Løyning under Ryningen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Løyning
Tveiten 53.jpg
Løyning 1967. Dei gamle plassehusa brann, så det som står att er berre ei høyløe. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Rydda: omkr. 1825
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 11
Type: Husmannsplass

Løyning låg oppi skogen eit par km nordaust for Tveiti i Bykle kommune, og helst noko løynleg. Alfred Ryningen meiner dette er forklaringa på namnet (h.oppgv., 56). Mest truleg var staden opphavleg heimestøyl for Ryningen, slik at her var ein støylsvoll og kanskje ei bu eller to då det byrja å verta fastbuande folk her.

Akkurat kva tid dette var kan me ikkje vita, men innførslene i kyrkjeboka tyder på at det var ein gong i åra 1826 til 1828. Dei som slo seg ned her var ei dotter åt Salmund Snæresson Ryningen og mannen hennes:

  • Margit Salmundsdtr. Ryningen, f 1806, d 1862-65
g 1826 m Olav Olavsson Skolås, f 1797, d Konsmo 1862, utflytt til Bjelland med kone og born 1846. Born:
  • Gunvor, f 1855, ug
  • Marte, f 1856, g m Nottolv Abrahamsen Abusland, busett Fossbekk ved Arendal
  • Store-Anna, f 1858, ug
  • Ole f 1862, g m Anna Reiersdtr. Rosseland, busett Hægeland i Konsmo
  • Lisle-Anna, f 1865, g m Anton Dahl, busett Høvåg
  • Salmund, f 1828, d Birkedal, Vestre Moland, 1898, g 1. m Ingebjørg Olsdtr. Håland, f i Hægebostad 1836, d Yksendal, Hægebostad 1889, g 2. 1891 i Vestre Moland m e Anne Bertine Torkelsdtr. Yksendal, Hægebostad, f Gjervoldstad, Herad 1850, born
  • Tomine, f 1870, g 1. m Kiddel Knudsen Flåt, g 2. m Andreas Reiersen Ågedal
  • Marte g m Kiddel Olsen Flåt (Ågedal)
  • Anna, g m ein Christensen frå Vestre Moland, utfl. til Amerika
  • Marie, sydame, busett Oslo
  • Ole, f 1867, g 1895 m Anne Sofie Tobiasdtr. Ås, busett Årdalsmoen, Årdal i Birkenes til 1931, sidan Skjervedal i Vennesla
  • Ånen, ug.
  • Arne (Åni, Ånund, Andrew), f 1831, til Australia ca 1868, d Dunolly, Victoria 1887, sjå nedanfor
  • Anne, f 1834, g 1. m Ole Olsen Ågedal, Bjelland f 1833, d 1864, g 2 m em Ommund Larsen Birkeland, Hægebostad, born:
  • Stor-Ola, f 1857, busett Herefoss, sidan Naglestad, g m Siri Jonsdtr. Naglestad, f 1879, d 1961, mange born
  • Lisle-Ola, f 1860, til New Zealand 1882, g der med ei av maori-folket, 5 born, sjå nedanfor
  • Targjerd f 1861, g m Lars Legson Nepstad, busett Konsmo, 2 born
  • Ola, gift til Granbakken i Vennesla
  • Karoline, f 1875, g m Tollef Hansen, busett Vennesla, Skien og Oslo
  • Lars g m Anna Ågedal, busett Ågedal, Bjelland
  • Maria, g m ein svenske som heitte Sandberg
  • Halvor, f 1837, busett Listad og Monen i Vigmostad, g 1. m Ane Olsdtr. Ågedal, g 2.1893 m e Anne Marie Jonsdtr. Listad, f Øydne i Grindheim 1863, born:
  • Ola, f 1890, d ung
  • Ola
  • Maria
  • John g m Ågot Lauen
  • Margit, f 1840, d fyre 1883, g m Olav Langemyr, busett Langemyr i Oddernes, born:
  • Marte, f 1863
  • Arne, f 1864
  • Karen, f 1866
  • Olivia, f 1872
  • Lisle-Olav, f 1843, g ca 1870 m Anne Sørensdtr. Kaddåsen, f 1850 i Laudal, 1870-73 busett Ågedal i Bjelland, 1873-93 busett Konsmo, til Amerika 1893, born:
  • Ola f 1871
  • Malena, f 1879
  • Simon f 1882
  • Oscar f 1884
  • Sigvald f 1890
  • Tone, f 16.8 1846, til Australia ca 1870, seinare lagnad ukj., sjå nedanfor

Olav Olavsson var son åt Olav Høljesson Lien og kona, Anne Olavsdotter, fødd Svartdal. Ein kan lesa om desse folka i bolken om Skolås under Bratteland.

