Mosdøl (Bykle gnr 13/3)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mosdøl
Alt. namn: Evre Mosdøl
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 13
Bnr: 3
Type: Gardsbruk

Mosdøl er eit av bruka i Kyrkjebygdi i Bykle kommune. Me har ikkje sett noko bruksnamn her, og dei som bur her seier at dei aldri har høyrt anna namn enn Mosdøl. I denne boka har me likevel, avdi det er upraktisk å skrive om eit bruk utan eigennamn, teke oss den fridomen å omtale det som Evre Mosdøl.

Me vil halde fyre at dette er hovudbruket på garden, og altså den eldste verestaden. Fleire tilhøve talar for dette: For det fyrste er dette det største av bruka, for det andre var det her etterkomarane etter den fyrste kjende oppsitjaren vart verande, og for det tredje er det visstnok ikkje uvanleg i Setesdal at det eldste bruket i ein matrikkelgard berre vart omtala med gardsnamnet, medan yngre bruk fekk eigne bruksnamn. At eigedomen her fekk bnr 3, vil me oppfatte som tilfeldig.

I bolken om den udela garden har me fortalt at Såve Knutsson truleg måtte selje ei halv hud til odelsmannen Sigurd Mosdøl, som sidan selde parten sin vidare til Gunnar Nesland, medan Såve sjølv vart sitjande att med dette bruket. Om det er rett, slik me også har vore inne på, at han var fødd kring 1590, skulle han ha nådd vanleg foddogsalder kring 1650. Likevel ser ein at han er oppskriven som eigar og brukar av denne halve huda til 1659.

Deretter overtok sonen Ånund, som etter båe manntala frå 1664 skal ha vore fødd kring 1624, men etter 1665-manntalet berre var 32 år gamal det året, og såleis fødd kring 1633. Om denne Ånund veit me elles ikkje stort meir enn at han hadde minst ein son, og at han er notert som skjusskaffar i 1665.

  • Ånund Såvesson Mosdøl, f 1624-33, n 1660-1665
g m ukj. Born, iallfall:
  • Alv, f ca 1671, sjå nedanfor

Ånund er ikkje nemnd i manntalet frå 1666, og har vel då helst vore utflutt fyre dette vart oppteke. Død var han ikkje, ettersom han fekk ein son nokre år seinare. Vidare ser me at jordeboka frå 1670 fører opp ein Såve Ånundsson som eigar. I den gamle gards- og ættesoga (102) står det at denne var ein eldre bror åt Alv Ånundsson, og me kan ikkje seia at me veit sikkert at det er gale.

Men me trur likevel helst at dette namnet er ei feilskriving for Såve Såvesson, for det er ingen Såve Ånundsson nemnd i manntala frå 1660-åra, medan Såve Såvesson er med i dei alle. Han er jamvel oppskriven som brukar av halve eigedomen av faren, Såve Knutsson, i 1666.

Vallesoga (V, 130, 142) fortel at Såve Såvesson noko seinare sat eit bel i Bjones, men bytte bort det bruket til Auver Holen mot ein part i Kvósåk i Valle. Der budde han i åra 1674 til 1677. Etter dette skaffa han seg hand om Mosdøl-eigedomen sin på nytt, men me har inga oppgåve om at han flutte attende til Bykle fyrr ein god del seinare. Etter ein matrikkel frå 1712 åtte han det året framleis 3 kalveskinn i garden, men denne matrikkelen tykkjest stundom å vera dårleg ajourført, så me kan ikkje vera sikre på at han livde i 1712.

  • Såve Såvesson Mosdøl, f ca 1644, n m a 1664-77, 1698-1700, 1712(?), ikkje kjende born

Den neste me veit om var oppsitjar her heitte Olav. Han budde stundom i Mosdøl frå 1664 og frametter. Då han døydde i 1715 vart han oppskriven i kyrkjeboka som Olav Sveinsson. I den gamle gards- og ættesoga (100) står det at han sat i Berget, men det meste av tida si på garden åtte og bruka han 6 kalveskinn, og han hadde ikkje både Berget og Lunden. Det er vel mogeleg at han kan ha budd i Berget og samstundes åtte halvparten av det øvre bruket, men det er lettare å tenkje seg at han var eigar og oppsitjar på heile bruket her.

Me trur det må vera vår Olav Sveinsson som vert omtala i Vallesoga (IV, 188), der det går fram at han i 1677 budde einkvarstad i Løyland. Han var då kyrkjeverje, og vart stemnd av presten Esaias Bugge for noko uteståande kyrkjekyrleige. Då presten noko seinare noterte på domsbrevet at gjelda var betala, hadde Olav adressa Mosdøl, og han er atter oppførd som skattytar her frå slutten av 1680-åra og frametter. Som nemnt døydde han i 1715, og i fylgje kyrkjeboka skal han då ha vore 103 år gamal, og altså fødd ca 1612. Denne aldersoppgåva kan gjerne vera ei overdriving, men nokså gamal var han nok.

