Ryningen (Bykle gnr 11/4)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ryningen
Tveiten 31.jpg
Ryningen i andre halvparten av 1930-åra. Bilete frå Gerd Fosse Hovden.
Rydda: omkr. 1640
Utskilt: 1645
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 11
Bnr: 4
Type: Gardsbruk
Ryningen er den næraste garden på dette biletet av Skarg. I bakgrunnen ser ein Holen. Elveløpet vart lagd om i 1965, så biletet er teke etter det, men truleg fyre 1970. Skargjesåni grov ein heil del etter omleggjinga. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Ryningen er det austlegaste bruket i Tveiti i Bykle kommune. Av tunet syner nå berre att ei løe og nokre murar. Ryningen er truleg det yngste av bruka på garden, men også dette har nok vore fråkløyvd hovudbølet alt i høgmellomalderen. Etter Svartedauden sto det helst øyde til uti 1600-åra.

I bolken om den udela garden har me fortalt at Gunstein Ormsson sat i Ryningen frå ca 1647. I 1665 var han framleis her, og vert då sagt å ha vore 55 år. Me set opp fødselsåret hans etter denne oppgåva, sjølvsagt med alle dei vanlege atterhalda.

  • Gunstein Ormsson Tveiten, f ca 1611, utflytt til Skafså fyre 1673
g m Birgit Knutsdtr. Haugehåtveit, n 1673. Born, iallfall:
  • Åsmund, g ca 1689 m Ingebjørg Olavsdtr. Byklum, n 1711, sjå nedanfor
  • Gunhild (e.), g m Åvold, sjå nedanfor
  • ?Gunhild (y.), d ca 1743, g m Knut Gunnarsson Nesland, sjå Neire Mosdøl, bnr 2 og 3
  • Gunnulv, f ca 1658, n 1666 - 1711, ug(?), sjå nedanfor
  • Mikkel, f ca 1662, n 1666, seinare lagnad ukj.
  • Svein, f ca 1668, g m Bille? (= Birgit?), d 1731, sjå nedanfor, jfr. Attistog Gjerden, bnr 1

Birgit Knutsdotter var frå Haugehåtveit i Mo, Telemark. Foreldra hennes heitte Knut Knutsson og Mari Jonsdotter, fødd Bjåland.

Rekkjefylgja i barneflokken ovanfor er ikkje heilt på slump. Åsmund var eldste son, og Gunhild eldste dotter, medan Svein var den yngste av syskena. Dette er vitnefast frå ei odelssak i 1763-67, som me kjem attende til nedanfor. At her også var ei yngre Gunhild er me ikkje heilt sikre på, men det døydde ei Gunhild Gunsteinsdotter i Mosdøl i 1743, og så sjeldant som namnet Gunstein var, lyt me helst tru at ho var herifrå. I manntala frå 1664-66 er det berre Gunnulv og Mikkel som vert nemnde som heimebuande søner. Svein var fødd for seint til å koma med der, ser me, og Åsmund vil me tru budde utanfor bygda då desse manntala vart opptekne.

Litt seinare ser det ut til at også foreldra tok ut, for Birgit Knutsdotter ervde Øvre Bergland i Skafså etter faren, og etter det bygdeboka derifrå opplyser, budde ho og Gunstein der, iallfall frå 1673. I 1679 drog dei visstnok derifrå (Mo bygdebok I, 287, jfr. II, s. 290), men me veit ikkje av at korkje Gunstein eller Birgit kom attende til Bykle. Det gjorde derimot fleire av borna deira.

Åsmund var eldste sonen, og hadde dermed rett til å overtaka bruket udela. Om han gjorde bruk av retten sin og sidan selde, veit me ikkje, men iallfall var det mot slutten av 1600-åra halvpartar av bruket på handel. Som me var inne på ovanfor, reknar me med at Åsmund var utanbygds på 1660-talet, men kanskje har han sidan kome attende til Bykle? Det siste byggjer me på at han vart gift med ei jente frå bygda, og at ho og borna budde her etter at Åsmund var borte.

  • Åsmund Gunsteinsson Ryningen, f ca 1651, d fyre 1711
g ca 1689 m Ingebjørg Olavsdtr. Byklum, n 1711. Born, iallfall:
  • Torleiv, f ca 1690, n 1711, seinare lagnad ukj.
  • Ingjerd, f ca 1692, d 1749, g m Sigbjørn Torkjellsson Rannestad, sjå nedanfor, jfr Vatnedalen Der sø, bnr 1

Ingebjørg kom frå Innistog Byklum. Foreldra hennes var Olav Jonsson på det bruket og andre kona, Ingjerd Asbjørnsdotter.

Me har ikkje funne Åsmund oppført som oppsitjar i Tveiti, men i 1711 var enka og borna hans hjå Gunnulv, bror hans, så Åsmund må ha vore død ved det leitet.

Gunnulv Gunsteinsson er notert som gardbrukar i Ryningen frå 1680-åra og til 1712. Me veit ikkje om han var gift, og har heller ikkje funne born nemnde. Frå 1713 og frametter er han ikkje lenger med i skattelistene, så då har han vel vore død.

  • Gunnulv Gunsteinsson Ryningen, f ca 1666, d ca 1712, ikkje kjend familie.

Gunnulv åtte ikkje bruket, ser det ut til. I 1693 pantsette Knut Gunnarsson Nesland ein part på eit geiteskinn i Tveiti, det var halve Ryningen, til Knut Åvoldsson Gjerden for 60 riksdalar. I 1700 vart det oppskrive at den nyleg avlidne Åsmund Gunnarsson Nesland i Mosdøl skulda skatt for ein part i Tveiti. Det kan kanskje ha vore same parten som broren hadde ått i 1693. Men i 1705 selde Ånund Hallvardsson i Heimtveiti og Svein Gunsteinsson heile Ryningen til militærkapteinen Carolus Kingling i Valle. Me vil tenkje at Ånund har skaffa seg hand om det geiteskinnet Knut og Åsmund Nesland hadde hatt.

Kaptein Kingling, og ervingane hans etter han, tykkjest ha sete med eigedomsretten til bruket til 1735. F.o.m. 1705 og t.o.m. 1712 var då Gunnulv brukar for dei. I 1713 var det ein brukar som heitte Knut innom, men han er berre nemnd denne eine venda, og utan farsnamn, så me kan ikkje vita kven han var. Den gamle gards- og ættesoga (61) melder at han heitte Knut Gunsteinsson, og altså var bror åt dei omtala Åsmund, Gunnulv og Svein, men det er på vona. Men frå 1714 og frametter til ca 1730 budde Svein Gunsteinsson her. Også han må då ha vore leiglending på farsgarden.

