Heggjeslettune under Innistog Byklum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Heggjeslettune
Byklum 75.jpg
Murar etter husa i Heggjesletta.
Foto: Folke Nesland
Alt. namn: Heggjesletta under Innistog Byklum
Plasset under Innistog Byklum
Byklumplasset
Rydda: 1858 (Heggjesletta)
omkr 1860 (Plasset)
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 14
Type: Husmannsplass
Byklumplasset ein gong i åra 1910-20. Foto Wilse, her etter ein kopi hjå Olav og Ingebjørg Byklum i Innistog.

Heggjeslettune var to små husmannsplassar under Innistog i Bykle, som låg like nedanfor Nystog og Åsen under Torsbu. I dette terrenget renn ein bekk som vert kalla Kvennbekken, og Heggjesletta låg på vestsida av bekken, Plasset på austsida. I sume kjelder finn me nemningane Austre og Vestre Heggjesletta, noko som samstavar godt med fleirtalsnamnet Heggjeslettune. Sidan det langt på veg var dei same folka som budde på dei to plassane, skal me taka dei under eitt.

Det fyrste ein høyrer gjete om staden er at Torleiv Åsmundsson Byklum fekk bygsla ein plass kalla «Heggeslettene» på livetida hjå Olav Drengsson i Innistog i 1858. Men Torleiv var ungkar, og mykje på farten, og hadde nok lite både av hug og høve til å vera fastbuande husmann. Difor vart det inntil vidare til at han overlet bruken av verestaden sin til broren, Hallvard Åsmundsson, og faren, Åsmund Olavsson (Berdalen).

Me har skjøna det slik at det stykket Torleiv hadde bygsla i 1858 femnde over både Heggjesletta og Plasset, og at broren og faren sidan dela det, slik at Hallvard hadde Heggjesletta medan Åsmund sat på Plasset. Iallfall var det såleis i 1865, les me i folketeljinga frå det året. I folketeljingslista ser me også at han som har skrive henne fyrst har ført opp Torleiv Åsmundsson som husmann på Plasset, men etterpå strika over det namnet, og skrive inn Åsmund Olavsson i staden. For Torleiv, som sat med kontrakta, og såleis formelt var husmannen både på Plasset og Heggjesletta, var ikkje til stades, og kunne då ikkje godt stå som busett her. I røynda heldt han på denne tid til hjå Ånund Torgrimsson Flateland på plassen Haugen under Flateland, bnr 10 (jfr. Valle VI, 201 f), der han var busete og arbeidde som skinnfellmakar, etter det folketeljingslista frå Valle opplyser.

Kven som sette opp husa på kvar av dei to plassane i Heggjeslettune veit me ikkje heilt sikkert. Det mest sannsynlege er nok likevel at det var Torleiv som sto for byggjinga på (vestre) Heggjesletta, medan Hallvard bygde på Plasset. Sidan bytte dei bustader iallfall eit par vender, ser me, men det var Torleiv som åtte husa på Heggjesletta då han døydde i 1916, medan Hallvard åtte bygningane på Plasset, då han døydde året etter.

Men jamvel om me trur at det var Torleiv som bygde husa i Heggjesletta, er det som nemnt broren som er oppskriven som husmann her i 1865. Kva han sjølv kalla seg veit me ikkje visst, men både då han gifte seg og då han døydde vart han skriven med etternamnet Mosdøl.

Jorunn og Margit Hallvardsdøtrar Plassi og mora Ingebjørg Pålsdotter fotograferte ca 1910. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
  • Hallvard Åsmundsson Mosdøl, f 1834, d 1917
g 1859 m Ingebjørg Pålsdtr. Byklum, f 1836, d 1918. Born:
  • Margit, f 1860, d 1941, ug
  • Åsmund, f 1863, konf 1877, til Amerika?, sjå nedanfor
  • Pål, f 1867, d 1884
  • Olav, f 1870, d 1878
  • Jorunn, f 1873, d 1915, ug
  • Torleiv, f 1876, d 1878.

