Lisle-Hisdal (Bykle gnr 20/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lisle-Hisdal
Hisdal 1.jpg
Dei gamle husa som framleis står i Lisle-Hisdal. Bilete frå kommunearkivet.
Alt. namn: Lislehisdal
Stad: Hisdal
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 20
Bnr: 1
Type: Gardsbruk

Lisle-Hisdal er eitt av bruka i Hisdal i Bykle kommune. Den fyrste som rudde og bygde her var Knut Hallvardsson Stavenes. Han var frå Teigen Stavenes, son åt Hallvard Såvesson og kona, Åse Knutsdotter, fødd Vatnedalen. Då Knut gifte seg i 1806 var han dreng i Trydal. Sidan budde han og kona eit bil i Holen, dinest nokre år i Trydal att, men kring 1814 fekk han bygsle Lisle-Hisdal hjå Hallvard Knutsson i Store-Hisdal, som åtte Trydal Der inne på denne tid, og sette i gang med plassrydjing. Seinast frå 1816 budde Knut og familien hans her.

  • Knut Hallvardsson Stavenes, f 1772, d 1852
g 1806 m Jorunn Kristensdtr. Hisdal, f 1780, d 1859. Born:
  • Margit, f 1806, g 1830 m Torleiv Torleivsson Holen, sjå Haugo under Uppistog Byklum
  • Hallvard f 1809, g 1835 m Gunhild Mikkelsdotter Bratteland, f 1807, d 1885, sjå nedanfor
  • Kristen f 1812, sjå Der uppe, bnr 3
  • Kjetil f 1815, d 1839, ug.
  • Åse, f 1817, d 1817
  • Olav, f 1822, g 1851 m Gunhild Bjørnsdtr. Uppstad, busett Uppigard Uppstad, gnr 60, bnr 6 (Valle II, 510)

Jorunn Kristensdotter var frå bnr 3 i Hisdal, dotter åt Kristen Auversson Nomeland og kona, Torbjørg Sigurdsdotter, fødd Hisdal.

Det må ha vore helst smått stell for denne familien i Lisle-Hisdal. Då sonen Olav vart konfirmert i Valle i 1838 noterte presten i kyrkjeboka at han var «fattig», og då Kjetil, bror hans, døydde i 1839, var han «legdslem» står det. Det same var faren då han døydde i Trydal i 1852, og mora, då ho døydde i Hisdal i 1859.

Hallvard, eldste sonen, overtok som husmann etter faren, truleg på slutten av 1830-åra. Iallfall vert han i 1839 kalla husmann i kyrkjeboka, medan han i 1835 vart oppskriven som «leilending» i Hisdal, noko som i denne samanhengen truleg tyder at han då bruka plassen saman med faren.

  • Hallvard Knutsson Hisdal, f 1809, d 1883
g 1835 m Gunhild Mikkelsdotter Bratteland, f 1807, d 1885. Born:
  • Jorunn, f 1835, g 1859 m Olav Jonsson Prestegarden, Valle, sjå nedanfor
  • Signe, f 1839, d 1839
  • Signe, f 1840, g 1865 m Hallvard Jørundson Sandnes, Bygland
  • Mikkel, f 1843, g 1872 m Gyro Eivindsdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Åse, f 1847, d 1899 ug
  • Knut, f 1849, d 1849

Mikkel Olavsson Bratteland og kona, Signe Olsdotter, fødd Homme, var foreldra av Gunhild Mikkelsdotter. Fyre ho gifte seg fekk ho dottera Signe, fødd i 1832, faren var Gunnar Knutsson frå Systog Nesland. Korleis det sidan gjekk med den jenta har me ikkje funne ut.

Hallvard hadde au eit barn fyre han gifte seg, ein son som heitte Olav, fødd i 1833. Mora var Anne Salmundsdotter, ei dotter åt Salmund Snærisson i Ryningen. Olav Hallvardsson budde med morfamilien sin i Ryningen då han vart konfirmert i 1848, og fylgde dei truleg sidan til Amerika.

