Berget (Bykle gnr 13/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Berget
Mosdøl 22.jpg
Berget 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Berget Mosdøl
Rydda: omkr. 1660
Utskilt: omkr. 1660
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 13
Bnr: 2
Type: Gardsbruk

Berget er eit av de eldste bruka på Mosdøl i Bykle kommune.

Den fyrste me kan vera tolleg sikre på sat på dette bruket heitte Søren Aslaksson. I den gamle gards- og ættesoga (100) står det rett nok at han hadde overteke bruket hjå Olav Sveinsson, som då skal ha vore oppsitjar her fyre han, men slik me kan få det til å hange i hop hadde Olav Sveinsson Evre Mosdøl, bnr 3, ikkje Lunden og Berget. Me veit ikkje kvar Søren kom i frå, og korleis han fekk tak i eigedomen er også uvisst, men me vil tru at han har overteke han frå etterkomarar etter ein av dei tre gunnarssønene frå Nesland, som me har omtala i bolken om det udela Nedre Mosdøl.

  • Søren Aslaksson, f ca 1683, d 1768
g 1. ca 1717 m Ragnhild Taraldsdtr., f ca 1674(?), d 1744. Born:
  • Olaug, f 1717, lagnad ukj.
  • Gunhild, f 1719, g 1739 m Åsmund Gunnulvsson Mosdøl, sjå nedanfor
  • Gunvor, f 1719, tvill., d lita
  • Gunvor, f 1719, tvill., d lita
  • Borghild, f 1724, lagnad ukj.
  • Gunvor, f 1727, g 1754 m Svenke Alvsson Breive, sjå Innistog Byklum, gnr 14, bnr 1
  • Søren, n 1762, seinare lagnad ukj.
g 2. ca 1750 (?) m Gunhild, sjå nedanfor, ikkje kjende born.

Kven foreldra åt Ragnhild Taraldsdotter var, er på vona.

I 1726 pantsette Søren 1/2 hud i Mosdøl til trelasthandlaren Peder Claussen Topdal i Kristiansand for 190 rd. Dette tyder på at han til då hadde ått heile det nedre bruket i garden, altså både Berget og Lunden, og ettersom me veit at Mikkel Knutsson sat i Lunden, må han vel ha leigd bruket sitt av Søren.

Nokre år seinare ser me at Søren sat att med berre 1 1/2 skinn i garden. Dette kunne tyde på at det hadde kome inn ein medbrukar, men ettersom me ikkje finn nye namn nemnde i skattelistene, vil me gjeta på at det var anten Alv Ånundsson i Evre Mosdøl eller Mikkel Knutsson i Lunden, som hadde leigd bruken av halvparten av eigedomen her av panthavaren.

Jamvel dei siste 1 1/2 skinna åt Søren kunne det visst spøke for, for i 1734 steig Tarald Ånundsson fram på bygdetinget og lyste «sin Odelsrett og Pengemangel til 1 1/2 Ksk. i Mosdøl som hans Stiffader Søren Aslagsen bruger, og som er pantsat til Peder Claussens Arfvinger.» I bolken om Evre Mosdøl har me vore inne på denne passasjen, og kome til at Ragnhild Taraldsdotter ikkje kan ha vore mor til Tarald Ånundsson, og at nemninga «stiffader» må byggje på ei mistyding hjå han som skreiv rettsreferatet.

Vidare kan ein gjerne spørje seg kva slags odel Tarald kunne ha til bruket her, men ettersom me ikkje veit kven foreldra åt mor hans var, lyt også dette spursmålet stå utan svar.

Ragnhild Taraldsdotter vart gravlagd frå Mosdøl i 1744, så det kan sjå ut til at ho og Søren vart buande som foddogsfolk etter at eldste dottera og mannen hennes overtok bruket deira. Men så ser det ut til at Søren har gift seg omatt på sine gamle dagar med ei som heitte Gunhild. Kvar ho var ifrå, og kva år dei gifte seg, er uvisst, men i 1762 finn me iallfall Søren og Gunhild i Hagen, Berdalen. Dei var husmannsfolk der då, står det. Men dei kan ikkje ha vore der så fælt mange åra etter dette, for då Søren døydde i 1768 var han attende i Mosdøl.