Ingebjørg Pålsdotter var frå Kroné. Foreldra hennes var Pål Knutsson Byklum på den plassen og kona, Jorunn Olavsdotter, fødd Mosdøl. Då Ingebjørg vart fødd, budde foreldra hennes einkvarstad i Hjelmeland.

I 1865 fødde Hallvard og Ingebjørg 1 kyr, 2 geiter og 2 sauer. Sånaden deira var eit halvt kvartel bygg og 1 1/2 tunner jordeple.

Ein gong i åra mellom 1865 og 1875 flutte Hallvard og folket hans frå Heggjesletta til Plasset. Etter folketeljinga sat dei i 1875 med 1 kyr, 7 sauer og 6 geiter. Dei sådde 1/3 tunne bygg og 4 tunner jordeple. Sidan budde Hallvard og folket hans for det meste på Plasset, ser det ut til, bortsett frå at dei var attende på Heggjesletta ei stund kring 1910. Hallvard døydde på Plasset i 1917, Ingebjørg året etter.

Olav Drengsson i Innistog skreiv i 1872 ei husmannskontrakt om Heggjesletta for Hallvard, men ettersom denne ikkje vart underskrive av nokon av partane, vil me rekne med at det vart med tanken om at plassen skulle overførast formelt til Hallvard. Så kontrakta åt broren frå 1858 vart nok ståande så lenge han livde.

I 1882 var Hallvard for retten for «betleri» i Bygland, og fekk då ein dom på 4 dagars vatn og brød, liksom dei fleste av dei andre som var tiltala for same synda.

Åsmund Hallvardsson har me ikkje sett noko til i kjeldene våre etter at han vart konfirmert i 1877. Det er då nærliggjande å gjeta på at han har flutt ut. Ein «Osmund H. Tvidten» frå Setesdal som tok ut frå Kristiansand til Amerika i 1888, kunne kanskje vera han, alderen passar iallfall. Om denne identifikasjonen stemmer, har han vel tent ei stund i Tveiti fyre utreisa.

Då Hallvard Åsmundsson flutte frå Heggjesletta til Plasset, bytte han verestad med broren Torleiv og faren, Åsmund, som hadde budd der tidlegare. Åsmund var vel så gamal då, at han berre var med på lasset. Torleiv (Vise-Taddeiv) var skinnfellmakar, fortel folketeljinga frå 1875, medan faren mest livde av fatighjelp, står det. Desse oppgåvene er sikkert rette, men folketeljinga har meir å fortelje. Korkje far eller son var til stades på Heggjesletta då teljinga vart oppteke. Dei heldt seg i Mosokn, står det, og me veit at Torleiv mykje av tida var på ferder, både nedetter Setesdal, til grannebygdene i vest og til Telemark. Ved dette leitet har då tydelegvis faren slege fylgje på reisa.

Men ettersom husmannen oftast var fråverande, og truleg ikkje dreiv noko jordbruk på plassen, vart her rom å taka inn bruksfolk, og fleire huslydar var innom. Dei fyrste bruksfolka me veit om hjå Vise-Taddeiv er Gunnar Hoslemo og familien hans. Gunnar var bror åt Jon Olsson, som sidan budde i Øystre Haugen. Foreldra deira var Olav Tallaksson i Nigard Hoslemo og kona, Birgit Auversdotter.

  • Gunnar Olsson Hoslemo, f 1832, d 1899
g 1865 m Ingebjørg Folkesdotter Trydal, f 1838, d 1897. Born:
  • Knut, f 1866, utv. til Amerika 1893, g m Gunhild Ånundsdtr. Trydal (sjå Storstein), f 1872, busett Filmore County, Minnesota, ikkje kjende born
  • Øyulv, f 1868, g 1890 m Gunvor Hallvardsdtr. Vatnedalen, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1870, d 1916
  • Olav, f 1872, g 1900 Margit Olavsdtr. Breive, sjå Bjørnarå Der nede, gnr 18, bnr 4
  • Birgit, f 1876, d 1878
  • Folke, f 1882, konf. 1898, seinare lagnad ukj, til Amerika (?)
  • Birgit, f 1879, g 1902 m Olav Kjetilsson Flateland, sjå Valle VI, 267

Ingebjørg Folkesdotter var fødd og oppvakse i Trydal Der Inne. Ho var dotter åt bruksmannen Folke Øyulvsson Brokka og kona, Birgit Knutsdotter.

