Juvet (Bykle gnr 14/4)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Juvet
Byklum 59.jpg
Neire (bnr 4) og Evre Juvet (Fådapen, bnr 20) i 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: omkr. 1836
Utskilt: 1848
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 4
Type: Husmannsplass

Juvet ligg på brotet ned mot Otra i Bykle, nedanfor Bykle Samyrkelag. Det vart utskilt frå Utistog og skyldsett som ei eiga eining i 1848, men me vil nok tru at det hadde vorte teke i bruk som husmannsplass nokre år tidlegare, helst kring 1836.

Bakgrunnen for utskiljinga var at brørne Tarjei og Knut Åvoldssøner i Utistog Byklum hadde overteke heimebruket i fellesskap på skiftet etter foreldra i 1809, og at Tarjei, som var den eldste, sidan hadde kaupt ut Knut. I og for seg kunne det lege nær å å tenkje seg at Knut fekk Juvet som erveoppgjer, men ettersom han i 1848 gav broren 235 speciar i innfestingspengar, vil me tru at han må ha teke imot odelsløysing på eit tidlegare tidpunkt.

Ettersom han fekk ervefeste «for sig og kone samt deres arvinger i nedstigende linje», og ettersom plassen samstundes vart skyldsett til 30 skilling, må ein vel nærast oppfatte denne verestaden som eit sjølveigande småbruk frå 1848, jamvel om han formelt skulle heite plass, og jamvel om oppsitjarane skulle gjeva ei årleg leige på 2 speciar til eigarane av Utistog.

Knut Åvoldsson var altså fyrste oppsitjaren her, og me reknar med at han hadde bygd her og bruka staden som husmannsplass omlag frå han gifte seg i 1836. Iallfall er han oppført som husmann i kyrkjeboka tom. juni 1848, medan han sidan vert kalla gardmann. Ved sidan av jordbruket sitt var Knut lærar, og såleis ein for si tid lærd mann.

  • Knut Åvoldsson Byklum, f 1804, d 1880
g 1836 m Gro Arnesdtr. Berdalen, f 1813, d 1897. Born:
  • Åse, f 1836, g 1874 m Knut Jonsson Nesland, sjå Kosi, bnr 28
  • Sigrid, f 1838, d 1884, ug, sjå nedanfor
  • Åvold, f 1840, d 1840
  • Åvold, f 1841, g 1866 m Borghild Åsmundsdtr. Stavenes, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1844, d 1844
  • Arne, f 1845, d 1847
  • Arne, f 1848, g 1877 m Margit Olavsdtr. Stavenes, sjå Lii, bnr 3
  • Birgit, f 1852, g 1888 m Olav Halvorsson Oddeskar, sjå Sollid, gnr 13, bnr 38
  • Tarjei, f 1857, g 1.1883 m Anne Knutsdtr. Gjerden, f 1859, til Amerika 1883 g 2. 1897 m Jorunn (Julia) Steinsdtr. Flateland, f 1872, utv. 1893 (jfr. Valle VI, 451 f og 251), 1900 busett Chester Township, Polk County, Minnesota, born, iallfall:

Gro Arnesdotter var frå Berdalen Der uppe. Arne Olavsson Berdalen og kona, Sigrid Knutsdotter, var foreldra hennes.

Fyre han gifte seg og fekk borna i lista ovanfor, hadde Knut også fått dottera Birgit, som var fødd i 1829. Mor hennes var Jorunn Tarjeisdotter Bjones, ei dotter av Tarjei Knutsson Bjones og kona, Birgit Tarjeisdotter. Birgit Knutsdotter vart berre 2 månader.

Sigrid Knutsdotter fekk i 1864 dottera Hæge, men dette barnet vart berre 14 dagar gamalt. Faren var enkemannen Tarald Olavsson Mosdøl. I 1869 fekk Sigrid også ein son med enkemannen Tarjei Olavsson Dysje på Skolås. Korleis det gjekk med denne guten veit me ikkje, men mora døydde som ugift fatiglem einkvarstad i Stavenes hausten 1884.

I 1865 sat Knut og Gro med hest, 5 storfe, 17 sauer og 5 geiter. Dei sette 3 1/2 tunner jordeple, og sådde 1 1/2 tunner bygg.

