Skredvatn. Skafså i bakgrunnen, Hauggrend i framgrunnen.
Skredvatn, også Skredevatn, ligg i nordre del av Fyresdal, 340 meter over havet. Vasskilet er syd for vatnet ved Skarkerud. Bekkar og elvar syd for dette renn via Fyresvatn vidare i Nidelva, medan vatnet frå Skredvatn via Foldsæelva kjem ned i Vråvatn og vidare i Nisser for så å møte vatnet frå Fyresvatn i Nidelva, som er ein del av Arendalsvassdraget. Skredvatn får sitt vatn frå liene og vatna omkring, men mest frå elvar og vatn i Tokke.
På austsida av vatnet ligg Hauggrend, ei solrik og vestvendt grend med frå gamalt av ein allsidig busetnad. Her ligg mellom anna garden Foldsæ, ein nedlagd landbruksskule. Det gamle namnet på vatnet er Foldsæ, det tyder det breie vatnet, vatnet som faldar seg ut. Etter segna kom folk i folkevandringstida frå syd opp til vatnet Fyrir, vatnet som ligg framom ein, i vegen for ein. På Skredvatn har det i uminnelege tider vore tømmerfløyting, og ved utløpet er det bygd ein større dam. Mykje tømmer kom ned i Skredvatn via elva som kjem frå Skafså, no ein del av Tokke kommune, og mykje tømmer kom og frå skogane på austsida mot Vrådal. Dette vart lagt opp i ruller på tømmerkast ved vatnet. Når så fløytinga skulle ta til, vart det kasta på vatnet og fløyta bort til dammen ved utløpet. Les mer …
Utsyn over Kyrkjebygdi i slåtten ein gong mot slutten av 1960-talet. Dei tre næraste bruka på biletet er Mosdøl-gardane. Biletet vart utgjeve som postkort av Bykle Samyrkelag. Foto: Gunnar B. Holen.
Mosdøl er den vestlegaste garden i Kyrkjebygdi i Bykle kommune. Gardsvaldet strekkjer seg frå bytet mot Hoslemo på høgste punktet i Gråsteinnutane i nord og til Bykil i sør. Mot vest grensar garden mot Holen på austsida mot Byklum. Eit noko lauseleg overslag over arealet vil setje det til å vera på kring 18 000 mål. Av dette ligg kring 5500 mål i sameige mellom bnr 1, 2 og 3, medan resten fordeler seg med ca 3500 mål på bnr 1, 4000 mål på bnr 2 og 5000 mål på bnr 3.
Om gardsnamnet skriv Amund B. Larsen ( Norske Gaardnavne VIII, 213) at «sidste Led er Dialektens Døl, f., liden Dal. 1ste Led er vistnok Mosi, m, mosebevoxet myr.». Denne tolkinga er ikkje urimeleg, men me skal taka med at ordet 'døl' etter Ivar Aasen ( Norsk Ordbog 123) også har tydinga «Engstykke tæt ved Husene; meget græsrig Eng». Om ein torer leggje den sistnemnde tydinga til grunn, vil ho peike i retning av at Mosdøl opphavleg har vorte dela ifrå ein eldre gard, og det vil me vil halde for truleg også av andre grunnar. For Byklum er utan tvil eldste garden i Kyrkjebygdi, medan Mosdøl og Gjerden båe er sekundære i høve til denne. Men så må ein då leggje til at delinga må ha funne stad svært langt att i tida, iallfall fyre Svartedauden og kanskje endå langt tidlegare. Les mer …
Systog 5.9.2005. Foto: Aanund Olsnes
Systog er eitt av bruka på Stavenes i Bykle kommune. Utistog er truleg eldste bruket i Stavenes, og Systog er utkløyvd frå Utistog i nyare tid. Det er vanskeleg å tidfeste nøyaktig når dette hende, men det meste tyder likevel på at denne garddelinga ikkje gjekk fyre seg fyrr noko etter år 1700. Fleire eigarar på garden hadde det vore både i 1670 og i 1700, men i den mon alle desse eigarane også var brukarar, var det tale om sambruksløysingar. Men skattematrikkelen frå 1712 syner at her då var 4 oppsitjarar på kvar sitt bruk, og det lyt då vera Utistog og Systog, Nordstog og Teigen. Medan Utistog hadde ei landskyld på 9 kalveskinn, sto Systog i 3, og var altså rekna å ha eit bruksverde tilsvarande 1/4 av den opphavlege eininga.
