Åmotsdal

Åmotsdal er eit bygdelag i Seljord kommune, nordvest for kommunesenteret Seljord langs Åmotsdalsvegen. Det er kring 75 huslyder i bygda, som har barnehage og nærbutikk.

Åmotsdalsvegen i Åmotsdal sentrum.
Foto: Roy Olsen (2021).

Det er ei landbruksbygd, prega av små gardar i bratt lende. Sauehald og mjølkeproduksjon er viktige næringsvegar.

Åmotsdal kyrkje er ei korskyrkje frå 1792, som erstatta Åmotsdal stavkyrkje.

Kjelder og litteratur

Koordinater: 59.62981° N 8.40565° Ø