  • Svein Gunsteinsson Ryningen, f ca 1668, d 1749
g m Bille (?) (= Birgit?), f ca 1661, d 1731. Born, iallfall:
  • Bjørgulv, f ca 1705, g 1727 med Gunhild Torleivsdtr. Byklum, sjå Attistog Gjerden
  • Birgit, f ca 1711, g 1. 1731 m Arne Tarjeisson Trydal, sjå Systog Trydal, g 2. 1740 m Ulv Danielsson Åmli, sjå Valle II, 284
  • Gunvor, g 1725 m Folke Hallvardsson Hovden, sjå Hovden Der nede, gnr 2, bnr 1
  • Tone, g 1728 m Salmund Gunsteinsson Breive, sjå Breive Der inne, gnr 1, bnr 2

Kven kona i denne huslyden var er noko på vona, men i 1731 døydde det ei 70 år gamal, gift kvinne, under namnet ”Bille Jare” (= Birgit Gjerden?), og me trur helst ho hadde vore gift med Svein. Dette er vel lite meir enn gjeting, men me har ikkje funne andre me kan tru ho var gift med, og alderen virkar rimeleg nok. Kven som var foreldra åt Bille, eller kanskje rettare Birgit, er også høgst usikkert, men etter tida kan ho godt ha vore yngste dotter åt Åvold Tarjeisson Gjerden i Attistog.

Det er på det reine at Svein budde i Attistog då han døydde i 1749, men me meiner at han då hadde budd der i bortimot 20 år. Eitt moment å leggje vekt på er at det kom nye folk her på garden i alt i 1727. Men vidare veit me at Bjørgulv Sveinsson budde i Gjerden i 1731, då han døypte ei dotter hennes det året, medan den eldre syster hennes vart døypt frå Ryningen i 1728, så flytjinga må liggje mellom desse tidspunkta. Men som nemnt hadde det kome nye folk her i 1727, så ei stund har nok dei gamle og dei nye oppsitjarane bruka Ryningen saman.

Dei nye folka i 1727 var ovannemnde Sigbjørn Torkjellsson Rannestad og Ingjerd Åsmundsdotter, kona hans. Det året innleidde Sigbjørn odelssaka mot kinglingane saman med Ånund Hallvardsson i Heimtveiti, og han vart då oppskriven med etternamnet «Rydningen».

Det er i og for seg rett nok, slik det står i den gamle gards- og ættesoga (187), at Sigbjørn, etter at Ingjerd var død i 1749, gifte seg til eit bruk i Vatnedalen, og budde der i lag med Torbjørg Knutsdotter, den andre kona si. Men han budde også i Vatnedalen med Ingjerd. Kva tid dei flutte dit er ikkje heilt sikkert, men i bolken om Heimtveiti er det fortalt at Ånund Hallvardsson og Sigbjørn Torkjellsson saman fekk hand om Ryningen etter odelssaka mot Kingling-ervingane i 1735.

Seinare same året var eigedomen atter på handel. Seljarane denne venda var Sigbjørn Torkjellsson og Bjørgulv Sveinsson, son åt Svein Gunsteinsson. Sidan Bjørgulv ikkje hadde vore part i odelssaka, lyt me tru at Ånund Hallvardsson har overdrege sin part til han straks etter at ho var avslutta. Kor lenge Sigbjørn Torkjellson og Ingjerd Åsmundsdotter vart buande i Ryningen etter salet har me ingen kjelder til å avgjera, men det var mykje turbulens og rettssaker i Vatnedalen i 1734-35, og i kjølvatnet av dette er det truleg at der vart ein gardpart til sals. Ettersom me veit at Sigbjørn sidan budde der, er det vel rimeleg å rekne med at han flutte dit i det sistnemnde året. Hovudomtalen av han og familien hans er plassert i bolken om Vatnedalen Der sø, gnr 6, bnr 1.

Han som kaupte Ryningen i 1735 var Knut Åsmundsson i Nordtveiti, som i fylgje skøytet hadde vore gift med ei Signe Ånundsdotter. I bolken om Nordtveiti har me kome til at ho i røynda må ha heitt Signe Åvoldsdotter, og at ho var dotter åt Gunhild Gunsteinsdotter Ryningen.

Knut Åsmundsson sat berre eit par år i Ryningen, for i 1737 selde han bruket vidare til versonen, Tallak Andresson Bratteland, som same året hadde overdrege Bratteland til Gunstein Tarjeisson (sjå Bratteland). Knut flutte då til Lårdal.

Tallak Andresson døydde i 1747. På skiftet etter han kom det fram at Knut Åsmundsson, som framleis livde, endå ikkje hadde skrive ut skøyte, avdi 22 av dei 196 dalarane som hadde vore den avtala kaupesummen i 1737, framleis sto ubetala. Bortsett frå denne restgjelda åtte buet 6 kalveskinn i garden, dvs. heile bruket her. Den samla gjelda var på 82 riksdalar, største kravshavaren var trelasthandlaren Peder Claussen Topdahl i Kristiansand, som hadde 40 dalarar til gode. Buskapen på bruket var 5 kyr, 1 stut, 2 kalvar, 6 sauer, 2 lam, 6 geiter og 2 kje.

Eldste sonen overtok garden mot å taka på seg gjelda og foddog til mora.

  • Andres Tallaksson Bratteland, f ca 1713, d 1784

g 1747 m Signe Knutsdtr. Tveiten, f 1723, d 1774. Born:

  • Eli, f 1748, d 1768, ug
  • Tallak, f 1753, d 1759
  • Knut, f 1757, n 1774, seinare lagnad ukj.
  • Jorunn, f 1761, d 1763
  • Tallak, f 1766, n 1774, seinare lagnad ukj.

Signe Knutsdotter var dotter åt ovanomtala Knut Åsmundsson og andre kona, Jorunn Tarjeisdotter. Som ein ser i familielista ovanfor var det ingen av borna til Andres og Signe som vart vaksne og gifte i Bykle. Dei to sønene, Knut og Tallak, var til stades då det vart skift etter mora i 1774, men sidan veit me ikkje korleis det gjekk dei (me har ikkje funne noko skifte etter Andres). I 1801 var dei ikkje i Bykle. Om dei då var døde eller utflutte er uvisst, men det siste er kanskje det mest trulege. Både Andres og Signe livde sin alder ut i Ryningen, men innan dei døydde hadde det vore fleire omskifte på bruket.