Kvar han kan ha stamma frå er eit anna spursmål. Me har ikkje fått auga på andre som heitte Olav Sveinsson frå Bykle på 1600-talet enn yngste son åt Svein Ånundsson Brotteli og andre kona, Jorunn Bjørgulvsdotter, men den Olav-en skal ha vore fødd ca 1650, og var såleis bortimot 40 år yngre enn vår mann, og så store feilmarginar på aldersoppgåvene er ikkje rimeleg å rekne med. Heller ikkje Vallesoga har noka meining om opphavet hans.

Me lyt då berre seia at me ikkje veit kvar han var ifrå, og setje han opp utan gardsetternamn:

  • Olav Sveinsson, f ca 1612 (?), n 1664 ff, d 1715
g m Tone Knutsdtr. Løyland, d fyre 1714, n 1651-52, ikkje kjende born

Tone Knutsdotter var frå Innistog Løyland, og dotter åt Knut Såvesson og Ingebjørg Åsmundsdotter på det bruket (jfr Valle VI, 108). Knut Såvesson hadde også ein bror på Løyland, Åsmund heitte han. Vallesoga melder at opphavet til Knut og Åsmund er ukjent, men me skal her halde det for mogeleg at dei kan ha vore frå Mosdøl og brør åt ovanomtala Ånund og Såve Såvessøner. Dette er likevel berre gjeting utifrå at namna og omstenda tykkjest passe.

Dersom Tone Knutsdotter var brordotter åt Såve og Ånund, så var ho også syskenbarnet åt Alv Ånundsson, endå han må ha vore noko mykje yngre enn henne. Men anten ho var syskenbarnet hans eller ikkje, tykkjest det rimeleg å rekne med at her har vore ein skyldskap, ettersom Alv fekk overtaka eigedomen åt Olav og Tone, vel å merke medan iallfall Olav endå livde. Alv er oppførd som oppsitjar på bruket frå 1710 og frametter.

Stoge og lopt i Mosdøl ca 1916. Desse husa vart truleg bygde i Alv Ånundssons tid. Då biletet vart teke, var stoga ikkje i bruk. Ho vart rive i 1923, men loptet står framleis. Biletet her vart teke av Gisle Midtun med sikte på Setesdalsbandet av bokverket Norske Bygder, som kom ut i 1921, men vart likevel ikkje nytta der. Norsk Folkemuseum skaffa kopien.
  • Alv Ånundsson Mosdøl, f ca 1671, d 1737
g m Margit Torleivsdtr, f ca 1676, d 1748. Born:
  • Ånund, f ca 1701 (?), g m ukj., sjå nedanfor
  • Dreng, g 1740 m Anne Olavsdtr. Stavenes, sjå nedanfor
  • Margit, n 1762, ug då, seinare lagnad ukj.
  • Jon, f ca 1714, d 1764, ug
  • Tone, f 1715, d 1715
  • Tone, f 1716, g i Vinje 1747 med Tov Tarjeisson Eilaugdalen, sjå Berget Mosdøl, bnr 2
  • udøypt, d 1720

Kvar Margit Torleivsdotter hadde opphavet sitt, er på vona. Me har spurt oss om ho kunne ha vore frå Tveiti, etterdi ein Jon Alvsson med adresse Mosdøl i 1754 meldte odelskrav på 3 kalveskinn i Nordtveiti, men etter det me kom til i tveitekapittelet var denne Jon Alvsson fødd i Hoslemo, og son åt Alv Knutsson Breive. At han i 1754 budde i Mosdøl, må då ha kome av andre grunnar enn at han var fødd og oppvaksen her. Kanskje har han vore tenestekar på eitt av Mosdøl-bruka? Iallfall er det uråd å finne nokon Torleiv i Tveiti, som Margit kan ha vore dotter åt, og at Alv Ånundsson skulle ha nokon odel til den garden virkar heller ikkje rimeleg.

Margit Alvsdotter og Jon Alvsson budde i 1762 som busetar hjå Tarjei Mikkelsson (y.) i Berget. Jon døydde to år seinare, korleis det gjekk med Margit har me ikkje funne noko om.

I 1721 sette Alv sak mot grannane sine i Byklum om eigedomsretten til eit jorde. Under saka kom det fram at usemja om dette også hadde vore framme på tinget 2 år tidlegare. Alv hadde då fått dom imot seg, men halde fram med å slå det omstridde jordet, og då grannane protesterte gjekk han til nytt søksmål. Sorenskrivaren meinte at framferda hans var rein «Opsetsighed» og vanvyrdnad av retten, og dømde han til å yte 20 riksdalar i erstatning til byklumkarane, og dertil ei bot til justiskassa.

I 1732 stemnde Åsmund Gunnulvsson Alv på odel for 3 kalveskinn i bruket hans. Han hadde vitne på at farfar hans i si tid hadde kaupt ei halv hud i Mosdøl frå Sigurd Mosdøl. Halvparten av denne halve huda var nå i eiga av Alv, skjønar me. Men ettersom Alv kunne prove at han hadde hatt eigedomen sin i meir enn 20 år, og såleis hadde sin eigen odel, tapa Åsmund saka.

