Uppigard (Bykle gnr 4/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Uppigard
Hoslemo 3.jpg
Uppigard 7.2.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: høgmellomalderen, fyre 1350
Stad: Hoslemo
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 4
Bnr: 2
Type: Gardsbruk

Uppigard er som namnet tilseier det øvste av gardsbruka i Hoslemo. Etter tradisjonen låg det eldste tunet innunder berga noko lenger aust, men avdi det eingong vart utsett for ras, vart det flutt dit det nå ligg.

Me har kome til at dette må vera det opphavlege hovudbølet, og altså den eldste verestaden på garden. Dette byggjer på to tilhøve: For det fyrste hadde, og har, Uppigard langt den høgste landskylda, og for det andre er det vanlege gardrydjingsmønsteret såleis at dei eldste husestadene normalt vart lagde høgast i lendet.

Ein kan finne døme som bryt med dette, såleis t.d. Holen, men dei er unntak. Etter ovannemnde Eivind Hoslemo i tidbolken 1621-30 har me ingen namn på oppsitjarar å vise til i Hoslemo fyrr me kjem fram til 1660-åra. Men seinast i 1666 må Knut Knutsson Byklum ha skaffa seg odels- og eigedomsrett til 5 kalveskinn i garden. Dette veit me avdi Svein Knutsson Hoslemo, som var son åt Knut Knutsson, i 1737 var på bygdetinget, og skaffa seg eit eidsvore vitnemål frå lagrettemennene om at «hans brugende 5 K[alve]- sk[ind] udj Haslemoen stedse hafver verit hans Faders och bemeldte Svens Odel och Eigendomb ofver 60 Aar, och var samme Godtz jmod Odel fra Berdalen bytt udj Haslemoen».

Knut K. Byklum var oppsitjar i Austistog iallfall frå 1678, men som me har fortalt i bolken om det bruket, tykkjest han verta borte derifrå like etter 1710, og me er nokså sikre på at det var han som vart gravlagd under namnet Knut Knutsson Hoslemo i 1721, for me finn ikkje andre med namnet Knut Knutsson som kan vera aktuelle.

I 1721 var det sonen, fyrrnemnde Svein, som var eigar, men faren har vel då budd hjå han etter at han avhenda Austistog. Knut er nærare omtala i austistogbolken, men sonen og folket hans set me opp på denne staden.

  • Svein Knutsson Hoslemo, f ca 1677-78, d 1762
g m Margit Gunnarsdotter Bjørnarå, f ca 1682, d 1742. Born, iallfall:
  • Olav, f ca 1706, g 1735 m Sigrid Folkesdotter Brotteli, sjå nedanfor
  • Borghild, f 1717 g 1. 1737 m Tarjei Tarjeisson Trydal, g 2. 1752 m Pål Eivindsson Stavenes, sjå Utistog Stavenes, gnr 16, bnr 4-5

Margit Gunnarsdotter var frå Bjørnarå Der heime, og dotter åt Gunnar Olavsson på det bruket og kona Birgit Arnesdotter, fødd Trydal.

Fyrste venda me ser noko til Svein Knutsson er i skoskattemanntalet frå 1711, og snodig nok står han i denne skattelista trass i at han var friteken for skatten. Men jamvel om innrullerte soldatar var fritekne, var ikkje familien deira det, og fylgjeleg laut «Suend soldats quinde» ut med skatt for to skopar for seg sjølv og sameleis for to skopar for eitt av borna sine. Det vart 8 skilling i alt.

Dinest vert Svein nemnd i militærmanntalet frå 1718, der det vert opplyst at han var 40 år det året, og altså var fødd ca 1678. Då han døydde i 1762 vart det oppskrive at han var 85 år, noko som gjev fødselsåret 1677. Kva som er rettast er uvisst, så me har ovanfor sett opp båe årstala. Neste vende me finn Svein nemnd er i matrikkelen frå 1723, der han er oppført som eigar av 5 skinn i «Byklum med Hoslemo». At desse skinna låg i Hoslemo er på det reine, og det er heller ingen tvil om at Svein sat i Uppigard.

I 1728 selde han unna gardsskogen sin, fortel tingboka. Kauparen var Olav Torleivsson i Innistog, står det, men prisen er unemnd. Nokre år seinare, det var i 1732, selde Olav Torleivsson Hoslemoskogen sin vidare til kaupmannen Claus Pedersen Topdal i Kristiansand, heller ikkje ved denne handelen vert prisen oppgjeven i kjelda vår. Men skogteigen åt Claus Pedersen, som låg på Flæmoen, vart sidan verande på utanbygds hender like til 1953, då Sigbjørn Eivindsson Åsheim fekk overtaka han frå A/S Sætersdalen etter ei ekspropiasjonssak. Me kjem attende til dette i bolken om Åsheim, men i samanhengen her er det dei som budde i Uppigard det skal skal handle om.