Mannen åt eldste dotter av Søren og Ragnhild var Åsmund Gunnulvsson, son åt Gunnulv Gunnarsson, som me har omtala i bolken om det udela Nedre Mosdøl. Me veit ikkje sikkert om Åsmund åtte bruket her, men trur helst at han var bruksmann liksom verfaren.

Det gamle loptet som seinare vart av uti halve stoga i Berget, kan ha vorte oppsett av Søren Aslaksson. Dei utstikkande novarmane viser at det ein gong har vore utstyrt med sval i andre høgda. Utsnitt av bilete frå noko etter 1900. Frå Setesdalsmuseet.
Foto: August Abrahamson
  • Gunhild Sørensdotter Mosdøl, f 1719, d 1779
g 1739 m Åsmund Gunnulvsson Mosdøl, f ca 1704, d 1749. Born:
  • Niklos, f 1739, d 1740
  • Birgit, f 1741, d 1803, då busett Mykland, Aust-Agder, ug
  • Søren, f ca 1745, g 1782 m Margit Bjørgulvsdotter Dysje, sjå Dysje, gnr 8
  • Niklos, f 1748, d 1749

I Vallesoga (V, 252) er Åsmund Gunnulvsson oppførd med etternamnet Flateland, noko som er rimeleg frå synsstaden i den boka. Men ettersom me har omtala far hans som busett i Mosdøl, noko han tidvis var, skal me kalle han Mosdøl.

Men Åsmund og Gunhild budde i Flateland iallfall tom. 1741, ettersom både den fyrste Niklos-en og Birgit vart døypte derifrå. Kvar dei heldt til då Søren kom til verda ca 1745, er uvisst, då me ikkje kan finne dåpen hans i kyrkjeboka. Men då den yngre Niklos-en vart døypt, budde dei her, skjønar me, og sameleis då han døydde.

Åsmund døydde same året som den yngste son sin, og vart berre 45 år gamal. Familien hans vart verande, meiner me. Iallfall budde Gunhild her då ho døydde i 1779, men jorda var det på den tid andre som bruka.

Ein som var innom her var Lisle-Tarjei Mikkelsson frå Lunden. Kanskje var han busete hjå broren dei fyrste par åra etter at han gifte seg, men frå 1762 var han iallfall heilt sikkert bruksmann her.

  • Tarjei Mikkelsson Mosdøl (y.), f 1730, d 1811
g 1760 m Åse Eivindsdtr. Stavenes, f 1734, d 1775, ikkje born.

Åse Eivindsdotter var frå Utistog Stavenes, yngste dotter åt Eivind Olavsson på det bruket og kona, Hæge Gunnarsdotter, fødd Bjørnarå. Då Åse og Tarjei ville gifte seg, laut dei løyse kongebrev for å få lov, avdi dei var syskenborn, seier kyrkjeboka. Det kan me ikkje få til å stemme aldeles, men mor åt Eivind Olavsson Stavenes var ei dotter åt Knut Gunnarsson Nesland, og dermed var farmor åt Åse syster åt far av Tarjei. Me har sett fleire døme på at folk som var såleis skylde, vart oppfatta som syskenborn.

Syskenparet Margit Alvsdotter og Jon Alvsson frå Evre Mosdøl budde i 1762 som busetar hjå Tarjei og Åse. Jon vart gravlagd frå Mosdøl i 1764, Margit sin seinare lagnad kjenner me ikkje.

Tarjei og Åse heldt truleg til her inntil bruket vart selt i 1763. Då ho døydde i 1775, var dei busetar eller brukarar einkvarstad i Byklum, utan at me veit kvar. Skiftet etter henne var magert. Der var noko (uspesifisert) lausøyre for i alt 88 riksdalar, og ei (like uspesifisert) gjeld på 118 riksdalar, så buet var godt og vel fallitt.

Tarjei overlivde kona si med 36 år, han døydde som legdslem einkvarstad i Breive.

Me nemnde at bruket vart selt i 1763. Skøytet vart tinglyst 14.10. det året, seier tingboka, men ho fortel ikkje namnet på seljaren. Me torer likevel gjeta på at det var ein eller fleire av ervingane etter Peder Claussen Topdahl i Kristiansand. Kauparen får me derimot oppgjeve namnet på. Han heitte Tov Tarjeisson og var frå Eilaugdalen i Tjønnegrend i Vinje, son åt Tarjei Nerisson på den garden og fyrste kona, Tjodvor Tovsdotter, fødd Groven.