I den gamle gards- og ættesoga (102) les me at Ånund Alvsson «fekk garden av faren, Alv Ånundsen», men det ser ikkje ut til at det kan vera rett, ettersom me ingen stad har funne Ånund oppskriven som oppsitjar i Mosdøl. Nå er rett nok skattematerialet frå perioden mellom 1735 og 1760 lite opplysande når det gjeld bruket her, men i futens kassabøker frå 1761 og frametter får me endeleg vita at Tarald Ånundsson då var sjølveigar på eit Mosdøl-bruk på ei halv hud eller 6 skinn, og at skøytet hans var dagsett 19.3.1737. Ut ifrå dette lyt me då tru at det var Tarald som fekk skøyte etter at Alv var død, og ikkje far hans. Om Ånund hadde vore i live då faren døydde, skulle det snautt ha gått såleis, men kan han ha vore død fyre 1737?

Mot denne tanken talar tilsynelatande at den yngre broren, Dreng, den 25. august 1738 fekk tinglyst at han hadde kaupt åsætesretten til 3 skinn i garden av Ånund, noko som vart ppplyst i skiftet etter Dreng frå 1758. Dermed skulle ein kanskje tru at Ånund måtte ha vore i live i 1738? Men så lyt ein koma i hug at det som vert opplyst om åsætesskøytet er tinglysingsdatoen, og ikkje utferdingsdatoen, og skøytet kan då ha lege fleire år fyrr det vart tinglyst. Det eksisterer inga avskrift av det, så me har ikkje sett det, men me gjet på at det vart skrive avdi Ånund av ein eller annan grunn, kanskje sjukdom, fælte at han kom til å døy fyre far sin. Dermed var det også fare for at heile bruket kom til å gå til Dreng, som då ville ha beste odelen. For å gardere mot dette kan då Ånund ha laga ei avtale med broren, som sikra Dreng rett til å bu på og bruke halve eigedomen anten Ånund overlivde faren eller ikkje. At det var ein åsætesrett og ikkje ein eigedomsrett som var på handel, peikar også i seg sjølv i retning av at faren var i live då Ånund skreiv skøytet til Dreng. Hadde Ånund vore gardeigar, ville han rimelegvis selt gardparten på vanleg måte, men han kunne ikkje selje noko han ikkje åtte.

Me kan vera heilt sikre på at Ånund Alvsson var gift, ettersom han hadde minst ein ektefødd son, og truleg to, som sidan budde i Bykle, men me har ikkje funne noka oppgåve om kva kona hans heitte, kva tid han gifte seg eller kva tid han døydde. Ingen av sønene hans tykkjest vera døypte i Bykle eller Valle etter 1.1.1714, og dermed må dei anten vera eldre enn dette, og altså fødde fyre me får kyrkjebøker, eller så lyt me tenkje oss at Ånund har halde til i ei anna bygd.

Som om ikkje dette var tilstrekkeleg innfløkt, har me også ei odelssak frå 1734 der Tarald, eldste son åt Ånund, i fylgje referatet i tingboka, omtala Søren Aslaksson i Berget som «sin stiffader», stykfar sin. Dette skulle då tyde at Søren var gift med mor hans, eller mao. at kona åt Søren skulle ha vore enke etter Ånund, då ho gifte seg med Søren. Men Søren gifte seg i 1717, og då er det heilt sikkert at Ånund var i live. Dette ser me av eit manntal frå 1718, der han er med, og der det står at han det året var 17 år. Altså kan Søren Aslaksson umogeleg ha vore stykfar til son åt Ånund, så han som har ført rettsreferatet må ha gjort seg skuldig i ei mistyding.

Det lisle me har funne ut om Ånund og familien hans set me etter dette opp som fylgjer:

  • Ånund Alvsson Mosdøl, f ca 1701(?), n 1718, d fyre 1737
g m ukj. Born:
  • Tarald, f ca 1710 (?), d 1793, g m Jorunn Olavsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  •  ? Olav, f. ca 1724, g 1.1754 m Margit Åvoldsdtr. Byklum, g 2. 1777 m Anne Torbjørnsdtr. Byklum, sjå Hisdal, bnr 3 og Torsbu Byklum, gnr 13, bnr 4

Også når det gjeld sønene åt Ånund er det noko uvisse. Med omsyn til Tarald gjeld tvilen ikkje opphavet hans, men alderen. Etter kyrkjeboka skal han ha vore 83 år då han døydde i 1793. Men etter den fyrrnemnde oppgåva i manntalet frå 1718 skal far hans ha vore fødd ca 1701. Dette tilseier at iallfall den eine av oppgåvene lyt vera misvisande, og me trur helst at Tarald må ha vore minst 10 år yngre enn aldersoppgåva ved dødsfallet hans tilseier. Når det gjeld Olav Ånundsson, som budde på eitt av bruka i Hisdal og sidan i Torsbu, kan me ikkje vera hundre prosent sikre på at han var son åt Ånund Alvsson. Men som me har gjort greie for i kapittelet om Hisdal, gifte han seg iallfall frå Mosdøl i 1754, og budde her ei tid etter giftemålet, og me har ikkje funne andre mogelege opphav for han.

