Friskolar - grundtvigianske

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Friskolar)
Hopp til navigering Hopp til søk

Friskolar var på 1800- og det tidlegaste 1900-talet ei nemning som helst var knytta til grundtvigianske barneskolar (jf. artikkelen Friskolar/privatskolar for omgrepsbruken). Dei grundtvigianske friskolane var privatskolar som vart drivne i folkehøgskolens ånd, men som i motsetnad til folkehøgskolane var innretta for born under konfirmasjonsalder, som alternativ til allmugeskolen/folkeskolen. Desse friskolane var foreldrestyrte, og det var foreldra som skaffa lokale, midlar til lærarløn og til drifta elles. Skolelovgjevinga gav rom for såvorne privatskolar under føresetnad av at elevane gjennomgjekk eksaminasjonar i medhald av fastskolelova av 1860.

I Noreg vart det starta ei rekkje slike friskolar i ein dryg trettiårsbolk frå 1870-åra av, i hovudsak geografisk avgrensa til Gudbrandsdalen. Lærarane der hadde bakgrunn frå Christopher Bruuns folkehøgskole, og pedagogikken dei praktiserte var sterkt grundtvigiansk influert. Det innebar at det skulle vere lite av pugging og eksaminering, men dess større vekt på «det levande ordet», dvs. munnleg, forteljande framstilling som alternativ til lærebøker. Norskdom og kristendom var berebjelkar i undervisninga.

Friskolane i Noreg på 1800-talet var direkte inspirert av det tilsvarande fenomenet i Danmark, der skoleslaget fekk ei mykje større utbreiing enn her til lands. Den fyrste danske friskolen vart starta av folkehøgskolemannen Christen Kold på Fyn i 1852. Det utvikla seg til å bli ei heil rørsle, tett knytta til den grundtvigianske folkehøgskolerørsla. Dansk Friskoleforening vart skipa i 1886.

Sommaren 1869 reiste Ingvar Bøhn og Sigurd Blekastad til Danmark for å studere folkehøgskolane og friskolane der. Bøhn var lærar og Blekastad elev ved Christopher Bruuns skole på Romundgard i Sel. Etter heimkomsten vinteren 1869 heldt Blekastad eit fengande foredrag der om friskoletanken og Christen Kolds verksemd. Fleire av dei som høyrde på foredraget, starta sjølve friskolar i åra som følgde.

Fyrst ute var Johannes Skar i Gausdal i 1871, der Olav Åsmundstad seinare tok over. Hallvard Ofigsbø tok same året initiativ til friskole i Lom. Den kom i gang året etter med Andreas Austlid som lærar. Stefan Frich grunnla sin friskule i Fåberg i 1874, Ivar Blekastad i Gausdal 1875. Martin Andersen i Fron skal også ha halde friskole av denne typen. Det dreia seg i alle desse tilfella om små skolar, med ein lærar, eventuelt med ein eller to personar til hjelp. Den lengstvarande var Stefan Frichs friskole som heldt det gåande i 30 år til 1903. Han som så å seie gav signalet til friskolerørsla i Gudbrandsdalen, Sigurd Blekastad, skal også sjølv ha drive slik undervisning i mindre skala i Sel.

Utanom Gudbrandsdalen fanst det døme på friskolar i Østerdalen. I Elverum fekk skogeigaren og venstremannen Helge Væringsåsen i gang to friskolar i 1873, men den eine av desse var rett nok for vaksne. Læraren der heitte Torp. I Kvikne starta foreldre opp ein friskole for 50 born i 1874 med den grundtvigianske læraren Eystein Kvam i spissen (sjå eigen artikkel om friskulen i Kvikne).

Anders Skrondal (1936) nemner at Martin Krokstad i Rindal skal ha starta friskole. Haakon Aasvejen dreiv Hornindalens friskole 1887-90.

Folkeskolelova av 1889 imøtekom fleire av dei krava friskoletilhengarane stilte til den offentlege skolen, både kva galdt foreldreinnverknad og fagleg og pedagogisk innhald. Det er venteleg ei hovudårsak til at friskolerørsla ebba ut mot slutten av århundret.

Kjelder og litteratur

  • Hagen, Olav Tryggve (red.): Kvikne. Ei bygdebok. Band I bygdesoga. I komm. hos AS Bokcentralen, Oslo 1952.
  • Haugen, Rolf: Grundtvigske friskoler i Gudbrandsdalen ca. 1870-1900. Hovedoppgave i pedagogikk ved Pedagogisk forskningsinstitutt, høsten 1980.
  • Salmonsens konversationsleksikon. 2. utg. Band IX. København 1920.
  • Skrondal, Anders: Grundtvigianismen i Noreg. Bergen 1936.
  • Thorkildsen, Dag: Grundtvigianisme og nasjonalisme i Norge i det 19. århundre. KULTs skriftserie nr. 70, Norges forskningsråd 1996.