Det fyrste var i 1760, då Andres Tallaksson pantsette eigedomen for 240 riksdalar til Vetle Åvoldsson. Denne Vetle var som fyrr nemnt son åt Gunhild Gunsteinsdotter Ryningen, men far hans veit me ikkje noko om, då bortsett frå fyrenamnet, og at me trur han må ha vore frå ei anna bygd. Ein indikasjon på at det siste kan vera rett, er at Peter Mandt frå Lårdal var forlovar for sonen, då han gifte seg i Bykle i 1755. Ved giftemålet vart han elles oppskriven med etternamn Trydal, men me har ikkje sett noko som tyder på at det var der han stamma frå, så helst har han berre budd der ei tid. Då ekstraskattemanntalet i 1762 vart oppteke, var Vetle og kona hans ikkje busette i Bykle.

Pantet til Vetle i Ryningen var «brugeligt pant», og dermed langt bortimot jamgodt med eit kaup. Dermed kunne han flytje hit, og såleis redusere Andres og Signe til sambrukarar eller kanskje busetar. Men straks etter flytjinga fekk Vetle eit odelssøksmål på halsen, så han fekk ikkje verta verande lenge. Ettersom han ikkje sette særleg med spor etter seg andre stader i bygda, kan me like gjerne setje inn det lisle me vidare har å melde om han på denne staden:

  • Vetle Åvoldsson, n m.a. 1755, 1771, d 1793
g 1755 m Jorunn Olavsdotter Hoslemo, f 1736, d 1804, ikkje kjende born

Jorunn Olavsdotter var frå Uppigard Hoslemo. Foreldra hennes var Olav Sveinsson og kona, Sigrid Folkesdotter, på det bruket.

Vetle sat i Ryningen seinast frå våren 1763. Venteleg reiste han herifrå i april 1765. Iallfall vart han i mars det året dømd til «inden neste Fardag at afvige og ryddiggiøre den paastefnte halve Hud i Rydningen, samt betale Citanten 30 Rd. udj Sagens Omkostninger for sin Uvillighed», og me vil tru at han retta seg etter domen. Rett nok vart han framleis nemnd med adresse Ryningen i ei sak som var for retten utpå sumaren same året, men me trur likevel at han då hadde flutt, stemninga var nok skrive fyre flytjinga.

Saksøkjaren var verfaren, Olav Sveinsson Hoslemo, og saka gjaldt ei påstått gjeld på 120 riksdalar. Desse pengane hadde Vetle fått av vermora, Sigrid Folkesdotter. Hausten 1764 hadde Olav vore til Ryningen med eit pantebrev for den nemnde summen, som han ville ha Vetle til å skrive under på. Vetle hadde då rive papiret i småbitar. For retten vedgjekk han at han hadde fått dei 120 dalarane, men dei skulle vera heimanfylgja til kona hans, og slett ikkje noko lån, sa han. Domen vart at Vetle skulle behalde pengane inntil foreldra av kona hans døydde, slik at det vart halde skifte etter dei. Då skulle dei 120 rd inngå i buet, og dersom Vetle og kona hans ervde mindre enn den omstridde summen, skulle dei betale mellomlaget attende til medervingane. Då skiftet etter Olav og Sigrid Hoslemo vart oppgjort i 1768 vart systerpartane på 111 rd, så Vetle vart attskuldig 9 dalar.

Ved det nemnde skifteoppgjeret budde Vetle og kona hans einkvarstad i Trydal, utan at me veit kvar. I 1771 var Knut Olavsson Hoslemo ute etter han på tinget for restgjelda, han var då framleis i Trydal, ser me. Om pengane vart betala er uvisst nok, men i alle høve hamna både Vetle og kona hans på slutten som busetar hjå Knut i Uppigard Hoslemo. Kvar dei vanka fyre dei kom dit, er ukjent, men me trur at dei hadde ein husmannsplass, og kanskje helst einkvarstad i Nordbygdi. Grunnen til dette er det me har fortalt i bolken om Dysje, at Olav Bjørgulvsson i 1787 ikkje ville godkjenne Vetle som lagverje for systera Gunhild på skiftet etter Bjørgulv Tallaksson, far deira. Vetle var nemleg, i fylgje Olav «som en fattig Husmand gandske uvederheftig».

Noko etter at Vetle Åvoldsson hadde flutt frå Ryningen i 1765, brann både stoga og loptet på bruket ned til grunnen. Dei som budde her då var ovanomtala Andres Tallaksson og kona hans. I brannen miste dei alt det dei åtte, og sto på berr bakke, går det fram av tingboka.

Han som hadde fått Vetle dømd frå garden, heitte Snære Arnesson, og kom frå ÅrhusRysstad. Foreldra hans var Arne Niklosson Rysstad og kona, Gro Snæresdotter, fødd Heggland (jfr. Valle I, 295). Sjølv hadde han ingen odel, men det hadde kona hans, som heitte Margit Salmundsdotter og kom frå Midbø Breive. Far hennes var Salmund Gunsteinsson Breive og mora heitte Tone Sveinsdotter. Tone Sveinsdotter att var dotter åt Svein Gunsteinsson Ryningen, så der har me grunnlaget for odelssøksmålet.

Ryningsloptet, som er eldre enn 1648, står i Huldreheimen. Sidan lendet gjer det ugreitt å fotografere det frå framsida, er dette biletet teke attantil. Huset på hitsida av loptet er eit kvernhus frå Vodden, Nesland. Bilete frå arkivet til Bykle kommune.
På 1940-talet vart Ryningsloptet selt av garden. På den nye tomta rotna det undanfrå, så sumaren 2005 laut botnekvarva skiftast ut. Her er dette arbeidet undervegs.
Foto: Dag R. Olsnes (2005).

Då Snære fremja saka, påsto han at Vetle Åvoldsson var «en fremmed Person uden Odel», men heilt framand var han ikkje, slo vitnet Bjørgulv Sveinsson Gjerden fast. For Vetle var son åt dotter av Åsmund Gunsteinsson, medan Margit Salmundsdotter var dotterdotter åt den yngre bror hans. Men etter odelsreglane gjekk mannslina framom kvinnelina, og difor laut Snære få bruket.