Oppsitjaren på Systog i 1712 heitte Torleiv Olavsson. Dette kan ikkje vera same mannen som under Utistog og Nordstog er omtala som Torleiv Olavsson (y.) på 1660-talet, for den mannen var etter 1664-manntalet fødd ca 1640, og han kom til å bu i Nordstog. Torleiv i Systog var langt yngre og fødd ca 1689. Dette er iallfall det me finn opplyst i eit militærmanntal over «ungt Mandskab» frå 1712. Dette året var han ugift, men bruka sin eigen odelsgard, står det. Det lyt vel då vera faren, Olav Torleivsson (y.), som har fått dela Systog ifrå for han. Men Torleiv Olavsson kverv frå Stavenes i skattelistene alt frå 1717, og utan at det står noko i kyrkjeboka om at han var død, så ein kan tenkje at han har måtta gjeva opp bruket sitt. Grunnen til dette, meiner me, var nok at det kom ein annan med betre odel. Mannen med betre odel heitte Eivind Olavsson, og vart ettermannen åt Torleiv på bruket her. Les mer …
Byklumplasset ein gong i åra 1910-20. Foto Wilse, her etter ein kopi hjå Olav og Ingebjørg Byklum i Innistog.
Heggjeslettune var to små husmannsplassar under Innistog i Bykle, som låg like nedanfor Nystog og Åsen under Torsbu. I dette terrenget renn ein bekk som vert kalla Kvennbekken, og Heggjesletta låg på vestsida av bekken, Plasset på austsida. I sume kjelder finn me nemningane Austre og Vestre Heggjesletta, noko som samstavar godt med fleirtalsnamnet Heggjeslettune. Sidan det langt på veg var dei same folka som budde på dei to plassane, skal me taka dei under eitt.
Det fyrste ein høyrer gjete om staden er at Torleiv Åsmundsson Byklum fekk bygsla ein plass kalla «Heggeslettene» på livetida hjå Olav Drengsson i Innistog i 1858. Men Torleiv var ungkar, og mykje på farten, og hadde nok lite både av hug og høve til å vera fastbuande husmann. Difor vart det inntil vidare til at han overlet bruken av verestaden sin til broren, Hallvard Åsmundsson, og faren, Åsmund Olavsson (Berdalen).
Me har skjøna det slik at det stykket Torleiv hadde bygsla i 1858 femnde over både Heggjesletta og Plasset, og at broren og faren sidan dela det, slik at Hallvard hadde Heggjesletta medan Åsmund sat på Plasset. Iallfall var det såleis i 1865, les me i folketeljinga frå det året. I folketeljingslista ser me også at han som har skrive henne fyrst har ført opp Torleiv Åsmundsson som husmann på Plasset, men etterpå strika over det namnet, og skrive inn Åsmund Olavsson i staden. For Torleiv, som sat med kontrakta, og såleis formelt var husmannen både på Plasset og Heggjesletta, var ikkje til stades, og kunne då ikkje godt stå som busett her. I røynda heldt han på denne tid til hjå Ånund Torgrimsson Flateland på plassen Haugen under Flateland, bnr 10 (jfr. Valle VI, 201 f), der han var busete og arbeidde som skinnfellmakar, etter det folketeljingslista frå Valle opplyser. Les mer …
Jacob Aall, eier av jernverket 1799-1844. Nes Jernverk, tidligere Baaseland, er et nedlagt jernverk i Tvedestrand kommune. Verket var i drift fra 1665 til 1959. Anlegget ved Storelva er Norges best bevarte produksjonsanlegg for jern med masovn, hammerbygning, digelstålverk og maskinverksted. Stiftelsen Næs Jernverksmuseum vedlikeholder og driver anlegget som er omgjort til museum hvor man kan oppleve hvordan jern og stål ble fremstilt i tidligere tider. Anlegget er et av Riksantikvarens 15 prioriterte tekniske og industrielle kulturminner, og Hammerdammen inngår i prosjektet Dammer som kulturminner.I 1665 fikk Niels Pedersen, Lauritz Andersen og Strange Trøner privilegier til å starte et jernverk i Holt prestegjeld. Initiativtakeren var Niels Pedersen, som i 1664- 65 oppholdt seg i København og drev lobbyvirksomhet blant annet for opprettelsen av jernverket. Privilegiene omfattet blant annet at eierne skulle få kjøpe gårdene Barbu og Vestre kroken, som begge var krongods, og få kjøpe billige redskaper fra det nedlagte jernverket Barbo. Navnet Baaseland kjenner vi først fra 1670, da verksprivilegiene igjen ble stadfestet av kongen under navnet «Holdte eller Baase Jernverch». Les mer …
|