| Hægebostad kommune ligg i Agder fylke (før 1. januar 2020 i Vest-Agder), og grensar til Kvinesdal i vest og nord, Åseral i aust, og Lyngdal i både sør og aust. Administrasjonssenteret er bygda Tingvatn. Det er ingen tettstader i kommunen. Hægebostad fekk sine nåverande grenser i 1963, då Eiken vart samanslegen med gamle Hægebostad kommune.
Kommunen har ein del industri, særleg mekanisk industri og trevareindustri. I landbruket dominerar husdyrhald. Turisme har vorte ein viktig inntektskjelde. Det er om lag 800 hytter i kommunen, som har om lag 1700 innbyggarar (2018).
1. mars 1944 fekk Hægebostad jernbane. Då opna strekninga Kristiansand–Moi for vanleg drift, og toga byrja stoppe på Snartemo stasjon. Frå Snartemo er det rutebilsamband til mellom anna Farsund og Lista.
Hægebostad er ein av sju kommuner i Agder som har villrein. Dei andre er Kvinesdal, Åseral, Sirdal, Valle, Bygland og Bykle.
Les mer ...
|