Som ovanfor fortalt hadde husa brunne, så me reknar med at det fyrste Snære laut gjera var å byggje. Det loptet han sette opp, må han ha fått tak i ein annan stad, og flutt hit, for Ryningsloptet, som i dag står i Huldreheimen i Bykle, har årstalsinnskrifta 1648, og lyt då minst vera så gamalt. Eit anna poeng i denne samanhengen er at Snære, kanskje nettopp med tanke på brannfaren, ikkje kan ha bygd loptet vegg i vegg med stoga, slik det elles var vanleg, ettersom dette huset greidde seg gjennom den neste brannen på garden, hausten 1929, då både stoge og uthusbygning gjekk med.

Me har ovanfor gjort greie for kvar både Snære og kona hans var utstokne, og kan då gå beint på familieoversikta:

  • Snære Arnesson Rysstad, f 1732, d 1799
g 1760 m Margit Salmundsdtr. Breive, f 1735, d 1809. Born:
  • Gro, f 1761, g 1798 m Knut Tarjeisson Mosdøl, sjå Austistog Byklum.
  • Hæge, f 1764, d 1787, ug
  • Tone, f 1767, d 1789, ug
  • Birgit, f 1770, d 1797, ug
  • Salmund, f 1776, g 1804 m Margit Olsdtr. Stoplestog, sjå nedanfor
  • Anne, f 1778, d 1792

Om Snære hadde vorte kvitt Vetle Åvoldsson, var det endå ikkje avgjort kven som skulle sitje med Ryningen, for ei ny odelssak var på trappene. Denne fylgde i 1767, då ovanomtala Sigbjørn Torkjellsson, som nå budde i Vatnedalen, stemnde på vegner av sonesonen, som au heitte Sigbjørn Torkjellsson. Om sistnemnde vart det under rettssaka berre opplyst at han var son av Torkjell Sigbjørnsson, som var 40 år gamal i 1767, og budde på «Gaarden Vigen i Stavanger Amt». Det me elles har funne ut om han står å lesa i bolken om Vatnedalen Der sø.

Ettersom farmor åt den yngre Sigbjørn-en var dotter åt Åsmund Gunsteinsson, er det ikkje tvil om at han var av den gamle odelslina. Den eldre Sigbjørn-en kunne dertil peike på at «hans Odelsret var hannem conserveret», ettersom han i 1747 hadde «lyst sin Pengemangel» på tinget. Endeleg kunne han prove at han i 1766 hadde innfridd Andres Tallakssons obligasjon til Vetle Åvoldsson. Dermed skulle saka hans tilsynelatande stå temmeleg sterkt.

Men Snære påsto at saksøkjaren forlengst hadde forlist den odelsretten han gjorde krav på å sitje med, og forlanga saka utsett. Sorenskrivaren innvilga dette, og la til at saka neste gong måtte fremjast ein annan stad enn åstaden, avdi han då kunne sleppe «den farlige og besværlige Vej, især den saakaldede Stig forbi Gaarden Trydal».

Neste vende saka var framme kunne Snære slå i bordet med eit «lovformeligt Skiøde», som var skrive joleftan 1749 på garden «Øen udj Hellelands Sogn och Hetlands Skibrede», og tinglyst i Hommehaugen våren etter. I fylgje dette brevet hadde Sigbjørn Torkjellsson selt odels- og åsætesretten sin til Ryningen til Hallvard Ånundsson Tveiten for 320 riksdalar. Sigbjørn påsto då at dette dokumentet var ukjent for han, og heilt sikkert falskt, men sorenskrivaren fann tinglysinga i protokollen sin, og slo fast at det såvisst var ekte nok. Domen vart difor som fylgjer: «[...] efter saadan Sagens Beskaffenhed kiændes for Ret, at Indstævnte bør for Citantens Søgsmaal fri at være.» Sigbjørn Vatnedalen laut ut med 16 dalarar i sakskostnader, og dertil ei bot til justiskassa for grunnlaust søksmål.

Det er interessant at odels- og åsætesretten såleis kunne omsetjast for seg, og at desse rettane var meir verde enn sjølve eigedomen. Vidare er det interessant at det var oppsitjaren i Heimtveiti som hadde skaffa seg odelskrav, og at han hadde utsett å nytte seg av det, slik at dette kunne avgjera at oppsitjaren i Nordtveiti kunne verta sitjande.

Men i 1770 laut Snære pantsetje eigedomen att, denne venda til Sigbjørn Torkjellson Vatnedalens ervingar, også nå var pantsetjingssummen 240 riksdalar. I den gamle gards- og ættesoga (60) står det at Åvold Jonsson Nesland sat med skøytet medan Snære var her. Det er rett at Åvold sidan åtte bruket, men hadde ikkje Snære vore eigar i 1770, kunne han snautt ha nytta eigedomen som trygd for lån.

På skiftet etter Signe Knutsdotter, kona åt Andres Tallaksson, i 1774, kom det fram at Andres på den tid åtte halve Ryningen, endå Snære etter alt å døme hadde hatt heile bruket 4 år tidlegare. Her må det då ha gått fyre seg minst ein handel som me ikkje har funne opplysning om, skjønar me, og fyrr me atter får fast grunn under føtene når det gjeld eigartilhøva her, må det ha vore fleire slike.

Kanskje åtte Snære Arnesson og Andres Tallaksson bruket ilag frå ca 1774 til 1783? I det sistnemnde året flytte Snære til Bjones, som han hadde kaupt halvparten av hjå Olav Olsson Homme ved dette leitet, og like etterpå døydde Andres. Ervingane etter Andres har me ikkje sett meir til, og me har heller ikkje sett at dei nokon gong var inne som eigarar av Ryningen.

Det er vanskeleg å sjå nokon vitug grunn til at Snære skulle flytje til Bjones, om han framleis hadde ått halve, eller for den skuld heile, Ryningen, så me reknar med at han må ha selt.

Kauparen var truleg Åsmund Bjørgulvsson Gjerden, som åtte 6 skinn i Ryningen då han døydde i 1789. Som me har vore inne på, sat Hallvard Ånundsson i Heimtveiti med odels- og åsætesrett i 1767, men han har nok sidan overdrege desse rettane til Åsmund. Også han var av den gamle odelsætta, ettersom far hans var Bjørgulv Sveinsson, og far hans att var Svein Gunsteinsson. Etter at Åsmund var borte gjekk eigedomen til sonen, Torleiv Åsmundsson Gjerden. Torleiv Åsmundsson bytte i 1793 bort bruket her mot Attistog Gjerden, og den nye eigaren av Ryningen denne venda var Torleiv Drengsson Byklum i Innistog. Heller ikkje han sto lenge som eigar, men selde bruket vidare omlag med det same. Kauparen kan ha vore Åvold Jonsson Nesland, som er nærare omtala i bolken om Attistog. Nå veit me ikkje kven Åvold kaupte hjå, men same korleis og kva tid han hadde fått tak i heimelen, ser me iallfall at han i 1797 kunne selje bruket, og altså var eigar på den tid. Kanskje hadde han vore her sidan 1783, då Snære Arnesson flutte til Bjones, men i så fall må han ha sete som bruksmann til han fekk kaupe.

