hadde fått skøyte, og fyre han rakk å flytje til Hovden. Han vart berre 35 år gamal. Jon Torbjørnsson, som hadde fått pengane, men ikkje levera eigedomen ifrå seg, gifte seg med enka året etter, og ho og borna hennes flutte då hit. Dette var fyre skiftet etter Eivind var avslutta, og såleis ikkje heilt i samsvar med lov og regelverk. Bruket sitt i Hovden sette Jon då bort til tinndølen Olav Knutsson Såheim.

Johannes Skar har fortalt etter Svein Hovden om ein Jon Breive, som var så utifrå god ein skyttar (Gamalt or Sætesdal, II, 298), og ettersom han var på jakt ilag med Storegut, Olav O. Edland frå Vinje, kan det snautt vera andre enn denne Jon-en. Hovudpoenget i den nemnde soga er at Storegut bar tre reinar på ryggen frå heia ved Einarshyttvatnet og heim til Breive, men det det var Jon som skaut reinane, og iallfall to av dei på så langt hald at Storeguten ikkje kunne sjå dei.

Siste venda Jon er oppskriven som oppsitjar i Nordgarden er i ei skatteliste frå 1801, men han og familien hans er ikkje å finne korkje i Breive eller nokon annan stad i landet då folketeljinga vart oppteke på slutten av det året. Det siste me ser til dei i Bykle er at dei døypte dottera Margit i september, så etter alt å døme må dei ha fare or bygda den hausten, og ikkje funne seg nokon fast verestad innan slutten av desember. Etter 1801 er det ingenting å sjå til korkje Jon eller familien hans, fyrr det sumaren 1818 kom brev frå presten i Suldal til Vallepresten med melding om at «betleren John Torbiønsen Brevig fra Bykle Sogn» hadde døytt på Roaldkvam den 5. juli, og vorte gravlagd ved Suldals kyrkje nokre dagar seinare. Korleis det gjekk med Jorunn og borna hennes, veit me ingenting om, då bortsett frå at Ingebjørg Jonsdotter sidan kom attende til Bykle. Det me har funne ut om henne står i bolken om Hagen, Berdalen.

Klyvsal. Lengde ca 45 cm. Slike bruka folk i fjellgardane når dei henta seg kaupmannsvarer i Ryfylke. Alderen på den me har bilete av er uviss, men han kan godt vera gjord på 1700- talet. Han ligg i Henriksen-samlinga i Bykle med reg.nr MOR 000183. Foto frå Setesdalsmuseet.

Etter at Jon reiste, ser det ut til at Knut Bjørgulvsson i Der inne har vore eigar eit bil. Det kan likevel ikkje ha vore meir enn eit snautt år, for i 1802 selde han 3 skinn, altså både Der Inne og Nordgarden, til Tarjei Olsson Berg. Tarjei Olsson flutte då til Breive for nokre år. Om han heldt til her på bruket eller i Der inne er litt uvisst, men det siste er nok likevel det mest sannsynlege, ettersom det var det eldste av dei to bruka, og dermed det gjævaste. Men om dette var som me trur, lyt Knut Bjørgulvsson ha flutt til Nordgarden, og bruka denne eigedomen for Tarjei Olsson.

Dette ser me av at dei to er oppskrivne som brukarar av 1 1/2 skinn kvar frå og med 1802 og frametter til og med 1806, men Tarjei er oppført som eigar av båe bruka. I 1806 pantsette Tarjei dei 3 skinna sine i Breive til to velstandsmenn frå Vinje, Øystein Tovsson Sandåk og Aslak Åsmundsson Botne, og flutte sjølv åt Trydal. Året etter vart panteobligasjonen sletta, og dei to vinbyggjane og etterkomarane deira sto sidan som eigarar til utpå 1840-talet. Det var Knut Bjørgulvsson som skreiv skøytet til Øystein og Aslak. Dette finn ein i panteregisteret, så det er i og for seg sikkert nok, men som me var inne på ovanfor var Tarjei Olsson Berg den røynlege seljaren, og når det likevel var Knut som laut skrive skøytet, var det avdi det ikkje var tinglyst nokon heimelsovergang frå Knut til Tarjei. At Tarjei hadde kaupt eigedomen i 1802 er likevel på det reine, ettersom me finn denne handelen omtala i Tarjeis panteobligasjon til vinbyggjane frå 1806. Ein gjenpart av dette dokumentet ligg i eit eit gardsarkiv frå Trydal, som Hallvard K. Trydal deponerte i Statsarkivet i Kristiansand i 1952.