  • Tov Tarjeisson Eilaugdalen, f 1726, d 1801
g 1747 m Tone Alvsdtr. Mosdøl, f 1716, d 1791. Born:
  • Tarjei, f ca 1747, g 1. 1770 m Åsne Torleivsdtr. Byklum, g 2. 1804 m Jorunn Jonsdtr. Brotteli, sjå nedanfor
  • Tjodvor, f 1748, d fyre 1750(?)
  • Alv, f 1751, g 1. 1788 m Signe Bjørgulvsdtr. Gjerden, g 2. 1804 m Margit Bjørgulvsdtr. Dysje, sjå Holen Der uppe, gnr 12,

bnr 2.

  • Knut, f 1753, lagnad ukj.
  • Tjodvor, f 1755, g 1794 m Svein Knutsson Maurlii, sjå Maurlii
  • Margit, f 1759, d 1787, ug, sjå nedanfor

Tone Alvsdotter var frå Evre Mosdøl, dotter åt Alv Ånundsson Mosdøl på det bruket og kona, Margit Torleivsdotter. Tov og Tone gifte seg i Vinje i 1747, og budde i Eilaugdalen, som var farsgarden hans. Det ser ut til at dei sat leiglendingar der, inntil Tov våren 1763 klemde til og kaupte bruket sitt for 630 riksdalar. Men denne prisen var nok urealistisk høg, for seinare same året selde han eigedomen att, og flutte hit (jfr. Berge: Vinje og Rauland, II, 266 og IV s.416).

Når me trur at den fyrste dottera som heitte Tjodvor helst døydde som lita, er det avdi dei gav ei ny dotter det same namnet i 1755. Gjetinga let seg ikkje kontrollere, avdi dødsfalla i Vinje frå åra 1744-50 vantar i kyrkjeboka frå den bygda.

Margit Tovsdotter fekk i 1786 dottera Torbjørg med Kjetil Torjusson Harstad. Margit døydde året etter, men dottera livde opp. I 1801 var ho hjå morbroren Alv Tovsson i Holen, og i 1825 gifte ho seg med Kjetil Olsson Berg (jfr. Valle III, 409).

Tov sat på bruket her til 1777 eller 1778, då han tok foddog. Sidan budde han delvis i Holen Der uppe, hjå sonen Alv, der han døydde i 1801, og delvis hjå sonen Tarjei, som vart neste oppsitar her.

  • Tarjei Tovsson Mosdøl, f ca 1747, d 1827
g 1. 1769 m Åsne Torleivsdtr. Byklum, f 1737, d 1773. Born:
  • Knut, f 1770, d 1788
  • Ingebjørg, f 1772, d 1773
g 2.1782 m Jorunn Jonsdtr. Brotteli, f 1751, d 1831. Born:
  • Knut, f 1782, d 1807, ug
  • Ingebjørg, f 1785, g 1806 m em Tarjei Olsson Berg, sjå Systog Trydal, gnr 17, bnr 2
  • Tone, f 1790, g 1810 m Olav Gunnarsson Nesland, sjå Dysje, gnr 8

Åsne Torleivsdotter kom frå Innistog Byklum, og var dotter åt Torleiv Drengsson Nomeland på det bruket og kona, Ingebjørg Olavsdotter. Jorunn Jonsdotter, andre kona åt Tarjei, var dotter åt Jon Folkesson Brotteli og kona, Sigrid Tallaksdotter.

Tarjei budde her på bruket i det fyrste ekteskapet sitt og eit stykke inn i det andre, men i 1800 såg han seg nøydd til å selje. Eit par års tid frametter fekk han rett nok lov til å verta buande, og leigde då halve bruket av den nye eigaren, men i 1802 flutte han med huslyden sin til broren Alv i Holen Der uppe. Der vart dei verande som busetar inntil også Alv laut gjeva opp bruket sitt, det var i 1807. Sidan var dei nok nokon kvar stad, men på slutten budde tydelegvis både Tarjei og Jorunn hjå dottera på Dysje.