Me kjem attende til etterkomarane av Ånund, men fyrst skal me fortelje litt om broren, Dreng, og familien hans, for som me var inne på ovanfor kaupte han åsætesretten til 3 skinn i garden av Ånund, noko som gav han høve til å bruke eigedomen ilag med brorsonen Tarald.

  • Dreng Alvsson Mosdøl, d 1758, inga aldersoppgåve
g 1740 m Anne Olavsdtr. Stavenes, f 1714, d 1752. Born:
  • Alv, f 1741, d 1751
  • Olav, f 1745, d 1749
  • Knut, f 1748, d fyre 1758
  • Margit, f 1751, d 1793, ug

Anne Olavsdotter var frå Utistog Stavenes, dotter åt Olav Torleivsson og kona, Gunhild Salmundsdotter, på det bruket.

Då dei skifte etter Dreng i 1758, inneheldt buet lite lausøyre og ingen kretur. Det vart opplyst at Dreng hadde vore sjuk i lange tider, og hadde måtta avhende eignelutene sine til livsopphald. Dreng hadde som fyrr fortalt ein åsætesrett, dvs. rett til å bu og bruke, til halve eigedomen. Dertil åtte han fullt ut ein slåtteteig som heitte Kileteigen. Åsætesretten sin hadde han i 1756 pantsett til Tarjei Mikkelsson i Lunden for 140 riksdalar, og Kileteigen til Tarjei Augundsson Gjerden for 58 rd. Sorenskrivaren slo fast at eignelutene var pantsette for langt meir enn det dei var verde, men panthavarane gjekk likevel med på å overtaka dei «til Brugelighed» inntil gjelda vart innfridd.

Tarjei Mikkelsson, som fekk rett til å bruke halve eigedomen her attåt Lunden, gjekk også med på å forsyte Margit Drengsdotter til ho vart vaksen. Det Dreng hadde ått var ein bruksrett til halve bruket. Tarald Ånundsson hadde eigedomsretten til heile, men bruksrett berre til halve. Som me har vore inne på ovanfor, er det grunn til å meine at Tarald overtok etter farfaren i 1737.

  • Tarald Ånundsson Mosdøl, d 1793
g 1738 m Jorunn Olavsdotter Byklum, f 1718, d 1782. Born:
  • Sigrid, f 1739, d Byklum 1804, ug
  • Ånund, f 1743, d 1763
  • Jon, f 1744, d 1749
  • Olav, f 1747, g 1795 m Gunhild Jonsdtr. Vatnedalen, sjå nedanfor
  • Jon, f 1750, n 1769-73, seinare lagnad ukj., sjå nedanfor
  • Torleiv, f ca 1752, d 1787, ug, sjå nedanfor
  • Ragnhild, f 1756, g 1. 1783 m em Tallak Torleivsson Byklum, g 2. 1794 m Kjetil Hallvardsson Byklum, sjå Austistog Byklum og Teigen Stavenes.

Jorunn Olavsdotter var frå Innistog Byklum, dotter åt Olav Torleivsson på det bruket og kona, Ingjerd Kjetilsdotter, fødd Trydal.

Grenader 1750. Teikning av Andreas Hauge i Pro Patria. Grenaderane var særskilt uttekne elitesoldatar som det berre var nokre få av i kvart kompani. Resten var musketerar. Våpenkjolen på denne tid var raud, med varierande regimentsfargar på oppslag, rabattar og underfór. Hatten nedst på teikninga er det eldste norsk uniformshovudplagget som er teke vare på (Forsvarsmuseet, Oslo). På framsida er han prydd med ei relieffplate i messing.

Jon Taraldsson let seg verve til grenader (profesjonell elitesoldat) i 1769. I fylgje soldatrulla skal han ha vore 65 tommar høg. Dette svarar til vel 171 cm, så etter tida og tilhøva må han ha vore ein horveleg stor kar. Jon var framleis soldat i 1773. Seinare soldatrullar frå denne perioden er ikkje å finne, og me har heller ikkje funne andre spor etter mannen. Kanskje har han døytt under militærteneste i utlandet?

Vidare har Johannes Skar (Gamalt or Sætesdal I, 66 f) sumt å fortelje om sønene åt Jorunn og Tarald:

I Mosdøl i Bykle var tri brør, og dei var ovkjempor alle tri. Det var Talleiv Mosdøl og Ånund og Jon. Talleiv var den fælaste; han var frikar utyver heile Nordlandet og

Austlandet. Det var annan gongen ho fælte, mor hans, når han tok ut! Ho vart so ilt med eingang han ferda seg til; han hadde ein fillut hatt og noko feldte buksor etter far sin og ein sekk under armen. «Kori vi du no av», sa ho, og kjukla og gret. «Eg vi av få me' noko mat'e», sa han. So tok han på Austlandet.