Etter salet tykkjest Knut ha bruka både Der inne og Nordgarden for dei nye eigarane til 1811, men då overtok sonen Bjørgulv Der inne, og også til Nordgarden kom det ein ny brukar.

Den nye brukaren, som fekk feste eigedomen hjå Øystein Sandåk og Aslak Botne, heitte Kjetil Tarjeisson, og var frå Vinje.

I 1801 finn me han og familien hans på plassen Rekublad under Floten på Byrte, og der er dei omtala i Mo bygdebok (I, 33). Men då Kjetil kom til verda i 1770, budde foreldra, som heitte Tarjei Hallvardsson (fødd Rogdelid) og Gunhild Kjetilsdotter (fødd Rui), på plassen Bakken under Nordigard Berdal, og der var dei framleis i 1782, så me fører opp sonen med Bakken til etternamn:

Kjetil Tarjeisson Bakken, f 1770, d 1845

g 1793 m Tjodvor Tarjeisdotter Kjelingtveit, f 1764, d 1838. Born:
  • Tarjei, f 1793, g m Margit Torjusdtr. Flothyl, sjå nedanfor
  • Anne, f 1795, d 1857, g 1819 m Karl Torleivsson Kvålen, busett Kvålen, Mo. gnr 27, bnr 5. Born:
  • Torleiv, f 1823, g m Åse Olavsdtr. Bjønnemyr, til USA 1861
  • Kjetil, f 1828, g m Else Ånundsdtr. Bilstad, busett Bakken u Lofthus
  • Tjodvor, f 1834, til Lårdal 1858
  • Olav, f 1839, til USA 1861 (jfr. Mo bygdebok I, 417)

Tjodvor Tarjeisdotter var frå KjelingtveitTotakstrondi. Foreldra hennes var Tarjei Bjørnsson på den garden og kona, Anne Hallvardsdotter, fødd Kjelingtveit. Anne hadde ei syster Margit, som vart mormor åt A. O. Vinje.

Kjetil og Tjodvor budde i Nordgarden til hausten 1825, då dei fekk avløysing av nye bruksfolk. Då desse overtok, tykkjest dei gamle ha flutt til dottera i Mo eit bil, men i 1832 fortel kyrkjeboka at dei hadde kome til Bykle på nytt lag. Dei budde då hjå sonen, ovannemde Tarjei, som hadde vore bruksmann i Uppigard Hoslemo frå kring 1825. Som me kjem attende til, fekk han sidan overtaka bruket her, men fyrst lyt me fortelje om dei nye bruksfolka frå 1825.

Mannen i denne familien heitte Vetle Nerisson. Han var frå Sudigard Tveiten i Grungedal, og son åt Neri Torjusson på det bruket og kona, Margit Vetlesdotter. Margit att var frå Uppigard Edland og syster åt Tarjei Vetlesson, som me omtalar i bolken om Der inne. Ei anna syster åt Vetle heitte Gunhild. Ho var gift med Åmund Aslaksson Gunvaldjord, og desse er dei fyrste me kan vita budde i Bjåen. Ein kan lesa om dei i bolken om den garden, men her skal det handle om broren.

Vetle Nerisson Tveiten, f 1779, d 1860

g 1813 m Asle Ånundsdtr. Vå, f 1779, d 1860. Born:
  • Margit, f 1812, d 1868, ug, sjå nedanfor
  • Ånund, f 1814, d 1847, ug
  • Neri, f 1816 g 1847 m Ingebjørg Jonsdtr. Midbø, Mo, til Amerika 1861, sjå nedanfor
  • Gunvor, f 1820, d 1899, ug, sjå nedanfor

Asle Ånundsdotter var frå Vå SetbergRaulandsstrondi. Foreldra hennes var Ånund Sigvaldsson Vå og kona, Gunvor Olavsdotter Edland. Gunvor att var farsyster åt den vidgjetne Storegut, og ein av sønene hennes var den ikkje mindre vidgjetne Hallvard Ånundsson Våguten, som me har fortalt om i bolken om Hovden Der nede.

