Tellef Åsmundsson Byklum (1836–1916)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Torleiv Åsmundsson Byklum»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dette er eit av bileta som ein kan vere temmeleg sikker på at verkeleg er av Vise-Taddeiv.
Foto: Rasmus Mortensen / Setesdalsmuseet (1890-åra).
Olav Å. Byklum, som tok dette biletet, kommenterer det som fylgjer: «Dette er det som er att av stoga til Vise-Taddeiv i Heggjesletta, gofa Dreng O. Byklum kaupte henne av einearvingen til Vise-Taddeiv, Margit Hallvardstotter Plassi i 1918. Huset låg nede i fleire år. Då far, Åsmund D. Byklum, overtok garden, laga han med hjelp av Olav K. Mosdøl stoga om til støylsbu. Ho vart oppsett i Nystøylsmarki i 1934, der står ho nå».

Tellef Åsmundsson Byklum (fødd 6. oktober 1836 i Bykle, død 20. desember 1916 same staden) var mest kjent som «Vise-Taddeiv». Han dreiv med folkemedisin og skal etter soga ha vore klarsynt.

Han var son av Åsmund Olavsson Berdalen (1799–1888) og Margit Olavsdotter Mosdøl, og var den sjette i ein syskenflokk på ni på plassen Skadden under Mosdøl. Seinare i livet vart han buande på plassen Heggjeslettune under Innistog Byklum, og han tok då namnet Byklum.

Tradisjonen fortel at han som ung gut fall ned frå ei selje, og at det var då han fekk synske evner. Han bygde på med sjølvlæra lækjarkunst, som han truleg hadde frå bøker og tidsskrift. Han lagde det som lenge etter hans død var kjend som «Vise-Taddeiv smørje», ein slags salve som vart nytta mot både sår og eksem.

På bygda sa folk at han hadde ei svartebok, og at han hadde kontakt med det overnaturlege. Men han hadde også eit godt ry, og i 1913 fekk han til og med eit klokkeband i gåve fra Bykle herad som takk for lækjararbeidet. Der stod det inngravert: «Fra Bykle Herreds egne til Wise-Tellef O. Byklum. Mindegave for lavning af Mediciner tilberedt af Planter og Røter».

Vise-Taddeiv vart ikkje gift, og hadde ingen born.

Han vart gravlagd på nordsida av Bykle gamle kyrkje. Gravminnet er vekk, men grava var der ein no finn minnet over Mikkel P. Byklum.

Litteratur og kjelder