Åsen (Bykle gnr 4/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Åsen
Rydda: 1820 ca
Utskilt: 1858
Stad: Hoslemo
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 4
Bnr: 1
Type: Gardsbruk

Åsen var eit gardsbruk i Hoslemo i Bykle kommune. Tunet til dette bruket låg på ein sete i Kvinnhusåsen, i liane på sørsida av Hoslemomoen. Det vart utskilt frå Uppigard og Nigard kring 1820, og var sjølveigarbruk heile den tida det var busett, men vart ikkje matrikulert og skyldsett fyrr i 1858. Til då var det på papiret plass under Uppigard. I den nye matrikkelen frå 1886 fekk Åsen bnr 1, Uppigard bnr 2.

I bolken om Uppigard er det fortalt at Tore Knutsdotter Hoslemo og Torleiv Drengsson Byklum, mannen hennes, tykkjest ha ått det bruket, eller iallfall store delar av det, ei stund. Men Knut, bror åt Tore, hadde fyrsteretten, så i 1816 laut Torleiv skøyte eigedomen over til han. Men han fekk halde att eit nokså stort stykke med utmark i liane mot sør, rudde seg ein jordveg der, og fekk stykket sitt deilda ifrå til eit eige bruk, som sidan vart kalla Åsen. På austsida av den parsellen som gjekk ut frå Uppigard, vart også lagt innåt eit mindre stykke frå Nigard. Dette fekk Torleiv skøyte på hjå Olav Tallaksson i 1821. Torleiv og familien hans budde nok i Åsen frå det leitet.

  • Torleiv Drengsson Byklum, f 1783, d 1847
g 1815 m Tore Knutsdtr. Hoslemo, f 1786, d 1855. Born:
  • Dreng, f 1815, d 1815, tvill.
  • Birgit, f 1815, d 1815, tvill.
  • Birgit, f 1816, d 1816
  • Dreng, f 1818, g 1848 m Sigrid Olavsdtr. Mosdøl, sjå plass Hytta under Innistog, jfr. plass Skadden under Mosdøl og nedanfor
  • Birgit, f 1821, utfl. til Austre Moland 1865, sjå nedanfor
  • Knut, f 1825, d 1858, ug
  • Jon, f 1830, d 1844, drukningsulukke

Torleiv Drengsson var frå Innistog og son åt Dreng Torleivsson på det bruket og kona, Birgit Torleivsdotter, fødd Bjørnarå. Dottera Birgit fekk i 1851 sonen Torleiv, faren var Bjørgulv Åsmundsson, ein son av Åsmund Sørensson Dysje. Bjørgulv døydde ugift i Holen i 1869, men då hadde Birgit nokre år tidlegare teke med seg sonen og flutt til Austre Moland. Det vart skrive flytjeattest for dei dit sumaren 1865, men Birgit vart ikkje buande i Moland ser me, for på slutten av året 1865 finn me henne att som tenestejente hjå ein gardbrukar Terje Tellefsen på Skiftesnes i Landvik ved Grimstad. Ho hadde då ikkje sonen med seg, men han var ikkje så fælt langt unna, ettersom han var dreng hjå ein skipper og gardbrukar i Tromøy (Austre Moland prestegjeld), som heitte John G. Christensen. Etter 1865 veit me ikkje meir om korleis det gjekk med mora, men sonen har me funne att i folketeljinga frå 1900. Han er der oppførd som ungkar og matros, og busett «i vedboden» hjå ein snikkar Ole Halvorsen i Tvedestrand.

Avdi Reidar Vollen i Kristiansand har lese kyrkjebøker frå heile Sørlandet, kan me fylgje Torleiv Bjørgulvsson endå eit stig lenger: I 1906 gifte han seg, 55 år gamal, med Kjersti Jonsdotter Vigstøl, fødd 1859. Han budde då på ein stad kalla Barkedalen i Tromøy. Etter dette lyt me sleppe han av syne.

