Fådapen (Bykle gnr 14/20)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fådapen
Byklum 95.jpg
Fådapen i 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Evre Juvet
Rydda: 1914
Utskilt: 1914
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 14
Bnr: 20
Type: Småbruk

Fådapen i Bykle ligg like ovanfor bnr 4 Juvet, og er eit hyrne som vart utkløyvd frå Juvet i 1914, og matrikulert same året. Landskylda vart sett til 6 øre. Ettersom det vart dela ifrå Juvet og ligg tun i tun med det eldre bruket, vert det ofte omtala med namnet Evre Juvet.

Men det andre bruksnamnet er meir kulturhistorisk interessant, og fortener difor ein merknad. Ein fådape er ein dam med bortimot stilleståande vatn, der dei fådde lin, dvs. la linplantene til bløyting, inntil rotningsbakteriane hadde løyst opp pektinet som bind basttægene og veden saman. Etter at linet var fådd vart det turka og brote, slik at ein kunne skilje dei lause vedbitane frå basttægene. Namnet her er då eit minne om den gamle lindyrkinga. Kor lenge dei dreiv med slikt i Bykle, veit me ikkje plent, men dei fleste stader vart linet utkonkurrert av bomull i laupet av dei fyrste par tiåra etter 1850.

Bakgrunnen for delinga av Juvet var truleg at det vart for trongt i den lisle stoga der etter at Åsmund Åvoldsson gifte seg i 1912. Det budde då 10 menneske der, og fleire var i kjømda.

Foreldra åt Åsmund var Åvold Knutsson Byklum og kona, Borghild Åsmundsdotter, fødd Stavenes. Åvold skreiv skøyte på bruket her til sonen i 1915, prisen var 450 kr.

  • Åsmund Åvoldsson Byklum, f 1874, d 1959
g 1912 m Asgjerd Torleivsdtr. Gjerden, f 1889, d 1943. Born:
  • Åvold, f 1913 g 1943 m Birgit Pålsdtr. Røysland, sjå nedanfor
  • Torleiv, f 1914, d 1915
  • Torleiv (e.), f 1915, d 1978, g 1. m Kristi Olavsdtr. Byklum, f 1922, d 1955, born og seinare ekteskap, sjå Livoll, gnr 15, bnr 15
  • Torleiv (y.), f 1917, d 1996, snikkar, sidan ind.arb, busett Kristiansand, g m Kari Austenå, Evje, born:

Asgjerd Torleivsdotter var frå Nordstog Gjerden. Foreldra hennes var Torleiv Pålsson på det bruket og kona, Ingjerd Torleivsdotter, fødd Holen. Fyre han gifte seg hadde Åsmund fått sonen Knut, f 1895, d 1896. Mora var Tone Tallaksdotter Hoslemo, yngste dotter åt Tallak Olavsson i Nigard og kona, Ingebjørg Knutsdotter. Tone tente sidan nedi Valle, og gifte seg der i 1902 med Gunnar Drengsson Flateland (jfr. Valle VI, 272).

Me kjenner ikkje nøyare til kva Åsmund sette opp av hus her, men reknar med at det iallfall var ei stoge og ein uthusbygning. Desse husa vart fornya av eldstesonen Åvold, som overtok bruket.

Birgit Byklum ca 1943. Bilete frå Åsmund G. Tveiten.
Åvold Byklum ca 1943. Bilete frå Åsmund G. Tveiten.
  • Åvold Åsmundsson Byklum, f 1913, d 1997
g 1943 m Birgit Pålsdtr. Røysland, f 1915, d 1966. Born:
  • Astrid, f 1944, g 1965 m Gunnar Tarjeisson Tveiten, sjå nedanfor
  • Gyro, f 1947, hj.pl., busett Søgne, sidan Øvrebø, g m Odd Reidar Loland, born:
  • Birgit, f 1972, busett Vennesla, g m Ole Magne Eliassen
  • Johnny, f 1971, busett Søgne, g m Margrete Sørensen
  • Inger Marie, f 1984, d 2001
  • Borghild, f 1950, sj.pl., busett Grimstad, g m Øyvind Repstad, ikkje born

Birgit Pålsdotter var frå Pålsstog under Røysland. Mor hennes var Gyro Gunnarsdotter Røysland, faren heitte Pål Olavsson Lunden (jfr Valle VI, 536).

Åvold fekk skøyte på bruket hjå mora i 1943, men i praksis hadde han overteke fleire år tidlegare. I 1935 bygde han på stoga på bruket, i 1938 bygde han eldhus, i 1945 kom ny løebygning på plass, og i 1953 vart sett opp lopt. Han arbeidde som vegvaktar, men dreiv også litt jordbruk. I 1953 vart det registrert 2 kyr og 6 sauer i fjoset.

Attåt alt anna han dreiv med var Åvold også klokkar i Bykle kyrkje. Han hadde lært mange religiøse folketonar hjå gamleklokkaren, Tarald Drengsson, og både Rolf Myklebust og Sondre Bratland var og gjorde opptak med han, både religiøse songar og andre viser. Desse finst i dag i Folkemusikkarkivet til NRK, i Norsk Folkemusikksamling ved Universitetet i Oslo og ved Agder Folkemusikkarkiv (i Setesdalsmuseet). Åvold etterlet seg også ei stor, handskrive samling med visetekster.

Eldste dottera og mannen hennes overtok eigedomen i 1978:

Astrid Åvoldsdotter Byklum og Gunnar Tarjeisson Tveiten då dei gifte seg i 1965. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
  • Astrid Åvoldsdotter (Byklum) Tveiten f 1944
g 1.1965 m Gunnar Tarjeisson Tveiten, f 1927, d 1998. Born:
  • Åsmund, f 1966 g m Klara Mjaaland, f 1971, sjå Kyrkjelii 8, gnr 13, bnr 32
g 2. 2003 m Magne Henry Grannes, sjå Lii bnr 3

Gunnar Tarjeisson kom frå Nordtveiti. Foreldra hans var Tarjei K. Stavenes på det bruket, og kona, Gunhild Ånundsdotter, fødd Tveiten. Gunnar var anleggsarbeidar.

Astrid arbeider som reinhaldar. Ho har gift seg oppatt med med Magne Henry Grannes på Lii, og bur der. Bruket her selde ho i 2003 til Tore Engesland, som har budd her sidan då.

  • Tore Engesland, f 1970

Tore er frå Grimstad, men har vore busett i Bykle sidan 1993, og arbeider som vaktmeister i Bykle kommune. Han ættar frå Bykle, ettersom oldefar hans var hans var Pål Ånundsson (Utistog) Stavenes (sjå Utistog, som flutte til Nystad i Mo og gifte seg der i 1876.

Eigedomen her vert oppgjeven til å vera på 5 mål dyrka mark og 500 mål utmark. Utmarka heng ikkje saman med innmarka: Ein skogteig som høyrer til bruket ligg ovanfor Gjerden, attom Jarekodden, ein annan separat teig er eit heistykke i Kileheii. Dertil er det ein liten støylsvoll i Byklestøylane (bnr 47) som har høyrt til bruket, men denne vart overteken av Borghild Åvoldsdotter Repstad i Grimstad i 1978.


0941 Bykle komm.png Fådapen (Bykle gnr 14/20) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Holti • Neste bolk: Øystre Haugen