Der var då eksis på Dalen. Då var der noko offiserar som vilde hava han til narr: «Kor e du ifrå, « sa dei. «O' Bykle», sa Talleiv. «Då kjenner du Talleiv Mosdøl - det skal vere so fæl a kjempe», sa dei. «Ja, han kjenner eg vel», sa Talleiv; «men de e inkji noko ti kar'e; eg e likso god, eg, som han», sa han. Dei log åt han. «Tore du prøvast», sa dei. «Då må eg få'n pæl'e brennevin», sa han. Og det fekk han med det same. Det var ikkje ko ein uvand kar dei sette fram; men han fór verre, Talleiv. «Kann du vere noko ti kar'e», sa dei. «De e kji ko de, at eg fekk for liti brennevin», sa Talleiv. Og dei gav han ein pæl til. Han drog seg so mykji då, at dei sette upp ein betre kar; men han måtte til ryggs på nyom. So drakk han tridje pælen. Då sette dei fram den beste kjempa der var. Talleiv treiv han i lær og herdar og vatt han til mot eit steingjerde so blodet fløste. «No moge di seie di heve funne Talleiv Mosdøl!», sa han, og sleppte av seg fillone og sto i nye klede.

Etter denne soga fylgjer ei forteljing me har gjeve att i bolken om Brotteli, om korleis Torleiv Mosdøl og Andres Brotteli eingong gnyvde kvarandre nordi skogen innmed Storetjønn. Poenget med den historia tykkjest vera å vise at det ikkje fanst vondt i Torleiv. Han og Andres var så gode vener, det gjaldt berre å røyne ut kven som var den sterkaste.

Men som det går fram av familieoversikta ovanfor vart Torleiv berre 35 år, og om ein skal tru det Johannes Skar har fortalt (n.v., s. 68), døydde han som fylgje av slagsmål:

I Bykle var ei gjetords kjempe som het Knut Maurlidi [...]. Knut knekte Talleiv Mosdøl eingong dei kom or ei likferd i Heidegardane. Dei køyrde seg med ein hest, han og Talleiv og Åne Berdalen. Knut rena innpå Talleiv, - han tenkte han kunde kabba han, når Åne hjelpte. Då dei rakk Skarsmoen med liket, rauk dei i hop. Då vart Talleiv slegen innunder hestereidet, og hesten trødde han på bringa. Dei måtte køyra han heim. Han vart aldri frisk sidan, og livde ikkje lenge.

Denne historia kan umogeleg stemme aldeles, for Torleiv Mosdøl livde til 1789, medan Knut Maurlii døydde i 1778. For den saks skuld skal me ikkje avvise at Torleiv kan ha stroke med av slagsmålsskadar, jamvel om ein ikkje finn noko om det i tingboka, men i så fall var det altså ikkje Knut Maurlii som var banemannen.

Torleiv fekk i 1775 sonen Svenke. Mora var Gunhild Svenkesdotter Ørnefjødd, dotter åt Svenke Alvsson Breive og kona, Gunvor Sørensdotter, fødd Mosdøl. Korleis det gjekk med Svenke Torleivsson veit me ikkje, men mor hans vart dødsdømd for fødsel i dylgsmål i 1781. Barnefaren den venda var Ånund Pålsson Stavenes. Saka er elles nøyare omtala i bolken om Hagen, Berdalen.

Olav Taraldsson, som det ikkje vert fortalt kjempesoger om, livde lenger enn dei sterke brørne, og overtok garden etter faren i 1793. Olav hadde hatt ikkje så lite til gode hjå Tallak Torleivsson i Austistog, og då skiftet etter Tallak vart slutta i 1791, fekk Olav hand om 3 kalveskinn i bruket hans. Denne parten selde han med det same vidare til Dreng Torleivsson i Innistog, og dermed hadde han langt bortimot det han trong for å løyse ut syskena frå heimebruket.

  • Olav Taraldsson Mosdøl, f 1747, d 1827
g 1795 m Gunhild Jonsdtr. Vatnedalen, f 1766, d 1843. Born:
  • Jorunn, f 1796, g 1822 m Pål Knutsson Berdalen, sjå Kroné under Byklum, gnr 14, bnr 6
  • Tarald, f 1797, g 1822 m Ingebjørg Ånundsdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1799, d 1874, ug (?)
  • Margit, f 1801, g 1826 m Åsmund Olavsson Berdalen, sjå Skadden.
  • Torleiv, f 1804, d 1805
  • Sigrid, f 1806, g 1848 m Dreng Torleivsson Hoslemo, sjå Skadden

I 1782 vart Olav trulova med Signe Olsdotter Uppstad, f 1759, ei dotter åt Olav Olsson Haugen og kona, Torbjørg Knutsdotter, fødd Løyland, men «N.B. disses Trolovelse er efter Kongl. Resolution ophævet», fortel kyrkjeboka. Grunnen til at det ikkje vart noko av giftarmålet, veit me ikkje. Signe fekk sidan ein son med Bjørn Torleivsson Straume (jfr Valle II, 501). Ho døydde i 1833, framleis ugift.