Vetle skal ha vore sterkare enn dei fleste, og medan han budde i Bykle utførde han den store oppgåva med å grava veite for å vende Kvennbekken i Byklum ned med Haugen. Dette var eit arbeid som bøndene i Bykle kyrkjebygd sette han til for å få greiare falltilhøve langs bekken, og for å få kvernhusa nærare bygda.

Rett nok leverte dei ikkje flytjeattest til presten fyrr i 1832, då dei altså hadde vore her i 7 år. I attesta frå Vinjepresten sto det at alle dei fire borna var «ægtefødte», endå Margit vitterleg var fødd året fyre foreldra gifte seg. Forklaringa på dette er at dei hadde skaffa seg avlat gjennom såkalla «ægteskabsbevilling» fyre dei vigde, så den saka er grei.

Verre var det nok at alle borna framleis var ukonfirmerte, men også dette let seg ordne. Dei to eldste sto til konfirmasjonen våren 1832. Om båe heiter det: «Mådelig Kundskap, god Flid, er i høy Grad forsømt og har ringe Evner». To år seinare vart dei to yngste konfirmerte. Om Neri heitte det: «Temmelig god Kundskab og Flid, men er meget forsømt», og om Gunvor: «God Kundskab og Flid». Dei refererte karakteristikkane viser vel berre at dei tre eldre borna hadde fått lite eller ikkje skulegang.

Den 22.3.1846 fekk Gunvor Vetlesdotter dottera Gyro, faren var Arne Olsson Harstad. Berre to månader etter, 22.5., gifte han seg med Gunvor Torjusdotter Sandnes. Dei tok ut til Amerika i 1849 (jfr. Valle III, 63). Korleis det gjekk med Gyro Arnesdotter er ukjent. Mor hennes kjem me litt attende til nedanfor.

Den 14.3.1847 fekk Neri Vetlesson sonen Olav. Mora var Birgit Tarjeisdotter Gjerden, eldste dotter åt Tarjei Oddsson Byklum i Attistog. Kvar Birgit sidan vart av er på vona, men Olav Nerisson vaks opp, og i 1865 finn me han att i smia hjå smedmeisteren Anders Johnsen Hognestad i Stavanger by. Sidan misser me han av syne, men me har funne att ein Olav Nerisson med rett alder i den amerikanske folketeljinga frå 1880. Han var busett i Manchester Township, Freeborn County, heilt sør i Minnesota. Me kan ikkje seia at me veit heilt sikkert at dette er vår mann, men Neri-namnet er såpass sjeldant at me vil halde det for truleg.

I 1843 selde ervingane etter Øystein Sandåk og Aslak Botne bruket til Tarjei Kjetilsson. Vetle Nerisson og folket hans vart buande ei tid etter eigarskiftet, men så hadde då også dei nye folka budd her ilag med Vetle nokre år fyre kaupet. Me kjem straks til dei nye oppsitjarane, men lat oss fyrst fylgje Vetle og huslyden hans til endes. I juni 1846 flutte dei til Mo, der Vetle hadde kaupt Sudigard Vadder for 460 speciedalar.

Den 25.6.1852 fekk Gunvor Vetlesdotter ei dotter som vart døypt med namnet Anne, faren var ein sjømann frå Stokke i Vestfold som heitte Kornelius Madsen Brattås. Anne Korneliusdotter døydde i Mo prestegard 20.6.1856.

Neri Vetlesson gifte seg i 1852 med Ingebjørg Jonsdotter Nordistog Loftsgarden, og i 1856 overtok han bruket i Vadder frå faren. I 1860, då foreldra hans døydde, selde han det for 1000 dalar til Olav K. Kalbast, tok med seg kona og døtrene (Anne, f 1856; Margit f 1860), og reiste til Amerika (jfr, Mo bygdebok I, 43). I 1880 budde dei på ein farm i Traill County i Nord-Dakota. Dei borna som då var hjå foreldra var Anne (23), William (16), Ånund (13), Albert (9) og Margit (6).