Det gjekk ikkje godt for ryningshuslyden i Bjones, medan dei budde der døydde dei tre døtrene Hæge, Tone og Anne. I 1787 eller 1788 fekk Snære kaupe Berdalen Der nede hjå Mikkel Tarjeisson Mosdøl. Men det vart aldri til at han og familien hans flutte åt Berdalen, for alt hausten 1788 selde han bruket sitt der til Knut Asbjørnsson Stavenes. På denne bakgrunnen vart han verande i Bjones i omlag 10 år til. Men omsider greidde han å taka att bruket her på odel hjå Åvold Jonsson, rett nok i namnet åt sonen Salmund, og etter dette flutte dei straks oppatt hit. Prisen ved denne overdraginga var 416 riksdalar. Dette var i 1797 (ikkje 1793, som den gamle gards- og ættesoga (59) seier. Sonen vart neste oppsitjar:

Dette rosemåla skåpet vart truleg laga av Salmund Snæresson Ryningen i 1807. Det står no på Norsk Folkemuseum.
Foto: Anne-Lise Reinsfelt
  • Salmund Snæresson Ryningen, f 1775, d 1867
g 1804 m Margit Olsdtr. Stoplestog, f 1786, d 1838. Born:
  • Snære, f 1805, d 1805
  • Margit, f 1806, g 1826 m Olav Olavsson Skolås, sjå Løyning under Ryningen.
  • Anne, f 1808, d 1810
  • Dødfødd, 1810
  • Anne, f 1811, g 1838 Eivind Knutsson Vatnedalen, sjå Nordstog Stavenes, jfr. nedanfor
  • Snære, f 1814, g 1839 m Ingebjørg Steinsdtr. Hoftuft, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1817, g 1.1849 m Knut Auversson Gjerden, sjå Nordstog Gjerden, g 2. 1855 m Daniel Torleivsson Jore (jfr. Valle IV, 602), utfl. til Konsmo 1856, sidan busett Fiane i Gjerstad.
  • Olav, f 1819, g 1847 m Åse Folkesdtr. Trydal, sjå Nordstog Stavenes.
  • Tone, f 1822, g 1845 m Tarjei Olavsson Trydal, sjå Systog Trydal.
  • Torbjørn, f 1826, utflytt til Amerika 1846, d Holen 1882, ug.

Margit Olsdotter var frå Bygland, foreldra hennes heitte Olav Gunnarsson Stoplestog og Anne Torbjørnsdotter.

I nokre år frå 1804 og frametter budde Peder Vetlesson Såheim og kona, Ingebjørg Bjørnsdotter, fødd Ljosådalen, i Ryningen. Dei var busetar her, står det i kyrkjeboka, og døypte sonen Vetle herifrå 15.3.1807. Sidan var dei plassfolk i Bjones og i Ljosådalen under Løyland. I denne boka er dei nærare omtala under Bjones.

Anne Salmundsdotter fekk i 1833 sonen Olav. Faren var Hallvard Knutsson Hisdal. Olav Hallvardsson budde hjå morbroren i Ryningen då han vart konfirmert i 1848. Sidan veit me ikkje kvar det vart av han, men me finn han ingenstad i folketeljinga frå 1865, og det tykkjest vera rimeleg å gjeta på Amerika.

Salmund sat på bruket til 1838, då han tok foddog, og overdrog eigedomen til sonen:

  • Snære Salmundsson Ryningen, f 1814, til Amerika med kone og 6 born 1868, busett Americus Township, Grand Forks County, Nord-Dakota, d fyre 1900
g 1839 m Ingebjørg Steinsdtr. Viki, f 1822, d 1915. Born:
  • Margit, f 1841, n 1880, enke då, born, iallfall:
  • Martin, f ca 1872 (sjå nedanfor)
  • Ingebjørg, f 1879
  • Gunvor, f 1844, d 1845
  • Salmund, f 1846, d 1846
  • Salmund, f 1848, til Amerika 1868, seinare lagnad ukj.
  • Stein, f 1851, d 1852
  • Stein, f 1853, konf. 1868, g 1889 m Ingebjørg (Hallvardsdtr. Røysland?, jfr Valle VI, 539), f 1857, 1900 busett Equality Township, Red Lake County, Minnesota, born iallfall:
  • Ingebjørg, f 1893 n 1920
  • Snære, f 1896
  • Gunnar, f 1857, g 1882 m Tore Olavsdtr. Trydal, f 1859, 1900 busett McIntosh, King Township, Polk County, Minnesota, born, iallfall:
  • Olav, f 1884
  • Torleiv, f 1889
  • Ingebjørg, f 1889
  • Oscar, f 1899
  • Gunvor, f 1860, lagnad ukj.
  • Olav, f 1863, d 1946, g 1882 m Birgit Augundsdtr. Flateland, f 1862, d 1937, 1900 og 1910 busett Americus Township, Grand Forks County, Nord-Dakota, sjå nedanfor, born, iallfall:
  • Snære, f 1887, d 1942, g 1911 m Stella Enanda Mahlum, f 1890, d 1917
  • Julia, f 1889
  • Andrew, f 1891, d 1918
  • Margit, f 1893
  • Gunda, f 1895
  • Elizabeth, f 1897
  • Anne, f 1907

Ingebjørg Steinsdotter var frå Viki i Valle, bnr 1. Foreldra hennes var Stein Håvardsson Viki og kona, Gunvor Arnesdotter, fødd Hoftuft. Då Ingebjørg gifte seg, vart ho oppskrive med etternamnet Hoftuft, men dette er forklarleg avdi foreldra hennes også åtte eit bruk i den garden, og truleg har halde til der i 1839 (jfr. Valle IV, 262).

Snære var lærar i Bykle frå 1836 til 1844. Den gamle gards- og ættesoga opplyser (248) at han var den fyrste byklaren i skulestova, og at han «hadde berre den vanlege opplæringa som dei fekk heime». Denne opplæringa var avgrensa til 6 veker hjå presten.