Jorunn Hallvardsdotter vart i 1859 gift med Olav Jonsson Prestegarden frå Valle. I 1863 kaupte dei eit bruk under Nedstoga i Sandnes sokn i Bygland, flutte dit, og sat, etter kva Reidar Vollen har funne ut, med det til 1872. Sidan budde dei fleire stader i Åraksbø, der Jorunn døydde som husmannskone på ein plass under Eldhuset i 1877 (Jfr Valle IV, 413).

Signe Hallvardsdotter kom også til å flytje til Sandnes sokn i Bygland, der ho i 1865 gifte seg med Halvor Jørundsson Sandnes eller Monen.

Etter at faren var død i 1883 fekk Mikkel Hallvardsson kaupe plassen hjå Knut Hallvardson Trydal. Me har ikkje funne noka tinglysing av denne handelen, men at han har funne stad er sikkert nok, for i 1888 vart det bokført at bruket «der hører til Mikkel Halvorsen Hisdal» var skyldsett til ei eining for seg sjølv med ein skyldverdi på 2 øre.

Dette skal vera Hallvard Mikkelsson (1874–1955). Biletet er teke hjå fotograf Hangaard i Kristiansand, truleg ein gong i åra 1904-1910. Frå samlinga ved Setesdalsmuseet.
  • Mikkel Hallvardsson Hisdal, f 1843, d 1931
g 1872 m Gyro Eivindsdtr. Trydal, f 1847, d 1916. Born:
  • Gunhild f 1872, g 1889 m Olav Gjermundsson Byklum, sjå Uppistog Byklum, gnr 14, bnr 5
  • Hallvard, f 1874, d Lårdal 1955, g 1911 m Torbjørg Tarjeisdtr. Bjåland, Lårdal, g 2. 1918 m Kari Knutsdtr. Nyland, Lårdal, sjå nedanfor
  • Turid, f 1877, d 1908, ug
  • Jorunn, f 1881, d 1965, sjå Strondi, gnr 17, bnr 5
  • Eivind, f 1884, g 1910 m Gunhild Åsmundsdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Olav, f 1888, g 1913 m Borghild Olavsdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Eli, f 1893, d 1893

Gyro Eivindsdotter var frå Storstein i Trydal, dotter åt Eivind Ånundson og kona, Turid Kjetilsdotter, fødd Tveiten, på det bruket.

Hallvard Mikkelsson for over fjellet til Telemark, og reiste kringom der på arbeid. I 1900 tente han såleis på Funnemark i Lunde, står det i folketeljinga frå det året. I 1903 fekk han presteattest for å flytje til Lårdal, men etter kva verdottera Ingebjørg Heggtveit har fortalt, flakka endå han mange år ikring i Telemark fyrr han endeleg slo seg ned i Lårdal. Ma. var han i Valebø i Holla sumaren 1904. Grunnen til at me kan vita om dette er at han sidan fortalde om ein dramatisk fest han då hadde vore på i den bygda (sjå Årsskrift for Tokke historielag 1998, 39 f). Fastbuande vart ikkje Hallvard fyrr han i 1911 gifte seg med enka Torbjørg Tarjeisdotter Bjåland, som på denne tid hadde kaupt Midtgarden Heggtveit (gnr 15, bnr 7 i Lårdal). Årstalet for giftemålet har me fått opplyst hjå bygdebokforfattaren Tarjei Førstøyl i Høydalsmo.

Torbjørg var frå plassen Dakkin under Straume i Hylestad, foreldra heitte Tarjei Olsson Besteland og Birgit Olsdotter, fødd Hovet (Valle I, 262). Ho hadde i 1887 gift seg med Olav Åvoldsson Lofthus eller Bjåland frå Fyresdal, som døydde i 1899, og hadde 7 born med han, og eitt med Dreng G. Jore i Lårdal i 1904.

Med Hallvard vart det derimot ingen, men då ho døydde i 1917 fekk han overtaka garden hennes, og kunne året etter gifte seg på nytt med Kari Knutsdotter Nyland frå Lårdal. Kari var pinseven, og hadde slik kustus på Hallvard at han også vart det, og etter kvart ein nokså trufast bedehusgangar. Verre var det nok at ho nekta han å røykje. Det problemet løyste han med å grava ned tobakk og pipe i ei grushole eit stykke frå tunet, der han bruka å sitje og kose seg utanfor synsvidde, fortalde ein av sønene.