Etter at Neri tok ut til Amerika hamna systrene hans på fatigkassa i Mo. Margit døydde som legdslem i Tovshus i 1868, medan Gunvor, som hadde vorte sinnsjuk, døydde som fatiglem på Vistadhaugen i 1899 (jfr. Mo bygdebok I, 354, sjå også Aasmund Tveiten: «Vie-Vetle», Telemarksmagasinet, 2/2001). Han som kaupte bruket i Vadder hjå Vetle vart forresten godfar åt Johanne Larsdotter, som var gift med Jon Åsmundsson Byklum (sjå Innistog, gnr 14, bnr 1). Så langt kome, kan me vende attende til Nordgarden.

Han som kaupte bruket her i 1843 var son åt ovanomtala Kjetil Tarjeisson Bakken og kona, Tjodvor Tarjeisdotter. Avdi foreldra hans er omtala her, set me han opp med etternamnet Breive.

Tarjei Kjetilsson Breive, f 1793, d 1857

g m Margit Torjusdotter Flothyl, f 1799, d etter 1857. Born, iallfall:
  • Torbjørg, f 1821, d 1903, g 1844 m Knut O.Hovden, sjå Hovden Der sø, gnr 2, bnr 2
  • Kjetil, f 1826, d 1897, g 1856 m Else Såvesdtr Midjås, Mo, busett Vestigard Lofthus, Mo. Born:
  • Margit, f 1855, d 1940, g m Gunnar Bjørnsson Nordgarden
  • Sigrid, f 1857, g m Knut O. Utabjå
  • Tarjei, f 1858, til USA 1879
  • Kristi, f 1860, d 1872
  • Såve, f 1863, til USA 1893;
  • Tjodvor, f 1865, g m Olav Gunnarsson Lofthus
  • Torbjørg, f 1867, til USA 1893
  • Hæge, f 1869, til USA 1892
  • Torunn, f 1872, d 1873
  • Kristi, f 1873, d 1873
  • Kristi, f 1874, til USA 1898
  • Torunn, f 1876, til USA 1893
  • Else, f 1878, til USA 1898
  • Mikkel, f 1882, d 1883 (jfr. Mo bygdebok I, 381, 454 f)

Margit Torjusdotter var frå Flothyl, som på denne tid var plass under Gunvaldjord. Foreldra hennes var Torjus Åsmundsson Tveiten og kona, Torbjørg Nerisdotter, fødd Tveiten. Margit var såleis syskenbarnet åt Vetle Nerisson.

Tarjei vart konfirmert frå Breive i 1811. Neste vende me finn han omtala er i 1819, då han var med på den ulukkelege Suldalsreisa i jola det året, då Olav og Torbjørn Knutssøner Breive fraus i hel. Dette er det fortalt meir om i bolken om Der sø (Midbø), bnr 7. Tarjei og Margit gifte seg truleg i Vinje, og som nygifte budde dei nok også der, iallfall eit par år, ettersom eldstedottera Torbjørg ikkje vart døypt her i bygda. Men Kjetil Tarjeisson vart fødd i Uppigard Hoslemo, der Tarjei var brukar frå omlag 1825 og til ein gong utpå 1830-talet. I 1830 kom foreldra hans, Kjetil og Tjodvor, flytjande åt Hoslemo «for at opholde sig som føderådsfolk hos deres søn», noko som vart notert i kyrkjeboka to år seinare. Då Tjodvor døydde i 1838, vart ho oppskrive som «follougskone [..] Brevig», så innan dess kan me vita at huslyden hadde flutt åt Breive. Det sistnemnde året fekk Margit og Tarjei dottera Tjodvor.

Tarjei vart då bokført som «gaardmand» i Breive, men det må vera gale. Som nemnt fekk han kaupe eigedomen i 1843, og inntil då var han bruksmann. Tarjei Kjetilsson selde bruket att då han og Margit flutte til dottera Tjodvor og mannen hennes på Byrte i 1857. Dottera Torbjørg flutte med dei dit, men kom sidan attende til Bykle, til Hovden.

Kauparen i 1857 heitte Hallvard Hallvardsson, og han måtte ut med 900 speciedalar. Han var frå Ørnefjødd, son åt Hallvard Ormsson på det bruket og kona, Jorunn Nilsdotter. Han hadde kaupt Attistog Gjerden i 1850, og budde der til Knut Torleivsson Homme dreiv han ut frå det bruket ved hjelp av odelen til kona si. Hallvard kaupte då att bruket her, og flutte hit.