Svein Knutsson hadde tydelegvis kontantar til overs etter salet av skogteigen i 1728. Året etter lånte han ut 41 riksdalar til Åvold Tarjeisson i Utistog. For desse pengane fekk han brukeleg pant i slåttene Kvæven og Gilshegni og ein part i Skarekilstøylen.

I 1744 tok Svein foddog og overdrog garden til sonen :

  • Olav Sveinsson Hoslemo, f ca 1706, d 1768
g 1735 m Sigrid Folkesdtr. Brotteli, f 1715, d 1779. Born:
  • Jorunn, f 1736, g 1755 m Vetle Åvoldsson, sjå Ryningen, gnr 11, bnr 4
  • Gunhild, f 1738, d 1738
  • Gunhild, f 1739, g 1767 m Tallak Gunnarsson Rike, sjå Valle IV, 208
  • Knut, f 1743, g 1779 m Torbjørg Jonsdtr. Vatnedalen, sjå nedanfor
  • Tallak, f 1746, g 1781 m Hæge Jonsdtr. Vatnedalen, sjå Nigard, gnr 5, bnr 1

Sigrid var dotter åt Folke Tallaksson Brotteli og kona Jorunn Kjetilsdotter.

Olav Sveinsson må ha vore ein for si tid mykje lesande mann, for då han døydde etterlet han seg heile 13 bøker. Mange av dei er kristeleg standardvare (Bibelen, Brochmands huspostil, Reisepostil, Siælens Lut, Laas for Mund', Morgen- og Aftenbønner), men det er interessant at her var såvidt mykje såvore. Meir interessant og uvanleg er det likevel at han også åtte ei Norske Kongers Historie, ei Norges Beskrifvelse, ei bok kalla Krig til Lands og ei Reignebog. Dertil kom ei bok med tittelen En evigvarende Kirkepolitisk Husholdningskalender, og endeleg to bøker som me ikkje vågar å ha noko meining om innhaldet i: Rostocks og Bechures Kiædev . Olav sat med garden til han døydde i 1768. Skiftet etter han, som vart slutta året etter, syner at han sto seg godt, og ikkje berre samla på bøker. Han hadde ei samla eige på 833 riksdalar. Av dette var 95 dalar i kontante pengar, noko over 300 dalar i uteståande krav, 332 dalar i lausøyre og 114 dalar i fast eigedom. Den faste eigedomen åt Olav var for det fyrste 5 kalveskinn i Uppigard, som vart rekna å vera verd 10 riksdalar for skinnet. Dertil kom ein fjerdepart av Nigard, som var uskyldsett. Denne nigardsparten vart sett til 84 rdl. Endå åtte Olav eit mindre jordstykke til i Nigard, det vart kalla Systerlunden, og vart sett til 10 rdl. Av dei 5 skinna i Uppigard heldt enka att 2 til trygd for foddoget sitt, så det som vart ført til kredit for gardsbruket i skiftet var berre 30 rdl. At Uppigard vart rekna langt mindre verd enn Nigard i skifteoppgjeret, kjem av at Nigard ikkje var odelsgodset åt Olav, og såleis ikkje gjekk for odelstakst.

Mellom dei uteståande krava var 120 rdl., som versonen, Vetle Åvoldsson, var skuldig. I bolken om Ryningen har me fortalt om korleis Olav og Vetle tretta om desse pengane, og at endskapen vart at retten fastsette at det dreia seg om røynleg gjeld, endå Vetle blånekta.

Buskapen på garden i 1768 var 8 kyr, 4 kalvar, 18 sauer, 8 lam, 8 geiter og 8 kje. Dertil vart opplyst at kvar av dei to døtrene hadde fått ei heimanfylgje på 2 kyr, 1 stut, 2 kalvar og 8 smålog til eit samla verde av 27 1/2 riksdalar, då dei gifte seg i 1755 og 1767, og enka kravde at tilsvarande verdiar måtte dragast ut or skiftet for kvar av dei to sønene. Vidare gjeld var der ikkje, bortsett frå 13 rdl. til kaupmann Mørck i Kristiansand, men med dei 55 heimanfylgjedalarane til sønene og 95 dalar i skiftekostnader vart nettoen i buet redusert til 677 rdl., noko som etter sorenskrivarens utrekning gav brorpartar på 223 dalar, og systerpartar på 111.

