Olaf Norli

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Olaf Norli (fødd 1861 i Aker, død 1959 i Oslo) var forlagsbokhandlar og norskdomsmann, bror til Kristian Nordlid. Han voks opp i Nordlia på Sjursøya. Namneskifte frå Olsen til Norli i 1890.

Foreldra var fiskar Hans Olsen Norli og Lovise Kathrine Christophersdotter. Han var gift med Signe Louise Linnert (fødd 1868, død 1935).

Olaf Norli tok mellomskuleeksamen i 1877, sidan fagutdanning i Königsberg, Leipzig og Paris. Saman med Olaf Huseby skipa han i 1883 bokhandel i Karl Johans gate 39, sidan dreiv han i åra 1809–1948 eiga forretning (forlag, bokhandel og antikvariat) i Universitetsgaten 24. Frå hundreårsskiftet var han forleggjar for dei fleste nynorske forfattarane, mellom anna Olav Duun, Tore Ørjasæter, Anders Hovden, Hans Seland, Jens Tvedt. Frå 1913 til 1932 gav han ut biletbladet For Bygd og By, det meste av tida med store tap. I 1890-åra ofra han òg mykje pengar på tidsskrifta Vor Tid og Kringsjaa. I 1937 skipa han eit fond på 100.000 kroner til stipend for studentar på Universitetet i Oslo. Olaf Norli hadde mange tillitsombod.

Kjelder og litteratur

  • Breidsvoll, E. og S. Eskeland i Norsk Allkunnebok band IX. Oslo 1959.
  • Tanum, Johan Grundt i Norsk biografisk leksikon bind X. Oslo 1948.
  • Tveterås, Egil i Norsk biografisk leksikon bind 7. Oslo 2003.
  • Olaf Norli i Historisk befolkningsregister.