Hallvard og Kari fekk 5 born. Det var Gudrun, f 1918; Kjetil, f 1920; Mikkel, f 1923; Knut, f 1927 og Einar, f 1930. Av desse overtok fyrst eldstesonen, Kjetil, garden heime, men då han sidan døydde ugift og utan livservingar, gjekk bruket til yngstesonen, Einar. Hallvard døydde i 1955. Han skreiv seg heile livet som Halvor Mikkelsen, medan etterkomarane har kalla seg Heggtveit (jfr. Arne T. Aabø: «Ein setesdøl i Telemark», Jol i Setesdal 1999).

Det er ikkje få barneborn og oldeborn kringom i Telemark (jfr. Bakken, O.: Lårdalsoga, 1977, 537).

Frå denne avstikkaren til Telemark lyt me koma oss attende til Hisdal. I 1915 skøytte Mikkel bruket over på dei to sønene, Eivind og Olav, med ein halvpart på kvar, for 600 kr. Her skal ein merke seg at det ikkje vart gjennomført noka skylddeling, så i matrikkelen var Lisle-Hisdal eitt bruk heilt til 1983, då bnr 5 vart kløyvd ifrå. Men reint faktisk sat altså Eivind og Olav med ein halvpart kvar frå 1915, og sameleis etterkomarane deira.

Eivind kom likevel ikkje til å bu i Hisdal, ettersom han gifte seg til Uppistog Tykkholt i Trydal med Gunhild Åsmundsdotter Trydal, og slo seg ned der. Men han bruka parten sin i Hisdal som støyl til Tykkholt, og sat her med krøter om sumrane. Det same gjorde sidan sonen Mikkel (sjå Uppistog Tykkholt, gnr 17, bnr 16).

Men Olav Mikkelsson vart buande her.

  • Olav Mikkelsson Hisdal, f 1888, d 1940
g 1913 m Borghild Olavsdtr. Trydal, f 1880, d 1929. Born:
  • Gyro, f 1915, d 2006, g 1. 1938 m Knut Øyulvsson Løyland ( jfr. Valle VI, 138), g 2 m Knut Vatnedalen, sjå nedanfor
  • Mikkel, f 1916, g 1939 m Ingebjørg Øyulvsdtr. Løyland, sjå nedanfor
  • Olav, f 1918, busett Kristiansand, d 1999, ug.
  • Hæge, f 1920, d 1920
  • Hæge, f 1921 g 1948 m Knut Knutsson Bratteland, sjå Stigamidjom Trydal, gnr 17, bnr 20
  • Gunhild, f 1924, g m Knut Svensson Røysland, Valle, gnr 22, bnr 14, busett Kristiansand frå ca 1972, jfr. Valle VI, 455, sjå nedanfor

Borghild budde i Trydal då ho gifte seg, og vart difor oppskrive med det namnet. Foreldra hennes var Olav Helleiksson Glidbjørg og kona, Hæge Eivindsdotter, fødd Stavenes. Desse hadde lenge budd i Store-Hisdal, men hovudomtalen av dei er plassert i bolken om Strandehagen, gnr 17, bnr 9, der dei hamna seinare.

Borghild hadde au ei dotter Turid, fødd i 1902, faren var Olav Olsson Homme eller Støyla. Dottera vart døypt frå Røysland, så Borghild har vel tent einkvarstad der ved det leitet. Turid døydde av tæring «det bel ho gjekk las», skriv Alfred Ryningen (Valle VI, 427), det må vel ha vore kring 1917.