Folketeljinga frå 1865 fortel at buskapen på bruket det året var 2 hestar, 12 storfe, 24 sauer og lam, 14 geitar og kje. Sånaden var 2 1/2 tunner bygg og 5 tunner jordeple. Stoda tykkjest då å ha vore tolleg god, men eit par år seinare tok likevel den 54 år gamle Snære ut til Amerika med kona og dei 6 borna deira. Det kan vel tenkjast at han lenge hadde hatt hug til å fara ut, men ikkje tykte det gjekk an så lenge faren livde. Som det går fram ovanfor, døydde Salmund i 1867.

Avdi dei hadde bestemt seg for å reise til Amerika denne våren, vart det i 1868 skipa til eigen konfirmasjon for Stein Snæresson alt den 23. februar, den ordinære konfirmasjonen i Valle det året var 21. juni. Jamvel om han fekk 4 månader stuttare fyrebuing enn dei andre konfirmantane, gjekk overhøyringa greitt: «Kundskab og flid meget god», noterte presten. Ein månad seinare, den 22. mars, skreiv han utflytjingsattesta for huslyden.

Ei veke etter dette att selde Snære bruket for 800 speciar. Kauparen var Ånund Pålsson Byklum, son åt Pål Oddsson og kona, Kristi Ånundsdotter, fødd Trydal. Foreldra budde i Austistog Byklum, gnr 14, bnr 7, medan Ånund i 1864 hadde overteke Kultran, bnr 8, som var halve Austistog, av faren, og budde der. Kaupet av Ryningen førde inga flytjing med seg for Ånund, ettersom han overlet dette bruket til broren. Han flutte hit, og me kjem attende til han nedanfor.

Snære Salmundsson og folket hans slo seg ned i Americus Township, Grand Forks County, Nord-Dakota, og på den staden finn me dei att i den amerikanske 1880-folketeljinga. I internettversjonen av denne folketeljinga er namnet hans transkribert som «Sven Solomonson», men i originalskjemaet står det faktisk «Snaere». Dei fleste av borna nytta i 1880 same etternamnet som faren, men den 24 år gamle sonen Gunnar vart oppskriven som «Gunder S. Tvedten». På farmen åt foreldra budde dette året også Stein (26), Olav (17) og Ingebjørg (30). Sistnemnde var enke då (men er ikkje oppført med eige etternamn), og hadde borna Martin (8) og Ingebjørg (1). Salmund Snæresson (f 1848) og systrene Margit (f 1841) og Gunvor (f 1860) var ikkje i Americus i 1880.

Me har ikkje lukkast i å finne dei, korkje i Dakota, Minnesota, Wisconsin eller Iowa. Det er vel mogeleg at dei ikkje livde lenger, men mest truleg er likevel at dei har dei vorte oppskrivne med namn me ikkje greier å kjenne att. Elles skal ein vel ikkje sjå bort ifrå at dei kan ha reist til ein stad der me ikkje har hatt tilgjenge til noka folketeljing frå 1880.

I 1900-folketeljinga frå Nord-Dakota ser me at Snære ikkje lenger var til stades, så han må ha døytt eingong mellom 1880 og 1900. Ingebjørg livde til 1915. Av borna var det i 1910 berre Olav som budde i Americus Township. Han hadde teke over farmen etter faren, og hadde gått over til å nytte etternamnet Tveiten (skrive som «Tweeten»). I 1882 gifte han seg med ei «Betsy», som i fylgje folketeljinga var fødd i Noreg i 1863. Av eit notat i biletsamlinga åt Ingebjørg Vegestog går det fram at jentenamnet hennes var Birgit Augundsdotter Flateland, og at det rette fødselsåret hennes var 1862 (jfr. Valle VI, 206). Olav og Birgit fekk 10 born i perioden 1883 til 1907, og av desse var dei 7 som er nemnde ovanfor framleis hjå foreldra i 1910. Dei tre andre veit me ikkje namn på, men i fylgje 1910-folketeljinga var det berre eitt barn som hadde døytt.

Systersonen Martin var også farmar i Americus, han skreiv etternamnet som Tweten. Han var gift med Mathilde Jensen, ho var danskætta og fødd i Wisconsin i 1873. Desse hadde iallfall 3 born, som var fødde i tida mellom 1896 og 1910. Både Olav og Martin var framleis i Americus i 1920. Olav døydde i 1946, Martin i 1941.

Når det gjeld syskena åt Olav, har me ein del opplysningar om Gunnar og Stein. Det me veit om dei står i familielista ovanfor. Men me kan leggje til at korkje dei eller familiane deira har late seg finne att i Minnesota eller nokon annan stad i USA i 1910. Kanskje hadde dei teke ut til Kanada? Mange norske frå Red River-dalen gjorde den reisa ved det leitet, veit me.

I boka av Martin Ulvestad frå 1907 om nordmennene i Amerika står det (539) at Stein Snæresson («Sten S. Tvedten») hadde adresse i Greibrok, Minnesota. Det er sikkert rett nok at han henta posten sin der, men postkontoret med dette namnet låg i Chester Township, Polk County, og Stein og huslyden hans budde i 1900 i Equality Township, Red Lake County, som låg nokre miles unna. (Både Polk og Red Lake er i det nordvestlege hyrnet av Minnesota. Red Lake vart utkløyvd frå Polk gjennom ei administrativ endring i 1896.)

Då har me ikkje meir om Snære Salmundsson og etterkomarane hans, og dermed kan me vende merksemda mot han som vart oppsitjar i Ryningen etter Snære:

Åsmund Pålsson Byklum , 1837-1920 og kona,Jorunn Drengsdotter, fødd Byklum, 1844-1914. Dei gifte seg i 1865, og overtok Ryningen i 1868. Biletet lyt vera teke kring 1910. Bilete frå Alfred Ryningen.
  • Åsmund Pålsson Byklum, f 1837, d 1920
g 1865 m Jorunn Drengsdtr. Byklum, f 1844, d 1914. Born:
  • Pål, f 1865, tvill., d 1865
  • Dreng, f 1865, tvill., d 1865
  • Kristi, f 1867, d 1880
  • Torbjørg, f 1868, g 1886 m Hallvard Drengson Mosdøl, sjå Lunden Mosdøl
  • Birgit, f 1870, g 1893 m Dreng Olavsson Byklum, sjå Innistog Byklum
  • Pål, f 1872, d 1873
  • Angjerd, f 1874, d 1874
  • Angjerd, f 1879, g 1907 m Tarjei Olavsson Trydal, sjå Systog Trydal
  • Pål, f 1882, g 1907 m Birgit Olavsdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Kristi, f 1883, g 1905 m Gjermund Olavsson Hoslemo, sjå Austistog Byklum
  • Pål, f 1886, d 1886
  • Dreng, f 1887, g 1916 m Margit Olavsdtr. Byklum, sjå Uppistog Byklum, jfr. nedanfor

Jorunn Drengsdotter var frå Innistog Byklum. Foreldra hennes var Dreng Olavsson Byklum og kona, Torbjørg Torleivsdotter, fødd Bjørnarå.

