Hytta under Innistog Byklum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hytta
Byklum 74.jpg
Den kommunale badestoga frå andre halvparten av 1940-åra står omlag på same tomta som Hytta.
Foto: Aanund Olsnes (2006).
Alt. namn: Hytta under Innistog Byklum
Rydda: omkr. 1868
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 14
Type: Husmannsplass

Hytta var ei hustuft med litt jord innåt, som låg litt ovanfor Listog i Bykle.

Denne verestaden vart bortsett som plass under Innistog ein gong mot slutten av 1860-åra. Me veit berre om ein familie som har budd her, og dei var her berre til noko etter 1890. Etter krigen vart det oppsett ei kommunal badestoge her. Denne står framleis.

Dei som budde her var Dreng Torleivsson Åsen, kona, Sigrid Olavsdotter, fødd Mosdøl, og dottera, Tore. Dreng var frå Åsen Hoslemo, og han og huslyden hans hadde budd på det bruket i 15-16 år fyre dei laut derifrå i 1864 eller 1865. Hovudomtalen av dei er plassert i bolken om det bruket, men her lyt nemnast at dei etter tida i Åsen fyrst var eit bil på plassen Skadden under Mosdøl, inntil dei flutte hit. Vidare tek me med det me veit om dei etter at dei busette seg her.

I gardsarkivet i Innistog ligg ei husmannskontrakt om Hytta. Denne er skrive i 1873, og då hadde Dreng alt hadde budd her i fleire år. I kontrakta er det Tore Drengsdotter som får bygsla plassen, i staden for faren. Kontrakta er vitnefast underskrive, og ber alle teikn på å vera gyldig, men tinglyst vart ho aldri. Me tek inn ei avskrift:

Af gaarden Byklum er Thore Drengsdtr. og mulig Ægtefælle paa Livstid overdraget et lidet Jordstykke i væst for Hæggesletten i Lien mellem Mikkel T. Byklums Bytte og Veien øst fra Kirken; vest til de Store Uhrer og stene (det vil sige hele Dokken som kan sees fra Heggjeslettejordet), mod 1/2 Dalers aarlig afgift, som betales den 11. December hvert Aar. Dog kan jeg, om jeg vil, tage mindre en gang imellem eller bestandig. Alle øvrige Ting falde naturligvis efter Lov, Tid og Omstændigheder, samt Overenskomster.

Byklum 9.6.1873       Ole Drengsøn Byklum

For Thore Drengsdatter: Dreng T. Hoslemo

Til vitterlighed: Ole Tallefsen Byklum
Knud Gundersen Næsland

NB: Det bemærkes at om Thore Drengsdatter dør før Forældre, da beholde disse Pladsen sin for Livstid.

Tore Drengsdotter døydde i 1879. Dreng og Sigrid budde framleis i Hytta då Sigrid døydde i 1882, og ettersom Dreng hadde livstidskontrakt, vil me tru at han var her så lenge han makta å livberge seg sjølv. Men etter kvart vart han bortimot blind, og då greidde han seg ikkje lenger. I 1894 vedtok fatigkommisjonen at han skulle setjast på legd, då han døydde i 1898 var han innlosjert på eitt av bruka i Tveiti.

Etter at Dreng Torleivsson flutte ifrå veit me ikkje om at det har budd nokon i Hytta.


0941 Bykle komm.png Hytta under Innistog Byklum er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Uppistogs-Haugo • Neste bolk: Heggjeslettune / Byklumplasset