Kor lenge Gunnar og folket hans budde i Heggjesletta, veit me ikkje visst, men det tykkjest ikkje ha vore lenge, og i det heile førde dei eit nokså omflakkande liv. Men ein stad lyt dei plasserast, og ettersom dei er oppførde i Heggjesletta i 1875-folketeljinga, kan me like gjerne omtale dei her som nokon annan stad. I 1875 hadde dei 1 kyr og 1 kalv, 3 sauer og lam, 6 geiter og kje, og sånaden deira var 14 nottungar bygg og 3 tunner jordeple, går det fram av folketeljinga.

Dei tre eldste borna deira vart døypte frå Hoslemo, så dei var busetar einkvarstad der iallfall til våren 1870. Men i 1872 budde dei på Ytre Moen i Trydal. Sidan var dei altså her i Heggjesletta eit tak, men våren 1876 var dei attende i Hoslemo, og iallfall frå 1879 tykkjest dei ha budd ei stund på ein plass kalla Murtestøylteigen under Reini i Mo.

Birgit Gunnarsdotter, var fødd på Reini i Mo i 1879 som dotter åt Gunnar Olsson Hoslemo og kona, Ingebjørg Folkesdotter. Då ho gifte seg med Olav Kjetilsson Flateland i 1902, budde ho i Åsdokk i Trydal, og vart difor oppskrive i kyrkjeboka med etternamn Trydal. Biletet her er eit atelierfoto av F. Køhn i Kristiansand. Me vil helst tru at det er teke fyre ho gifte seg. Det må vera vinterstid,skjønar me, ettersom ho ber kyrkjeteppe over herdane og har på seg votter. Bilete frå Setesdalsmuseet.

I Mo bygdebok ( I, 440) heiter det seg at Gunnar O. Hoslemo i 1879 fekk dottera Birgit med ei jente som heitte Ingebjørg Talleivsdotter med adressa Reini. Men dette er ei mistyding, då kyrkjeboka frå Mo viser at mora var kona Ingebjørg Folkesdotter Reini, og at Birgit Gunnarsdotter altså var ektefødd. Ettersom Ingebjørg budde i Mo i 1879, gjorde sikkert også Gunnar det, om han aldri så mykje vart oppskriven i Mo kyrkjebok med etternamnet Hoslemo. Men alt i 1881 var familien attende i Bykle, ettersom sonen Knut vart konfirmert frå Gjerden det året, så då har dei vel budd einkvarstad der. Då Birgit vart konfirmert i Bykle i 1894, noterte presten heilt korrekt at ho var døypt i Mosokn.

Ettersom den same Birgit Gunnarsdotter i 1902 gifte seg med Olav K. Flateland i Valle, er ho også omtala i Vallesoga (VI, 267), men der står det at mor hennes var Jorunn Eivindsdotter frå Systog Trydal. Dette er gale, og forklaringa på denne feilen er nok at det var to personar som heitte Gunnar Olsson, som båe vart skrivne med etternamnet Trydal. Den eine av dei var vår Gunnar O. Hoslemo, som var gift med Ingebjørg Folkesdotter. Den andre Gunnar-en var son åt Olav Salmundsson Tveiten, og han var gift med Jorunn Eivindsdotter. Mor åt den sistnemnde Gunnar O. Trydal heitte Åse Folkesdotter, og var syster åt Ingebjørg. Såleis var altså vår Birgit Gunnarsdotter syskenbarnet åt den Gunnar-en som var gift med Jorunn Eivindsdotter. Det sistnemnde ekteparet hamna elles i Amerika, slik Vallesoga også seier. Men foreldra åt Birgit Gunnarsdottar gjorde ikkje det. Ingebjørg Folkesdotter døydde i Åsdokk i 1897, mannen hennes 2 år seinare.