I 1875 var buskapen åt Åsmund og Jorunn 1 fole, 9 kyr, 3 ungdyr og kalvar, 17 sauer og lam, 7 geiter og kje. Dei sådde 3 1/2 tunner bygg og sette 5 tunner poteter.

I tillegg til husbondsfolket var det i 1875 nokså mange fleire som høyrde til på garden. Det var for det fyrste drengen Olav Auversson Stavenes, fødd 1859. Han er nærare omtala i avsnittet om Tveitvodd under Byklum , gnr 14, bnr 9. For det andre var det buseten Store-Olav Auversson Gjerden, Birgit Tarjeisdotter, kona hans, og to døtrer som heitte Tore og Ingebjørg. Desse folka budde sidan på plassen Lisletjønnhaugen under Holen, og får nærare omtale der. Endeleg var det Odd Tarjeisson Bratteland og huslyden hans, som hadde vore busetar i Ryningen etter at Odd året fyre hadde selt Nordstog Bratteland til enka Borghild Eivindsdotter frå Hisdal. Hausten 1875 vart Odd, kona Gro Bjugsdotter og dottera Gunhild, framleis registrerte som heimehøyrande i Ryningen, men i røynda heldt dei då til i Nedstrand i Ryfylke, og laut difor noterast som fråverande. Ein kan lesa meir om Odd og folket hans i bolken om Bratteland.

Åsmund Pålsson er i den sistnemnde folketeljinga oppførd som «landhandler» i tillegg til at han var «bonde og gaardbeboer». Etter tradisjonen hadde han kråmbu i Ryningen, men ikkje særleg lenge. Dette stemmer med dokument i lensmannsarkivet, som fortel at han løyste handelsbrev for perioden 23.10.1874 til 20.7.1876.

Då Olav K. Nesland på Vodden Nesland og familien hans reiste til USA, selde han bruket sitt til Søren Lund, og Søren leigde det bort til Åsmund Pålsson. Han og huslyden hans flutte då dit, det var midsumars 1900, og budde der til hausten 1903, då Lund selde Vodden til Jon Brotteli. I dei åra då Åsmund forpakta Vodden tykkjest Ryningen å ha stått tomt.

I 1915 fekk Dreng Åsmundsson dela ifrå ein parsell i austkanten av eigedomen og eit utmarksstykke på sørsida av Bossvatn. Det nye bruket vart kalla Litveit, fekk bnr 5, og vart skyldsett til 16 øre. Dreng var meint på å setje i gang med bureising der, og fekk seg jamvel opp ei stoge. Men då han hadde gift seg med Margit Uppistog Byklum i 1916, flutte han til heimebruket hennar, og hadde då ikkje lenger bruk for Litveit. Bruket gjekk difor attende til Ryningen i 1925.

Nett kor lenge Åsmund og Jorunn sat med bruket her er noko uvisst, etterdi heimelsovergangen til neste generasjon ikkje vart tinglyst. Men eldstesonen gifte seg i 1907, og me reknar med at han overtok ved det leitet.

Pål Åsmundsson Ryningen (1882-1932) og kona, Birgit Olavsdotter, fødd Trydal (1887-1936). Dei gifte seg i 1907. Her er dei fotograferte hausten 1908 saman med den nyfødde Åsmund. Bilete frå Alfred Ryningen.
Om sumrane på 1930-talet bruka ungdommane i Nordbygdi å dresse seg opp og treffast på Skarg om sundagsettermiddagane. Ståande frå venstre: Torgeir P. Tveiten, Olav G. Holen jr., Gunvor A. Bratteland, Torbjørg T. Tveiten, Olav F. Nesland y. Sitjande: Dreng A. Tveiten, Ånund P. Tveiten. Under armane til dei to jentene kikkar det fram tre hovud. Det til venstre tilhøyrer Olav Lyngtveit og det til høgre Ånund T. Tveiten. Hovudet i midten let seg ikkje identifisere. Biletet lyt vera teke like fyre krigen. Det er funne i samlinga etter Olav G. Holen jr.
  • Pål Åsmundsson Ryningen, f 1882, d 1932
g 1907 m Birgit Olavsdtr. Trydal, f 1887, d 1936. Born:
  • Åsmund, f 1908, g 1930 m Birgit Olavsdtr. Holen, sjå nedanfor
  • Olav, f 1910, gbr., g 1940 m Ingebjørg Torleivsdtr. Holen, sjå Nordgarden Breive, gnr 1, bnr 1
  • Jorunn, f 1913, gardkone, g m Hallvard Knutsson Hovden, sjå Hovdeplassen
  • Ånund, f 1915, d 1983, dreiv snikkarverkstad i Bygland, g 1952 m Ingebjørg Sigbjørnsdtr. Hoslemo, f 1923, d 1996, born:
  • Kåre, f 1953, g m Gudny Sør-Reina, busett Vigrestad
  • Birgit Pauline, f 1956, sb m Pål Egelandsdal, busett Ålgård
  • Tarjei, f 1917, d 1979, yrkesmilitær, sidan lærar, busett Bergen, sidan m.a. Valdres, ug
  • Gunvor, f 1919 d 1976, husmor, busett Bergen, g m Johannes Horne, born:
  • Johnny, f 1956, g 1. m Sissel, g 2. m Margareth, busett Bergen
  • Torbjørn, f 1960, sb m Kristin, busett Bergen
  • Torbjørg, f 1920, d 1962, husmor, busett Bergen, g m Reidar Eide, Bergen, born:
  • Rolf, f 1956, sb m Helle, busett Vorbasse, Danmark
  • Dreng, f 1922, dreiv tinnsmie, busett Kristiansand, g m Solveig Hansen, Kristiansand, born:
  • Bjørg Karin f 1950, busett Kristiansand
  • Inger Lise, f 1952, busett Kristiansand
  • Arne, f 1954, busett Kristiansand, sb m Gro Skjellanger
  • Grete Berit f 1957, busett Kristiansand, g m Otto Eriksen, Kristiansand
  • Marianne f 1965, busett Kristiansand, sb m Geir Gjengedal
  • Ånund, f 1925, d 1925
  • Tora, f 1926 husmor, busett Bergen, d 2014, g 1952 m Bjarne Blindheim, f 1927, born:
  • Bjørn, f 1954, busett Sørreisa, g m Ragnhild Solbakken, Sørreisa, f 1957
  • Nils Petter, f 1959, busett Bergen, g m Tove Pletten, Bergen, f 1962
  • Helen f 1963, busett Bergen, g m Tryggve Mo, Askøy, f 1963
  • Angjerd, f 1929, d 1932

Birgit kom frå Systog Trydal. Foreldra hennes var Olav Tarjeisson på det bruket og kona, Gunvor Åsmundsdotter, fødd Berdalen.