Iallfall etter at han kom til Dysje må Tarjei ha arbeidd ein del som børsesmed, vil me tru. Dette har me frå Bykle kultursoge (1993,173), der det vert fortalt at «det er ikkje att børser etter han, men Tarjei Dysje, f. 1894, hadde sett børsenavaren hans. Han var på Dysje.»

Den nye eigaren frå 1800 var frå Møsstrond, og heitte Sigurd Bjørnsson Skinnarland. I kyrkjeboka, og difor også i den gamle gards- og ættesoga (99), heitest han vera frå Seljord, og det er for så vidt rett nok, ettersom Møsstrond sokn vart overført frå Åmotsdal sokn i Seljord (og delvis frå Tinn) då Rauland vart eige prestegjeld i 1860. Sigurd var fødd på Sudigard Skinnarland (jfr. Berge: Vinje og Rauland II, 550 og IV 305). Etter Seljords kyrkjebok var foreldra hans Bjørn Magnusson Skinnarland (ca 1720-1768) og kona, Anne Jarandsdotter, fødd Bosbøen (ca 1717-1761).

  • Sigurd Bjørnsson Skinnarland, f 1760, d 1827
g i Åmotsdal 1788 m Margit Drengsdtr, f ca 1760-62(?), d 1827. Born:
  • Dreng, f 1785, d fyre 1801
  • Anne (e.), f 1787, d fyre 1850, g 1. 1807 m Ånund Tallaksson Byklum, d 1809, g 2. 1812 m Olav Mikkelsson Mosdøl, sjå Lunden Mosdøl, bnr 1
  • Anne (y.), f 1788, g 1807 m Olav Torsson Lunden, sjå nedanfor
  • Dreng, f 1790, d fyre 1801
  • Bjørn, f 1794, d 1795
  • Torbjørg, f 1798, d 1799

Då Margit Drengsdotter hadde sonen Dreng til dåpen i Bykle kyrkje i 1785, vart det oppskrive at ho var frå Vinje sokn. Oppgåva i den gamle gards- og ættesoga (99) om at ho «var dotter åt Dreng Alvsson Mosdøl», vil altså ikkje slå til. (Dreng Alvsson Mosdøl hadde rett nok ei dotter som heitte Margit, men ho døydde ugift i 1793.) Men å finne ein Dreng frå Vinje som kan ha vore far hennes, har ikkje lukkast. Me kan heller ikkje finne dåpen hennes i kyrkjeboka derifrå, så kanskje var ho døypt i ei anna bygd? Derimot finn ein henne i konfirmantlista frå Vinje frå 1777, men denne gjev ikkje opp fødselsdatoen hennes, så me har berre gjete på at ho truleg var 15 til 17 år då. Namnet åt faren er ikkje nemnt i samband med dotteras konfirmasjon, og ingen mogelege kandidatar er omtala i Vinje-soga (jfr Mandt, E.: Namneregister til Berge: Vinje og Rauland I-IV, 1994).

Då Sigurd og Margit døypte den fyrste sonen sin i Bykle, var dei endå ikkje gifte. Dei to døtrene, som båe heitte Anne, vart døypte i Åmotsdal, så me vil tru at foreldra då heldt til på Møsstrond. Dei gifte seg i Åmotsdal kyrkje i 1788, litt fyre den andre dottera kom til verda. Men då dei i 1790 døypte den andre sonen med namnet Dreng, budde dei i Ørnefjødd.

Etter at Sigurd og Margit kom hit til Mosdøl i 1800 vart dei verande her sin alder ut, men me reknar nokså sikkert med at dei hadde overdrege eigedomen til den yngste dottera og mannen hennes fyre dei døydde i 1827. Tidspunktet for denne heimelsovergangen kjenner me ikkje, men då dottermannen døydde i 1820, vart han oppskriven som «gaardmand», så han og kona har nok hatt skøyte:

  • Anne Sigurdsdotter Mosdøl, f 1788, d 1853
g 1812 m Olav Torsson Lunden, f 1788, d 1820. Born:
  • Ragnhild, f 1813, g 1848 m em Torjus Jørundsson Haugen, busett Tveitebakk under Haugen, gnr 66, bnr 3, sjå Valle II, s. 115
  • Sigurd, f 1814, g 1841 m Tone Gunnarsdtr. Rygnestad, busett Nordstog Rygnestad, gnr 23, bnr 6, sjå Valle VI, s. 359, jfr Fyresdal III, 1487
  • Signe, f 1816, konf 1832, seinare lagnad ukj., truleg d eller utv. fyre 1865
  • Tor, f 1819, g 1841 m Birgit Kjetilsdtr. Rygnestad, busett Kroné under Syndre Rygnestad, gnr 24, bnr 6, sjå Valle VI, s.321

Olav Torsson var frå Lunden i Valle, bnr 6. Foreldra var Tor Ulvsson og Signe Olavsdotter på det bruket (jfr. Valle VI, 441).

Etter at Olav var død fekk Anne to born til. Fyrst var det sonen Dreng, som vart fødd i 1823. Faren var drengen Knut Sveinsson frå Maurlii. Dreng Knutsson døydde i 1829. Dinest var det dottera Margit. Ho vart fødd i 1827, og hennes far var Torleiv Torleivsson Holen. Margit Torleivsdotter livde opp, og gifte seg i 1850 med Tarjei Torsson Tveiten på Plasset under Sygard Tveiten i Valle (jfr Valle III, 305).

Anne streva nok med gardsdrifta og borna så lenge ho makta, men i 1830 laut ho lata bruket gå på auksjon. Sidan hadde ho sikkert tilhald fleire stader, men det spørst om ho ikkje har vore ei tid på Rygnestad, ettersom dei to sønene hamna der. På slutten av livet var ho likevel attende i Bykle, og døydde her som legdslem i 1853. Ho vart då oppskrive med etternamnet Mosdøl, men legdslemer hadde ikkje fast adresse, så namnet hekk nok berre att etter gamalt.

Han som fekk tilslaget på auksjonen i 1830 var Hallvard Ånundsson Tveiten. Prisen han betala var 352 speciedalar. Dei fyrste åra etter at han overtok reknar me med at Hallvard leigde bort jorda til grannane, men frå 1837, då Hallvard også kaupte Lunden, og flutte dit, bruka han dei to nedre mosdølbruka som ei eining. Hovudomtalen av Hallvard Ånundsson og familien hans står i bolken om Heimtveiti, gnr 11, bnr 1.

Hallvard tok ned eit par tømrer som sto på tunet her, og flutte dei til tveitestøylen Øystøyl, der han hadde dei til buer. Dei står der framleis. Det huset som vart setebu er lageleg til å ha vore eit eldhus på garden her.

I 1853 skøytte Hallvard Lunden og Berget over på Dreng, yngste son sin. Dei to bruka vart då samanslegne i matrikkelen, slik at dei på nytt vart rekna som eitt bruk. Me har omtala Dreng Hallvardsson og folket hans i bolken om Lunden, men slik me også har nemnt der, budde han i Berget inntil stoga her brann opp i 1878.

I 1882 leigde Mikkel Torkjellsson Rygnestad Berget av Dreng, og dreiv handelsbu her nokre år, inntil han i 1885 kaupte Sygard Nesland og flutte dit (sjå gnr 10, bnr 3). Me veit ikkje visst kva for hus Mikkel budde og dreiv handel i, men helst heldt han til i austre enden av nystoga, slik som Torleiv Drengsson sidan gjorde. Eit anna poeng i denne samanhengen er at i og med at Mikkel kunne leige Berget, må garden i røynda ha vore kløyvd i to bruk, jamvel om han formelt sett ikkje var det.

Men då Dreng fann tida inne til å taka foddog i 1889, vart Nedre Mosdøl på nytt kløyvd i to bruk også på papiret. Hallvard Drengsson overtok Lunden, medan den yngre broren, Torleiv, vart eigar av bruket her.