Også Olav gjekk lenge ugift etter den oppløyste trulovinga. Fyrst i 1795, då han var oppimot 50 år gamal, gifte han seg med Gunhild Jonsdotter, ei dotter åt Jon Åvoldsson Nesland i Vatnedalen Der sø og kona, Tore Bjørgulvsdotter, fødd Breive.

I 1825 tok Gunhild og Olav foddog, og overlet garden til eldste sonen:

g 1822 m Ingebjørg Ånundsdtr. Trydal f 1799, d 1862. Born:
  • Torleiv, f 1822, d 1822
  • Gunhild, f 1824, d 1829
  • Birgit, f 1826, g 1849 m em Tarjei Olavsson Trydal, sjå Systog Trydal, gnr 17, bnr 2
  • Tore, f 1828, d 1846
  • Olav, f 1830, g 1853 m Eli Eivindsdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Gunhild, f 1832, g 1854 m Dreng Hallvardsson Tveiten, sjå Lunden, bnr 1
  • Jorunn, f 1834, g 1855 m Ånund Pålsson Byklum, sjå Kultro, gnr 14, bnr 8
  • Ragnhild, f 1838, d 1838
  • Ånund, f 1839, g 1861 m Birgit Ånundsdtr. Tveiten, sjå nedanfor, jfr. Nordistog Stavenes, gnr 16, bnr 2
  • Torleiv, 1842, d 1862, sjå nedanfor, jfr Myri Holen, gnr 12, bnr 1
  • Jon, f 1845, g 1866 m Sigrid Torleivsdtr. Holen, sjå Myri Holen, gnr 12, bnr 1, jfr. nedanfor

Ingebjørg Ånundsdotter kom frå Storstein i Trydal, og var dotter åt Ånund Pålsson Stavenes på det bruket og kona, Birgit Såvesdotter, fødd Trydal.

I 1826 sette Tarald bort plassen Skadden på livetida til systera Margit og Åsmund Olavsson Berdalen, mannen hennes (sjå bolken om Skadden lenger ut).

I 1840 sette Tarald opp ein ny, stor løebygning. Han må ha vore flink med pengar, for i 1845 ser me at han hadde midlar til å kaupe Nordstog Stavenes hjå Gjermund Gunsteinsson Byklum, og i 1852 fekk han tilslaget på Myri Holen då det bruket gjekk på auksjon. Sidan kunne han då setje inn dei yngre sønene sine i Stavenes (det var Ånund) og Holen (det var Torleiv og sidan Jon), slik det er fortalt om i bolkane om desse gardane.

I 1860 var Torleiv framleis i live og sto som eigar av Myri Holen. Men Tarald ville skaffe jordeigedom åt alle sønene sine, og difor dela han då bruket her mellom Olav og Jon. Olav sin del skulle svara til to tredjepartar, Jon sin til ein tredjepart. Det var to stoger på bruket, så dei to brørne skulle få kvar si. Etter dette tok Tarald og Ingebjørg foddog. Men så døydde Torleiv i 1862, og dermed vart bruket hans i Holen ledig, slik at Jon kunne overtaka det. Den nyutskilde parten gjekk då attende til faren, som i 1864 skøytte også denne over på Olav. Dermed kunne dei to bruka atter «sammenføies i matrikkelen».

På 1840-talet låg Tarald i rettstretter med Hallvard Ånundsson Tveiten. Etter det som vert fortalt i Bykle kultursoge (1993, 458) hadde dei to vorte uvener etter at Hallvard flutte til Mosdøl i 1837. Tarald var kanskje noko sjølvhøgtideleg, står det, og Hallvard var flåkjefta, og så braka dei i hop i retten fleire vender, og sat støtt etter å taka kvarandre eit nytt tak, når høve baudst.

I 1857 kom ein engelsk turist som heitte Frederick Metcalfe reisande oppetter dalen. Det var skjusstasjon i Mosdøl på denne tid, men ettersom det var i juli månad var alle byklarar, og jamvel skjusskaffaren Hallvard Ånundsson, på støylen. Metcalfe trong til mat og husrom, og bodsende han, men Hallvard nekta å koma. Metcalfe gav seg då opp i heia på leiting etter folk:

Heldigvis fann eg ein annan bonde, Tarald Mostad [les Mosdøl], som heldt til på ein støyl i nærleiken. Han overtala eg til å fylgje meg heim, og opne huset sitt for meg og bagasjen min. Han førde med seg noko frisk mjølk, som var den fyrste eg hadde smaka sidan eg reiste frå Christiania. Etter å ha tent opp i gruva, og stelt til seng for meg, drog han attende til støylen, men lova å koma att med hest klokka 6 neste morgon for å skjusse meg til Vatnedalen.

Så skjedde, og undervegs bad Tarald turisten om å skrive brev til futen med klage over den forsømmelege skjusskaffaren, slik at denne kunne få sparken, og Tarald sjølv overtaka ombodet hans. Han hadde skjøna at turisten var prestelærd, og for å styrkje posisjonen sin slo han kringom seg med ei rekkje fromme og gudelege talemåtar, som den kvassøygde teologen Metcalfe oppfatta som rein og skjær hykling, og når Tarald også kravde etter måten god betaling for hus, kost og skjuss, og ikkje minst uthefte, rann begeret fullt for engelskmannen.