Året etter at desse oppgåvene vart innsamla gifte eldstesonen seg og overtok bruket:

  • Åvold Knutsson Byklum, f 1841, d 1903
g 1866 m Borghild Åsmundsdtr. Stavenes, f 1835, d 1922. Born:
  • Knut, f 1867, g 1.1891 m Anne Hallvardsdtr. Jore, g 2. 1903 m Åse Olavsdtr. Hisdal sjå nedanfor
  • Gro, f 1870, g 1908 m Auver Olavsson Gjerden, sjå Evre Haugen, bnr 30
  • Åsmund, f 1873, d 1873
  • Åsmund, f 1874, g 1912 m Asgjerd Torleivsdtr. Gjerden, sjå Fådapen, bnr 20
  • Olav, f 1877, d 1878
  • Birgit, f 1880, d 1901, ug

Borghild Åsmundsdotter var frå Systog Stavenes. Foreldra hennes var Åsmund Sigbjørnsson Stavenes og kona, Birgit Olavsdotter.

I 1875 var buskapen åt Åvold og Borghild 1 hest, 1 fole, 4 kyr, 3 ungnaut og kalvar, 13 sauer og lam, 4 geiter. Forutan desse kretura var her også 1 kyr, 1 kalv, 4 sauer og 3 geiter som høyrde til ei enke som budde til leige her. Me kjem straks attende til henne. Sånaden på bruket i 1875 var 6 1/2 tunner jordeple og 1 5/8 tunner bygg.

Me nemnde at her var ei enke som åtte ei handfull kretur. Namnet hennes var Ingebjørg Olavsdotter Nesland, ho var fødd i 1816 og enke etter Gunnar Knutsson Nesland, som døydde på Vodden Nesland i 1843. Ho er difor også omtala under det bruket, men i 1875 var ho altså busete her. Med seg hadde ho den gamle mor si, som også heitte Ingebjørg Olavsdotter. Ho var fødd i 1792, og enke etter Olav Olavsson Gjerden, som sat på Vodden fyre Gunnar Knutsson. Mor og dotter vart buande som busetar her på Juvet til mora døydde i 1887. Sidan er det likt til at dottera måtte ifrå. Ho døydde som fatiglem einkvarstad på Nesland i 1898.

I 1879 hadde Hallvard Drengsson Mosdøl, som hadde lånt ut noko pengar til Åvold, vorte lei av å vente på oppgjer. Han sytte difor for å verta tilkjend eigedomsretten til årsavlinga året etter. Knut Åvoldsson protesterte mot dette, og meinte på at det var han som åtte grøda, men denne protesten kunne ikkje takast til fylgje avdi faren framleis sat med heimelen til eigedomen, jamvel om han formelt alt i 1870 hadde gjeve seg i foddog til eldstesonen.

Etter at Åvold var død i 1903 vart Borghild, enka hans, sitjande med bruket til 1910, då ho overdrog det til eldste sonen. Skøytet vart tinglyst i 1913:

  • Knut Åvoldsson Byklum, f 1867, d 1957
g 1. 1891 m Anne Hallvardsdtr. Jore, f 1861, d 1898. Born:
  • Åvold, f 1891, til Amerika 1907, seinare lagnad ukj.
  • Dødfødd gut, 1893
  • Dødfødd gut, 1894
  • Dødfødd gut, 1895
  • Dødfødd jente, 1897
  • Borghild, f 1898, g 1928 m Olav Sveinsson (Heggtveit, Ljostad), busett Dalen, sjå Mo bygdebok I, 171, 254, born:
  • Astrid, f 1929, d 2002 ug.
  • Sverre Svendsen, f 1930, d 2005, anl.arb., busett Dalen, g m Gro Lio, f 1937
  • Anne, f 1937, d 1985, ug
g 2. 1903 m Åse Olavsdtr. Hisdal, f 1872, d 1915. Born:
  • Dødfødd gut, 1900
  • Birgit, f 1904, d 1998 ug
  • Hæge, f 1905
  • Anne, f 1908, d 1910
  • Olav, f 1910, d 2001, ug
  • Dødfødd jente, 1914

Anne Hallvardsdotter var frå Rusto under Jore i Valle. Foreldra var Hallvard Jørundsson Jore og andre kona, Torbjørg Torjusdotter, fødd Haugen (jfr Valle IV, 606).