Gyro Olavsdotter var gift med Knut Ø. Løyland i Valle (jfr. Valle VI, 138). Borna deira er dei fylgjande: Øyvind, f 1938, d 1993, g m Grethe Knudsen, busett Hovden (sjå Fjellhaug, gnr 2, bnr 186); Jorunn, f 1939, g m Kjell Kristian Halvorsen, busett Vågsbygd; Olav, f 1941, g m Anne Gunnleiksrud, busett Valle; Torleiv, f 1946, g m Karin Knudsen, busett Valle. Då Gyro vart enke, gifte ho seg i 1958 omatt med Knut O. Vatnedalen, og budde med han på Hovden. Ho flutte åt ein kommunal aldersbustad i 1989. Det var ingen born i det siste ekteskapet, og huset dei budde i står ikkje lenger (sjå Flatemo, gnr 2, bnr 32). Gyro døydde våren 2006.

Systera Gunhild gifte seg med Knut S. Røysland i Valle. Kring 1972 flutte dei til Kristiansand. Dei har to døtrer: Helga, f 1946, g m Torleiv H. Åkre, busett Valle (jfr Valle IV, 345 f); Borghild fødd 1947, g m Einar Gundersen, busett Kristiansand frå 2004, tidlegare Hovden (sjå Blesterkroken 8, gnr 2, bnr 348).

Mikkel Olavsson overtok bruket frå faren ca 1939, og sette seg opp nytt hus her.

  • Mikkel Olavsson Hisdal, f 1916, d 1962
g 1939 m Ingebjørg Øyulvsdtr. Løyland, f 1912. Hennes barn:
  • Jorunn, f 1934, far: Jon Auversson Flateland (sjå Valle VI, 134), husmor, g.m. Eivind Eliassen, f 1929, busett: Midsund i Romsdal, born:
  • Mary, f 1953, d 1981
  • Ola, f 1955
  • Ingeborg f 1960
Deira born:
  • Olav, f 1939, anl.arb og dykkar, g m Olaug Lunde, Eiken, busett Kristiansand, born:
  • Borghild, f 1941, gardkone, g m Erling Håkon Iversen, busett Kristiansand til 1979, sidan Finnsnes, born:
  • Marianne, f 1965
  • Øyulv, f 1944, d 1984, sjømann, busett Kristiansand g 1971 m Tora Bjørgulvsdtr. Berg, Valle, f 1946 (jfr. Valle III, 413), ikkje born
I påskene var folket frå Tykkholt gjerne ein tur til Lisle-Hisdal. Her er Torhild Sigrunn Trydal (seinare gift Askje) avteke oppi ei bjørk der oppe ein gong i 1980-åra. Stoga i Lisle-Hisdal i bakgrunnen.
Foto: Hallvard M. Trydal

Ingebjørg kom frå Jonsbakke, Løyland, bnr 15. Øyulv Torleivsson Lunden og kona, Jorunn Ånundsdotter, fødd Byklum, var foreldra hennes. Som det kjem fram ovanfor, hadde Gyro, syster åt Mikkel, i 1938 gift seg med Knut, bror åt Ingebjørg (jfr Valle VI, 139)

Innpå 1950-talet vart Mikkel sjuk. I denne situasjonen såg Ingebjørg seg ikkje råd med å verta buande i Hisdal, og tok då initiativet til å flytje stoga deira ned til ei tomt i Trydal (sjå Skogheim, gnr 17, bnr 44). Dette vart gjort med ein dugnad sumaren 1953, der alle trydølane var med. Det vert fortalt at det då gjekk 16 hestar opp og ned den bratte Hislii, så det var eit stort tiltak.

Mikkel og familien hans skulle verta dei siste som budde fast i Lisle-Hisdal. Då Mikkel var død i 1962, overlet medervingane bruket hans til den yngste sonen Øyulv, og då han døydde utan livservingar i 1984, vart det Magne, son åt Olav Mikkelsson som overtok. Denne helvta av bruket hadde i 1983 vorte utskilt frå bnr 1, tildela bnr 5, og ei landskyld på 1 øre. Den andre helvta i bruket, den som hadde gått til Eivind Mikkelsson i 1915, gjekk sidan i arv til etterkomarane hans, fyrst til Mikkel Eivindsson i Tykkholt, og dinest, det var i 1984, til borna hans (sjå Uppistog Tykkholt).


0941 Bykle komm.png Lisle-Hisdal (Bykle gnr 20/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Hisdal • Neste bolk: Store-Hisdal