Elles noterer me oss at Tarjei, bror åt Birgit, var gift med Angjerd Åsmundsdotter Ryningen, syster åt Pål, så her vart det dobbeltskyldskap.

Pål og Birgit dreiv garden til kring 1929. Eldste sonen fekk skøyte på eigedomen hjå mora i 1936, men då hadde han altså forlengst overteke i praksis. Dei yngre syskena nytta etternamnet Tveiten, men han som overtok garden, og budde her, skreiv seg Ryningen (borna hans att har også nytta Ryningen-namnet).

Åsmund Pålsson Ryningen (1908-1974) og kona Birgit Olavsdtr, f . Holen (1905-1992), brudlaupsbilete 1931. Bilete frå Gerd Fosse Hovden.
Ingebjørg Ryningen mjølkar, bilete frå ca 1960, frå Alfred Ryningen.
Barneflokk frå Ryningen og Holen sumaren 1945. Frå venstre: Olav, Ingebjørg, Birgit, Pauline, Ingebjørg M. Holen, Olav M. Holen og fremst Ånund Ryningen. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
  • Åsmund Pålsson Ryningen, f 1908, d 1974
g 1931 m Birgit Olavsdtr. Holen, f 1905, d 1992. Born:
  • Pål, f 1932, d 1941, døydde i ei fallulukke i fjellet
  • Birgit, f 1933, kokke, g hv m Malvin Vatne, ikkje born, busett Tønsberg
  • Ingebjørg, f 1936, misjonær, busett Etiopia, sidan Stokke og Tønsberg, g m Eigil Sanna, Råstad, f 1938, d 1998, born:
  • Kristin f 1968, busett Stokke, g m Bjørn Kihle
  • Dag, f 1969, busett Stavanger
  • Ingunn f 1971, busett Stokke, g m Nils Endre Grønseth
  • Elin f 1974, d 1981
  • Olav, f 1939, ingeniør, g m Gerd Askeland, Utåker, busett Vikeså, born:
  • Anita f 1968, busett Bergen
  • Øystein f 1974
  • Pauline, f 1942, kokke, busett Hylestad. g hv m Olav Jørundsson Haugeland, born:
  • Ånund, f 1944, siv.ing, busett Skien, g m Astrid Thygesen, Tjøme, f 1954, born:
  • Birgit, f 1977, p t (2006) Oslo
  • Ingrid, f 1979, busett Skjeberg, g m Johannes Hvaal
  • Torgeir, f 1947, politi, g m Ulla Hanssen, Saltdal, sjå Ryningen, gnr 15, bnr 37
  • Alfred, f 1950, cand. philol., lokalhistorisk forfattar, taksidermist, museumsmann, g 1981 m Liv Drengsdtr. Bjørgum, f 1957, busett Homme, Valle, born:
  • Åsmund, f 1985
  • Tone, f 1987, jfr Valle II, 312.

Birgit Olavsdotter var frå Holen Der uppe. Foreldra hennes var Olav Mikkelsson Holen og kona, Ingebjørg Olavsdotter, fødd Haugen.

Hausten 1929 brann husa på bruket ned til grunnen. Åsmund laut difor byggje nytt, det fyrste han gjorde, då han overtok. Til stoge fekk han kaupe ei tømre, som han flutte hit, frå einkvarstad i Trydal. Både våningen og uthuset sto ferdige i 1930. Stoga var i to fulle høgder, og hadde ei grunnflate på 75 m2. I 1935 sette Åsmund også opp eit eldhus.

Hisdal-ætlingar veit å fortelje at det var den stoga som Søren Lund hadde flutt frå Hisdal i 1912, som hamna i Ryningen, og det er i og for seg truleg nok, jamvel om huset då må ha vorte flutt to vender. Ein gong på 1940-talet selde Åsmund det gamle loptet frå garden, det har årstalsinnskrifta 1648, og hadde greidd seg forbi brannen, til Anton Raabe og Tore Segelcke. Det står i dag i Huldreheimen, og er i eiga av Bykle kommune.

Buskapen i 1953 var hest, 3 kyr, 3 kalvar, ei handfull sauer og 19 geiter. Ved sidan av gardsbruket dreiv Åsmund snikkarverkstad, der han gjorde dører, vindaugo og møblar.

Då oppdemminga av Bossvatn etter kvart gjorde det turvande å flytje ifrå, kaupte Åsmund og Birgit ei tomt hjå Olav T. Gjerden i Kyrkjebygdi, og sette seg opp hus der (Jarehaugen, gnr 15, bnr 41). Tomta vart utskild i 1970, og dei flutte inn i det nye huset 2 år seinare. Ryningen vart då ståande folketomt.

Kring 1980 var husa i dårleg stand, med taklekkasjar og byrjande rotenskap i veggene. For å berge dei frå vidare forfaring tok sønene ned stoga og eldhuset, og lagra tømmeret i løa frå 1930, som dei hadde lagt nytt tak på. Ved dette leitet fekk Olav Å. Ryningen skilt ut innmarka ovanfor vegen som ein eigedom for seg. Han har planar om å setje oppatt husa på tuftene deira, men til så lenge ligg dei som nemnt lagra i løa. Hovudluten av eigedomen har vore i eiga av Torgeir Å. Ryningen sidan 1989. Tidlegare hadde det vorte skilt ut ei hyttetomt til kvar av syskena, ei på Øystøyl og dei andre kring Blomstøyl.

Etter jordskiftet i Tveiti i 1991-93 omfattar eigedomen her 6 teigar med eit samla areal på 4799 mål. I tillegg kjem den delen bruket eig i det store hei- og fjellområdet som Tveitegardane har ilag med Nesland.

Kjelder


0941 Bykle komm.png Ryningen (Bykle gnr 11/4) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nordtveiti (Bykle gnr 11/2) • Neste bolk: Nordtveiti]]