Dreng Torleivsson Mosdøl (1896-1970) og farbroren Hallvard Drengsson (1854-1921) er her fotograferte med kløvhest på Hovden. Biletet er teke i 1912, og fotografen var A. B. Wilse. Han mangfoldiggjorde det, og selde det som prospektkort, og her er det kopiert frå eitt av desse korta, som finst i samlinga til Setesdalsmuseet.
  • Torleiv Drengsson Mosdøl, f 1868, d 1959
g 1895 m Jorunn Torleivsdtr. Gjerden, f 1877, d 1901. Born:
  • Dreng, f 1896, g 1913 m Gunvor Knutsdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Gunhild, f 1898, g 1924 m Olav Eivindsson (Sanden) Nylund, sjå Nylund, gnr 3, bnr 13
  • Ingjerd, f 1900, g 1922 m Gjermund Sigbjørnsson Hoslemo, sjå Uppigard Hoslemo, gnr 4, bnr 2

Jorunn Torleivsdotter var frå Nordstog Gjerden. Foreldra hennes var Torleiv Pålsson på det bruket og kona, Ingjerd Torleivsdotter, fødd Holen. Olav Torleivsson, bror år Jorunn, gifte seg i 1907 med Gunvor Drengsdotter, syster åt Torleiv. Endå var det meir skyldskap å halde greie på for desse parfolka, for Jorunn og Torleiv, og dermed sjølvsagt også Olav og Gunvor, var tremenningar.

Grunnen til dette er at morfar til Torleiv og Gunvor, altså Tarald Olavsson Mosdøl, var bror åt Jorunn, som var gift med Pål Knutsson Gjerden og mor åt Ingjerd Torleivsdotter. Dei sams oldeforeldra til dei to ektepara var då Olav Taraldsson Mosdøl i Evre Mosdøl og kona, Gunhild Jonsdotter. Torleiv og familien hans budde i den austre enden av stoga frå 1878. Også neste generasjon i Berget budde lengste tida der.

Olav G. Holen jr. (Holen 3, 14) fortel at Torleiv «hadde kløvhest og kløva ein god del for turistane opp til Hovden. Han arbeidde og for brukseigarforeninga med floting av tømmer frå Berdalsskogane.»

Etter at Torleiv hadde vorte enkemann fekk han i 1903 sonen Hallvard. Mora var Gunhild Hallvardsdotter Byklum, ei dotter åt Hallvard Torleivsson på plassen Haugebakk under Byklum og kona, Birgit Knutsdotter. Gunhild Hallvardsdotter gifte seg i 1914 med Pål Mikkelsson Byklum i Torsbu (gnr 13, bnr 4). Hallvard Torleivsson døydde ugift i Heggestog under Torsbu i 1948.

Torleiv sat med gardsbruket her til i 1914, då han overdrog det til sonen:

Dreng og Gunvor Mosdøl då dei gifte seg i 1913. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
  • Dreng Torleivsson Mosdøl, f 1896, d 1970
g 1913 m Gunvor Knutsdtr. Trydal, f 1882, d 1975. Born:
  • Torleiv, f 1913, g 1953 m Gro Gunnarsdtr. Langeid (syster åt Ingebjørg nedanfor), sjå nedanfor
  • Knut, f 1915, d 2000, anl. og ind.arb., ei tid busett Kristiansand, d i Bykle, ug
  • Olav, f 1917, d 1918
  • Olav, f 1919, d 1925
  • Jorunn, f 1921, sj.pl., g m Andreas Winge, Trondheim, busett Trondheim, seinare Leksvik, born:
  • Olav, f 1925, militær, g m Ingebjørg Gunnarsdtr. Langeid, f 1935 (syster åt Gro ovanfor), busett Kristiansand, born:
  • Gerd Kristel, f 1960, g m Torgrim Eggen, busett Oslo
  • Dag Gunnar, f 1963, g m Kristine, busett Stavanger

Gunvor kom frå Trydal Der inne, bnr 2. Ho var yngste dotter åt Knut Hallvardsson Hisdal og kona, Gyro Torsdotter, fødd Lunden.

I 1930 kaupte Torbjørg Kyrvestad tomta Systog (gnr 13, bnr 11). Her sette ho seg opp hus og dreiv handel (sjå Kyrvestadbui).

På 1930-talet var Dreng nokre år til Amerika, fortel Olav G. Holen jr., men fekk ikkje så mykje forteneste der som han hadde vona, og vende difor heimatt. Elles tek me med oss at Holen plasserer han som «ein av storjegarane på reinen i Bykle.»