Eit par av etterkomarane etter Salmund Olsson i Hægebostad og Vestre Moland er lokalhistorikaren Paul Sveinall i Konsmo, og far hans, som heitte John P. Sveinall. Desse har skaffa fram mykje informasjon om Olav og Margit og etterkomarane deira på Sørlandet. Både familieopplysningane ovanfor og forteljestoffet som fylgjer er vesentleg henta frå ein hittil upublisert artikkel dei har skrive. Tittelen på denne er «Fjellfolk på flyttefot».

Olav Skolås arbeidde som fraktekar. Han reiste med fleire hestar og førde varer med klyv til og frå Kristiansand og Stavanger. Reisa frå Bykle til Kristiansand tok 14 dagar. Elles gjekk han mykje på jakt, han var liten og lett og uvanleg god til å gå, seier familietradisjonen. At han ikkje var stor, vert stadfest i futens passprotokoll frå 1846, der det går fram at han var 62 tommar høg (162 cm), og at han hadde ljost hår og blå augo.

Kring 1840 var det i Stavanger mykje tale om å reise til USA, og i sume krinsar i byen var det vanleg å meine at det var Guds vilje at dei skulle emigrere. Om Olav let seg inspirere av slikt er uvisst, men han hadde iallfall reiselyst og uro i kroppen. Så då Ånund Mikkelsson Bratteland, som var gift med Kjersti, syster åt Olav, bestemte seg for å taka ut sumaren 1846, avgjorde Olav at han og familien hans skulle reise same vegen. Margit skal ha vorte svært overgjeven over dette, og det er forståeleg. Ikkje berre laut dei reise frå alle skyldfolka heime, men ho var også gravid, og venta barn same hausten. Olav låg i senga og stirde i taket, og så spurde ho: «Koss kan det ha seg at du er så uroleg og alltid vil reise. Kor vil du av ?». Olav tenkte ei stund, og svara omsider: «Eg veit ikkje, men om eg kunne, ville eg ha reist til jordas ende».

Den 14. juli 1846 var Olav hjå futen Egeberg, la fram prestens utflyttingsattest for seg og sine, og ba om pass for å reise til Nord-Amerika. Det fekk han, og futen skreiv her m.a. at han «beder alle og enhver som disse Reisende paa bemeldte Reise måtte forekomme, at lade dennem frit og uhindret at passere». For dette dokumentet betala Olav 64 skilling.

Etter dette selde dei det meste av det dei åtte, og så bar det nedetter til Kristiansand. Men vel framkomne til byen fekk dei ikkje skipsrom, og vart gåande og vente. Då skal Olav etter tradisjonen ha treft ein bonde frå Bjelland, som meinte det var galskap å taka ut på ei slik reise med gravid kone og fleire småborn. «De skal heller få kjøpt ein gard av meg,» baud han.

I Bjellandboka (Magnus Breilid: Bjelland. Gards- og ættesoge, Bjelland 1965) står det at Søren Olsen Mindrebø i 1846 fekk låne 600 speciar hjå Ole Olsen Tveiten frå Bykle mot pant i 5 engelsk i Ågedal, som svara til gardparten «Jordet». Av dette skjønar me at dei ikkje hadde fått kaupe bruket, men berre fått «brugeligt pant». Jordet var ein huslaus grunn, der det berre fylgde med eit stabbur, så den fyrste hausten og vinteren budde dei i heimen hjå Søren Mindrebø. Dottera Tone kom til der. Men Olav hadde fått kaupe ei stoge som han sette opp på Jordet, og våren eller sumaren 1847 flutte dei dit. Diverre var det odel på bruket, så i 1858 laut Olav og huslyden hans selje til andre.

Dei flutte då til eit bruk under Øydna, også det i Bjelland, som dei fekk leige hjå ein Reier Pedersen, men heller ikkje der vart dei verande, for då Olav døydde i 1862, budde dei ein stad i Helle i Konsmo.

Tradisjonen seier at Olav var ein god snikkar og jeger, og at han var den fyrste i Bjelland som spila hardingfele. Han fór også med litt rosemåling, fortelst det. Liksåvel medan han budde i Bjelland prøva han seg med frakteturar til og frå Kristiansand, men mest dreiv han visst med snikkararbeid. Elles arbeidde han noko lite for sonen på småbruket «Slottet», men skal ikkje ha vore så mykje tess til vanleg gardsarbeid. Draumen om å reise sleppte visst aldri taket i han.

Høystakkar på Løyning. Her vart sett høy i stakk til fram mot 1970, og dette biletet er frå eitt av dei siste åra, hit frå Alfred Ryningen.