Sonen, Øyulv, set me berre inn her i mangel på betre plassering. Han gifte seg i Bykle i 1890, men tykkjest deretter å ha halde til einkvarstad i Mo, iallfall vart dottera døypt der i 1891.

  • Øyulv Gunnarsson Hoslemo, f 1868, d 1900
g 1890 m Gunvor Hallvardsdtr. Vatnedalen, f 1863, d fyre 1900. Born:
  • Ingebjørg, f 1891, d 1901

Gunvor var frå Vatnedalen Der hite, og dotter åt bruksmannen Hallvard Sigbjørnsson og kona, Birgit Helleiksdotter, fødd Glidbjørg.

Me kan ikkje finne at Gunvor har vorte gravlagd i Bykle eller Valle. Dette lyt vel takast som teikn på at ho døydde utanbygds, og det spørst om det ikkje var medan huslyden budde i Mo, utan at me leita nøye nok til å finne gravferda hennes i kyrkjeboka derifrå. Men sidan kom Øyulv og dottera attende til Bykle. Øyulv døydde som enkemann og busete i Hoslemo i 1900. Dottera flutte då truleg til farbroren, Olav Gunnarsson i Åsdokk. Der døydde ho året etter.

Me nemnde ovanfor at Torleiv Åsmundsson, Vise-Taddeiv, hadde fått bygsla båe Heggjeslettune i 1858. Torleiv var fødd og oppvaksen på plassen Skadden under Mosdøl, og foreldra hans er omtala der. Men ettersom han medan han livde jamt vart nemnd med etternamnet Byklum, skal me føre han opp såleis:

Det finst ei rekkje fotografi som skal vera av Vise-Taddeiv, men så aldeles ulike som dei er, er det vanskeleg å få til at dei alle kan vera av den same personen. Men teikninga av Lars Osa datert til 13.juni 1896, er iallfall heilt sikkert Taddeiv , og me har ingen problem med å tru at fotografiet her fyrestiller same karen. Biletet er teke av ein fotograf R. Mortensen i Sand i Ryfylke, truleg ein gong i 1890-åra, og er skaffa av Setesdalsmuseet.
Vise-Taddeiv teikna av Lars Osa, datert 13. juni 1896. Frå Setesdalsmuseet.

Taddeiv hadde Heggjesletta som ein meir og mindre fast base inntil han døydde i 1916. Men for det meste var han på ferd frå stad til stad, og dreiv med doktorering. For Taddeiv var sjølvlærd doktar, og skal ha vore i stand til å kurere ei lang rekkje ulike plager, både hjå folk og dyr. Vesentleg nytta han nok naturmedisinske remediar, så som urtebaserte salver, tinkturar og såvore, men han skal også ha hatt kjennskap til mange meir og mindre magiske hjelperåder, og tradisjonen vil også vita at han hadde Svarteboka. Dertil kjem at han var synsk, og kunne finne att både bortkomne kretur og andre saker og ting, som eigarane ikkje visste kvar hadde vorte av. Visstnok vart han synsk etter at han datt og slo seg så fælt som 9-10-åring. Etter tradisjonen hadde han og tremenningen hans, Olav Drengsson Innistog, drive og leika ilag på bruna av Høykoddjuvet. Så hadde Taddeiv klive opp i ei høg selje, falle ned frå denne, og slege seg dugeleg i uvit. Etter at han kom til seg att, «var han ikkje som andre». Ei rekkje passasjar om bragdene hans står å lesa i Bykle kultursoge (1993, 314 f), og nokre fleire finst i den blå boka av Olav G. Holen jr. (Holen 3, 73 f).

Det tykkjest vera på sin plass å understrike at tradisjonen klårt syner at Vise-Taddeiv faktisk var ein merkeleg mann, som kunne meir enn dei fleste. Mange tykte det fylgde uhygge med han og var redde, men han naut også ein god del respekt og anerkjenning i samtida, både i dei kringliggjande bygdene og i heimbygda. Eitt merke på det siste er at han i 1913 fekk eit gjævt klokkeband av Bykle heradsstyre. I klokkebandet hekk ein medaljong med med den fylgjande inskripsjonen: «Fra Bykle Herreds egne til Wise-Tellef O. Byklum. Mindegave for lavning af Mediciner tilberedt af Planter og Røter».