Eldstesonen overtok bruket:

  • Knut Olavsson Hoslemo, f 1743, d 1808
g 1779 m Torbjørg Jonsdtr. Vatnedalen, f 1751, d 1818. Born:
  • Olav, f 1781, d 1784
  • Svein, f 1782, d 1782
  • Svein, f 1783, d 1795
  • Tore, f 1786, g 1815 m Torleiv Drengsson Byklum, sjå Åsen, bnr 1, jfr nedanfor
  • Sigrid, f 1788, d 1788
  • Jon, f 1791, soldat, d Kristiansand 1814
  • Knut, f 1794, g 1816 m Gyro Oddsdtr. Byklum, sjå nedanfor

Torbjørg Jonsdotter vart oppskrive med etternamn Vatnedalen då ho gifte seg. Foreldra hennes, som budde i Vatnedalen då, var Jon Åvoldsson Nesland og kona, Tone Bjørgulvsdotter, fødd Breive.

Jordtakstkommisjonen av 1802 meinte at eigedomen skulle vera verd 200 riksdalar. Normalbuskapen vart fastsett til hest, 7-8 kyr og 20 småkretur, og dei burde kunna så 3 tunner bygg og få att 12, skreiv takstmennene, som også tykte at oppsitjarane burde kunna selje gardsprodukt for 14-15 riksdalar i året. Som ein vil sjå, når me kjem til noko nyare oppgåver om kreturhaldet og sånaden på garden, må ein oppfatte desse vurderingane som heller forsiktige.

Stortjuven «Kjetil Tjov» skal ein gong, det må ha vore kring 1800, og altså medan Knut livde, ha kome til Hoslemo berande på ein koparkjele full av pengar. (Gamalt or Sætesdal I, 307).

{[{thumb|Hoslemo 4.jpg|«Der stend han enno, den kaslen». Teikning av Tove Krogh 2005.}}

Då vilde dei taka kaslen av han, men Kjetil rann av og kasta kaslen i ei tjønn. Der stend han enno den kaslen.

Me har ikkje vidare å fortelje om Knut og Torbjørg, og noko skifte etter dei har me ikkje lukkast i å finne. Men det ser ut til at gardsbruket må ha vorte dela mellom borna, slik at jamvel dottera, Tore, fekk sin part, og kanskje overtok ho også parten åt Jon, då han døydde i 1814.

Tore gifte seg med Torleiv Drengsson frå Innistog i 1815, og dei budde i Hoslemo. Året etter ser me at dei også må ha ått garden, eller i det minste store delar av han, for då skreiv Torleiv skøyte på Uppigard til «hans medarving efter Knut Olsen og dennes enke Thorbjørg Johnsdatter [...] deres søn Knud Knudssøn.»

Dermed skulle ein tru at Knut hadde fått hand om det Tore og Torleiv hadde ått, men dei vart likevel buande i Uppigard til omlag 1825, og då hadde Torleiv fått rudt og bygt for seg i Åsen. Dette var ein parsell av Uppigard som han tydelegvis hadde fått deilda ifrå som eit eige (men lenge umatrikulert) sjølveigarbruk. Han og familien hans kunne då flytje dit. Me har sett hovudomtalen av dei i bolken om det bruket.

Medan Torleiv og Tore heldt til i Uppigard, budde bror hennes, som åtte garden frå 1816, og kona hans, saman med dei:

  • Knut Knutsson Hoslemo, f 1794, utfl. til Suldal (ca 1840?), d fyre 1865(?)
g 1816 m Gyro Oddsdtr. Byklum, f 1793, d 1882. Born:
  • Svein, 1817, g m Berte Bårdsdtr., 1865 og 1875 busett plass Kalhagen, Suldal, ikkje kjende born
  • Torbjørg, f 1819, d 1905, sinnssvak, ug
  • Birgit, f 1821, g Suldal 1856 m Aslak Larsson Veka, sjå Bratteland, gnr 9
  • Torbjørg, f 1823, konf. Valle 1858 (!), seinare lagnad ukj., d fyre 1865?
  • Margit, f 1824, g 1860 m Olav Hallvardsson Oddeskar, sjå Sollid, gnr 13, bnr 43, jfr. nedanfor
  • Knut, f 1829, utfl. Suldal 1842, g 1858 m Kjersti Larsdtr. Vikane, 1875 busett Spekevika under Guggedal, Suldal, sidan til Amerika, born:
  • Knut, f 1858, g 1887 m Guro Samsonsdtr. Sørestad, til Amerika
  • Kjersti, f 1860, g 1891 m Peder Nilsson Helgenes, til Amerika
  • Guro, f 1863, til Amerika 1891
  • Lars, f 1866, d 1872
  • Ola, f 1868, til Amerika 1892
  • Odd, f 1872, til Amerika 1892
  • Odd, f 1833, seinare lagnad ukj. (d. fyre 1865 eller Amerika?)
  • Jon, f 1838, d 1874, ug

Gyro Oddsdotter var frå Austistog, dotter åt Odd Tarjeisson Røysland og kona Birgit Olavsdotter, fødd Bratteland.