Om Margit fortel tradisjonen lite. Ho streva nok mest åleine med gardsdrifta, for Olav var mykje av tida avstad på jakt eller arbeid. Me har ikkje funne dødsåret hennes, men då ho ikkje er med i folketeljinga frå 1865, reknar me med at ho døydde fyre denne vart oppteke.

Dei fleste av borna åt Olav og Margit slo seg ned i Bjelland, Konsmo, Hægebostad og andre sørlandsbygder, men eit par av dei for til Australia. Det var for det fyrste han som i Valle kyrkjebok er kalla «Arne», og var fødd i 1831. Han utvandra ca 1868. For det andre var det systera Tone, ho som var fødd i Bjelland i 1846. Ho emigrerte eit par år etter broren. Det var gullrush i området kring Ballarat i Victoria på 1860-talet, og dette eventyret ville «Arne» frå Løyning vera med på. Ballarat ligg omlag 100 km vest for Melbourne.

I eit brev han sende heim kort etter utreisa skreiv han seg «Mr Aanon Olsen». Heime kalla dei han Åni. Når dette namnet skulle skrivast, kunne det like gjerne verta av uti Aanon (Ånund) som Arne, veit me, men i Australia vart det likevel etter kvart anglifisert til Andrew. I samband med skiftet etter morbroren, Torbjørn Salmundsson, i 1883, vart det opplyst at ingen hadde høyrt noko frå Åni i Australia dei siste 10-12 åra, «men det rygtes at han er død af feber». Heller ikkje Tone hadde late høyre frå seg til familien heime, så i 1883 visste dei ikkje anten ho livde eller ikkje.

Nå vil tilfellet at me i dag faktisk er litt betre informerte enn skyldfolka i 1883. Ikkje når det gjeld Tone, men om Åni har me sumt å melde. Desse opplysningane har me fått frå ein soneson åt ovannemnde Halvor Olsen, fødd 1837, som budde i Listad og Monen i Vigmostad. Denne Løyning-ætlingen heiter Harold Halvorsen, og er busett i Huntington, New York. Frå han kom det sendande ei avskrift av eit stykke frå den australske avisa Maryborough & Dunolly Advertiser frå 1887. Avisstykket er ein nekrolog over vår mann, og viser for det fyrste at han døydde i 1887, og altså var i live i 1883. Vidare fortel nekrologen at Åni Olsson, eller Andrew Olsen, var ein kjend og omtykt mann der han hadde valt å slå seg ned. Han hadde skaffa seg startkapital med ei «fairly successful» gullgruve, Sydenham Mine, og sidan var han farmar på ein stad kalla Emu. Dunolly var næraste by, og der døydde han av blodforgifting etter å ha vorte biten av ein hest sumaren 1887, 56 år gamal. Han etterlet seg kone og «a young family», står det, noko som vel tyder på at han hadde fleire born. Namna på desse og eventuelle etterkomarar kjenner me ikkje.

I motsetnad til Åni og Tone heldt dotterson åt Olav og Margit, Ola Olsen Ågedal, kontakt med slekta heime etter at han, som det vert sagt, «rymde» til New Zealand i 1882, og gifte seg med ei maorikvinne. Eit par av etterkomarane hans har til og med vore på Indre Agder og vitja skyldfolk, og dermed vekt ikkje så lite åtgaum i grannelaga. Om ikkje Olav Skolås sjølv kom seg til «jordas ende», må ein vel seia at nokre av borna og borneborna hans gjorde det, for stort lenger avstad enn til Australia og New Zealand er det snautt mogeleg å koma. Me har ikkje fått tak i opplysningar om etterkomarar i Australia, jamvel om det er mykje truleg at det også der finst nokre. Men på New Zealand er det iallfall heilt sikkert nokså mange som ættar frå Løyning under Ryningen, og sameleis i USA og Kanada.

I den gamle gards- og ættesoga (58) les me at Olav og Margit reiste til Amerika 12. juli 1846. Som det vil ha gått fram ovanfor, gjorde dei ikkje det, om dei aldri så mykje etla seg dit. Det som skjedde 12. juli 1846, var at presten skreiv flytjeattesta deira. Men slumpehøvet ville ikkje at dei skulle gjera bruk av denne til det påtenkte fyremålet, og så gjekk det i staden slik det her er gjort greie for. Løyningfamilien er forresten også feiloppførd som immigrantar til USA i det elles mykje pålitelege bokverket av Gerhard Naeseth, Norwegian Immigrants to the United States, ( bd II 1997, 314).

Etter at Olav, Margit og borna deira flutte ifrå, har det ikkje vore fastbuande folk i Løyning. Plassen vart sidan teken i bruk som heimestøyl for Ryningen, slik han truleg hadde vore frå gamalt av.


0941 Bykle komm.png Løyning under Ryningen er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Lyngtveit • Neste bolk: Søtveiti