Hallvard Hallvardsson Ørnefjødd, f 1813, d 1877

g 1851 m Åsne Knutsdotter Breive, f 1818, d 1892. Born:
  • Hallvard, f 1852, d 1942, ug, sjå nedanfor
  • Knut, f 1853, g 1889 m Torbjørg Bjørgulvsdotter Hovden, sjå Hovdeplassen, gnr 2, bnr 8
  • Åshild, f 1856, g 1873 m Olav Alvsson Breive, sjå Der uppe, bnr 9, jfr. nedanfor
  • Nils, f 1860, ug, til Eg asyl 1910, d 1930

Åsne Knutsdotter var frå Der sø og dotter åt Knut Knutsson på det bruket og kona, Åshild Bjørgulvsdotter, fødd Gunvaldjord. Buskapen på bruket i 1865 var hest, 9 storfe, 20 sauer, 11 geiter og ein gris. Sånaden var 3 tunner bygg og 5 tunner jordeple. Dei som budde her då, var, forutan Hallvard og Åsne og borna deira, for det fyrste ungkaren Knut Knutsson frå Der inne, som arbeidde som driftehandlar, for det andre drengen Sigbjørn Olavsson og for det tredje tenestejenta Gyrid Monsdotter. Knut hamna seinare i Nordstog Stavenes, og vert nærare presentert der, medan Sigbjørn kom til å bu i Hagen i Berdalen, og får nærare omtale i bolken om det bruket. Gyrid Monsdotter var dotter åt Mons Knutsson i Utistoga, og det liste me elles veit om henne står i bolken om det bruket.

I 1873 tok Hallvard foddog for seg og Åsne, og overdrog bruket til versonen Olav Alvsson for 900 speciedalar. Seinare same året kaupte Olav også Der uppe, som var omlag halvparten av Utistoga. Han vart buande her, og i folketeljinga frå 1875 ser me at han det året sat med 2 hestar, 7 kyr, 5 ungnaut og kalvar og 26 sauer og lam. Sånaden på bruket det året var 3 tunner bygg og 2 tunner jordeple.

Den etter måten store buskapen har nok samanheng med at Olav på denne tid dreiv Nordgarden saman med Der uppe. Såleis var det til 1882, men då la odelsmannen 2400 kr på bordet og overtok. Olav Alvsson flutte etter dette til Der Uppe, og budde der livet ut, og me presenterer han nærare i bolken om det bruket. Så langt kome kan me gå over til den nye eigaren her frå 1882:

Hallvard Hallvardsson Breive, f 1852, d 1942, ug

Hallvard var ugift, ser me, men budde ikkje åleine. I 1891 var for det fyrste mor hans her, for det andre broren Knut og Torbjørg, kona hans, og sonen Halvor. For det tredje er Salmund Knutsson i 1891-folketeljinga oppskriven som busete på bnr 1 saman med Tjodvor, andre kona, og dottera Torbjørg. Dette siste er likevel ikkje heilt presist. Salmund budde på ein part av Nordgarden, som heitte Eldhusåkeren, og hadde bnr 5. Dette var eit småbruk som hadde vorte utkløyvd frå eigedomen her med ei landskyld på 2 skilling, då Hallvard Hallvardsson overtok i 1882. Olav Alvsson heldt att denne parten då han selde til Hallvard, og det er vanskeleg å sjå andre motiv for dette enn at han må ha unnt den lutfatige morbroren ein viss stabilitet og tryggleik på hans gamle dagar. Det me elles har å fortelje om Salmund Knutsson er plassert i bolken om Eldhusåkeren.

1900-folketeljinga vart oppteke, hadde Knut Hallvardsson overteke Hovdeplassen og flutt dit med huslyden sin, Salmund var død, og Tjodvor og Torbjørg var i Vatnedalen, men Hallvard hadde fått nye folk hit. Det var for det fyrste Knut T. Breive, som bruka halve garden. Han budde her frå 1897 og frametter. Me set inn det me har å melde om han og familien hans på denne staden.