Då Torleiv Drengsson og Tore Knutsdotter flutte til Åsen, tok Knut Knutsson inn ein ny brukarfamilie. Dette var Tarjei Kjetilsson Bakken frå Berdal i Vinje og kona, Margit Torjusdotter, som var frå Flothyl i Vinje. Desse var her til utpå 1830-talet, men seinast i 1838 flutte dei til Nordgarden Breive. Ettersom dei sidan kaupte det bruket, har me lagt den nærare omtalen av dei dit.

Om Knut sette inn nokon ny medbrukar etter at Tarjei flutte til Breive, veit me ikkje visst, men me trur helst at han etter dette rådde grunnen åleine eit bil. Men han tykkjest likevel ikkje å ha greidd seg på bruket. Iallfall ser me at han selde det, og truleg reiste frå bygda. Skøyte vart skrive og tinglyst hausten 1839, og salssummen då var 1325 speciar.

Me har ikkje nokonstad funne uttrykkeleg opplyst kvar seljaren og familien hans gjorde av seg etter handelen, men som det går fram i familieoversynet ovanfor veit me sikkert at iallfall 3 av borna budde i Suldal i stuttare eller lenger tid. Ein av dei er oppskriven som utflutt dit i Valle kyrkjebok, der det under året 1846 er notert at Knut Knutsson Hoslemo (y.) hadde flutt til Suldal «for 4 aar siden for at confirmeres». Det er vanskeleg å sjå andre rimelege grunnar til at han i 1842 skulle konfirmerast der, enn at det var der familien hans budde på den tid. Men som me ser drygde det 4 år etter flytjinga fyrr Knut fekk seg attest frå presten i Valle.

Nå har me ikkje lukkast i å finne att foreldra hans i Suldal, men me trur likevel at faren, Knut (e.), må ha døytt i den bygda. Ettersom han ikkje er å finne i 1865-folketeljinga, har han nok vore borte fyre denne vart oppteke. Gyro hadde på den tid kome attende til Bykle, og budde hjå dottera og versonen i Sollid. Ho døydde der i 1882.

Svein Knutsson budde i 1865 på plassen Kalhagen under Jordebrekk i Suldal. Som ein ser i familielista ovanfor var han gift, men han er ikkje omtala i Suldalssoga (Hoftun: Gamle Suldal, 1972), og me veit ikkje om han hadde born. I den nemnde boka (566) finn me derimot mange opplysningar om Knut Knutsson (y.), bror hans. Desse er refererte i familielista ovanfor, og treng ikkje takast oppatt. Men me strikar under at ettersom både han og alle borna hans reiste til USA, må dei som kan vera interessserte i å finne etterkomarane deira leite i det landet. Me har prøva på dette, men utan å lukkast, helst avdi me ikkje kan vita kva for etternamn dei nytta.

Birgit og Margit Knutsdøtrer kom båe attende til Bykle, Birgit til Bratteland og Margit til Sollid. Sistnemnde skilde seg frå mannen sin i 1886, og budde sidan m. a. i Bjones. Då ho døydde i 1895 var ho einkvarstad i Bjørnarå.

Store-Torbjørg var «sindssvag fra fødselen», fortel folketeljinga frå 1865, som også opplyser at ho det året budde hjå Dreng Torleivsson Åsen på Skadden under Mosdøl, og at ho då var fatiglem. På slutten av året 1875 var ho framleis «forsørget af Fattigvæsenet», men då hadde ho kome på legd, og heldt for tida til hjå Olav Arnesson i Berdalen Der uppe. I 1891 var ho hjå Olav Torleivsson i Systog Stavenes, og i 1900 finn me henne hjå Bjørgulv Olavsson på Nesland Der heime. Også då ho døydde i 1905 var ho einkvarstad på Nesland, men utan at me kan seia kvar.

Når det gjeld Lisle-Torbjørg, veit me ikkje meir enn at ho vart konfirmert i Valle så seint som i 1858. Ho var då 35 år gamal, og må ha vore heller tilbakeståande. Kvar det sidan vart av henne, eller kor lenge ho livde, er uvisst, men ho er ingenstad å finne i 1865-folketeljinga, så ein må vel helst tenkje at ho var død fyre det året.