Om Dreng Torleivsson, morbror åt sistnemnde Torleiv, er det for det fyrste det å fortelje at då han vart konfirmert i 1834, synte han «udmærket god Kundskab og Flid», og var nr 1 på kyrkjegolvet. Han lyt då ha vore ein intelligent kar, skjønar me, men som me skal sjå greidde han ikkje å skaffe seg økonomisk utteljing for evnene sine.

Han overtok Åsen etter faren, og budde her med familien sin frå 1848 og til litt innpå 1860-talet.

  • Dreng Torleivsson Åsen, f 1818, d 1898
g 1848 m Sigrid Olavsdtr. Mosdøl, f 1806, d 1882. Born:
  • Tore, f 1851, d 1879, ug

Fyre han gifte seg hadde Dreng hatt sonen Torleiv, fødd i 1846, død same året. Mor hans var Anne Helleiksdotter Glidbjørg. Ho gifte seg i 1855 med Alv Olavsson Gjerden, og ein kan lesa noko lite meir om henne i bolken om Myri under Gjerden, gnr 15, bnr 105.

Sigrid, som Dreng gifte seg med i 1848, var dotter åt Olav Taraldsson i Mosdøl, bnr 3.

I 1858 vart «en Dreng Tellefsen tilhørende plads, Aasen, under lnr 9 (Uppigard) skyldsat til 12 skilling». Ettersom Uppigard fyre denne formelle frådelinga hadde ei landskyld på 1 dalar 1 ort og 12 skill (=156 skill.), har då Åsen vorte rekna å skulla tilsvara 1/13 av morbruket. Ved matrikuleringa fekk Åsen av ein eller annan grunn lnr 9a, medan Uppigard vart 9 b, slik at det kunne sjå ut som om Uppigard gjekk ut ifrå Åsen og ikkje omvendt. Då det kom ein ny matrikkel i 1886, heldt dei fast på denne rekkjefylgja, slik at Åsen vart bnr 1 og Uppigard bnr 2.

Dreng sto som eigar av Åsen frå 1847 til 1869, og det hadde då lege nær å tenkje at han og familien hans budde her denne perioden til endes. Men ettersom folketeljinga frå 1865 viser at bruket her på slutten av det året sto tomt, medan Dreng og folket hans budde på plassen Skadden under Mosdøl, må dei ha flutt ifrå tidlegare, seinast i oktober 1865.

Grunnen til at dei flutte var nok økonomiske vanskar, for då Åsen endeleg vart avhenda i 1869, gjekk bruket på auksjon. I Bykle kultursoge (1993, 319 f) er det fortalt at Dreng i yngre år hadde drive som handelskar, og også rusla noko med skoghandel. Utan at me veit meir om dette, ligg det då nær å gjeta på at det kan ha vore ein uheldig skogtransaksjon som førde til at han miste Åsen.

Kultursoga fortel elles ikkje så lite om Dreng Åsen. M. a. heiter det at han skal ha vore «ein av dei mest kjende menn i Bykle i førre hundreåret». Om dette kanskje kan høyrast ut som ei overdriving, så var han då tydelegvis ein person å leggje merke til. Me hentar difor dei fylgjande momenta frå den nemnde boka:

Han skreiv ein god del dikt, og jamvel eit manuskript om stjernene. Men diverre vart ingenting prenta, og manuskripta er bortkomne. Han var politisk radikal, og såpass skolert i teorien at han i ein diskusjon med presten kunne presisere at han var sosialdemokrat, ikkje sosialist. På eldre dagar var han ein av dei få i Bykle som abbonnerte på Sæbyggjen, det radikale bladet åt Torgeir Bjørnaraa. Han var då (ca 1890) så veiksynt at han ikkje såg til å lesa, så han hadde bladet med seg åt grannen, Pål Gjerden, og fekk han til å lesa for seg.