Knut Torbjørnsson Breive, f 1866, i live 1914, dødsår ukj.

g 1891 m Josefine Kristine Jonsdtr., f 1868, dødsår ukj. Born:
  • Torbjørn, f 1892, dødsår ukj., g 1921 m Gyrid Sigbjørnsdtr. Berdalen, busett Reindal, Mo. Born:
  • Knut, f 1924, utfl. til Svelvik
  • Margit, f 1927, d 1930
  • Anna Julia, f 1894, d 1906
  • Jon, f 1898, lagnad ukj.
Denne samekona skal vera Margrethe Nilsdatter(1820-1912), som budde i Nordgarden i 1900. Biletet er teke fyre ho kom til Bykle i 1891. Frå samlinga ved Setesdalsmuseet.
Foto: Johan Lund

Josefine og systera Anna Julia Jonsdotter (f. 1864)[1] var med i samefylgjet då Jon Andersen Stannfjell kom til Bykle i 1886. Anna Julia fraus ihel i Seljestadfjellet under ei reise til Odda med slakterein, det var 14.12.1887 (jfr. Kultursoga, 1993, 489). Foreldra til desse jentene var John Johnsen Vesterfjeld (f. 1835 på Alstahaug)[2] og hustru Kirsten Larsdatter (f. 1835 i Arefjell).[3]

Knut og Josefine Kristine budde her på bruket til 1908, då dei kaupte Evre Reindal i Mo og flutte dit (jfr. Mo bygdebok I, 427). Endå var det fleire i Nordgarden i 1900. I eldhuset budde Margrete Nilsdotter, enka etter samen Jon Tomassen, som døydde i Holen i 1892, og dei tre døtrene Marie Rebekka, Anna Tomine og Margrete. Den yngre Margrete hadde med seg ei dotter, som heitte Kristine. Henne hadde ho fått med Jon Jonassen, ein av sønenene åt Jonas Jonsen, i 1896. Systera Anna Tomine hadde året etter fått dottera Anne Margrethe med Martin Jonassen, bror åt Jon, men denne jenta vart ikkje eitt år gamal. Det me elles har å fortelje om desse samefamiliane står i bolkane om Jeiskeli og Brotteli.

Innan 1910 hadde bruksfolka og busetane frå 1900 flutt ifrå. I staden hadde det kome inn ein svensk same som heitte Anders Larsson, fødd 1855. Han hadde med seg dottera Anna, fødd i Sverige i 1891. Ei anna samejente som var her heitte Britta Sjursdotter, og var fødd i Sverige i 1868. Tilliks med Anders og Anna var ho reingjætar av yrke. Desse folka veit me ikkje meir om, men ut ifrå tida dei var her, torer me tru at dei gjætte for A/S Breive Reinsdyrsamlag, som vart skipa i 1903.

Etter at utskiftinga på garden var ferdig i 1913 tok Hallvard ned husa sine i det gamle fellestunet i Der inne, og sette dei oppatt på den nyarronderte eigedomen. Våningshuset var ein tømra midtkammerbygning på 96 m² i 1 1/2 høgd. Der var ei stoge i kvar ende, forstoge og kammers på midten, og soverom på skjeldtilet. Kjøken var der ikkje, så all matstelling laut gå fyre seg på ein vedkomfyr i den eine stoga.

I 1911 fekk Knut Torleivsson Byklum kontrakt med Hallvard om å leige ein parsell i austkanten av eigedomen for 25 kr året. I 1928 fekk Åsne O. Breive, kona åt Knut sidan 1920, skøyte på denne parsellen, som då vart skyldsett til 15 øre, og matrikkelført under namnet Solbakken.

Dei siste åra Hallvard Hallvardsson sat med Nordgarden hadde han hatt brukarar, men me har ikkje funne ut kven dei var. I 1934 selde han til brorsonen Halvor K. Hovden på Hovdeplassen, gnr 2, bnr 8. Han flutte ikkje hit, men sette bort bruket til Salmund O. Berdalen, som 5 år seinare overtok Hagen i Berdalen, gnr 3, bnr 5, og vert nærare omrødd i bolken om det bruket.