Av same grunn har me ein tokke av at liksåvel Odd Knutsson, bror hennes, var død fyre 1865, om han då ikkje hadde fare til Amerika, men Jon Knutson, den yngste av syskena, budde i Bykle og livde til 1874. I 1865 var han busete hjå systera og mannen hennes på Bratteland, og der var han framleis då han døydde.

Så langt komne kan me vende merksemda mot den mannen som kaupte Uppigard av Knut Knutsson(e.) i 1839.

  • Torstein Torsson Stråpa, f 1799, d 1887
g 1840 m Kari Larsdtr. (Ritland?), f 1797, d 1858, ikkje born.

Etter det Suldalssoga (366, jfr. 184) opplyser var Torstein son åt Tore Torsteinsson på bnr 1 under Stråpa og andre kona Eldrid Larsdotter, fødd Nærheim. At han kalla seg Torsson og ikkje Toresson etter at han kom hit, kjem nok av at Tore er kvinnenamn i Setesdal. Når det gjeld Kari Larsdotter, er opphavet hennes meir usikkert, men etter Suldalsboka var ho «kanskje» dotter åt Lars Rasmusson Herabakke på bnr 2 i Ritland og kona, Ambjørg Larsdotter, fødd Ritland.

Som det går fram ovanfor gifte Torstein og Kari seg i 1840. I fylgje Suldals kyrkjebok fekk Torstein flytjeattest for å reise til Bykle i 1843, men me trur helst at han og kona kom hit som nygifte i 1840. Det drygde ofte ei god stund frå folk flutte til dei skaffa seg attest frå presten.

Ei tid etter at Torstein hadde kaupt garden, kom også broren, Hadle, flytjande hit. Ein tredje bror, som heitte Tore, kan også ha budd her ei stund, men det er me ikkje sikre på.

Suldalsboka (58) opplyser at Tore Toresson Stråpa var husmann på Fossbakkane under Foss, gnr 1, frå 1831, men der står ikkje noko om at han og familien hans budde på same staden utetter 1840-åra. Når me trur at dei kan ha vore i Bykle, er det avdi Markus Toresson, eldste sonen, vart konfirmert frå Hoslemo i 1847, men det er sjølvsagt mogeleg at han budde hjå farbrørne utan at foreldra og syskena hans var her.

Men Hadle var iallfall i Bykle, og vart verande her. Han overtok eigedomen av Torstein kort etter at Kari var død i 1858. Prisen då var foddog og 647 speciedalar.

Uppigard og Nordigard ca 1890. Rekonstruksjonsteikning av Arne Berg frå 1962 etter fråsegn av Sigbjørn E. Hoslemo og Tallak O. Hoslemo.
  • Hadle Torsson Stråpa, f 1807, d 1881
g 1845 m Inga Kolbeinsdtr. Fisketjønn, f 1808, dødsår ukj. Born:
  • Tor, f 1846, g 1884 m Sigrid Sigbjørnsdtr. Vatnedalen, sjå nedanfor
  • Eldrid, f 1847, g 1879 m Asbjørn Kjetilsson Berdalen, sjå Berdalen Der nede
  • Dødfødd jente, 1851
  • Kolbein, f 1852, g 1874 m Kirsti Jonsdtr. Fisketjønn, sjå Nordigard, bnr 3
  • Borghild, f 1855, d 1855
  • Birgit, f 1864, d 1864

Inga var dotter åt Kolbein Jonsson Nærheim på bnr 6 under Fisketjønn i Suldal og kona, Borghild Pedersdotter, fødd Tjøstheim.

Hadle fekk utflytjingsattest frå Suldal 1. 3. 1846, men me trur nokså sikkert han og Inga seinast må ha flutt hit hausten fyre, for alle borna deira vart døypte frå Hoslemo, og Tor vart fødd den 19. mars.

Dei hadde mykje dyr på garden i eigartida åt Hadle. I 1865 var her 2 hestar, 13 storfe, 37 sauer og 27 geiter. Sånaden då var 4 1/2 tunner bygg og 7 tunner jordeple.

Det budde 7 menneske her på denne tid. Attåt Hadle, Inga og dei 3 borna deira, var det foddogsmannen Torstein Torsson og tenestejenta Sigrid Sigbjørnsdotter Vatnedalen. Sistnemnde vart sidan gift med Tor Hadlesson.

I 1874 gifte Kolbein Hadlesson seg. Han fekk då bygsle halve garden hjå faren, og dette var byrjinga på det som skulle verta Nordigard. Kolbein sette seg opp sine eigne hus på vestsida av Uppigardstunet.

