Johannes Skar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Johannes Skar 1864.
Foto: Frå Maal og Minne 1914. (Ukjend.).
Bysta på Årdal kyrkje sin kyrkjegard vart laga av Dyre Vaa i 1924.
Foto: Siri Johannessen (2017).

Johannes Skar (fødd i Øyer 18. november 1837, død i Bygland 3. februar 1914) var folkeminnesamlar og lærar knytta til den grundtvigianske friskule- og folkehøgskulerørsla. Han er mest kjend for det store folkeminneverket Gamalt or Sætesdal. Han var svoger og nær ven av Christopher Bruun. Han starta den fyrste friskulen i landet.

Skar var fødd og oppvaksen på garden Skard i Øyer i Gudbrandsdalen. Foreldra var gardbrukarparet Ole Torsteinson Skard (1804-1886) og Mari Johannesdotter Lånke (1814-1894). Johannes hadde åtte sysken. Særleg kjend er broren, skulemannen Matias Skard (1846-1927), som var far til mellom andre filolog, professor Eiliv Skard (1898-1978) og litteraturhistorikar, professor Sigmund Skard (1903-1995). Systera Kari var gift med Christopher Bruun. Gards- og familienamnet Skard vart skrive med og utan d av ulike medlemmer av familien. Matias skreiv Skard, Johannes sløyfa d'en. Johannes Skar var ugift.

Etter allmugeskulen gjekk Skar latinskulen på Lillehammer, der han lærde å kjenne Christopher Bruun, som var medelev der. Skar tok eksamen artium i 1859. Han byrja studiar ved universitetet i Christiania. Der tok han andreeksamen i 1860, og hadde opphavleg tenkt å bli prest. I staden fatta han sterk interesse for historie og gammalnorsk og gjekk over til filologistudiar. Ei stund var han huslærar i Risør, der han fekk eit nervesamanbrot og måtte slutte. Helse- og pengeproblem fekk han også til å gje opp vidare universitetsstudiar, og han tok i staden til som lærar. Han var mest huslærar, fyrst for sine eigne yngre sysken på Skard. I samråd med Christopher Bruun praktiserte han grundtviginspirerte metodar i dette arbeidet, mellom anna ved å fortelje i staden for å gje lekser, og ved å nytte eiga dialekt i undervisninga. Som huslærar i 1860-åra verka han elles i Ullensaker, i Haus i Nordhordland og i Østerdalen.

I 1870 var han med Christopher Bruun til folkehøgskulen i Sel. Her møtte han Sigurd Blekastad og andre friskuleinteresserte elevar. Sommaren 1871 var han i lag med Bruun, Kristoffer Janson og Olav Åsmundstad på studiereise til den danske folkehøgskulen Askov.

På hausten det same året 1871 starta Skar den fyrste friskulen i landet i Gausdal. Christopher Bruun og bonde Per Bø var støttespelarar. Skar heldt på med dette til 1873. Det året drog han på initiativ frå Vonheim-folket til Setesdal med det føremålet å finne mest mogleg fullstendige variantar av Draumkvedet. Akkurat den oppgåva lykkast ikkje. Men året etter drog han attende til Setesdal for å samle inn folkeminne. Han tok opphald på Frøysnes i Bygland.

I ei årrekkje var Skar også her huslærar, mellom anna for den seinare diktaren Hans E. Kinck og syskena. Skar hadde også lært seg blekksmedfaget. Dette fann han nødvendig for å livberge seg medan han dreiv med primæroppgåva, minneinnsamlinga. Men samstundes var kombinasjonen av handverk og intellektuelt arbeid heilt i samsvar med ideala som folkehøgskuleideologien, og ikkje minst den leiande ideologen Christopher Bruun, framheva som sterkt ønskelege. I 1881 fekk Skar økonomisk stønad frå velhavande personar i Kristiansand. Det var Jørgen Moe og Jørgen Løvland som hadde fått ordna med dette. I 1882 fekk Skar universitetsstipend for å vidareføre arbeidet, dette visstnok på tilråding frå Peter Christen Asbjørnsen.

Skar forlet førebels Setesdalen i 1883, og levde så av blad- og skulearbeid fram til 1896. Han budde den tida mykje i Gausdal, og var nær knytta til Vonheim-krinsen. Det ligg føre litt motstridande opplysningar om den konkrete verksemda hans knytta til folkehøgskulen. Kvideland skriv at han underviste der i tidsrommet 1883-1892, medan Olav Bø i den fyrste utgåva av Norsk biografisk leksikon fortel at Skar, trass den nære tilknytinga han hadde til Bruun og andre i krinsen, aldri sjølv kom til å verke som lærar ved Vonheim.

Da han i 1897 fekk statsstipend, flytta Skar til Setesdalen på nytt. Han budde der nokså samanhengande resten av livet. Dei siste åra hadde han heimen sin på Neset i Årdal sokn i Bygland.

Fyrste bandet av Gamalt or Sætesdal vart trykkeklart i 1901, men kom ut fyrst i 1903 på eige forlag i Kristiania. Resten av verket på i alt åtte band vart utgjeve på Olaf Norlis forlag. Siste bandet kom posthumt i 1916. Også band sju kom etter at Skar sjølv var død. Det var Knut Liestøl som stod for utgjevinga av dei posthume banda.


Kjelder og litteratur