Me nemnde ovanfor at Taddeiv hadde bruksfolk til å drive plassen for seg. I 1891 var Jon Olsson Hoslemo, bror åt ovanomtala Gunnar Olsson, her. Han flutte sidan åt Øystre Haugen, og er nærare omtala i bolken om den verestaden. Sidan flutte son, hans, Olav Jonsson, hit med huslyden sin. Dette var ein gong utpå 1890-talet, og i bolken om Listog, der dei er nærare omtala, har me koma til at dei truleg var her til 1904. Om her var bruksfolk i dei nestfylgjande åra veit me ikkje, men i åra 1907-09 var Auver Olavsson Gjerden her (sjå bolken om Evre Haugen). Sidan fortalde han m.a. fylgjande (her i noko normalisert form etter Bykle kultursoge, 317):

[Taddeiv] va uhøge vere mæ. Han drakk så kaldleg, og så var han så vonde. [...] Han stelte til smørje, plukka blomar om hausto og stelte til smørje. Han hadde eit kammers han heldt til i når han stelte til medisin. Der hadde han ølkjeret au. Han hadde Bibel og salmebok og andre gudsordsbøker, men han las 'kje noko i dei. [...] Eg spurde han ein gong om det var'- kje vondt å vite meir enn andre. 'Å, d' æ'kje godt', sa han.
Olav Å. Byklum, som tok dette biletet, kommenterer det som fylgjer: «Dette er det som er att av stoga til Vise-Taddeiv i Heggjesletta, gofa Dreng O. Byklum kaupte henne av einearvingen til Vise-Taddeiv, Margit Hallvardstotter Plassi i 1918. Huset låg nede i fleire år. Då far, Åsmund D. Byklum, overtok garden, laga han med hjelp av Olav K. Mosdøl stoga om til støylsbu. Ho vart oppsett i Nystøylsmarki i 1934, der står ho nå».
Byklumplasset 1916, teikning av Assor Hansen.

Av folketeljinga frå 1910 ser me at han som budde i Heggjesletta då var fyrromtala Hallvard Åsmundsson, bror åt Taddeiv. Han hadde vore i Plasset til om sumaren det året, men utpå hausten må han ha flutt. Taddeiv var ikkje til stades i Bykle då denne folketeljinga vart oppteke, og i Byklumplasset hadde det vorte ståande tomt ei tid då Hallvard og folket hans flutte åt Heggesletta. Kor lenge det var såleis er uvisst, men iallfall flutte Hallvard sidan attende til Plasset. Han døydde der i 1917. Taddeiv skal ha vore busett på Heggjesletta då han døydde i 1916, men han leid av nedi Valle, i Sagneskar, vert det fortalt.

Då Vise-Taddeiv var borte gjekk husa hans på auksjon. Kauparen, det var Aasmund Drengsson i Innistog, tok dei ned og sette stoga oppatt til bu på ein av støylane sine i 1934, Nystøylsmarki.

Når det gjeld Plasset, var her folk lenger, ettersom eit par av borna etter Hallvard Åsmundsson budde her så lenge dei livde. Den siste var Margit, som døydde i 1941.

I Bykle kultursoge (1993, 316) står ei teikning av Assor Hansen frå 1916, som skal syne «Hejjesletta, heimen til Vise-Taddeiv». Etter det me får opplyst hjå eldre byklarar er dette ei forveksling, og teikninga er i røynda av husa på Plasset. Dei sistnemnda husa vart ståande til dei datt av seg sjølve. Det som i dag syner att av Heggjesletta og Plasset er berre nokre murar.

Kjelder


0941 Bykle komm.png Heggjeslettune under Innistog Byklum er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Hytta • Neste bolk: Nistog