Hallvard Ånundsson Tveiten (1775–1862)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hallvard Ånundsson Tveiten vart fødd og døydde på Heimtveiti. Løa er frå kring 1750, og det er òg den vestre delen av stoga – så dei stod her då Hallvard hadde garden.
Foto: Folke Nesland

Hallvard Ånundsson Tveiten (fødd 1775 i Bykle, død 1862 same staden) var gardbrukar og skjusskaffar i Bykle.

Han var son av Ånund Hallvardsson Tveiten (1750–1810) og den fyrste kona hans, Gunvor Tarjeisdotter Gjerden (d. 1805). Dei budde i Heimtveiti, der den fyrste brukaren var Hallvards farfars farfars farfar Orm Gunsteinsson Kyrvestad som er nemnd 1610-1645. Hallvard Ånundsson var det tredje av fire born, og andre son i familien. Men den eldre broren, som òg het Hallvard, døydde i 1771, same året som han vart fødd, så vår Hallvard var odelsgut.

I 1806 vart han gift fyrste gongen med Ingebjørg Drengsdotter Byklum. Ho var dotter av Dreng Torleivsson Byklum (1746–1794) og Birgit Torleivsdotter Bjørnarå (1751–1796) på Innistog Byklum.

Hallvard og Ingebjørg fekk to born:

  • Gunvor, f 1806, g 1826 m Sigbjørn Knutsson Vatnedalen, sjå Vatnedalen Der hite, gnr 6, bnr 4.
  • Ånund (e.), f 1807, d 1832, ug., døydde av tæring.

Ingebjørg døydde altså same året som Ånund vart fødd.

I 1812 gifta Hallvard seg for andre gongen med Birgit Ånundsdotter Rike (1786–1874). Ho kom frå Ròta Rike i Valle, og var dotter av Ånund Olavsson Rike og Gunvor Drengsdotter Rike. Dei fekk ti born:

  • Ånund, f 1813, d 1813
  • Ingebjørg, f 1814, d 1815
  • Ånund (y.), f 1815, g 1836 m Vilborg Gunnarsdtr. Åkre.
  • Ingebjørg, f 1818, g 1835 m Olav Gunnarsson Åkre, sjå Valle IV, 136, jfr nedanfor
  • Gunvor, f 1820, g 1843 m Såve Hallvardsson Røysland, sjå Valle VI, 525 f
  • Dreng, tvill., f 1823, d 1823
  • Dødfødd gut, tvill., 1823
  • Tone, f 1825, d 1825
  • Tone, f 1826, g 1849 Andres Jonsson Brotteli, sjå Brotteli
  • Dreng, f 1830, g 1854 m Gunhild Taraldsdtr. Mosdøl, sjå Lunden Mosdøl

I 1804 fekk Hallvard Tveiten òg tvillingdøtrer med ei Gyro Olsdotter Byklum. Ei av dei vart heitande Torbjørg Hallvardsdotter, medan den andre ikkje har noko namn. Både døydde som spedborn. Vi veit ikkje sikkert kven Gyro var; det kan ha vore ho som vart fødd på Heimigard Røysland i Valle i 1778.

Johannes Skar har i Gamal or Sætesdal fortald at ein Hallvard Ånundsson prøvde å få tak i ein av skattene som stortjuven Kjetil Tjov hadde gøymt i fjellet, men utan hell:

Hallvor Tveiten vilde taka medelen i Hårshovden. Medelen sto der som soli tærde fyrst. Men han somna, Hallvor, med same ho [dvs. soli] kom.
Gamalt or Sætesdal I, 307

I 1830 kjøpte Hallvard Berget Mosdøl på auksjon for 352 speciedaler, og i 1837 kjøpte han Lunden Mosdøl for 697 daler. Han flutte dit med kona og dei yngste ungane, og overlet Heimtveiti til sonen Ånund Hallvardsson Tveiten (1815–1887). I 1850 kjøpte han òg Bjones, men den gav han straks vidare til versonen Olav Gunnarsson Åkre. Truleg eigde Hallvard òg ei tid Kosi.

Då Hallvard flutte til Lunden oppstod det ein konflikt med naboen Tarald Olavsson MosdølMosdøl. Dei møttes fleire gonger i retten. Ifølgje Knut Gjerden var Tarald noko sjølvhøgtideleg, medan Hallvard var flåkjefta.[1]

I 1855 heldt Hallvard og Birgit «opgivelsesskifte». Dei budde på Lunden, som sonen Dreng Hallvardsson Tveiten (1830–1906) hadde teke over i 1853. Han var gift med Gunhild Taraldsdotter Mosdøl (1832–1896), som var dotter av Tarald Mosdøl. Om ikkje Hallvard og Tarald fann tonen, klarte i alle høve to av borna deira å få det til.

I 1857 var engelskmannen Frederick Metcalfe på reise i Setesdal. I Bykle kalla han på skjusskaffaren, men Hallvard var på støylen. Det vart Tarald Mosdøl som frakta han til Vatnedalen, og han prøvde å få Metcalfe til å klage på Hallvard Tveiten så han sjølv kunne frå ombodet som skjusskaffar. Metcalfe likte ikkje Tarald Mosdøl noko særleg, så det kom ikkje noko ut av det.

Ei tid seinare flutte Hallvard og Birgit attende til Heimtveiti, der han døydde i 1862.

Referansar

  1. Gjerden 1993: 458.

Litteratur og kjelder