Hisdal (Bykle gnr 20)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hisdal
Hisdal 0.jpg
Hisdal ein gong i 1990-åra. Bilete frå Tone J. Stavenes.
Stad: Hisdal
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 20
Type: Gardsbruk

Hisdalgardane i Bykle kommune ligg innpå heia vestanfor Otra, i dalen mellom Hisdalsfjøddet i nord og Dipleåsen i sør. For å koma hit lyt ein taka ein veg som går søretter langs austsida av elva frå Moen i Trydal. Etter ein snau km kryssar ein Otra, kliv opp den bratte Hislii og held fram vestetter. Omlag ein km frå brua finn ein Lisle-Hisdal, og eit par km lenger inn ligg dei to bruka Store-Hisdal og Der uppe.

Av desse tre bruka var det berre Lisle-Hisdal som etter gamalt låg i Bykle. Denne eigedomen høyrde til Der inne i Trydal, og var plass under det bruket inntil han vart matrikulert til eige bruk i 1888. Store-Hisdal høyrde derimot til Løyland og Dale i Valle, og var sameige mellom desse gardane. I samband med fyrearbeidet til 1838-matrikkelen vart plassane i Store-Hisdal skilde ut frå dei to gardane som eigne einingar, og fekk sidan bnr 5 og 6 under Dale. I 1854 vart oppsitjarane sjølveigarar. I 1925 vart grensa mellom Valle og Bykle revidert. I denne samanhengen vart Lisle-Hisdal tildela gnr 20 bnr 1, medan dei to bruka i Store-Hisdal vart overførte frå Valle til Bykle, og gjevne bnr 2 og 3 under gnr 20.

I Vallesoga er dei to bruka i Store Hisdal handsama tom. overføringa til Bykle i 1925 (Valle VI, 140-149). I denne boka tek me med heile historia deira. Grunngjevinga for å gjera det på denne måten er at bruka ligg i Bykle i dag, at oppsitjarane der omlag heile tida har runne or og ihop med Bykle-ætter, og at det ville virke kunstig og ufullstendig, om ein skulle fylgje Lisle-Hisdal attende til rydjinga, men berre plukke opp soga åt dei hine bruka langt fram på 1900-talet.

For tida fram til 1925 kan me då, når det gjeld bnr 2 og 3, langt på veg byggje på det som står i Vallesoga, men sjølvsagt i jamføring med primærkjeldene.


0941 Bykle komm.png Hisdal (Bykle gnr 20) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Myro Der uppe • Neste bolk: Lisle-Hisdal