Skadden under Mosdøl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skadden
Alt. namn: Skadden under Mosdøl
Rydda: 1826
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 13
Type: Husmannsplass

Skadden under Mosdøl var ein plass under Evre Mosdøl, bnr 3, som berre var busett kring 45 år, frå 1826 til omlag 1870. Plassen låg oppi bakken ovanfor åkeren på Evre Mosdøl.

Det var berre to husmannsfamiliar som var busette her, og den fyrste av dei var folket åt Åsmund Olavsson Berdalen, som i 1826 fekk bygsle plassen «for sin og hustrues levetid» hjå Tarald Olavsson Mosdøl. Åsmund kom frå Berdalen Der uppe. Foreldra hans var Olav Arnesson Berdalen og kona, Ingebjørg Gunsteinsdotter, fødd Byklum.

  • Åsmund Olavsson Berdalen, f 1799, d 1888
g 1826 m Margit Olavsdtr. Mosdøl, f 1801, d 1864. Born:
  • Olav (e.), f 1826, utfl. til Suldal ca 1840
  • Olav, f 1828, d 1828
  • Olav(y.), f 1829, g 1858 m Mari Bjørnsdtr Rike, busett Haugebirke under Prestegarden, gnr 23, bnr 10, sjå Valle IV, 433 f
  • Ingebjørg, f 1832, d 1832
  • Hallvard, f 1834, g 1859 m Ingebjørg Pålsdtr. Byklum, sjå Byklumplasset, jfr nedanfor
  • Torleiv, f 1836, d 1916, ug, «Vise-Taddeiv», sjå Heggjesletta under Innistog Byklum
  • Ingebjørg, f 1840, d 1840
  • Åsmund, f 1841, d 1842
  • Åsmund, f 1843, d 1846

Margit, kona åt Åsmund, var dotter åt Olav Taraldsson Mosdøl og kona, Gunhild Jonsdotter, fødd Vatnedalen. Det vil då seia at ho var syster åt Tarald Olavsson, som ho og mannen hennes fekk feste på plassen hjå.

Margit og Åsmund var innom i Berdalen i 1828, og i fyrste helvta av 1840-åra budde dei einkvarstad i Byklum. Men elles tykkjest dei det meste av tida å ha halde til her inntil Margit døydde i 1864, ho vart då oppskrive som fatiglem.

Etter at Margit var død ser det ut til at det kom nye folk her. Iallfall fører folketeljinga frå 1865 opp Dreng Torleivsson Hoslemo som husmann her det året, medan enkemannen Åsmund Olavsson etter same kjelda då hadde flytt med sonen Torleiv til Heggjesletta under Byklum. Der døydde han som fatiglem i 1888. Men Dreng Torleivsson «opholder sig ikke på Pladsen», står det i folketeljinga. Det gjorde derimot kona og dotter hans, ser me. Dette er litt underleg, for Dreng Torleivsson var på denne tid eigar av Åsen Hoslemo, men me kan ikkje finne han oppskriven som til stades nokon stad i folketeljinga frå dette året, og Åsen sto folketomt. Dreng må vel ha vore på reise den dagen då folketeljinga vart oppteke, og såleis ha unngått å koma med. Men jamvel om han var husmann på Skadden i 1865, sto han som eigar av Åsen Hoslemo til i 1869.

Etter at bruket hans der gjekk på auksjon, fekk han kontrakt på «et stykke jord» i Mosdøl «for sin og kones levetid» av Olav Taraldsson. Kva for jordstykke dette var, er me litt usikre på, ettersom det ser ut til at han aldri tok det i bruk, men det kan snautt ha vore Skadden. I 1875 budde det ingen her, og Dreng Åsen eller Hoslemo finn me det året att på ein stad kalla Hytta. Dette var ei hustuft med litt åker innåt, som låg under Innistog Byklum. Me har valt å setje hovudomtalen av desse folka inn i bolken om Åsen i Hoslemo, ettersom det var derifrå dei hadde namnet sitt. Men det står også litt meir om dei i bolken om Hytta.

I 1865 er det ikkje oppskrive nokon buskap eller sånad på plassen her. Dette er vel tilfeldig, her hadde heilt sikkert vore båe slaga tidlegare, men det var uansett ikkje rare flekken å fø ein huslyd på, og me torer nok gjeta på at det var ein grunn til at her vart så tidleg fråflutt. Etter at Dreng Torleivsson budde her, ser her ikkje ut til å ha vore folk. Det einaste som synar att er merke etter eit par små hustufter.

Korleis det gjekk med dei som kom herifrå er omtala i bolkane om dei stadene der dei hamna.


0941 Bykle komm.png Skadden under Mosdøl er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Torsbu • Neste bolk: Vedbakk