Som me var inne på ovanfor, flutte han og familien hans til Skadden under Mosdøl noko fyre folketeljinga i 1865 vart oppteke. Nokre år seinare finn me dei i plassen Hytta under Innistog, der dei fekk skrive husmannskontrakt i 1873. Denne kontrakta kan ein lesa i bolken om den verestaden. Sigrid døydde i Hytta i 1882. Dreng vart verande der til han innpå 1890-talet såg så lite at han ikkje greidde seg sjølv lenger. Frå 1894 vart han difor sett på legd av fatigstyret. Då han døydde 4 år seinare, losjerte han på ein av Tveitengardane, utan at me kan vita kva for ein.

Som me nemnde ovanfor, gjekk Åsen på auksjon i 1869. Kauparen då var Aslak Larsson Veka på Bratteland, som var gift med Birgit, ei dotter åt den Knut Knutsson som selde Uppigard i 1839. Aslak og Birgit budde aldri her, dei hadde kaupt Bratteland i 1864, og heldt sidan til på den garden. Sannsynlegvis kaupte Aslak bruket her med sikte på selje det vidare til Hadle Torsson, som var interessert i å få lagt det innåt Uppigard att, men ikkje hadde pengar då auksjonen vart halden.

Me har ikkje funne tinglyst at Aslak selde bruket til Hadle, men ettersom det fylgde med då Uppigard vart selt til Sigbjørn Åsmundsson i 1883, lyt denne handelen ha funne stad, og me trur helst at det var i 1874. Dette året vart iallfall Uppigardsteigen (matrikulert 1858) og Nigardsteigen (umatrikulert) «sammenføiet i matrikkelen». Nigardsteigen vart då sett i ei landskyld på 4 skilling, slik at den samla skylda for Åsen etter dette var 16 skilling.

Det neste me får vita om Åsen er at Olav Auversson [Gjerden] Åsen budde her i 1885, og at han då var husmann under Uppigard. Me har lagt hovudomtalen av Olav Auversson til bolken om det bruket han sidan fekk kløyvd ut frå Torsbu, men som det er fortalt der, kalla han seg alltid Åsen etter bruket i Hoslemo.

Olav var gift med Torbjørg Åsmundsdotter Stavenes, syster åt Sigbjørn Åsmundsson i Uppigard, og det var nok difor han fekk feste Åsen då dei gifte seg i 1885, og sidan kaupe det. Kva tid handelen gjekk fyre seg, veit me ikkje, då han ikkje vart tinglyst. Men då Olav døypte dottera Tone i 1885 vart han kalla husmann, og då sonen Auver vart boren til dåpen 3 år seinare, var faren i fylgje kyrkjeboka gardmann. Det same står i folketeljinga frå 1891. Då dottera Tone vart konfirmert sumaren 1900 budde familien framleis i Åsen, men kort etter dette må dei selt og flutt ifrå, for i folketeljinga frå slutten av same året ser me at dei hadde vorte medbrukarar i Bjones, hjå Pål Auversson, bror åt Olav. Sidan budde dei tydelegvis fleire stader, i Nesland, Byklum og Gjerden, inntil dei flutte til Bakken eller Åsen under Torsbu, gnr 13, bnr 9, det var i 1916.

Den gamle gards- og ættesoga (168) opplyser at kauparane [i 1900] var Sigbjørn Åsmundsson Stavenes i Uppigard og Olav Knutsson Vatnedalen i Nordigard. Dette veit me er rett, jamvel om me heller ikkje for denne handelen har sett noka tinglysing, men Åsen har fylgt med ved seinare eigarskifte i Uppigard og Nordigard.

Etter at bruket såleis vart dela mellom oppsitjarane på det opphavlege hovudbølet, har ikkje Åsen vore noko eiga bruks- eller busetnadseining.

Ved utskiftinga i 1942 vart bruket dela imellom Uppigard, Nordigard og Nordgarden. Det samla arealet vart oppmælt til 2455 mål. Av dette fekk Uppigard 991 mål, Nordigard 916 og Nordgarden 548.


0941 Bykle komm.png Åsen (Bykle gnr 4/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Uppigard Hoslemo • Neste bolk: Nordigard Hoslemo