Halvor K. Hovden var gift med Jorunn Pålsdotter Tveiten (Ryningen). I 1941 sette dei bort bruken av Nordgarden til bror hennes og kona hans. Dei var bruksfolk her inntil dei i 1947 fekk kaupe eigedomen av Jorunn, som då hadde vorte enke.

Olav P. Tveiten (1910-1970) og kona Ingebjørg, f Holen 1918, med borna Bjarne, f 1942, og Tora (Tulla), f 1943. Bilete frå 1944 hit frå Setesdalsmuseet. Trykt i Heimar og folk i Bykle (2006).
Bjarne og Tulla i Nordgarden 1944. Bilete frå samlinga til Gerd Fosse Hovden.

Olav Pålsson Tveiten f 1910, d 1970

g 1940 m Ingebjørg Torleivsdtr. Holen, f 1918. Born:
  • Bjarne, f 1942, g m Solfrid Haugen, sjå Gosen, gnr 15, bnr 64
  • Tora f 1943 g h v m Olav Svorkmo, Oslo, busett Gullspång, Sverige. Born:
  • Mette Ingebjørg, f 1963
  • Ruth Ingrid, f 1964
  • Per Torleiv, f 1948, g m Liv Gunhild Rui, sjå nedanfor

Olav var frå Ryningen, gnr 11, bnr 4. Foreldra hans var Pål Åsmundsson på det bruket og kona, Birgit Olavsdotter. Ingebjørg kom frå Haugo Holen, gnr 12, bnr 4. Foreldra hennes var Torleiv Mikkelsson Holen på det bruket og kona, Tore Olavsdotter, fødd Trydal.

Stoga i Nordgarden då Olav og Ingebjørg flutte inn, var den Hallvard hadde flutt hit i 1913. Her vanta framleis kjøken og innlagt vatn. Men innlagt vatn fekk dei i eldhuset, som var det fyrste huset Olav sette opp på garden, same året som han overtok som eigar. Også uthuset var gamalt og kleint, så det reiv dei ned og bygde nytt i 1953. Innåt stoga hadde Olav og Ingebjørg utpå 50-talet sett opp eit tilbygg med kjøken og eit soverom, og planla også å byggje på i høgda, så det skulle verta to fulle høgder. Men så brann huset ned for dei i 1960, slik at det då laut setjast opp heilt ny stogebygning. I 1953 vert buskapen oppgjeven til hest, 3 kyr, 2 kalvar, 20 sauer og ein gris. Det hende dei hadde 4 kyr, og eitt år hadde dei 5, men «for det meste sveiv det på tre», fortalde Ingebjørg.

Olav døydde i 1970, og sidan har det ikkje vore gardsdrift på eigedomen. Ingebjørg budde i Nordgarden inntil synet svikta for mykje, men i 1996 flutte ho åt ein kommunal aldersbustad nær Bykle bygdeheim.

Sønenene Bjarne og Per overtok eigedomen i 1974. Bjarne er lærar og bur i Kyrkjebygdi. Per er mekanikar. Då han gifte seg i 1980 sette han og kona opp nytt bustadhus for seg her på bruket.

Per Tveiten i 2005.
Foto: Setesdølen (2005).

Per Torleiv Olavsson Tveiten, f 1948,

g 1980 m Liv Gunhild Rue, Edland f 1949.
Hennes barn:
  • Tor Ove Rue, f 1970, g 2003 m Gro Kristin Øverlid, busett Jessheim
deira barn:
  • Ingrid, f 1980

Ettersom ingen av dei to nye eigarane etla seg til å verta gardbrukarar, og heller ikkje hadde planar om å leggje ut hyttetomter, fann dei det mest praktisk å ha garden i sameige.

Referansar

  1. Nordland fylke, Vefsn m/Mosjøen, Ministerialbok nr. 820A14 (1855-1865), Fødte og døpte 1864, side 137
  2. Nordland fylke, Vevelstad i Alstahaug, Klokkerbok nr. 830C01 /3 (1829-1840), Fødte og døpte 1836, side 181-182.
  3. Nordland fylke, Vefsn, Ministerialbok nr. 820A10 (1826-1845), Fødte og døpte 1835, side 75. Takk til Arne Nilsen Steinfjell som fann desse opplysningane.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Nordgarden (Bykle gnr 1/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Breive • Neste bolk: Breive Der inne