Bruksdelinga gjer at ei samanlikning av buskapane i 1865 og 1875 kan verta noko misvisande, men ettersom eigedomen endå ikkje var formelt dela, vart alle dyra noterte under Uppigard. Her var då til saman 1 hest og 1 fole, 13 kyr, 4 ungdyr, 51 sauer og lam, 25 geiter og kje. Hadle og Kolbein åtte omlag halve flokken kvar, og foddogsmannen Torstein Torsson åtte ei kyr.

Trass i bruksdelinga var den samla sånaden noko mindre i 1875 enn 10 år tidlegare: 4 1/2 tunner korn, men berre 4 tunner jordeple.

Derimot hadde den samla folkesetnaden auka med 2 personar. Attåt dei me fann i 1865, var sjølvsagt for det fyrste kona åt Kolbein her. Ho heitte Kjersti Jonsdotter, og var frå Suldal. Me kjem attende til henne i bolken om Nordigard.

For det andre var her ei tenestejente nummer 2, me vil tru at også ho var i hushaldet åt Kolbein. Ho heitte Jorunn Olavsdotter, var 15 år og konfirmert sumaren 1875. Foreldra hennes var Olav Hallvardsson Ørnefjødd og kona Sigrid Kjetilsdotter, fødd Løying. Mora hadde vorte enke i 1863, og hadde sidan budd på Vatnedalsplassen ilag med mor si, som også var enke. I fylgje kyrkjeboka flutte Jorunn til Suldal i 1886, men sidan ser det ut til at ho har reist til Amerika. Iallfall finn me henne på lista over Bykleemigrantar frå Setesdalslaget i Amerika.

I tillegg til dei fastbuande vart her nyårseftan i 1875 også registrert ein omreisande lekpredikant, som var på vitjing. Han heitte Christian Svendsen, var fødd i 1850, og budde til vanleg i England, står det. Som person har han vel ikkje større interesse for gardssoga, men det at han var her kan kanskje takast som teikn på at Hadle og huslyden hans hadde kristelege interesser.

Tor H. Hoslemo og kona, Sigrid Sigbjørnsdotter, fødd Vatnedalen. Bilete ca 1930, frå Ingebjørg Vegestog.

Hadle sto som eigar av garden omlag livet ut. Nest fyre han døydde i 1881 vart eigedomen formelt kløyvd i to jamstore delar, ein til kvar av dei to sønene. Kolbein fekk Nordigard, Tor overtok heime:

  • Tor Hadlesson Hoslemo, f 1846, d 1932
g 1884 m Sigrid Sigbjørnsdtr. Vatnedalen, f 1834, d 1932, ikkje born.

Sigrid var frå Vatnedalen Der hite, og dotter åt Sigbjørn Knutsson på det bruket og kona Gunvor Hallvardsdotter, fødd Tveiten. Som det går fram ovanfor hadde ho vore tenestejente her iallfall sidan 1865. Men gardkjering vart ho aldri, jamvel om ho omsider fekk gifte seg med odelsguten. For i 1883, berre eit par år etter at Tor hadde teke over bruket sitt, selde han det att, prisen då var kr 2660. Han gifte seg fyrst året etter salet, og vart sidan buande som busete og tenestekar hjå kauparen, og deretter hjå son hans. Tor og kona hans var her til etter at ho døydde hausten 1932, men då vart han tvangsflutt til Nordigard av fatigstyret, der Tallak i Nordigard var formann. Tor gret og ville ikkje: «De må ikkje flytje meg. Eg liver ikkje lenge, likevel», sa han, men avstad laut han. Etter dette livde han berre nokre veker, han døydde endå på joleftan ser me.

|

Gjermund S. Hoslemo (1876-1965) og brørne Gunnar (1886-1972) og Olav (1880-1965). Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Kauparen i 1883 var frå Systog Stavenes, og son åt Åsmund Sigbjørnsson på det bruket og kona Birgit Olavsdotter, fødd Byklum. Han skreiv seg med etternamnet Stavenes iallfall til 1889, men i 1890 eller 1891 gjekk han over til å kalle seg Hoslemo:

  • Sigbjørn Åsmundsson (Stavenes) Hoslemo, f 1830, d 1907
g 1870 m Jorunn Gjermundsdtr. Byklum, f 1853, d 1913. Born:
  • Birgit, f 1872, d 1874
  • Åsmund, f 1874, d 1910, tæring, ug
  • Gjermund, f 1876 g m Ingjerd Torleivsdtr. Mosdøl, sjå nedanfor
  • Olav, f 1880, d 1965, ug
  • Birgit, f 1883 g 1920 m em Eivind Hallvardsson Bø, sjå Berdalen Der uppe
  • Gunnar, f 1886, d ca 1972, til Stavanger 1905, seinare urmakar og busett i Oslo, g m Margit, ikkje born
  • Margit, f 1889, konf 1905, d 1953, ug
  • Dødfødd gut, 1891

Jorunn Gjermundsdotter var frå Uppistog, og dotter åt Gjermund Gunsteinsson på det bruket og kona Margit Olavsdotter, fødd Byklum.