Dreng og Gunvor overdrog til neste generasjon alt i 1943. Året etter var tida inne for å oppløyse det gamle bufellesskapet i Lunden. Torleiv Drengsson tok ned sin halvpart av det gamle huset, og sette tømra oppatt på det nye tunet, som vart bygd like nedanfor det gamle. Denne tømra vart den austre enden av det nye huset. Vestom henne sette Torleiv opp eit stort jarelopt som hadde stått på Bergshaugen, og som tydelegvis hadde greidd seg uskadd ifrå brannen i 1878. Dette loptet utgjer altså vestenden av det nye huset. Når ein samanliknar veggene i dei to tømrene, finn ein at dei er temmeleg like. Ein kan sjå at det har vorte lagt på eit nytt kvarv til justering av etasjehøgda i den tømra som fyrr hadde vore stoge, men elles tyder ikkje veggene på at dei to delane av huset har ulik alder. Dette tykkjest styrkje den teorien me var inne på i avsnittet om Lunden, om at Dreng Hallvardsson kring 1880 kan ha flutt ei gamal tømre til gards.

Våningshuset frå 1944 framstår i dag som ei setesdalsstoge i to fulle høgder med utbygg og ark midt på båe langsidene. Grunnflata vert oppgjeve til 91 m². I 1953 kom den nye uthusbygningen med fjos og løe under same taket. Buskapen på denne tid var hest, 3 kyr og 25 sauer.

Omlag på den tida då han bygde uthuset, gifte Torleiv seg med ei utanbygds gardjente, og i 1955 overtok dei garden hennes og flutte dit.

Torleiv D. Mosdøl med fele og Torbjørg O. Mosdøl med gitar i tunet på Lunden. Biletet må vera teke fyre Torleiv tok ned halve huset i 1944, men truleg ikkje svært mange år fyre det. Frå samlinga til Ingebjørg Vegestog.
  • Torleiv Drengsson Mosdøl, f 1913, d 1987
g 1953 m Gro Gunnarsdtr. Langeid, Bygland, f 1916. Born:
  • Gunvor, f 1954 g m Jan Sælid, f 1952, sjå nedanfor
  • Liv, f 1956, tvill., hjelpepl., ug., busett Arendal
  • Tora, f 1956, tvill., barnehageass., g m Håvard Tveiten, Notodden, f 1959, busett Langeid.

Gro Gunnarsdotter kom frå Langeid i Bygland. Foreldra hennes var Gunnar Andresson Langeid og kona, Tora Taraldsdotter, fødd Heggland. Som me var inne på ovanfor, overtok ho og Torleiv heimegarden hennes i 1955, og budde der nokre år.

Etter at dei flutte hit att i 1962 hadde Torleiv anleggsarbeid ved sidan av gardsbruket. Elles var han ein framifrå hardingfelespilemann, og henta seg mange premiar på kappleikar.

Torleiv og Gro dreiv garden til 1984, då dei overdrog han til eldste dottera.

  • Gunvor Torleivsdotter Mosdøl Sælid, f 1954
g 1976 m Jan Sælid, f 1952. Born:
  • Torleiv, f 1976, mekanikar, driv maskin-/landbruksverkstad i Bykle, sjå Myri 27 gnr 15, bnr 68.
  • Geir, f 1980, øk.ad., busett Grimstad

Jan Sælid er frå Seljord og son åt Lauritz Sælid og kona, Ingebjørg, fødd Loftsgarden.

Jan og Gunvor bygde seg nytt bustadhus noko nedanfor det eldre tunet, og flutte inn her i 1978. Dei dreiv nokre år med sauer, men slutta dette ut i 1990. Jan arbeider som mekanikar i Agder Energi, medan Gunvor er sekretær i Bykle kommune.

Innmarksarealet på bruket vert i 1953 oppgjeve til ca 45 mål, av dette halvparten fulldyrka. Utmarka vert estimert til å vera på noko over 4000 mål, i tillegg kjem brukets del av heiarealet, som ligg i sameige mellom dei tre mosdølgardane.

Stoga i Berget 7.2.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Liv, Gunvor og Tora T. Mosdøl på stogetrappa i Berget i 1962. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Torleiv Drengsson Mosdøl med dottersønene Torleiv og Geir i jola 1986.
Foto: Gunvor T. Mosdøl Sælid


0941 Bykle komm.png Berget (Bykle gnr 13/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Lunden • Neste bolk: Torsbu