Tarald Olavsson Mosdøl (1797–1867)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stoga og loptet i Mosdøl vart bygd i Alv Ånundsson Mosdøl sin tid. Han var oldefaren til Tarald, og desse bygningane sto på tunet heilt til stoge vart rive i 1923 – så her budde Tarald Mosdøl. Loptet står framleis.
Foto: Gisle Midtun (omkr. 1916).

Tarald Olavsson Mosdøl (fødd 1797 i Bykle, død 25. oktober 1867 same staden) var gardbrukar på Mosdøl i Bykle.

Han var son av Olav Taraldsson Mosdøl (1747–1827) og Gunhild Jonsdotter Vatnedalen (1766–1843), og var odelsgut og nest eldst i flokken deira på seks born. Slekta hadde vore gardbrukarar på Mosdøl sidan 1710, då Olav sin oldefar Alv Ånundsson Mosdøl (omkr. 1671–1737) vart oppsitjar.

Den 21. juni 1822 vart Tarald Olavsson gift med Ingebjørg Ånundsdotter Trydal. Ho var frå Storstein, og var dotter av Ånund Pålsson Stavenes (1757–1838) og den andre kona hans, Birgit Såvesdotter Trydal (1772–1849). Dei fekk elleve born:

  • Torleiv, f 1822, d 1822.
  • Gunhild, f 1824, d 1829.
  • Birgit, f 1826, g 1849 m em Tarjei Olavsson Trydal, sjå Systog Trydal, gnr 17, bnr 2.
  • Tore, f 1828, d 1846.
  • Olav, f 1830, g 1853 m Eli Eivindsdtr. Trydal. Tok over Mosdøl etter faren.
  • Gunhild, f 1832, g 1854 m Dreng Hallvardsson Tveiten, sjå Lunden, bnr 1.
  • Jorunn, f 1834, g 1855 m Ånund Pålsson Byklum, sjå Kultro, gnr 14, bnr 8.
  • Ragnhild, f 1838, d 1838.
  • Ånund, f 1839, g 1861 m Birgit Ånundsdtr. Tveiten, tok over Mosdøl etter broren Olav, jfr. Nordistog Stavenes, gnr 16, bnr 2.
  • Torleiv, 1842, d 1862, sjå nedanfor, jfr Myri Holen, gnr 12, bnr 1.
  • Jon, f 1845, g 1866 m Sigrid Torleivsdtr. Holen, sjå Myri Holen, gnr 12, bnr 1.

Då Olav og Gunhild Mosdøl to foddog i 1825 tok Tarald over garden. Året etter lot han systera Margit Olavsdøtter Mosdøl (1801–1864) og mannen hennar, Åsmund Olavsson Berdalen (1799–1888) få plassen Skadden under Mosdøl på livstid. Tarald må ha vore ein dugandes bonde og flink med pengar. I 1840 sette han opp ei stor, ny løe på tunet. Han kjøpte også fleire bruk: I 1845 kjøpte han Nordstog Stavenes, og i 1852 Myri. Sønene Torleiv Taraldsson Mosdøl (1842–1862) og seinare Jon Taraldsson Mosdøl (1845–1866) fekk Myri, og Ånund Taraldsson Mosdøl (1839–1861) fekk Nordstog Stavenes.

Tarald Mosdøl var i fleire rettsretter med Hallvard Ånundsson Tveiten (1775–1862) på Heimtveiti. Problema starta då Hallvard Tveiten flytte til Lunden på Mosdøl i 1837. Ifølgje Knut Gjerden var Tarald noko sjølvhøgtideleg, medan Hallvard var flåkjefta.[1] Dei ende opp i retten i fleire vender.

I 1857 møtte Tarald Mosdøl engelskmannen Frederick Metcalfe. Han reiste fleire gonger rundt i Noreg, og skreiv bøker om det. I boka The Oxonian in Thelemarken; or, Notes of travel in southwestern Norway in the summers of 1856 and 1857. With glances at the legendary lore of that district frå 1858 skildrar han reisa gjennom Bykle. Det var Hallvard Ånundsson Tveiten som var skjusskaffar, men han var på støylen og ville ikkje koma ned. Metcalfe fortel at han fann ein annen bonde, som han kallar Tarald Mostue – det var altså Tarald Olavsson Mosdøl. Han fekk overtala han til å gje han husrom, og Tarald skaffe den fyrste friske mjølka Metcalfe hadde fått sidan han var i Christiania. Tarald drog attende til støylen, men skulle koma att neste dag og gje Metcalfe skjuss til Vatnedalen.

På turen til Vatnedalen bad Tarald engelskmannen om å klage til futen på Hallvard Tveiten. Han ville ha ombodet som skjusskaffar sjølv, og det var vel òg eit fint høve til å gje erkefienden et spark. For å innynde seg hos Metcalfe slo han om seg med fromme talemåtar, for han skjøna at Metcalfe var prestelærd. Metcalfe skriv at dette var rein hykling. Då dei kom fram kravde Tarald høgare betaling enn det som var vanleg for kosten, husrom og skjuss. Han vart så arg at då han skreiv boka året etter omtalar han Tarald som ein tynnlippa farisear.[2] Knut Gjerden tek Tarald i forsvar, og seier at det Metcalfe ikkje skjøna var at då han fekk ein lågare pris hos Kittil Vatnedalen var det av di han skulle same vegen, medan Tarald måtte ta ei ekstra reise. Vi veit ikkje sikkert kva for Kittil det var som frakta Metcalfe vidare, men det var truleg ein av to brør på Der hite som både heitte Kittil Knutsson Vatnedalen. På den andre sida, Metcalfe har elles berre godt å seie om setesdølar, så det var noko ved Tarald som verkeleg ergra han.

Tarald miste kona si i 1862. Han var då 65 år gamal, men det var visst framleis krut i han. Den 31. mars 1864 vart nemlig Hæge Taraldsdotter fødd. Ho skulle berre få leve i fjorten dagar. Mora var Sigrid Knutsdotter Byklum (1838–1884) frå Juvet.

Han vart gravlagd frå Bykle kyrkje den 1. november 1867.

Referansar

  1. Gjerden 1993: 458.
  2. Metcalfe 1971: 193.

Litteratur og kjelder