I den store reiseskildringa han gav ut etter heimkoma til England, fekk difor «den tynnlippa farisearen» Tarald Mosdøl så dugeleg på pelsen (Metcalfe, Frederick: The Oxonian in Thelemarken, London 1858, II, 253f) at forfattaren av Bykle kultursoge (1993, 458 f) tykkjer han lyt taka han i forsvar. Det kan det for alt det me veit gjerne vera grunn til, men det lyt vel leggjast innåt at alle andre setesdølar Metcalfe portretterte fekk positiv omtale.

Etter at Ingebjørg var borte fekk Tarald dottera Hæge, fødd 31.3. 1864, men denne jenta vart berre 14 dagar gamal. Mor hennes var Sigrid Knutsdotter Byklum, fødd 1838, ei dotter av Knut Åvoldsson Byklum i Juvet og kona, Gro Arnesdotter, fødd Berdalen. Sigrid fekk i 1869 også ein son med enkemannen Tarjei Olavsson Dysje på Skolås. Korleis det gjekk med denne guten veit me ikkje, men mora døydde som ugift fatiglem einkvarstad i Stavenes i 1884.

I 1863 hadde Olav Hallvardsson Gjerden fått slå seg ned på ein jordteig nordom Fiskleimhylen, og byrja å byggje opp det bruket som sidan skulle verta heitande Sollid (sjå nærare omtale der). I 1864 fekk han husmannskontrakt. Endå dette var etter at Olav hadde overteke heile bruket, var det Tarald som skreiv under på kontrakta som jorddrott. Rimelegvis kom dette av at det tinglyste dokumentet vart oppfatta som ei stadfesting av ei eldre, muntleg avtale, og den var det Tarald som hadde inngått.

Men i folketeljinga frå 1865 er det sonen som er oppskriven som husbond:

  • Olav Taraldsson Mosdøl, f 1830, d 1871
g 1853 m Eli Eivindsdtr. Trydal, f 1835, d 1914, g 2 1874 m Gunstein Gjermundsson Byklum, ikkje born.

Eli Eivindsdotter var frå Storstein, Trydal, dotter åt Eivind Ånundsson Trydal på det bruket, og kona, Turid Kjetilsdotter, fødd Tveiten (Valle). Etter Olav var borte gifte Eli seg i 1874 omatt med Gunstein Gjermundsson Byklum (Sjå Uppistog Byklum, gnr 14, bnr 5).

Etter oppgåvene i folketeljinga sat Olav og Eli i 1865 med hest, 13 kyr, 20 sauer, 15 geiter og 1 gris. Dei sådde 3 1/2 tunner bygg og sette 6 tunner jordeple.

Olav Taraldsson og Eli Eivindsdotter var barnlause, og så fekk Olav tæring og døydde hausten 1871. Same hausten flutte Ånund, bror åt Olav, hit frå Nordstog Stavenes og overtok bruket. På skiftet etter Olav, som vart slutta sumaren etter, vart gardverdet sett til 800 speciar.

  • Ånund Taraldsson Mosdøl, f 1839, d 1873
g 1861 m Birgit Ånundsdtr. Tveiten, f 1841, d 1872. Born:
  • Torleiv, f 1862, d 1865
  • Ånund, f 1864, d 1866
  • Torleiv, f 1866, d 1938, ug, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1871, tvill., d 1871
  • Vilborg, f 1871, tvill., d 1871
  • Ingebjørg, f 1872, d 1872

Birgit Ånundsdotter kom frå Heimtveiti, og var dotter åt Ånund Hallvardsson Tveiten og kona, Vilborg Gunnarsdotter. Ein kan lett koma på den tanken at Ånund og Birgit var for skjote til å flytje hit etter at Olav døydde, for den same sjukdomen som hadde knekt han, tok dei båe, Birgit alt neste vår, Ånund omlag eit år seinare.

På skiftet etter desse hausten 1874 gjekk garden til den 12 år gamle Torleiv, det einaste attlivande barnet åt Ånund og Birgit. Han flutte til Lunden, til Dreng Hallvardsson og familien hans, og budde der til han vart vaksen.

I åra som fylgde ymsa det nok med brukarar frametter. Me har ikkje oversyn over meir enn ein del av desse, men Jon Olsson Hoslemo var iallfall her på slutten av 1870-åra, og av folketeljinga frå 1891 går det fram at Olav Helleiksson Glidbjørg og familien hans var innom her det året. Torleiv Ånundsson budde på den tid ilag med brukarane. Sidan er det likt til at han mykje av tida var åleine på bruket.

folketeljinga i 1900 vart oppteke, hadde han rett nok Ingebjørg Asbjørnsdotter Berdalen (f 1833) i huset, men ho var legdslem, og ikkje i den gamle stoga her, forflutte snart vidare. Ho døydde einkvarstad i Trydal i 1906.