Som ein ser ovanfor var 4 av dei 6 borna hennes dødfødde, og då ho fekk det 6. døydde ho sjølv, jamvel om barnet overlivde og vaks opp. Åse Olavsdotter, andre kona åt Knut, vart ved giftarmålet skrive med etternamn Trydal. Ho var fødd i Hisdal, men på den tid ho gifte seg budde foreldra hennes, Olav Helleiksson frå Glidbjørg og Hæge Eivindsdotter frå Sanden, i Strandehagen, Trydal.

Knut og Anne tykkjest mykje av ekteskapet sitt å ha budd som busetar hjå Knut Pålsson Byklum på Kroné. Iallfall var dei der då ho gjorde barsel i 1897 og sameleis då ho døydde året etter. Det må ha vore trongbudde tilhøve, for stoga i Kroné var berre på 14 kvadrat, og her budde dei i 1898 5 vaksne og tre born. Etter at Anne var død flutte Knut heim til foreldra på Juvet, og såvidt me kan sjå budde han sidan her.

I 1910 var Knut og Åse her på bruket med 3 born. Så var det Borghild, mor hans, som hadde foddog, og Åsmund, broren, som dreiv som slaktar og lausarbeidar. I tillegg til desse budde også Hæge Eivindsdotter Sanden og dottera Anne her. Sistnemnde var mor og syster åt Åse. Såleis vart her i alt 9 menneske ved dette leitet. Då Åsmund gifte seg i 1912 vart her 10, og utsikter til endå fleire, og rimelegvis var det dette som gav støyten til at bruket vart dela året etter.

Åsmund fekk då den øvre halvparten av eigedomen, oppimot bygdevegen, og sette opp nytt tun for seg like ovanfor det eldre tunet (sjå Evre Juvet eller Fådapen, gnr 14, bnr 20), medan Hæge og Anne flutte attende til Trydal, til Olav Tarjeisson i Hagen. Hæge døydde der i 1915. Åse døydde same året som mor si, og Knut vart sidan sitjande att som enkemann i over 40 år. Saman med han budde sonen Olav og dottera Birgit.

Knut livde mest av garden, men tok også på seg ymist anna arbeid. M.a. dreiv han lenge med lasskøyring frå Ose og Byglandsfjord til butikkane i Bykle, fortel Olav G. Holen jr. (3, 56).

På desse turane vart det ymist med kappkøyring mellom byklarar og valldølar, så då dei tok inn hjå Knut Haugland på Ose, der dei overnatta, var hestane gjerne hardt køyrde og difor ofte nokså sinna. Men Knut var så god ein hestekar, at han handterte dei utan problem. Vidare fortell Olav G.Holen jr.:

Om kvelden var køyrarane samla i storstoga på Ose, åt av nista og var i godlag [...]. Der var det skøy og leven, og då kom Knut i sitt rette miljø. Så rapptunga som han var, vart han snart den dominerande, og dei hadde mykje moro av historiene hans.

I 1953 vart det oppskrive at buskapen på bruket var hest, 3 kyr og 11 sauer.

Etter at Knut var død i 1957 heldt Olav og systera Birgit fram med å bu her. Liksom forfedrane sine sat Olav på bruket i medhald av ervefestebrevet frå 1848, og var difor på eit vis husmann eller leiglending på bruket. Men i 1967 løyste han ut eigedomen hjå Gunhild T. Rygnestad, enka etter Svein O. Rygnestad i Utistog. Prisen då var 5200 kr.

  • Olav K. Byklum, f 1910, d 2001, ug

Olav og systera Birgit dreiv bruket saman, og budde her bortimot så lenge dei livde. Då Olav døydde våren 2001, gjekk eigedomen i arv til Sverre Svendsen på Dalen. Han selde kort etter til Tone Haugen Hansen. Tone er dotter åt Torleiv Torleivsson Haugen. Ho og Roy Hansen, mannen hennes, bur i Kristiansand. Dei eig frå fyrr Neire Haugen, gnr 14. bnr 22, som dei overtok etter syskena av far hennes, og det står noko lite meir om dei i bolken om det bruket.

Dei fekk ikkje konsesjon på eigedomen her, og overdrog han difor i 2004 til Tor Mosdøl på Kultro, som nyttar han som tilleggsjord.


0941 Bykle komm.png Juvet (Bykle gnr 14/4) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Lii • Neste bolk: Kroné

Koordinater: 59.35120557° N 7.34820557° Ø