Etter at dei gifte seg i 1870 budde Jorunn og Sigbjørn fyrst nokre år hjå folket hans i Systog Stavenes. Sidan budde dei hjå hennes folk i Uppistog frå 1875 til dei flutte hit våren 1883.

Sigbjørn var ein gluping, og nr 1 på kyrkjegolvet då han vart konfirmert i 1846. Sidan gjekk han på seminaret i Holt, og vart lærar og etter kvart klokkar i heimbygda. Kva tid han fekk desse stillingane har me ikkje funne ut, men det var iallfall fyre 1865, då han framleis var ungkar og busete hjå morbroren, Dreng Torleivsson i Innistog Byklum. Attåt læraryrket hadde han ymse ombod, såleis m.a. formann i forlikskommisjonen og styrar for Bykle kornmagasin. Han sto som lærar og klokkar til han gjekk av med pensjon, og etter det som vert opplyst i den gamle gards- og ættesoga (255) slutta han i 1888. Dette kan vera rett, men me legg innåt at han etter 1885 støtt vart notert berre som gardmann i kyrkjeboka, og altså ikkje lenger som klokkar og gardmann.

På den tid då Sigbjørn overtok bruket var her stoge i to høgder, løe, fjos og badstoge. Badstoga har sidan forsvunne, ho sto på ein mur som framleis synar att oppi i bakken ovanfor den nåverande driftsbygningen. Om stoga vart ombygd eller påbygd i eigarperioden åt Sigbjørn, er uvisst, men godt mogeleg. Derimot er det visst at han eller sonen må ha bygt ein sauetadde nedom stoga. Denne vart riven av den neste oppsitjaren i rekkja.

Åsmund Sigbjørnsson var sjukleg og arbeidsufør, står det i folketeljinga frå 1900. Difor vart det den nest eldste av sønene som overtok eigedomen då faren døydde i 1907.

Gjermund og Ingjerd Hoslemo ca 1930. Bilete frå samlinga etter Knut T. Hovden, Setesdalsmuseet.
I Uppigard Hoslemo ca 1933. Framme frå venstre:Margit Sigbjørnsdotter, Sigbjørn og Olav Eivindssøner. Attanfor frå venstre: Gjermund S. Hoslemo (ein skimtar såvidt hovudet hans attom Margit), kona Ingjerd Torleivsdotter, Eivind Hallvardsson Bø og kona Birgit Sigbjørnsdotter, og ytterst til høgre Åvold Åsmundsson Byklum.På trappa heilt attom dei andre står Jorunn O. Nylund, som sidan gifte seg med Sigbjørn Eivindsson. Bilete frå samlinga etter Knut T. Hovden, Setesdalsmuset.
  • Gjermund Sigbjørnsson Hoslemo, f 1876, d 1965
g 1922 m Ingjerd Torleivsdtr. Mosdøl, f 1900, d 1990, ikkje born.

Ingjerd Torleivsdotter var frå Berget. Foreldra hennes var Torleiv Drengsson Mosdøl og kona Jorunn Torleivsdotter, fødd Gjerden.

I 1926 selde Gjermund eit stykke i nordkanten av eigedomen til Sigbjørn Eivindsson Bø(e.), eldste son åt Eivind Hallvardsson Bø i Berdalen Der uppe og fyrste kona hans. Denne parsellen vart, saman med bnr 7, som samstundes gjekk ut frå Nordigard, til småbruket Åsheim. Me kjem attende til dette.

Gjermund og Ingjerd var barnlause, men i 1934 eller 1935 tok dei til seg Sigbjørn Eivindsson(y.). Foreldra hans var ovannemnde Eivind Hallvardsson Bø i Berdalen Der uppe og andre kona Birgit Sigbjørnsdotter, fødd Stavenes. Birgit var syster åt Gjermund. I 1941 overdrog Gjermund eigedomen her og halve Åsen, bnr 1, til Sigbjørn. Prisen ved overdraginga vart sett til 4000 kr og foddog, men samstundes med skøytet skreiv Gjermund og Ingjerd testamente der dei sette inn fostersonen til eineerving. Me noterer oss at han både i skøytet og i testamentet vart skriven med etternamnet Hoslemo.