Stundom var her også andre folk innom og lutbruka garden for Torleiv. Mellom dei som var her på slike vilkår kan nemnast Olav Jonsson Hoslemo, son åt ovannemnde Jon Olsson. Son åt Olav Jonsson att, Knut O. Lyngtveit, og Hallvard Ånundsson Tveiten, slo til helvtings med Torleiv eit par sumrar på byrjinga av 1930-talet, fortel Tore K. Mosdøl.

Torleiv Ånundsson Mosdøl budde ikkje i den gamle stoga her, fortel Tore K. Mosdøl, han heldt til i eldhuset. Stoga tok han ned, og bruka det av tømmeret som var noko å ha, då han bygde seg nytt fjos i 1923. Tore Mosdøl fortel også at då foreldra hennes var til Mosdøl og dreiv i slåtten i fyrstninga av 1930-talet, låg dei på låven. At gamlestoga ikkje vart nytta, og knapt var buande i, vert stadfest av interiørfotografiet her, som vart teke av Gisle Midtun i 1916. Hit frå Setesdalsmuseet.
Torleiv Ånundsson Mosdøl på eit bilete me har fått frå Ingebjørg Vegestog.
  • Torleiv Ånundsson Mosdøl, f 1866, d 1939, ug

Torleiv sette opp nytt fjos i 1923. Han sat med garden til han døydde i 1939. Då overtok Olav Knutsson Stavenes frå grannebruket Lunden, som kaupte eigedomen på auksjonen etter Torleiv for 25 000 kr. Olav sto som eigar til 1965, men sonen, Lisle-Knut bruka eigedomen frå han gifte seg i 1947.

Tore og Knut Mosdøl i 1947.
Huset til Tore og Knut Mosdøl, truleg fotografert ein gong kring 1980. Tore står på terassen og biletet er hennes.
Knut O. Mosdøl køyrer høy ein gong kring 1970. Foto: Tore K. Mosdøl.
  • Knut Olavsson Mosdøl (y.), f 1919, d 1994
g 1947 m Tore Knutsdtr. Lyngtveit, f 1926. Born:
  • Olav, f 1948, siv.ing., g m Elise Foldøy, sjå nedanfor
  • Kåre, f 1951, lærar, busett Askim, g m Anita Eidem, born:
  • Karen, f 1982
  • Kristin, f 1984,
  • Lene, f 1983
Gunnar g m Alexandra Oppedal.
  • Hildegunn, f 1961, sekretær,sb m Tom Olav Trydal, sjå Soltun, gnr 15, bnr 28
  • Grethe, f 1972, sj.pl., busett Faremo g m Steinar Nomeland

Tore Knutsdotter er frå Lyngtveit. Ho er dotter åt Knut Olavsson på det bruket og kona, Gunhild Ånundsdotter, fødd Tveiten.

Knut arbeidde ved sidan av gardsbruket som bygningsmann. I 1951, då det var klart at han skulle taka over bruket, sette han opp nytt bustadhus her. Det er i to høgder og har ei grunnflate på 88 m². Fyrste høgda er ei bordkledd tømre, medan andrehøgda er i reisverk.

Buskapen i 1953 var 4 kyr, 3 kalvar og 26 sauer.

Tore Mosdøl bur i huset som Knut sette opp i 1951. Ho er lokalhistorisk interessert, og medlem i den kommunale bygdeboknemnda.

Eldstesonen Olav overtok garden i 1991. Han er sivilingeniør og arbeider i Otra Kraft.

  • Olav Knutsson Mosdøl, f 1948
g 1982 m Elise Foldøy, f 1952. Born:
  • Knut Olav, f 1986, busett i Oslo
  • Margrethe, f 1987, g m Espen Haugland Andersen, busett i Oslo

Elise kjem frå Stavanger. Foreldra hennes er Mathias Foldøy og kona, Borghild, fødd Skaar. Ein kuriositet som kan vera verd å nemne, er at Borghild Foldøy kjem frå Ombo i Ryfylke, medan Tore Mosdøl, mor åt Olav, kjem frå Umba (sjå Lyngtveit) i Bykle.

Elise var tidlegare kontordame, men arbeider nå (2003) som aktivitør på bygdeheimen.

Olav og Elise sette seg opp nytt bustadhus på garden i 1984. Dette brann ned til grunnen for dei hausten 1996, så sumaren 1997 laut dei byggje seg endå eit nytt hus. I tida mellom brannen og ferdigstillinga av det nye huset budde dei i eitt av husa åt I/S Øvre Otra i Nedre Sarv, Kraftly, gnr 15, bnr 83.

I 1994/95 hadde dei også sett opp eit nytt sauefjos innåt løa frå 1840. Dei slutta med sauedrift på bruket hausten 2002.

Etter noko omtrentlege oppgåver i kommunearkivet skal eigedomen vera på 45 mål innmark og kring 5500 mål utmark. I tillegg kjem brukets del av Mosdølsameiget i Bygdeheii.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Mosdøl (Bykle gnr 13/3) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Mosdøl • Neste bolk: Neire Mosdøl

Koordinater: 59.35023° N 7.33474° Ø