Myro Der uppe (Bykle gnr 18/5)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Myro Der uppe
Bjørnarå 26.jpg
Uppigard 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Alt. namn: Uppigard Myro
Rydda: 1921
Stad: Bjørnarå
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 18
Bnr: 5
Type: Gardsbruk

Myro Der uppe ligg ovanfor fyrromtala Myro Der nede, bnr 4, i Bjørnarå. Det var Olav Bjørgulvsson frå Der heime som sette i gang med bureising her i 1921, og fekk skilt bruket ut frå heimegarden, der broren, Tarjei, på denne tid var eigar. Foreldra åt Olav var Bjørgulv Tarjeisson og Jorunn Olavsdotter, fødd Haugen. Mora og den nye mannen hennes sette samstundes i gang med bureising på bnr 4, så dei to myrobruka er jamgamle.

  • Olav Bjørgulvsson Bjørnarå, f 1901, d i Kanada 1944
g 1919 m Gyro Hallvardsdtr. Trydal, f 1898, d Vennesla 1980. Born:
  • Bjørgulv, f 1919, sjå nedanfor
  • Hallvard, f 1921 g m Ingebjørg Tallaksdtr. Hoslemo, sjå Nordigard Hoslemo, gnr 4 bnr 3
  • Kristi, f 1923, g m Sverre Simonsen, Ulefoss, 1954-62 busett Sauda, sidan Kristiansand, born:
  • Inge f 1953
  • Kåre, f 1955
  • Arne 1961
  • Hilda f, 1949
  • Trygve 1952

Gyro Bjørnarå kom frå Der inne i Trydal, Hallvard Knutsson på det bruket, og kona, Borghild Tarjeisdotter, fødd Røysland, var foreldra hennar.

Olav Bjørgulvsson reiste til Kanada i 1928, og døydde der i 1944, medan familien vart verande i Bjørnarå. Sonen Bjørgulv overtok bruket etter foreldra.

Bjørgulv og Ragnhild Bjørnarå då dei gifte seg i 1950.
  • Bjørgulv Olavsson Bjørnarå, f 1919, haust 2002 busett Vennesla
g 1950 m Ragnhild Omundsdtr. Tveit, Birkenes, f 1924. Born:
  • Klara, f 1951, butikkarb., busett Vennesla, g m Sverre Ole Høiåsen, born:
  • Jens Ole
  • Ragnhild Synnøve
  • Cecilie Charlotte
  • Oddvar, f 1954, røyrleggjar, busett Vennesla, g m Randi, f Wennerberg, Vennesla, born:
  • Kåre Henning
  • Eva Anett
  • Steffan
  • Gudny, f 1959, aktivitør, busett Birkenes, g m Dan Vigsnes, Birkenes, born:
  • Anette
  • Silje
  • Oddbjørn, f 1967, ingeniør, busett Vennesla, g m Kirsti, born:
  • Christoffer
  • Victoria
Myro Der uppe 1956. Frå venstre: Gyro H. Bjørnarå, fødd Trydal; Borghild T. Trydal, fødd Røysland, Klara B. Bjørnarå og Bjørgulv O. Bjørnarå. Bilete frå Torjus Lunden.

Bjørgulv sette opp nye hus. Bustadhuset er i 1 1/2 høgd med ei grunnflate på 12 x 8 m. Det var ferdig til innflytjing i samband med giftemålet hans i 1950. Men berre eit par år seinare, i 1953, selde han bruket, og flutte med familien sin til Samkom i Vennesla. Gyro, mora, vart med dit. Kring 1960 flutte også Jorunn, systera, og familien hennes, til Vennesla, og er grannar med Bjørgulv i Samkom.

Han som kaupte bruket i 1953 var Olav Torsson Lunden, bror åt Knut Torsson i Der aust.

Anlaug og Olav Lunden då dei gifte seg i 1953. Bilete frå Torjus Lunden.
Olav T. Lunden var mellom dei som hadde bil etter måten tidleg. Fyrst hadde han ein liten lastebil, sidan kom personbilen på biletet her, ein Hanomag Kurier Cabriolet. Modellen vart i fylgje www.hanomag-museum.de produsert i åra 1934 til 1940. I baksetet på bilen sit Tor D. Lunden, Torjus O. Lunden, Else D. Lunden og Torhild O. Lunden. Lastebilen til høgre på biletet er ein Bedford som Olav køyrde mjølkerute med. Biletet her, som er teke i 1960, er lånt hjå Torjus O. Lunden.
  • Olav Torsson Lunden, f 1918, d 1994
g m Anlaug Torjusdtr. Rygnestad, f 1924. Born:
  • Anita Lunden, f 1979, lærar, g m Tom Pedersen, busett Stavanger, born:
  • Mette, f 1998
  • Torjus, f 1958, sjå nedanfor

Anlaug kom frå Nistog Rygnestad, bnr 3. Foreldra hennes var Torjus Knutsson på det bruket og kona, Anlaug Hallvardsdotter, fødd Røysland.

Olav og Anlaug dreiv med kretur til ca 1970. Attåt gardsbruket arbeidde Olav lenge som bussjåfør, i seinare år var han på anlegg.

Sonen Torjus overtok bruket etter faren.

  • Torjus Olavsson Lunden, f 1958
g 1989 m Marianne Orre, f 1960. Born, adopterte frå India:
  • Hanne, f 1995
  • Marius, f 1998

Torjus og Marianne bygde seg i 1985 nytt hus på bruket. Han arbeider som vaktmeister i Bykle kommune, medan ho er barnehageassistent. Marianne er frå Kvinesdal, og dotter åt Gudrun Elise og Arthur Orre.

Eigedomen her er på 10 mål innmark og ca 500 mål utmark. I tillegg eig Torjus eit par utmarksteigar i Lunden i Valle, som far hans i si tid ervde, så i alt har han ein stad mellom 1000 og 1500 mål.


0941 Bykle komm.png Myro Der uppe (Bykle gnr 18/5) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Myro Der nede • Neste bolk: Hisdal