Brørne Olav E. Berdalen og Sigbjørn E. Hoslemo ca 1929. Bilete frå Åsmund G. Tveiten.
Sigbjørn E, Hoslemo ca 1940. Bilete frå Åsmund G. Tveiten.
Jorunn O. Nylund saman med faren, Olav T. Nylund. Skal me gjeta på at biletet må vera frå kring 1950? Frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
I fylgje «Norges Bebyggelse» (152) skal eldhuset på garden vera frå 1945. Men krystpostvindaugo vert rekna som typisk jugendstil, og dette var lite nytta etter 1930. I alle høve er det eit nyare hus, oppsett i reisverk som det er. I 1898 var her eit tømra eldhus, står det i branntaksten frå det året.
Foto: Aanund Olsnes (2006).
  • Sigbjørn Eivindsson Hoslemo, f 1922, d 1985
g 1953 m Jorunn Olavsdtr. Nylund, f 1923. Born:
  • Birgit, f 1953, g 1990 m Harald Hansen (Haslemo), sjå Hagestøyl, gnr 4, bnr 55
  • Gjermund, f 1956, g m Liv Engesland, sjå nedanfor
  • Inger, f 1958, butikkmedarb., g m Per Ove Dahle, busett Hisøy, born:
  • Per Olav, f 1987
  • Sigbjørn f 1989

Jorunn kom frå Nylund. Foreldra hennes var Olav Eivindsson Nylund (Sanden) og kona Gunhild Torleivsdotter, fødd Mosdøl.

I fylgje Norges Bebyggelse (152) skal eldhuset på garden vera frå 1945. Men eigaren meiner at det helst er ein del eldre, og det ser det ut til at han må ha rett i, ettersom iallfall vindaugo har drag av jugendstil, som var lite nytta etter 1930. I alle høve er det eit nyare hus, oppsett i reisverk som det er. I 1898 var her eit tømra eldhus, står det i branntaksten frå det året.

Om uthusa veit me frå ein branntakst frå 1944 at her på den tid var løe, fjos og sauetadde som tre separate tømmerbygningar. Sigbjørn tok ned tømrene, og nytta det av dei som var brukeleg, då han i 1948 sette opp ny driftsbygning i reisverk med fjos og løe under same taket.

I 1952 utvida han stoga med omlag 3 meter i breidda og bygde henne ein del om. Etter ombyggjinga har ho ei grunnflate på 13,5 x 8,3 m i to fulle høgder. Når det gjeld alderen på den gamle stoga, som vart utvida, er det truleg at han kan ymse noko. Den einaste staden ein kan sjå berrt laftetømmer er i trapperomet opp til himlinga, og den laftinga tykkjest vera frå 1800-åra, då bortsett frå eit par sinkelaft i dei øvste kvarva, som helst skriv seg frå ei seinare ombyggjing. Men så spørst det om ikkje iallfall delar av tømra i fyrste høgda kan vera eldre.

I 1954 vart her registrert ein buskap på hest, 5 kyr, 3 kalvar, 17 sauer og 20 geiter. Frå 1974 og frametter sette Sigbjørn bort ei lang rekkje hyttetomter. Dei fleste av desse er festetomter, som sidan har skaffa årlege inntekter. Elles høyrer det med å fortelje at han var ein brukeleg spilemann, både på hardingfele og trekkspel.

Sonen overtok eigedomen i 1993.

Liv og Gjermund Hoslemo då dei gifte seg i 1990. Foto frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
Tor Hoslemo med fela si.
Foto: Setesdølen (2005).
  • Gjermund Sigbjørnsson Hoslemo, f 1956
g 1990 m Liv Engesland, f 1960. Born:
  • Tor, f 1992
  • Ragnhild, f 1993

Liv kjem frå Lillesand, og er dotter åt Eva og Per Engesland. Ho arbeider som assistent på bygdeheimen i Bykle.

Gjermund renoverte uthuset i 1995, og driv garden med vel 40 vinterfora sauer. Elles har han mykje arbeid med brøyting om vinteren, m. a. brøyter han to store hyttefelt, og vidare har han inntekter av over 50 festetomter. Endeleg må me taka med at han liksom faren har drive ein god del med hardingfelespil, og at denne interessa har gått i arv til sonen, Tor, som alt er ein dugande kappleikspilemann.

Innmarka på bruket vert rekna til å vera ein stad mellom 30 og 40 mål, totalarealet vart etter utskiftinga i 1942 oppgjeve til 8900 mål.


0941 Bykle komm.png Uppigard (Bykle gnr 4/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Hoslemo • Neste bolk: Åsen